mandag 25. februar 2013

Våren er på veg

For eit herleg vèr vi har! Eg skjønnar at det er mange stadar i landet det er sol no, iallefall om eg skal tru facebookvenene mine. Så lenge eg har sol sjølv unnar eg sjølvsagt alle andre det og.
                    
I vindauget vårt står det blomar som vitnar om at våren er på veg. Tulipanar og primula strålar om kapp med sola. Dei fleste frøa har spirt og det er mykje grønt som kjem opp. Nokre er så store at eg snart må dele dei. 
Eg må snart gjere ein pottehandel. Eg har ingen blomepotter som passar. Iskremboksene vitnar om at vi syndar og kosar oss innimellom. Eg skjønnar ikkje kor eg skal gjere av alle plantene til slutt. Tenk om eg hadde hatt eit drivhus, då hadde det løyst seg sjølv. Basilikumen har eg forresten ikkje sådd. Den står Coop änglamark for.

Om du ser ut av vindauget på siste bilete så kan du sjå is som smeltar i vintersol. Snø som smeltar når det er sol gjer meg så glad. Eg gler meg slik til vår at eg er heilt sprekkferdig!

Soverom i ny drakt

Då vi flytta inn i nytt hus for tre år sidan var lofttaket i ubehandla tre. Vi skulle eigentleg male panelet før det vart satt opp, men på grunn av vinter og kulde (lang historie) lot det seg ikkje gjere.  Etterkvart har vi mala både vårt og Malin sitt soveromstak, men å male tak er ikkje det vi prioriterer og gjere først så vi har ikkje stressa med å gjere oss ferdig.
Emil sitt soverom før. Då bilete var tatt låg han i babysenga medan Malin hadde den senga som Emil brukar no. No søv Emil aleine og dei siste månadane har han ikkje likt å sove her fordi han har vore redd kvistane i taket. Til slutt måtte vi berre ta kosten fatt og male taket slik at Emil slapp å vere redd.
Og her er det endelege resultatet. Det er Espen som har mala taket og eg har mala listene. Rommet vart mykje lysare og den blå fargen som eg har forsøkt å seie til alle at eg likar så godt kjem no til sin rett. Det er to fargar på veggen. For tre år sidan skulle veggane i eit rom helst ha meir enn ein farge. På den lave veggen har vi mala i ein farge som heiter Himmel (Butinox) og dei andre tre har fargen Perle (Butinox) og er den fargen som eg elskar.
Dette er eit skikkeleg småguterom med bilar, gravemaskiner, tog og lego. Hylla over har vi nettopp kjøpt og den er utruleg praktisk. Expedit-hylle frå IKEA rommar mange leiker og held kaoset borte. Oppå hylla har Emil brannstasjonen og brannbilane sine. Det ser ut til at nokon av dei er på utrykning då bilete vart tatt. Han har ein vane med å rope "Alarm!" titt og ofte.
Og her er Emil. Dette bilete er tatt igår då vi var ute i det fine vèret. Medan det mange stadar er snøfritt, har vi framleis markane kvite (såvidt). Emil var forundra då han kom i barnehagen idag og såg at barnehagen ikkje hadde snø. Han som hadde planar om å måke...

