søndag 28. juni 2009

Vi kosar oss dagen lang

Dette er jo ein blogg for små og store kvardagshendingar. Då er det ekstra kjekt at solfylte innlegg kjem på rekke og rad. Vi har hatt ei fantastisk helg, og det har skjedd noko heile tida. Det likar eg. Idag har det vore litt roligare enn igår, men det har vore så fint å berre slappe av. Malin og Espen vert begge trøytte av mykje sol, og vi har vore litt inne når sola har steikt som verst. Når Malin fekk sove litt ekstra lenge midt på dagen, var ho klar for ein liten tur til Brakvatnet.
Drikke er viktig når det er varmt, og det er stas å drikke av sugerøyr. Malin er så artig med capsen sin, ho nektar å ta den av når ho er inne.
Pappa og Malin nyt det fine vèret og den vakre naturen.
Malin likte ikkje så godt å gå i sanden fordi den var grov og delvis av knuste skjel. Ikkje skulle ho bade heller, men vi fekk no vassa litt i kanten. Grave i sanden gjorde ho ei lita stund, men idag ville ho for det meste sitte på land og kose seg. Ho vert fort sliten, men når vi kom heim i skuggen var det full fart igjen. No kjem ei ny veke og vi håpar på like fine ettermiddagar framover som vi har hatt dei siste dagane.

lørdag 27. juni 2009

Bading frå morgon til kveld

Malin har endelig fått gleden av å bade. Vi har bada i to omgangar hjå Thea og Elias, samt ein gong heime. Ellers har vi har vore på fotballbana og sett Valestrand-Hjellvik slå Osterøy 4-2, grilla og nytt det varme, fine véret.

Årets første bad kor heile kroppen fekk kjenne på vatnet. Malin tok initiativ til å sette seg ned i vatnet sjølv, og då var det greit. Det er så gøy med vatn!
Ein herleg perser Thea og Elias har fått. Malin våga å klappe han, og pusen berre låg der. Seinare var Malin litt for vågal og nærma seg pusen når han ikkje hadde tenkt at nokon skulle forstyrre han. Ein liten "knyttneve" var det som skulle til for at Malin vart lei seg, men kjenner eg henne rett er det ikkje siste gongen ho stiftar bekjentskap med ein katt.
Litt tid til å ete jordbær må ein ha. Særleg når dei kjem frå hagen til besteforeldra til Elias og Thea. Det smakar så utruleg godt!
Malin har vore i eit fantastisk godt humør idag. Ho storkosar seg med å leike med vatn, vere naken og vere med andre born.
For ein herleg dag! Med slike dagar kjem blogginnlegga som ei perle på ei snor. Kanskje allereie imorgon...?

fredag 26. juni 2009

En deilig dag for grilling

Alt er så mykje lettare å få til når det er fint vèr. Plutseleg har ein masse avtalar med vener og ettermiddagen kjennes med eitt så mykje meir meiningsfull. Idag har vi vore med Ole André, Maren og Sandra. Dei har jo så deilig terrasse. Trond, Kjersti og Stina kom også på besøk og vi grilla og kosa oss. Perfekt start på helga.
Det var nødvendig med parasoll i det varme vèret. God mat, nydeleg utsikt og kjekke folk. Sandra har så mykje kjekke leiker både ute og inne så det var ikkje vanskeleg for dei tre jentene å finne på noko.
Stina. Flink å sitte fint og ete pølsene sine. Malin har noko å lære. Stina heiar sjølvsagt på Liverpool, iallefall seier faren hennar at ho gjer det...
To søte småjenter. Både Malin og Sandra var veldig interessert i det eg hadde på tallerkenen.
Ole André og Maren. Sin første sommar i nytt hus, gjett om eg er misunneleg...

onsdag 24. juni 2009

Endeleg sommar og badetid

Som vi har venta på at varmen skulle kome! Det gjeld vel dei fleste i Noreg. Det har ikkje vore noko draumesommar til no, men betre seint enn aldri. Høyrte på radioen at det ikkje går an å bruke opp det fine vèret, så eg håpar på fint vèr store delar av dei neste månadane.
Malin har vore ute i heile dag. Ho er så heldig! Ho var kjempetrøtt av varmen når vi henta ho, og det passa fint med eit bad tenkte vi. Jenta hadde bestemt seg for at bade skulle ho ikkje, men når mamma sto i vatnet kunne ho til nød stikke føtene sine oppi.
Det er veldig kjekt med vatn synest Malin, men kanskje ikkje over heile kroppen. Interessa for å leike med det er tilstades, så får vi berre håpe at ho dyppar resten av kroppen nedi etterkvart. Vi er optimistiske og trur på mange fleire varme dagar.

