søndag 29. mars 2009

Eplekake

Eg fekk eit innfall igår at eg skulle bake eplekake. Kaka er lett å lage og i tillegg er den kjempegod. Oppskrifta vil eg dele med dokke som eg har fått av mamma. Eplekaka er saftig, smakfull og held seg lenge dersom du klarer å ikkje ete den opp med ein gong.
Kaka ser stor ut på fatet og ein trur den skal vare lenge, men eg skal seie kaka fekk bein å gå på.
Med ein gong kaka var ute av ovnen, reiste eg avgårde til butikken for å kjøpe is. Varm eplekake med is er berre så utruleg godt! Eg vert aldri lei eplekake.

Oppskrift:

200 gram smør og 200 gram sukker som rørast kvitt.

Tilsett 4 egg, eitt og eitt om gongen.

Sikt i 170 gram kveitemjøl og 1 ts bakepulver.

Ha røra i ei smurt kakeform.

Legg i eplebåtar som er skrella. Strø på kanel og sukker.

Steik kaka på 180 grader i 45 minutt (nest nederste rille).

torsdag 19. mars 2009

Ein kveld med pelargonium

Det er mange slags draumar ein kan ha. Ein liten draum som eg har hatt, er å vere medlem i eit hagelag. Tanken var at ein skulle veksle erfaringar og planter, og gi kvarandre idear og inspirasjon. Det er ikkje heilt slik her på Osterøy, men eg har no vorte medlem og tek del i dei månadlege møta som vekkjer interesse. Igår var eg på hagelagsmøte kor Pelargonium var tema. Utruleg mange flotte artar og variantar som vart vist i form av lysbilete.Over ser dokke Millfield Rose. Ei stjerne av ein blome. Liknar meir på rose enn på pelargonium, men eg kan forsikre dokke om det er pelargonium. Denne blomen vil eg gjerne ha i hagen min til neste år.
Dette er Dronning Ingrid. Den har eg i vindauget mitt og eg har planer om å lage stiklingar av den slik at eg får fleire. Stiklingar av pelargonium skal visst vere enkelt. Du sett stilken rett i jorda med litt vatn, og set den under lys. Ikkje sollys, men for eksempel under kjøkkenbenken. Ha ikkje plast over, då rotnar stilken. Stiklingane er best å sette om våren eller på seinsommaren.
Appleblossom rosebud er ein spennande variant. Veldig romantisk utsjånad og eg får ei sommarkjensle av å sjå på biletet av den. Pelargonium er ei utmerka sommarplante. Den treng sol, varme og litt vatn. Den skal ikkje overvatnast og vatninga skal skje under potta. Om vinteren skal den oppbevarast frostfritt i ca 10 grader. Eg har latt den stå i glaskarmen og det har gått heilt fint, men mulig at det ikkje er det optimale...
Dette er ein av dei eldste av pelargoniumane; Lord Bute. Slik vi fekk fortalt det skal dette vere den ultimate pelargoniumen. Utruleg annleis, vakker farge og sjølvsagt veldig fin.

Eg brukar dette innlegget litt som ei huskeliste for meg sjølv. Her på bloggen kan eg samle alle tips og råd, alle idear undervegs om hage og planter fram til eg startar på min eigen hage. Reknar med at det skjer neste år :-)

Kan ellers seie om planta at den skal gjødslas regelmessig, ikkje ha for store potter, og den skal pottast om kvar vår. Vil du at planta skal vere like liten som før, kan du berre skifte ut noko av jorda rundt røtene og sette den tilbake i same potte. Ønskjer du ei større plante, tilføyer du jord rundt røtene og set den i ei større potte. Pelargonium treng ikkje beskjæring, men du kan eventuelt gjere dette om hausten. Planta brukar vinteren til å lage knoppar og den blomstrar frå mars til oktober. Det er sikkert meir å seie om pelargoniumen, men då får ein heller kikke på ulike nettstadar om ein vil lære meir.

