onsdag 30. november 2011

Siste haustdag

Det er siste dag i november og hausten er forbi. Det er framleis ikkje noko teikn til vinteren og det er eg veldig glad for. Ute bles og regnar det meir enn vanleg og innekos får eit nytt begrep. Sjølvsagt er det koseleg med vind som ular utanfor, men ungane ular dei og...
Sola viste seg så vidt idag og då var eg raskt framme med kamera. Det har hagla, regna, tordna, lynt og blest idag, og for å gjere vèret komplett så kom sola og. Kan ikkje vere lett å vere metrolog.
Malin har vore heime idag. Ho har stygg hoste og magen har ikkje vore på hennar side. Vi tok ein rask luftetur ut, men hosten var så stygg at vi gjekk fort inn igjen. Ein liten tur på dissa var det likevel tid til.
Malin lo slik fordi ho dissa skeivt. Det var visst veldig morosamt.
Imorgon er det 1.desember og vi skal byrje å opne adventskalender. Malin tell ned dagane til jul og ho kan berre ikkje vente. "Det e so lenge til!". Det er kjekt med ungar som ser fram til jul.

søndag 27. november 2011

Strikkefrustrasjon

I alle mine år som strikkar har eg kjøpt garn på impuls. Det har vore umogleg å "berre kike" når eg har vore innom ein garnbutikk og det har resultert i mange nøster som aldri har vorte brukt. Då eg skulle flytte i nytt hus tenkte eg at eg ikkje hadde bruk for eller plass til alt garnet, heller var ikkje garnet like moderne lenger, så eg kasta og ga vekk masse. Til slutt satt eg med ei lita samling som eg har hatt som prosjekt å strikke opp.
Eg har vore ganske så flink etter mitt syn. Eg har knapt kjøpt nytt garn det siste året, men no er det nok. Over ser dokke bilete av mitt første prosjekt kor eg mangle pittelitt garn til å verte ferdig. Sjølvsagt eit garn som hadde gått ut av produksjon og som ikkje fans i ein einaste butikk i heile Noreg (ja eg har undersøkt).
Så skulle eg strikke ein babytjukkegensar etter oppskrift frå eige hovud. Her manglar eg eit nøste. Panda Pt er framleis i produksjon, men eg må visst ta meg ein dagstur ein eller annan stad for å få tak i det. Eg var blant anna innom ein garnbutikk på Åsane senter og han hadde ikkje hørt om Pt eingong! Kva gir du meg?!
Og no, noko så enkelt som eit par sokkar med garn frå Rema 1000 av alle ting. Mangla som dokke ser litt her og. Aldri i verda om eg gidd å finne eit nøste til av dette garnet, eg vert berre sur. Så no vert det ikkje sokkar til mamma til jul, og eg skal ha som nyttårsforsett at eg skal frotse i garn i 2012. Kanskje ikkje like impulsivt som i gamledagar, men utan tanke på å vere fornuftig. Eg kjenner eg gler meg.

torsdag 24. november 2011

Emil 2 år

Emil fylte 2 år igår og det var stas, iallefall for foreldre og storesøster. Emil sjølv skjønna ingenting. Om morgonen fekk Malin gi den første presangen. Ho var sprekkferdig av spenning sjølv om ho visste kva ho skulle gi. Byggmester Bob-verktøykasse vart vel tatt imot både av søster og bror. Han fekk og opne opp pakkar med klede, deriblant ein Mikke Mus-gensar som han raskt tok på seg. Før han reiste i barnehagen opna han også opp Duplo-bossbil som han likte godt.
I barnehagen vart han møtt med flagg og bursdagskort på plassen. Han fekk krone, kappe og bursdagsang slik som alle får når dei har bursdag.
Heime igjen opna han pakkar med Brio-tog. Gog!! Rett på golvet for å leike, han hadde knapt tid til å ete middag. Det var ei beskjeden feiring, men eg laga Banana Split for anledninga. Dessert på ein onsdag vart veldig populært tatt imot.
Emil er flink å leike seg sjølv. Om han ikkje forstår kva som skjedde så var han iallefall takknemleg for dagen og gåvene han hadde fått. Eg forsøkte å ta eit bilete av han medan han såg i kamera, men han var travelt opptatt igår og hadde ikkje tid... Spørs om vi må lage ei kake til helga slik at han (les Malin) får blåse ut lys og sjå i kamera.

