søndag 25. september 2011

Grøftekantar kan også vere vakre

Espen har vorte så interessert i muring og steinlegging etter at vi flytta i eige hus. Ute på tunet er han i gang med å lage murkant, og i hagen har han byrja å grave for hagestove kor han skal lage peis i naturstein. Ikkje nok med dette så har han byrja å steinlegge grøftene nedover vegen. For mange er det ei kjent sak at i vinter hadde vi store problemer med vatn som danna seg til is heile den bratte vegen ned frå huset, og vi hadde ikkje tilkomst med bil på 3,5 mnd opp til huset.
Naboane og vi vart samde om at vi skulle få grøfta vegen på nytt før den nye vintersesongen kjem, og for nokre veker sidan kom det ei gravemaskin som fekk gjort dette. For å unngå at grøftene gror att og fyller seg med jord, legg vi stein ned i grøfta og langs kanten innvendes. I tillegg fyller vi med småstein inntil slik at det er stabilt. Bilete over ser dokke byrjinga av grøfta. Vatnet kjem gjennom eit rør frå andre sida av vegen kor vatnet kjem ut av fjell og jordmasser.
Grøfta langs vår veg møter ei røropning med vatn frå nabotomta som ilag renn ned over langs vegen. Dette "krysset" er det to naboar som har gjort.
Espen har brukt mange timar på dette arbeidet og ikkje minst har han brukt energi. Stein er ikkje eit lett materiale. Han er ikkje ferdig enno, men dersom dei vert fleire om arbeidet så går det kanskje fortare. Eg synest dette er eit kjempeflott arbeid og han fortjener masse skryt. Espen er veldig opptatt av at ting skal vere gjort skikkeleg, og det må eg seie det verkelig er med denne grøfta. Flinke Espen!
Eg skulle berre ut to minutt for å ta bileter, men ungane skreik og ville ut og det tok plutselig litt lengre tid. Eg heiv på Emil støvlar og jakke medan han berre fekk gå i strømpebukse. Han er veldig opptatt av banking, og kanskje får Espen hjelp av Emil om 14-15 år?
Malin hadde laga fiskestang i barnehagen denne dagen. Den måtte sjølvsagt prøvast. Ho var heilt overbevist at det var fisk her. Som dokke ser på bilete så står Malin på masse stein som er lagt ned. Det skal ikkje vere slik til slutt, men sluttresultatet får vi kome tilbake til.
Sjarmør, rampetroll og kosegut. Emil er så herlig sjølv om han finn på mykje rart.

mandag 19. september 2011

Fram og tilbake er like langt

Ikkje før eg kom heim frå Voss og Rallarvegtur så var det ut igjen på ny tur. Denne gongen mot austlege strøk. Først eit par dagar på Gardermoen og kurs med jobben, deretter tre fantastiske dagar i Fetsund. I Fetsund bur Rigmor, og Rigmor er som meg på veldig mange områder. Vi snakkar om hage, interiør, born, strikking, sying, scrapping, mat... ja det meste. Og då gå dagane fort sjølvsagt.
Det var nydelege haustdagar då eg var på tur. Bilete her er frå det gamle lensemuseumet i Fetsund og som er kjennemerket for bygda. Heile fredagen prioriterte vi interiørbutikkar, og sjølv om eg skulle ta fly heim fekk eg handla litt. Kva eg handla kan eg ta i eit anna innlegg, men eg har berre så lyst å anbefale dokke nokre av butikkane.

1. Hannes hjerterom på Kjeller utanfor Lillestrøm. Terningkast 6! For ein fantastisk butikk! Dama som eig butikken har innreda ein låve kor ho sel kle, sko og interiør. I tillegg har ho kafé og ho lagar ein del av kleda ho sel. Ta ein kikk på nettsida hennar, og dersom du har moglegheit så må du ta turen.

2. Linneas Hage i Nittedal. Ein kjempesøt butikk som har vore i drift i ganske mange år no og som er kjent for veldig mange.

3. Dorothea i Lørenskog. Litt mykje klede til å vere interiørbutikk, men absolutt ein fin stad å ta turen.

4. Zanz i Lillestrøm. Ein kjent butikk med sans for gamle ting. Veldig mykje flott, men diverre er prisane høge. Kanskje fordi den er så populær som den er...

Litt anna fekk også besøk av oss, men desse fire var dei som utmerka seg mest.

Etter ein slik dag så får eg utruleg lyst til å gjere litt i heimen. Til og med male ferdig listene! Og det må vel vere verdt heile turen i seg sjølv...