mandag 18. februar 2013

Om å nyte tida og slikt

Eg hadde tenkt å lage eit typisk Anna er sju månader-innlegg. Det var for ei veke sidan. Først to dagar seinare tok eg bileta av henne. På torsdag var det helsestasjon og kontroll. 5900 gram og 67 cm. Fredagen baka eg kaker, laurdag var det bryllaup og først på søndag fekk eg lagt bileta inn på innlegget. Idag, ei veke seinare, skriv eg på det innlegget som eigentleg skulle handle om Anna sju månader.
Å få barn endrar kvardagsbilete opp ned. Å få to barn strekk det nye kvardagsbilete. Å få tre barn forandrar kvardagsbilete igjen, denne gongen i eit større format. Det er ikkje sjeldan eg legg meg akkurat slik som eg sto opp. Eg har sjølvsagt pussa tennene, men det stoppar meir eller mindre der. Dagen vår byrjar alt i frå halv fem til seks. Først ein unge som ropar at han skal bæsje. Så ein unge som ropar berre for å rope og til slutt eit lite vesen som sprellar og slår deg i fjeset fordi no har dagen byrja. Det vert ein del turar ut og inn av senga, men til slutt gir eg opp håpet om å få nokre minuttar meir med søvn og står opp.
Å vere i permisjon inkluderer ein god del tips og råd frå andre. Alt i frå bleiemerke, graut, amming, søvn og vogn til aktivitetar i kvardagen ilag med barnet. Ikkje minst får du høyre at du må nyte tida medan dei er små for plutseleg er dei store og vil ikkje vere ilag med mor si lenger. Her ein dag iløpet av den veka eg forsøkte å gjere eit Anna sju månadar-innlegg fekk eg den kjensla over meg som eg ofte ventar på. Den kjensla om at det er fantastisk å vere mor, at borna mine er dei vakraste og skjønnaste i verda og at eg har det bra akkurat som eg er sjølv med matflekkar på joggebuksa som eg alltid går med. Ute skein sola og alt låg til rette for å lage eit innlegg om familieidyllen på Dansebakken.
Fordi Anna ikkje ville sove så mykje den dagen, men berre kose, pludre og smile til mamma fekk eg ikkje skrive det innlegget den dagen. Eg tenkte eg kunne gjere det på kvelden. Så henta eg ungane i barnehagen, hadde ein ettermiddag med krangling, tårer, latter, middagsrestar på golvet og Dr McStuffins på tv, og så var det leggetid for dei små. Den gode kjensla var vekke, klesvasken måtte leggast ihop og det var igrunnen på tide å ta badet og.

No sitt eg i sofaen medan Malin ser på film. Ho er heime fordi influensaen banka på døra og vi måtte stoppe den før den rakk å kome inn. Ute regnar det og himmelen er grå. Anna utforskar glidelåsen og seier "mamama" samstundes som eg prøvar å finne dei rette orda. Emil er i barnehagen sjølv om han og ville vere heime. Han hadde visst både vondt i foten og ei hand som ikkje kunne brukast, men måtte i barnehagen likevel. Det er snart tid for henting, lage middag og sannsynlegvis klesvask. Kanskje får eg sortert bosset og om eg er heldig med tida. Det er den same tida som eg skal nyte, den eg aldri får tilbake og som eg skal lengte etter når ungane vert tenåringar og synest foreldra er teite. Det er vel berre for meg å håpe om at det snart finnast ei tidsmaskin for no må eg gå. Anna sju månader har ikkje tid til å vente meir.

lørdag 16. februar 2013

Suksessterte

Gode oppskrifter på favorittar frå bestemor er noko av det kjekkaste å arve. Eg har mange gode matminner frå mormor og farmor, men diverre ingen oppskrifter. Eg skulle så gjerne hatt oppskrift på mormor sine kjøttkaker, gelekake og lapskaus. Eller farmor sine sveler for å nevne noko. Derimot har eg fått oppskrift på suksessterta til Espen si farmor. Den fekk eg for snart ti år sidan og den var ho veldig stolt av. Fleire i familien hadde den som favoritt og ho kunne stolt fortelje kor mange stykker enkelte kunne klare å svelge.
Suksessterte er verkeleg ein suksess. Den står aldri urørt etter selskapet. Igår laga eg to stykker då vi skal i bryllaup ikveld. Det er det tredje bryllaupet på 1,5 månad så vi lid inga naud rundt magen for å seie det slik.
Eg har ikkje hatt tid til å pynte den så den vart ei naudløysing denne gongen. Dersom eg har god tid brukar eg å ha sjokoladeglasur oppå og pynte den med gule kremtoppar. Kaka er glutenfri og dersom du ønskjer oppskrifta er det berre til å seie ifrå. For øvrig finnes det mange gode oppskrifter på nettet, men denne er det litt stas å lage sidan den har gått i arv.

fredag 8. februar 2013

Hekla hue

To nye garnnøster har funne vegen ut av garnkassa og denne gongen vart det hekling av ei hue. Garnet er kjøpt på Spar Kjøp, heiter Cortina soft og eg har brukt pinne 6.
Welcome to Jamaica-reggie! 
Hua er hekla utan oppskrift og storleiken er mitt hovud (omlag str 55).
Og du kan vrenge hua den vegen du vil alt etter kva heklemønster du likar best. Denne hua kjem sannsynlegvis på salgsbordet til Osterøy Redd Barna si julemesse.

