torsdag 23. oktober 2014

Hestehornet i haustsol

Det var på tide å tømme mobilen for bileter og fram kom vakre bileter frå haustferien. Det passar fint synes eg å ta eit tilbakeblikk på dei vakre haustdagane i Volda med 20 grader og sol no når det regnar, er mørkt og vi fyrer i ovnen.
Det er alltid slik at når eg er i Volda så har eg det travelt. Eg rekk aldri alt eg har lyst til og skundar meg frå butikkar, besøk, turar og alt som er for å få mest mogleg ut av den stramme timeplanen. Denne gongen bestemte eg meg på førehand at vi skulle prioritere natur og turliv med borna. Denne fjellturen var ein tur mellom handling og middag og vi hadde to timar på oss. Vèret var så fint at det var galskap å sitje inne. Emil og Malin var leie av tur og ville vere ilag med mormor, men Anna var klar så vi tok med henne og onkel Andre´ og køyrde til Krøvelsetra og parkerte bilen.
Det var blautt i starten og eg var våt på beina allereie etter 10 meter, men det var ein fin sti og Anna fant mange raude merker langs stien som var lett å sjå. Turen opp tok 40 minutt og på toppen var det utsyn mot dei fantastiske, vakre fjella i Ørsta og Volda. Eg har vore her før, men det er lenge sidan. Den gongen var eg ilag med ei venninne og ein halvblind hund og vi koste oss lenge på toppen med nista vår. No var det så mykje vind at eg knipsa raskt nokre bileter, skreiv oss i boka og gjekk ned att. Korleis bileta såg ut visste eg ikkje før eg kom ned att.
Er ikkje dette vakkert så er ingenting vakkert. Åmdalen og Follestaddalen omkransa av fjell eg ikkje lenger veit kva heiter. Hestehornet er ikkje stort, 688 m.o.h, men har mykje å byde på likevel.
Bondalen, Bjørdalen og Vatne. Eg vert rørt, glad og stolt på ein gong. Skikkeleg patriot. Å som eg saknar heim av og til!
Har du ikkje vore på Sunnmøre så har du gått glipp av noko, i alle fall på slike dagar. Men det dokke ikkje ser på bilete er den kraftige vinden. Det var synd vi ikkje fikk sitte på toppen og sjå dei fascinerande  inndelingane av fjell og dalar som isbreane ein gong tilbake i tid har vore med og laga.
Kva kan eg seie? Eg likar Volda frå denne kanten. Rotevatnet og Voldsfjorden går nesten i eitt. Rotsethornet er berre ein liten knaus i sidesynet og du ser ikkje oppoverbakkane i gatebilete så godt. Det rører seg i hjarterota, eg er så stolt!
Sentimental og bortkomen sau med vind i håret. Det er godt å vere heime. Trur jammen vinden har glatta ut rynkene og...
Espen på veg ned. Solstrålane lyser over Krøvelsetra.
Hausten er så vakker med den store paletten.
Fint å ha ein onkel. Og då vi kom heim fekk vi ball (raspe/komle) og kake til dessert. Du kan trygt seie at det ikkje vart fleire turar den dagen.

søndag 5. oktober 2014

Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå

Det er haustferie og vi er i Volda. Det er sommartemperaturar og nydelege fargar i naturen, så her må vi utnytte tida. Etter å ha brukt formiddagen i basseng gjekk turen vidare i oppoverbakkar på ettermiddagen. Helgehornet er eit passeleg fjell for born med sine 623 meter over havflata. Det ligg på ei halvøy mellom Volda og Ørsta.
Vi køyrde opp til skyttarbanene i Sollidalen og parkerte. Anna leitte etter merke, det er liksom hennar jobb der ho sitt opp i meisa med god utsikt, men merke er der ikkje. Ikkje er det nødvendig heller. Det er ganske vått i starten og motivasjonen var ikkje på topp med ein gong, så det passa med pitstop med vatn og kjeks som bensin.
Det blåste litt så Anna trakk hua godt ned i augene. Legg merke til meisa. Det er den gamle Bergansmeisa vår. Vi kjøpte ei nyare Norheimmeis (om eg huskar rett), men den var dårlegare enn den gamle så no er den gamle tatt fram att.
På veg opp får ein god utsikt mot Håvoll og Ørstafjorden
Vinden tok seg opp på toppen og det var regndropar i lufta. Vi trykte oss saman og åt nista vår før vi gjekk ned att. Ein fornøgd og blid gjeng. Vi brukte 1 time og 15 minutt opp så det synest eg er bra.
Utsikta frå Helgehornet er fantastisk. Voldafjorden og Ørstafjorden møtes blant holmar og skjær. Under havet ligg tunnellen som dannar Eiksundsambandet. Den startar frå enden av halvøya vi står på og i andre enden ligg Eiksund, Ulsteinvik, Hareid og vidare til Fosnavåg og ut i havet til blant anna Runde.
Dalsfjorden med Lauvstadbygda til venstre.
Hovdebygda og Mork rett ned og sentrum i Volda bak. Rotsethornet som ruvar når ein er i Volda, vert ein pusslete topp i det fjerne.
Ørsta, Hovdevatnet og dei nydelege fjella i bakgrunnen. Eg er å glad i Søre-Sunnmøre. Eg er takknemleg for at eg har fått budd her i 19 år og at eg framleis, etter 14 år vekke, kjenner at Volda er staden som ligg hjarte nærast.
Ei utsleta golvtvåge. Eller småbarnsmor med fulltidsjobb om du vil. Sminkelaus og manglande søvn, men kva gjer vel det når ein får slike opplevingar som dette?
Det vart meir og meir vind nedover bakkane så det var godt å kome i bilen. Og alle var samde om at det hadde vore ein fin tur.

"Ja dei gode gamle nutane dei gjera hugen glad". Ivar Aasen er alltid med, til og med på fjellet.