Dagane er travle så blogging vert det ikkje mest av framover, men har eg noko å fortelje så seier eg i frå :-)

søndag 11. september 2011

Sykkeltur på Rallarvegen

Vi har hatt ei kjempekjekk helg med Rallarvegen som det store høgdepunktet. Vi var tre par som tok turen frå Finse til Flåm med sykkel.
Vi reiste frå Voss, kor vi leigde hytte, kl 07 om morgonen. Bilane parkerte vi på Flåm før vi tok Flåmsbana til Myrdal kl 08.30. Vi hadde syklane i sykkelvogn og måtte sjølv flytte sykkelen då vi skifta tog på Myrdal. Frå Myrdal tok vi sykkeltog til Finse med ankomst 10.25. Vi var ikkje aleine. Toget var fullt av folk som hadde samme formål.
På toget fekk vi tid til å glede oss og følge med på vegen vi skulle sykle motsatt veg.
Øvre del av Flåm sett frå toget.
Véret var flott denne dagen. Med tanke på at det har regna masse den siste veka, kjente vi veldig på flaksen.
Ein smakebit på kva som venta oss nokre timar seinare.... Øverst ligg Myrdal stasjon.
Sidan Flåmsbana er eit turisttog måtte vi stoppe fem minutt for å ta bilete av Kjosfossen. Om sommaren brukar det å vere mogleg å sjå huldra her, men ho har nok gått i dvale for vinteren.
Vel oppe på Finse var vi mange som skulle sykle. Sikkert fleire hundre. Det var litt kaldt på stasjonen så vi hadde godt med klede.
Med Finse stasjon i bakgrunnen byrjar den 55 km lange turen mot Flåm. Vi er heldige med vèret og humøret er på topp. Dei ekstra varme kleda vi tok på oss på Finse var vi raske med å ta av.
Gutta boys.. eller den harde kjerne som dei nok likar å tru at dei er...
Banevoktarboligar var det mange av langs Rallarvegen. Det er ganske utruleg å tenke på at det ikkje er så mange år sidan folk budde her og hadde ansvar for vedlikehald av ei viss banestrekning. Idag har vi maskiner til å ordne det meste og det er berre eit fåtal igjen som vedlikeheld bana samanlikna med før i tida.
Nydeleg haustvèr og flott natur.
Det er ikkje veldig krevande å sykle Rallarvegen. Du må ha ein sykkel med litt breidde på dekka samt at du treng sykkelbukse, hanskar, hjelm og vindtette klede. Du treng ikkje vere i veldig god form. Balanse og kontroll på sykkelen er ei større utfordring enn kondisjon.
Aldri ein tur utan reparasjonar. Espen var turlaget sin Reodor Felgen.
Vegane var variert, men det var berre eit par stadar vi gjekk av sykkelen. Det har nok vorte prioritert å gjere vegane meir tilgjengeleg for sykkelturistar. Rallarane har nok ikkje tenkt på syklistar for over 100 år sidan når dei bygde vegen.
Eit bilete av meg er vel ikkje til å unngå. Eg er veldig kamerasky, men her har dokke beviset på at eg syklar Rallarvegen.
Meir vakker natur. Elvestryk og vatn var å sjå langs heile vegen.
Oj, enda eit bilete av meg! Du verden... Her hadde vi nistepausa vår.
Ein tunnell dukka opp under jernbana. Veldig mystisk og spennande.
Hausten viser seg frå si finaste side. Vakre byggverk såg vi langs heile strekninga.
Her er byrjinga av ei vegstrekning som var bratt og smal. Her måtte vi ha tunga beint i munnen. Vegen var ikkje sikra med gjerde og det var stup 20-40 meter rett ned i elva.
Vakker utsikt. I enden av utsikta ligg Vatnahalsen høgfjellshotell. Her deler vegen sin. Enten tek du vegen mot Myrdal og Upsete kor Rallarvegen stoppar, eller så tek du vegen ned mot Flåm.
Vi valgte vegen mot Flåm. Frå hotellet var vegen så bratt at vi sto på sykkelen heile vegen for å halde balansen. Bremsene fekk jobbe og konsentrasjonen var skjerpa. Vegane er ikkje sikra mot fall dersom du havnar utanfor vegen.
Vel nede måtte vi ha ei pause. Då vi såg oss tilbake var vegen opp ganske bratt. Litt stolte sjølvsagt over å ha komt oss ned. Herifrå var vegen til Flåm bortimot berre nedoverbakke og det gjekk fort dei siste 16,5 km. Det var utruleg deilig å sykle fort. Sykkelen trilla lett på asfalt og det gjorde godt når kroppen byrja å verte sliten.
Ein velfortjent klapp på skuldra til oss alle seks. Dette var ein kjempeflott tur som passar for alle med normal fysisk helse. Dersom du skal ha med born bør dei vere minst 12 år. Vi var veldig heldig med vèret og fekk veldig mykje naturoppleving av den grunn. Vi stoppa mykje og tok oss god tid. Tida vi brukte var 6 timar frå Finse stasjon til Flåm stasjon.