tirsdag 17. mars 2009

Besøk av Marie

Eg har vore så heldig at eg fekk besøk av Marie i helga. Marie og eg budde ilag medan vi var studentar, og har halde kontakta sidan. Vi har ikkje sett kvarandre så mykje, men det er veldig kjekt når det først skjer. Denne gongen fekk ho oppleve Valestrand. Det er marsmånad og framleis ikkje så vakkert ute, men vèret var heldigvis fint. Eg har vore aleine med Malin sist veke så ho var med på alt vi tok oss til.
Vi fekk oss eit par turar i det fine været. Marie er sprek og veldig flink å bruke naturen. Der har eg noko å lære, eg har vorte litt lat med åra...
Over ser dokke badeplassen ved Brakvatne på Valestrand.
Dei som kjem frå Valestrand er svært stolte over at Ole Bull budde her ei periode i livet sitt. Midt i bygda ligg eit stort og flott rosa hus i all si prakt med stor plen, stiar og elv som renn gjennom hagen. På garden står der også Bullagrana, ei gammal gran som dei heng julelys i ved juletider. Marie gjekk seg ein tur rundt treet, til ære for Ole Bull...

Takkar deg Marie for ei fin helg med god mat, IKEA, Stoff og Stil, fine turar og masse kos.

lørdag 7. mars 2009

IKEA, ein favoritt for lommeboka

Vi er i gang med planlegging av huset innvendes. Vi skal sende byggjesøknaden innan 1.mai og så fort vi underteiknar huskontrakten, skal arbeidsteikningane lagast. På torsdag var vi på Askøy ved Florvåg Bruk sitt hovedkontor der dei har avdelingar for kjøkken, peis, fliser, golv, elektrikar og rørleggjar. Vi skulle ikkje bestemme oss den dagen, men det kjentes slik ut når vi peikte ut fliser, peis osv. Dette var mest for å sjå kor dyrt alt vil verte tilslutt. Vi fekk med oss ein del katalogar på baderomsmøblar, servantar, dusj og kraner, og no kjem eg til det eg vil skrive om idag.
.
Eg er ein person som likar å få mest mogleg ut av pengane (er tross alt Sunnmøring...). Eg ser på kilopris når eg vel matvarer, eg undersøkjer prisar ved fleire butikkar på same produkt før eg handlar og det har eg også gjort no når eg har samanlikna baderomsmøblar. Eg har her tatt utgangspunkt i eit møbel som er klassisk, enkelt og noko dei fleste har. Det er ikkje noko eg sjølv ville ha valgt, men no er det berre for å sammanlikne at eg tar utgangspunkt i dette servantskapet.
På biletet ser dokke skapet frå Ifö. Vasken, handtaka og krana er ikkje inkludert. Berre skroget og dørene. Alle leverandørar har lik lengde og breidde. Eg har samanlikna prisen hjå Ifö, Fossbad, Porsgrund og IKEA. Her er testresultatet:
.
Ifö: Vasken er 48 cm djup og kostar kr 3.133,-
Fossbad: Vasken er 45 cm og du må betale kr 2.739,-.
Porsgrund: Skapet kostar kr 3.175,- og vasken er 47 cm djup.
IKEA: Prisen er kr 460,-, men vasken er berre 38 cm djup.
.
Utifrå dette er IKEA definitivt rimeligast. Prisen er over 2000 kroner rimeligare enn dei andre alternativa. Vasken er derimot opptil 10 cm mindre djup enn den djupaste. Eg for min del foretrekk å bruke 2000 kroner på noko anna og heller ha ein vask som er litt mindre. Eg skal verken vaske opp eller bade i vasken, og ikkje har eg så store hender at dei ikkje får plass ned i vasken heller.
.
Takk IKEA for at dokke gjer mitt økonomiske samvit litt betre når eg handlar hjå dokke.