søndag 21. juni 2009

Lukka er ei bøtte med sand

Malin elskar å grave i sand. I barnehagen er ho hardtarbeidande med bøtte og spade, og når vi hentar ho er ho som regel i sandkassa å finne. Derfor tenkte vi at det er på tide ho får seg ei sandkasse heime også. Til no har ho hatt ein dunge sand som er sponsa av kommunen si strøsandkasse.
På fredag kjøpte vi leikene. Malin var lykkeleg og begeistra. At det regna gjorde lukka fullkommen, vatn er like kjekt å leike med.
Laurdagmorgon drog Espen avgårde og kjøpte sand. Å så kjekt for henne! Ho har vore heilt oppslukt og det har vore vanskeleg å få kontakt med henne.Med den skrekkelege smokken som følgesven, har Malin kost seg i den nye sandkassa si i helga.

lørdag 13. juni 2009

Å lykke! Eg har fått meg nytt kamera!

Denne dagen har eg venta lenge på. Eg har ønska meg digitalt speilreflekskamera sida den gongen eg leverte inn film til framkalling og betalte 179,- kroner for 24 bileter(!) For ti år sidan kjøpte eg meg eit Canon EOS 300 og var kjempelykkeleg, men no er det digitalt som er tingen. Rimelegare og kjekkare. I to år no har eg hatt eit lite digitalt kompaktkamera, men kvaliteten er dårleg samanlikna med dette.
Eit Canon EOS 1000D har vorte kjøpt idag. Eg betalte det same for dette som eg gjorde for kameraet mitt for ti år sidan. Prisane har vorte utruleg lave, og kvaliteten vert betre og betre. Dette kameraet er veldig populært blant nordmenn, og det med grunn. Canon sin litt dyrare versjon av dette, 450 D, kom ut som nr 1 på "TV2 hjelper deg" ifjor. Det er ikkje mykje som skiljer desse to, og derfor valgte eg det rimeligaste. No gleder eg meg til serietakning av småjenter som aldri står stille, og normal hudfarge på personane i bilete.
Seljaren på Elprice var ikkje mykje oppdatert, men eg såg tilfeldigvis reklamebladet dei hadde når eg skulle betale. Der annonserte dei med at når du kjøpte Canon EOS 1000D får du ei digital fotoramme på kjøpet. Ser på nettet at den har ein verdi på kr 799,- så det var litt kjekt. Hadde sjølvsagt heller ville hatt pengane for eg hadde ikkje planer om å anskaffe meg ei slik ramme, men kanskje eg synes den er litt kjekk likevel.

torsdag 11. juni 2009

Panserrypa

Desse småtrolla vil gjerne gjere det dei voksne gjer, også det å sitje på panseret. Det har vore fint vér idag, mykje aktivitet i barnehagen og kva er vel betre då enn å ta ein pust i bakken på panseret og nyte utsikta...
20 i stil...
Malin er alltid i godt humør når ho er ute. Ho er til å ete opp når ho er så blid som dette.
Malin og pappa. Samtalen gjekk i bilar og traktorar, eit samtaleemne Malin syntes å vere artig.