mandag 21. november 2011

Eit lite livsteikn

Dagane er så korte og det er så mykje som skjer at blogging har vorte nedprioritert i det siste. Før så sa eg alltid at det er så travelt før jul, men no er det travelt både før påske, før sommarferien, etter sommarferien osv. Dagane går i eitt og det er ikkje rom for å stoppe opp. Eg skulle gjerne stanse tida ein liten time, men oldtida sine fysikarar tillot oss ikkje det då dei bestemte 60 minutt, 24 timar, 7 dagar og 365,25 dagar i året.
Midt i det travle har eg fått meg litt pynt i to stovevindauge. Emil er framleis ikkje over stadiet kor ting ikkje får vere i fred i glaskarmen så då passar det fint med "høgt oppe"-pynt. Amplane er frå IKEA, planta heiter "Pletter i luften", og det heile står godt til gardinene mine frå IKEA (lommeboka sin besteven).

mandag 7. november 2011

Huset vårt i fugleperspektiv

Det er så nydeleg vèr for tida, ein gløymer nesten at det er november. Vi har framleis til gode å ha frostnatt hjå oss, men no kjennes det ut som det er like før. Eg trur ikkje det er så lenge til vi får sjå ei ny årstid, så då passar det vel bra med litt seinhaustbileter frå Dansebakken.
Dansebakken heiter tomta og området rundt huset vårt. Det har faktisk vorte eit offisielt navn no sjølv om det eigentleg var eit navn som familien til Espen hadde funne på tilbake i tid. No vert ikkje navnet gløymt iallefall. Huset står litt aleine som dokke ser og solar seg i dei fine hauststrålane. Vi har godt selskap med masse skog, den veks litt for fort etter vår mening. Espen kan fortelle om ein barndom med trefritt område akkurat her. Er det rart eg ønskjer meg sauer?
Ei slik oversikt gir eit bilete av kor mykje arbeid som gjenstår hjå oss. Garasjesøknaden er framleis ikkje behandla og materiale til garasja ligg under presenningar litt overalt. Vi har fått litt plen til no, men mykje gjenstår. Skråningane rundt huset skal også beplantast, men det vert lenge til! Ellers så kan vi invitere dokke til maling av hus neste år, vi har berre eitt strøk til no.
Huset vårt er skilt ut frå slekstgarden til mor til Espen. Gardshuset er det kvite som ligg midt på mot venstre. I tillegg til vårt hus, er det fire andre hus som er bygd i familien. Om dokke legg merke til kor sola skin, så er vi ganske heldig. Vi har sol heile året og god utsikt. Diverre er bakken opp "litt" bratt, men så lenge det ikkje snør går det greit.

Eg såg vèrmeldingane idag. 10 dagar framover med sol! Pass berre på å beskytte plantene mot nattefrosten, den er nok like om hjørnet no.

tirsdag 1. november 2011

Fargerike blomar i hagen 1.november

I fjor kom første snøen 20.oktober og frosten beit tak i oss frå november. Det var ein kald seinhaust med kalde grader som diverre tok knekken på mange planter. Idag var det 14 grader kl 16. Det regnar mykje, men vi har i det minste ikkje hatt frostnatt enno. Og med fine temperaturar lever sommarblomstrane i hagen enno.
Spanske margeritter. Dei tåler ikkje frost så dette er eit bevis på kor mildt det er ute. Eg er ikkje så ivrig på å knipe visna blomar lenger, men det vesle som kjem er framleis like vakkert. Eg har og ei kasse med petunia og, men eg gidd ikkje knipe lenger så den er ikkje så flott no.
Klatrerosa New Dawn. Den har blomstra over tre månadar no. Den har klatra og kost seg gjennom hausten. Det regnar ein del, så dufta er ikkje så sterk og blada fell fort grunna det tunge regnet.
Gullpyntekorg. Den har blomstra sidan mai. Og den tåler all slags vèr og tåler å verte flytta fleire gongar.
Pyntejordbær. Har og stått i blomst sidan juli/august. Blomane er som sagt veldig våte, men dei lev i beste velgåande.
Pelargonia. Den tåler det utrulegaste. Den har drukna og tørka om kvarandre, og den krev svært lite stell. Greit å plukke av det visne sjølvsagt.
Buskmure/potentilla, Lovely Pink. Den er kjent for å bløme heile sommaren og hausten, og det har den jammen gjort og.

Gledelige glimt frå hagen, men eg trur dette er det siste hageinnlegget for 2011. Skulle desember overraske så veit ein jo aldri...