søndag 31. mai 2009

Grilling ved Brakvatnet

Det er ei fantastisk pinse vi har med sol og varme. Vi fekk besøk i ettermiddag av Morten, Marianne, Gustav og Ingeborg kor vi planla at vi skulle grille. Fordi vi ikkje har sol på verandaen vår etter kl 14 (!), drog vi til den lokale badeplassen ved Brakvatnet. Vatnet ligg omlag 2 km frå oss, og kort nok til at vi kan gå dit.
Malin hadde med seg bøtta si, spada og vannkanna. Det er første gong i år at Malin har prøvd det våte element ute, og det såg ut til at ho likte det. Gustav syntes også det var kjekt, og fant seg godt til rette. Han prøvde til og med å fiske.
Malin og Espen. Været var upåklageleg, men vatnet var framleis kaldt. Der var folk som bada, men eg var så berre såvidt uti med beina.
Ho grov, spadde, helte ut vatn og styrte på. Ho var tilslutt så kald og våt at ho frivillig tok på seg tørre klede og avslutta arbeidsdagen. Kjem det fleire slike dagar skal vi ikkje sjå bort ifrå at vi tek turen dit igjen. Ein veldig kjekk ettermiddag for store og små.

tirsdag 26. mai 2009

Badenymfe

Det er lenge sidan eg har vore på nokon scrappebutikk. Det er denne layouten eit bevis på. Eg har tatt det eg har, og prøvd å få det til å passe saman med overskrifta som eg trykte ut for snart eit år sidan på Papirglede på Sotra. Det er langt til næraste scrappebutikk, men eg trur at det er på høg tid no. Sjølvsagt har eg ein del papir, men det er viktig at papiret og bileta passar samen. Eg hadde ein tendens i byrjinga til å kjøpe papir utan å vite kva eg skulle bruke det til.
Bileta er tatt i sommar. Det er ikkje ofte Malin har likt å bade så dette er eit blinkskudd kan du seie. Ho hyler kvar gong vi dusjar eller badar henne, men vi håpar at sommaren skal gi litt badeglede igjen. Bassenget var iallefall ein suksess ifjor. Layouten er ikkje heilt ferdig. Eg skal skrive nokre ord under bileta, må berre tenke litt på korleis eg skal ha det først.

mandag 25. mai 2009

Hjallishue om du vil

I og med at eg har vore sjuk ei veke, har eg fått tid til å strikke litt. Denne gongen ei djevelhue eller hjallishue som eg foretrekk å kalle den. Størrelsen er ca 9 mnd og hua skal gis vekk. Den var enkel å strikke så no er eg i gang med ei ny som er litt mindre.

Oppskrifta er henta her. Det som var litt uklart i oppskrifta var når ein skulle byrje å felle. Det står ved 1.pinne, men 1.pinne i denne samanheng er første pinne etter rillestrikk. Så veit du det dersom du vil strikke denne. Eg har brukt Sisu frå Sandnesgarn.

Liv i gamle stover og loppemarknad

Trass i at eg er sjuk og full i forkjøling, måtte eg delta på den årlege "Liv i gamle stover" på Osterøy museum som var igår. Museumsdørene var opne for store og små, og alle fekk moglegheit til å sjå seg om i gamle hus og kike på utstillingar. Det var også demonstrasjon av ulike strikketeknikkar og pilefletting. For dei minste var det mogleg å få ri og klappe hest, samt oppleve høner og sauer. Det var også salg av mat, konsert og foredrag av ulik sort.
Eg hadde sett fram til denne dagen, men eg var vel litt naiv som ikkje heilt hadde tenkt på at vi har ei lita jente som krever sitt. Ho spring rundt og vil alt mogleg, og vi har meir enn nok med å halde styr på henne. Dei gamle museumsgjenstandane er ikkje noko for små hender så eg måtte halde meg vekk frå ustillingane. Eg har heldigvis vore på museumet før, og har vist dokke det meste av museumet på bloggen ifjor, men Espen (som er her ifrå!!) hadde ikkje vore her. Så vi skal ta oss ein tur ein annan gong når det er mindre folk og det moglegheit for guiding.

Etterpå reiste vi på ein lokal skule på loppemarknad. Eg er vant med loppemarknad i Bergen kor folk står ein time i kø for å sleppe inn når klokka akkurat er 10. Folk spring til borda for å sikre seg eventuelle kupp. Det er ofte mykje å velge i og masse fint å kjøpe. Slik var det ikkje her. Loppemarknaden opna 14, men vi kom eit kvarter før og det sto kun nokre få bilar utanfor. Dørene var allereie opna så det var berre til å byrje å handle. Alt var ferdigprisa og du gjekk til ei eiga kasse for å betale. Utvalget var for det meste pyntegjenstandar frå 80-90 talet, tinn, tre, servise og ikkje minst kruser. Klede også sjølvsagt og sko. Nesten ikkje bøker og det var heilt fråværande av kjøkkenutsyr. Eg brukte 15 kroner der, det er ny bunnrekord for meg. Eg kjøpte den emaljekoppen dokke ser over som hadde stempel frå ein emaljefabrikk i Danmark. Og ein englelysestake frå Vila Collection som eg skal gi vekk. Eg slo meg laus og kjøpte to sjokoladekakestykker for å bruke noko av tikroningane eg hadde spart til denne dagen. Eg ler litt når eg tenker på alle forventingane eg har til ting. Det er ikkje alltid det er slik ein er vant med...