Vel tilbake til Voss hadde vi ein bedre middag før vi stupte i seng. Trøytte, men nøgde. Eg kan absolutt anbefale alle denne turen.

tirsdag 6. september 2011

Travle haustdagar

Det er ingen tvil om at hausten har kome. Det regnar og bles, kveldane er mørke og det er fullt opp på jobb og heime. Hausten er ei fin tid med alle sine fargar og rare temperaturar, men eg skulle ønske eg kunne skru ned tempoet to hakk av og til. Det vert ikkje så mykje blogging når kvardagen er så travel, men slik er det no.
Eg sitt å strikkar ein del for tida og kosar meg med det. Eg har ei periode no kor eg må rekke opp og prøve på nytt fleire gongar. Skikkelig irriterande, eg har tydeligvis ikkje hovudet på plass. Av slikt kjem ikkje resultata som perle på ei snor, men eg har som mål å verte ferdig med ganske mykje før siste helga i november. Då har Osterøy Redd Barna si årlege julemesse og vi som arrangerer den er avhengig av nokre gode hjelparar som kan produsere eitt og anna for salg. Eg har ein del planar til då, men vi treng hjelp. Bur du i nærleiken har du kanskje noko å bidra med?Elles så har eg byrja å studere pittelitt. Det er ikkje så omfattande og undervisninga er på kveldstid ein gong i veka. Eg kan ikkje forplikte meg oftare dersom skal eg få tid til det. Det er iallefall veldig kjekt, og gir ei god avveksling til det eg held på med til daglig.Eg er veldig glad for at borna mine ikkje har fritidsaktivitetar. Det er mange foreldre som har ein voldsom kabal på ettermiddagane som skal gå opp. Det kjem vel mi tid og, men foreløbig slepp eg unna. Det er vanskeleg å vite kor mykje borna skal kunne delta i fritidsaktivitetar utan at det går utover samvær med familie, skulearbeid og foreldra sin økonomi. Mine born er heldigvis (?) mest glad i barne-tv når dei kjem heim etter barnehagen. Eg veit ikkje om eg skal ha dårleg samvit over det, men dei har vel eit behov for å slappe av slik som oss etter ein lang dag på jobb. Eg har faktisk ikkje eigne bileter i dette innlegget. Rotete hus og ein stormfull uteplass er ikkje så bloggbart, iallfall ikkje for ofte. Bileta er henta frå ei fantastisk nettside som eg har vorte tipsa om. Marte Helgetun har eiga nettsida med salg av strikkeoppskrifter ho har laga sjølv. I tillegg sel ho garn. Plagga er heilt nydeleg og det er virkelig verdt å ta turen innom sida hennar som du finn på martehelgetun.no.
Dette var ein liten tysdagsprat frå meg. Til helga skal vi sykle Rallarvegen og då håpar eg at eg får dele mange flotte naturbileter med dokke. Kanskje strikketøyet får kome på trykk etterkvart og. Ha ein fin kveld vidare, med eller utan billett til Fotball-VM....

lørdag 3. september 2011

Hekla pulsvarmara

Siste helga i november skal Osterøy Redd Barna ha julemesse. Då trengs det salgsobjekt og vi som er i styre bør naturlegnok stille opp med eit kvart. Eg er i gang allereie no. Tida går som regel alt for fort og ein rekk ikkje meir enn halvparten av det ein har planlagt. Igår hekla eg eit par pulsvarmara av alpakka og bambinoull.
Eg har brukt pinne nr 4.5. Dei er utruleg mjuke og god å ha på. Eg må nok strekke dei på eit slags vis, men korleis har eg ikkje funne ut av enno.Mønsteret var eg så heldig å finne på nettet, heilt gratis. Oppskrifta er meint for mindre pinnar, og det er sjølvsagt det finaste, men det vart ikkje så verst i denne størrelsen heller. Oppskrifta finn du her.