fredag 26. september 2008

Heng deg fast, her går det unna!

Det er ikkje så mykje blogging på meg for tida og det skuldast fleire ting. Som dokke kanskje veit så flytta vi til Valestrandsfossen for 4 veker sidan. Der vi flytta inn var det utriveleg av fleire årsaker og etter tre veker fant vi oss ein annan stad som vi no vert verande ei stund framover. Det har med andre ord vore eit kaos i ein månad no med kassar overalt og provisoriske løysingar for å få kvardagen til å fungere. Midt opp i flyttinga vart vi sjuke og vi har ikkje fått pakka ut slik vi har ønska, men det kjem seg snart tenkjer eg. I tillegg til at eg har fått ny jobb og Malin har byrja i barnehage, har eg også hatt nødt til å omstille meg frå å bu i by til å bu på landet. Eg ser nesten berre postivt på å ha flytta sjølv om den lokale butikken er dyr og har dårleg utval. Å vere avhengig av ferje er også nytt for meg, men det har sin sjarm...
Den store nyheten derimot er at vi har fått dispansasjon for frådeling av tomt på garden som Espen er oppvokse på. Vi har venta på svar i 10 mnd, og det er uendeleg rart at det no er avgjort. Vi veit no kvar vi skal busetje oss for all framtid (mest sannsynleg) og vi kan byrje å planlegge framover. Eg har dessverre ikkje internett for tida slik at eg kan vise dokke bilete frå tomtefeltet, men sjå for dokke masse tre og skog. Då har dokke tomta vår :-) Ønskjer alle ei god helg!

søndag 14. september 2008

Den siste pust av sommar

Vi gjekk søndagstur idag i det utruleg vakre vèret vi har. 2008 har vore eit fantastisk år for for alle som likar seg ute, og idag fant eg nok eit bevis på det. Langs gjerdet ved eit hus sto ein stor flokk med lilla blomar og viste seg frå si beste side i sola. Og ikkje nok med det, men blomane hadde lokka til seg mange, mange sommarfuglar som var så utruleg vakre at eg måtte berre ta bilete av det heile.

Hei sveis!

Det er inga ukjent sak for dei som kjenner Malin at ho er veldig glad i hår. Malin elskar å kose med håret sitt og sovnar gjerne med ein lokk i handa. Ho kosar mykje med mitt hår også, og det er slik ho roer seg og har det trygt. Håret hennar har no byrja å vekse for fullt, og det står som regel rett opp. Tenkte å vise dokke bileta som vart tatt av henne idag. Bøtta som dokke ser på biletet er ho forresten veldig glad i saman med ein penn og to legoklossar. Då er alt topp.

tirsdag 2. september 2008

Barnehagejenta vår

Igår byrja Malin i barnehage. Første dagane er ho i tilvenning og både eg og Espen fylgde henne første dagen. Ho fant seg fort til rette og kom i "prat" med dei andre ungane. Dei snusar litt på kvarandre, tar litt på kvarandre og seier nokre forunderlege lydar. Akkurat som dyra...
Denne bilen likte Malin og skulle ivrig prøve den ut. Skal tru om ho har arva noko av morfaren si bilinteresse?
Alle leiker må undersøkjast sjølvsagt. Etter ein og ein halv time, var Malin trøtt og ville berre vere med mamma. Men ein og ein halv time er no bra synest vi, og gleder oss til fleire dagar kor ho får vere saman med born og vaksne i barnehagen.

Om ikkje barnehagen var nok, tok vi ho med oss på ein trilletur i eit flott turområde. Malin koste seg då også og sitt så fint i vogna si medan ho kikar på alt rundt seg. Alle var samde om at det hadde vore ein fin dag.