lørdag 23. mai 2009

Paddesafari

Dette har ikkje vorte ein blogg for bilentusiastar, men denne helga har vore litt i denne retninga. Som sagt i forrige innlegg, er pappa i Bergen på treff ilag med si kjære padde (og Lene og Jonas som er litt i skuggen av denne bilen akkurat no). Idag var det bilkortesje frå Flesland til Grieghallen kor bilane fekk vise seg frem i det vakre vèret.
På bileta kan det vel tenkjast at bilane ser like ut, men når du studerer dei nærare er dei ganske ulike. Nokon har perfekt lakk medan andre ikkje. Det er også ulikt korleis interiøret ser ut, og nokon har pyntelister som andre ikkje har.
Det var ganske mange bilar og dei er både rare og vakre på ein gong., men det mest artige med slik biltreff er entusiasmen til dei som eig bilane. På biletet over ser du pappa (med ryggen mot) i vill gestikulering. Lurer på kva dei snakker om....

Familien Flint. Espen, Malin, meg, Jonas, pappa og Gudinna sjølvsagt.

torsdag 21. mai 2009

Pappa si Gudinne

Far min sin største lidenskap er bilar, og med bilar snakkar vi om franske bilar. Aller helst Citroën. Dei har han ganske mange av, og ein av dei er denne. Ein Citroën DS. Franskmenn uttalar DS "de déesse", som betyr Gudinne. Vi i Noreg derimot kallar denne bilen for Padde. Det er ganske delte meiningar om denne bilen. Som regel synest folk den er veldig stygg eller veldig stilig.
Denne helga er det treff i Bergen for desse bilane samt nokre andre modellar innanfor Citröen. Pappa, Lene og Jonas skal dit sjølvsagt og vi fekk eit lite besøk av dei før dei reiste vidare. Pappa kan snakke i timesvis om desse bilane om du er interessert i å høyre, og han ser på desse bilane med stjerne i augene. Tenk å ha slik ein lidenskap, eg vert reint misunneleg. Personleg har eg vokse opp med franske bilar rundt meg og er vant med denne skapningen, men Espen til dømes seier at denne bilen er så stygg at den er fin. Du som les får dømme sjølv...

søndag 17. mai 2009

Årets 17.maibilete

Gratulerer med dagen! Skulle prøve å få til eit 17.mai bilete, men små jenter som aldri står stille er vanskelege å ta bilete av. Eg har knipsa i aust og vest, og dette var det beste eg fekk til...
Ikkje mykje har skjedd iløpet av dagen. Vi gjekk i tog og var på skulen ei lita stund. Malin er ikkje heilt i form om dagen, så vi må tilpasse oss litt etter ho. No ligg ho å kviler, og så tenkjer vi å ta oss ein tur for å helse på folk. Ikveld vert det grilling. Håper alle har hatt ein fin dag.

mandag 11. mai 2009

Fasade- og planteikningar av huset vårt

Eg har lenge tenkt å skulle vist bilete av huset vårt som snart skal byggjast, men det er så styrete med scanning at eg har utsett det litt. Det som gjer at eg vel å vise dokke teikningane idag er at eg fekk gode nyheiter frå kommunen. Innan eit par veker reknar saksbehandlaren med at vi er klare for å starte med byggjeprosjektet vårt. Vi har snakka med entrepenøren, og han kan starte i juni og vere ferdig slik at vi får satt opp mur i ferien. Med andre ord startar byggjinga av sjølve huset etter ferien, og det er ikkje lenge til!
Huset er eit ferdighus frå Byggkjøp. Buarealet er 146 m2. Det er ikkje stort, men vi likar fasaden og planløysingane. Det heilt avgjerande for at vi valte dette huset er taket. Det startar ikkje å "skråe" før 140 cm over golvet i 2.etasje. Vanlegvis startar taket frå golvet. På den måten misser ein mykje plass, og det unngår vi no. For meg som er så liten vil eg ikkje merke at taket skråar i det heile med mindre eg smyg meg langs veggane... På teikninga over er det ikkje gjort nokon endringar, men sannsynlegvis vil vi forkorte vindauga med 20 cm for å få kjøkkenbenken til å passe under vindauga. Glasa vert då 120 cm høge. Bileta kan du sjå betre ved å klikke på dei.
Dette er veggen mot garasja. Det vi har endra her er badevindauget. Det har vorte smalare for å få plass til ein dusj uten å misse areal på soverommet ved sida av. Døra frå vaskerommet har vi og satt inn. Eg har alltid meint det er praktisk med eiga dør frå vaskerommet. Ved sida av døra kjem hageslangen.
Litt skeivt scanna. Her har vi gjort ein del endringar. Vindauge til høgre for inngangspartiet er på stova og der var det opprinneleg ikkje vindauge. På andre sida av inngangspartiet har vi bytta ut to små vindauge som er like med dei i 2.etasje, med eit identisk med dei andre i 1.etasje (eg likar symmetri). Det var også eit slikt vindauge ved sida av døra som eg halverte. Draumen var å ha dobbeldør som inngangsdør, men det er ikkje mogleg på grunn av trappa innvendig. Dei fire små vindauga i 2.etasje rett under taket, gir brytning og lys.
1.etasje. Vi har valgt open løysning for stove og kjøkken. Kjøkkenet skal ikkje være L-forma, men U-forma. Vaskerommet og badet var opprinneleg tre rom. Ei bod, ein gang og eit bad med vaskerom. Eg var fast bestemt på å ha vaskerom for seg sjølv. Badet har vi minimert til det nødvendigaste då hovudbadet er oppe. Eg har bytta ut enkeldør med dobbeldør frå gang til stove. Ei dør frå gangen og inn der som tv-kroken skal vere er fjerna.

