onsdag 9. desember 2009

Fråværande

Det vert lite blogging på meg for tida. Det er ikkje fordi det manglar noko å blogge om, men fordi tida ikkje strekk til. Akkurat no er det ALT som skjer. Det er mykje som ordnast i samband med eigeninnsatsen. Eg skulle gjerne vist dokke fargane eg har tenkt på romma, men Jotun og andre malemerker har ikkje lagringsmoglegheit slik at bileta kan lastast ned (har iallefall ikkje funne ut korleis). Igår handla vi inn haugevis med tapetrullar, grunning og lim. Vi skal ha same farge på veggane i stove, gang og loftstove medan det skal vere ulikt på soveromma. Har kjøpt ein farge som heiter Blitz (Butinox) som eg skal teste ut på stoveveggen. Om denne vert ein suksess skal eg kome tilbake til. Eg vurderer blåfargar på Malin sitt rom, men dei to andre soveromma er eg i stuss på enno.
Eg tenker på lampar, gardiner og fliser, eg tenker på møblering, eg reknar på budsjettet, eg organiserer dugnad, eg betaler rekningar, eg tenker på julegåver, eg ammar om natta, eg ammar om dagen, eg vasker klede, eg vaskar opp, passar born, diskuterer huset med Espen... Lurer på om hjerna har eigne sikringar, då er det iallefall fare for at ei sikring ryk snart. Eg tenker MYKJE! Espen gjer også sin del og han tenker nok like mykje som meg. Igår og idag har han grunna heile huset utenom soveromma. Imorgon skal vi plukke kjøkken på IKEA. Til helga satsar vi på dugnad. Eg nøyer meg no med å seie at eg skal oppdatere kvar veke, men med eigne bilete sidan inspirasjonsbileter rundt om kring er Adobe Flashplayer-prega.
...
Bilete er av Malin som bakar. Når mamma var på besøk i forrige veke vart det ein del julebakst. Eg tar ikkje på meg æra for det, mamma sto for heile baksten. Mødre er kjekke å ha :-)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Er imponert over hva du får til!
Hadde jeg vært nærmere skulle jeg ha stilt opp på dugnad. Jeg får istede komme på hagedugnad til sommeren, eller høsten ;)
(Og scrapping da...... )

Anonym sa...

Det var vist meg over Torill
Rigmor

Anonym sa...

Guri Torill må kje sprenge ei sikring no da:) skulle gjerne vore med på dugnad, men ej trur ikkje ej e i stand til noke som hels i min tilstand;) sitte no berre å venta og venta, gjekk en tur i går og det fekk ej svi for. So låke i bekkenet i dag. au au..

Håpe alt ellers e flott

Klem fra Siv