onsdag 6. februar 2013

Spirevest

Eg held fram med restegarnprosjekt og denne gongen har eg laga ein vest. Denne vesten er laga av ein flink bloggar som kallar seg Rare Rusk og ho har kalla vesten for Spire. Oppskrift og blogg finn du her. Vesten er strikka på pinne 4 og garnet er Sandnes Sisu. Eg har brukt litt store pinnar for at vesten skal vere luftig og halde godt på varmen.  
Eg har ikkje dampa vesten enno og eg manglar knappar. Vesten er strikka i str 6 mnd, men den kan godt brukast til ein større baby og.
Anna er modell idag. Ho er litt tynn så ho fyller ikkje vesten heilt, men det er iallefall ikkje vanskeleg å vere akrobat når ein har denne vesten på seg.
Anna har vore sjuk dei siste dagane, men no er ho heldigvis betre.
Litt lang denne vesten, men alt er bedre som for stort enn for lite.
Anna, snu deg!
Ikkje populært på magen. På tide å avslutte fotoseansen.

Og vesten skal selgast på julemessa til Osterøy Redd Barna som er i november kvart år. Vi treng fleire bidrag frå folk som strikkar, heklar, syr osv. Kjenner du nokon som tryllar fram ting i ein fei så tips dei om oss.  Så har eg fått sagt det og ;-)

tirsdag 5. februar 2013

Drikk grønnsakene dine!

Har du born som ikkje vil ete grønnsaker? Kanskje juicepresse er noko for deg? Sjølv har eg fått heilt dilla etter at eg fekk juicepresse av mamma for tre månader sidan. Utgangspunktet for dette innkjøpet var eit innslag på God Morgen Norge for vel eit år sidan kor ei dame introduserte dette vidunderet. Samme dama har eg fulgt på blogg og på facebook og i januar kom ho ut med boka "Juicy!". Dama eg snakkar om heiter Carina Hultin Dahlmann. Meir om henne kan du lese på nettsida hennar Juicydrops
Mine born har aldri rynka på nasa når dei har fått grønnsaker. Dei står gjerne ved kjøkkenbenken og tiggar etter bitar som eg kuttar før middag. Likevel er det eit problem å få i seg tilstrekkeleg. Det er anbefalt 5 om dagen som tilsvarer 750 gram kor 450 gram er grønnsaker. Helst i alle moglege fargar. Klart dette vert tidkrevande og komplisert!  Så istaden for å kutte opp ein haug med grønnsaker og ikkje minst tygge det, så pressar eg alt saman og drikk det lett som ingenting. Det går raskt, det er enkelt og det er kjempegodt.
Det tek litt plass på kjøkkenbenken, men det er det verdt. Sjølv har eg valt juicepresse som kan festast på kjøkkenmaskina, men der fins mange juicepresser på markedet. På nettsida eg viste til over finn du fleire anbefalingar. Har du tenkt over kor mykje grønnsaker og frukt 5 om dagen eigentleg er? Eg rekna på det at det tilsvarer 20 kg i veka for vår familie! I tillegg til juicepresse har eg blender tilgjengeleg då eg lagar smoothie basert på frukt- og grønnsaksjuice. Smoothie har ungane fått sidan dei var eit år gamle og det er framleis populært.
Ser ikkje denne god ut? Den er laga av eple, ingefær, sitron, gulrot og melon. Eg har alltid sitron og ingefær i juicen. Det går mykje epler og. Andre ting eg puttar i er squash, selleri, agurk, ananas, kiwi, bladspinat.... ja det er berre fantasien som set grenser.

Sjekke nettsida Juicydrops og vert inspirert. Ha ein fin dag!

fredag 1. februar 2013

Utolmodige stauder

Eg og Emil var ute ein liten tur i vintersola. Det var lenge sidan sist eg hadde vore i hagen då det har vore ei lang kuldeperiode samt vind og regn i fleire dagar. Stauder overlev det meste og nokon er allereie på veg opp. Eg har ikkje fjerna gamle stauder frå fjoråret i von om at dette beskyttar litt, men det er fort gjort å ta vekk.
Kvit myskmalva
Flekktvetann
Lilla haustfloks
Primula
Forglemmegei

Det er litt spennande med alt som kjem opp av jorda, men no er vi på veg inn i ei ny kuldeperiode utan snø så overbegeistra er eg ikkje. Vi kryssar fingrane! Ha ein fin fredag alle.