mandag 8. juni 2009

Kjøkkenteikningane våre

No er det etter planen berre ei veke til gravinga på tomta tek til. Det er heilt uverkeleg at det skal skje etter så lang tid med venting og planlegging. Vi skal ha møte på onsdag med byggjefirmaet, og då må det meste avgjerdast for å vite kvar rør og elektriske punkt skal vere. Idag tok eg turen til IKEA for å få ferdiggjort teikningane som eg lenge har holdt på med.
Eg har scanna bileta fordi eg ikkje får fram kjøkkenet skikkeleg på IKEA sin kjøkkenplanleggjar. Det gjekk fint på IKEA, men same teikningane heime vart berre svarte strekar. Kjøkkenet er STÅT med benkeplater i bøk. Kvitevarene er offwhite då dei kvite såg neste sjølvlysande ut. Vi har valt integrert kjøleskap og frys då vi skal ha ekstra fryseplass på vaskerommet. Oppvaskmaskina likeså som står mellom kjøleskapet og vasken. Eg har valt vask med 80 cm breidde for å ha stor plass under til kjeldesortering og plastposar.
Kjøkkenet er senka 5 cm for både gjere kokken (les meg) glad og for å få benkeskap under vindauga. På møtet onsdag må vi endre vindauga til 20 cm kortare på dei opprinnelege teikningane for å få dette til. Vi har valt å bryte overskapa med eit par vitrineskap, det vil sannsynleg kome lys inni desse. Ellers likar eg veldig godt djupe skuffer og har to stk 80 cm breie skuffeseksjonar kor eg kan ha tørrmat og slikt i. Masse benkeplass har vi og.
For den som er særkilt interessert, kan detaljane studerast her. Eg gleder meg veldig til å få plass til alt kjøkkenutstyret mitt, og til å ha benkeplass nok til at fleire kokkar kan stå ilag. Prisen for dette inkludert kvitevarer er kr 44.000,-. Vifte, kran og blandebatteri er ikkje med på teikningane, men det er inkludert i husprisen og vert kjøpt hjå dei som samarbeider med Florvåg Bruk. Til opplysning kan eg forresten fortelje at vi fekk teikna eit ganske likt kjøkken som dette hjå ein anna kjøkkenleverandør. Kr 150.000,- skulle dei ha for herlegheita. Då er det ikkje rart ein veljer IKEA...

søndag 7. juni 2009

Sykkelrittet Bergen-Voss

Igår kom dagen Espen har venta lenge på; sykkelrittet Bergen-Voss. Espen har trent mykje dei siste åtte månadene med mål å gjennomføre rittet på 165 km. Løypa går frå Arenum i Bergen via Nesttun, Gullbotn, Kvamskogen, Kvanndal og i mål til Voss. Det var 2971 deltakar som tok turen denne vakre dagen. Oppslutninga aukar frå år til år, og rittet er veldig populært.
Espen og Rune kl 06.50 om morgonen. Det var 6 grader ute og veldig kaldt for sykkelshorts og skjorte. Espen var svært nervøs før løpet, dette var første gongen for han. Rune derimot har sykla rittet 3 gongar før, men spent var han likevel. Bileta over og under er henta frå Bergen sykkelklubb sine sider. Det er ikkje råd for alle å følge syklistane, men bileta synest eg fortel litt om omgjevnadane dei syklar i. Det er ein heilt fantastisk tur opp og ned i Vestlandsnaturen.
Eg har ikkje bileter av Espen under og etter løpet då det var usikkert på når han kom i mål. Han var veldig uheldig på turen og øydela kneet sitt ved Kvamskogen. Då var det 10 mil igjen, og han måtte hekte seg av gruppa han sykla med. Til slutt var det så gale at han sykla med eitt bein inntil mål. Han hadde tankar undervegs om å bryte, men var sta nok til å fullføre løpet. Tida vart sjølvsagt ikkje den han hadde håpa på, men eg synest det er godt gjort å sykle over halve rittet med ein fot. Eg er veldig stolt av han, og han har all grunn til å vere nøgd med seg sjølv.

Vi vart igjen i Voss etter rittet og leigde hytte like ved vatnet på Voss saman med Morten og Marianne. Morten sykla rittet for andre gong. Vi åt ein god middag ute på Voss samt at det vart litt godt i glaset etterpå. Vèret var flott, men litt kald trekk gjorde at eg forverra forkjølinga mi som eg har hatt sidan 19.mai.

Det var to trøtte, men nøgde karar som venda nasen heim idag, og dei er begge allereie klar på at dei skal gjenta dette til neste år.

tirsdag 2. juni 2009

Ei hue til

Når eg like godt holdt på å strikke djevelhuer/hjallishuer, strikka eg ei til. Denne gongen litt mindre og i omvendte fargar av den forrige. Denne hua passar til ein 4-6 mnd gammal baby, alt etter størrelsen på babyen sjølvsagt.
Sisu-garn er utruleg godt å strikke med, så synd det er så dyrt (kr 33,- for eit nøste).