2.etasje. Ikkje mykje endringar. Dør frå soverom til bad er fjerna. Eg likar ikkje å gå på eit bad der nokon kan komme inn ein annan veg. Pipa er flytta litt og vinklane er derfor rettare enn slik det opprinneleg var. Vi skal ha enkel vask og ikkje dobbel på badet. Eg foretrekk benkeplass framfor vask.

Har du innspel så kom gjerne med dei. Arbeidsteikningane er ikkje laga enda. Eg tenkjer veldig mykje på baderomsløysingar og kjøkken. Mykje tid går med på internett, men det meste av idear finn eg i hovudet mitt. Espen har heldigvis ikkje så sterke meiningar enno, så eg gjer eigentleg som eg vil meir eller mindre. Eg har hatt ein husdraum sidan eg var 10 år gamal og Espen veit at dette betyr veldig mykje for meg. Eg håpar etterkvart at litt av mine idear kjem til uttrykk på bloggen, men foreløpig må dokke vente. Det er enno lenge til vi kan flytte inn, men no kjenner eg på meg at det verkeleg kan skje!

tirsdag 5. mai 2009

Siste nytt

Det går litt tregt med blogginga mi om dagen. Det skuldast mange ting. Det eine er at tida er knapp til å gjere noko som er verdt å legge ut på bloggen. For det andre har eg så dårleg kamera (i min målestokk) at det er frustrerande å ta bileter. Dessutan har eg vore heime i Volda, og atter ein gong gløymde eg usb-kabelen. Mamma har ikkje pc som har "minnekortstasjon". Ofte tek eg bileter med tanke om eit innlegg, men hovudet har ikkje vore med meg på denne turen.
Før vi reiste til Volda tok eg dette kjekke bilete. Malin har funne ut at det går an å kvile bak sofaen i vindaugskarmen. Det ser komisk ut frå utsida, men ho koser seg med pute og pledd.
Frå ferja til Volda tok eg dette bilete. Det var fint vèr og fjella viste seg vakre denne kvelden.
I kajakken til naboen. Jonas passar på Malin og leikar med henne samstundes. Kan det finnast betre barnevakt? Dette bilete er tatt 1.mai. Den dagen var berre så fin. Vi var ute heile dagen. Ekstra kjekt når ein har bursdag. Eg fylte ikkje eit rundt tal, så det var inga feiring involvert, men litt presangar og kake vart det. Eg fekk meg to store hagebøker, ekstern harddisk og keramikk. Veldig glad for alt saman.
Malin er så glad i pusekattar. Diverre er denne katten berre sær og ikkje så veldig mottakeleg for kos, men litt fekk no dei "prate" ilag.
Eg, Lene (besta) og Malin tok oss ein trilletur i gamle trakter. Vi trilla til den gamle barneskulen min kor eg ikkje har vore på veldig mange år. Her nyt vi kjeks, jordbær og utsikt.
Traktoren var tøff, spennande og alt for stor, men det stoppar ikkje Malin. Huset bak er kor far min bur og som eg budde i min barndom.
Malin kan verkeleg sjarmere med sine våte kyss. Mormor sitt hjarte har ho iallefall smelta. Er ho ikkje skjønn?
Mormor hadde så fine sko, dei må Malin prøve.
Ivar eller Besten om du vil. Han er så flink med born. Han kvitrar fuglelydar, fresar og mjauar som ein katt og gjer masse tull og tøys til Malin si store begeistring.
Både mor og mormor er ivrig på touchmetoden. Kanskje det ligg eit skrivegen i familien?

Malin elskar å vere ute, men idag har det blåst og regna. Derfor er dette eit tatt i eit augneblink kor vèret var fint. Malin måtte lufte seg litt og bruke litt energi før vi vendte nasa sørover igjen. Ho var tydelegvis trøytt, for ho sov i fire timar i bilen.