Det er ei voldsom kulde landet over, også her. Det har ikkje vore mogleg og gått mykje ut i jula, men no hadde vi dårleg samvit for at Malin ikkje hadde vore mykje ute. Vi tok derfor ein liten akeseanse igår. Så lenge sola sto på var det -7 ute, men eit par tima seinare endra gradene seg til -13. Då var det alt for kaldt å vere ute.
Malin kosa seg på nyinnkjøpt akebrett.Godt med snø. Ho vart fort kald på fingrane fordi ho ikkje ville ha polvottar på seg, så vi måtte ta ei innepause midt i. Sjå dei herlege rosekinna forresten. Ungar ser så sunne ut når dei har raude og kalde kinn.
Bakdelen med denne vinteren er at vi ikkje kjem opp bakken ved fjøsen. Og det midt i egeninnsatsen. Utfordringa er ikkje at vi må gå opp til huset, men at det skal fraktast mange tunge ting opp. I tillegg er ikkje kulegradene bra for vesle Emil og eg er livredd for brystbetennelse. Så vekk med snøen for min del sjølv om vinteren er vakker no...
4 kommentarer:
Brrrr ja det er kaldt her også, da er det bare å sette seg med litt håndarbeid, tenne opp i peisen og kose seg. Det gjør jeg i dag og jeg skal nyte hele dagene inne. Takk for hilsning hos meg, koselig det! Håper du får et fint 2010. Klæm Tina
Ha en riktig flott første januardag i kulda!
Jeg vil også ake:) Håper nyttårsfeiringa var koselig. Ønsker deg og dine godt nytt år:)
Gratulerer med babyen :-)
Vi har all den deilige snøen og så er det nesten for kaldt til å være ute ..
Godt nyttår :-)
Legg inn en kommentar