onsdag 30. september 2009

Kledninga er på vei opp

No har det gått ein månad sidan snekkarane kom og det har vorte gjort ein heil masse sidan då. Huset er tett og no er kledninga på vei opp.
Synest huset vart så fint med arka og verandaen oppe på 8 m2. Vindauga og dørene er også veldige fine. Vi er veldig fornøgde med arbeidet som er gjort til no.
På grunn av det dårlege vèret får vi ikkje grunna huset. Det skal gjerast så fort som mogleg, men det må vere tørt først. No følg eg med vèrmeldingar og kryssar fingrane.
Kledninga er tydeleg prega av regnet.
Stilaset hadde vore kjekt å bruke i forbindelse med malinga. Her ser dokke Malin, mor til Espen og Espen på inspeksjon.
Elektrikaren har vore og lagt varmekablar på bad, vaskerom og gang nede. No er det klart for støyping. Under kablane er det lagt isopor, plast og netting.
Tek vi turen opp ei etasje møter vi denne utsikta. Fine haustfargar no, så synd det regnar slik.
Eg er så nøgd med valget av hustype. Ytterveggane i andre etasje er 140 cm frå golvet og vi slepp å misse plass på grunn av taket.
Her skulle ein tru det var mange snekkarar på bruket, men det er berre to. Tydeleg dei treng skift når det er så vått ute. Tenkjer mykje på dei om dagane. Misunner dei ikkje akkurat no.

mandag 28. september 2009

Eplesylteproduksjon

Av epla vi plukka i går laga vi idag eplesylte. Mesteparten har vi ikkje har gjort noko med, men ei lita byrjing var det iallefall med 1,5 kilo. Epla er kjempegode og dei går ned på høgkant hjå fleire av oss, men det er uansett ikkje bra å ete for mange om gongen.
Av 1.5 kilo vart det fire glas med sylte. Eg et ikkje sylte, men mamma er avhengig av å ete sylte på skiva kvar dag så det vert nok ete opp av ho.
Det er ganske enkelt å lage og her er oppskrifta:

1 1/2 kg syrlege epler

4 dl vatn

1 kg sukker

1 ss sitronsyre

Skrell epla og fjern kjernehusa. Skjær dei i tynne båtar. Kok epla og vatn under lokk i 15 minutt. Tilsett sukkeret og kok i 5 minutt. Visp kraftig slik at eplebitane mosast. Hell over på varme og grundig reingjorde glas. Skru på lokk. Oppbevarast kjøleg.

søndag 27. september 2009

På epleslang

Eg er for tida i heimlege trakter kor eg nyt regnet like mykje som heime. Vi er mykje inne om dagen med andre ord, men ein time før Malin skulle legge seg kom vi på at vi skulle ta turen til farmor sin gamle hage som ligg i Austefjorden. Eigedomen har no vorte pappa og eine tanta mi sin, og den ligg berre eit par mil frå Volda. I hagen til farmor har det alltid stått eit stort epletre som har vorte flittig plukka av. Pappa har allereie vore der ein gong i år og forsynt seg.
Alle fire deltok i eplesankinga og Malin synest det var kjempespennande. I år var det mykje epler og dei var kjempegode! Vi kom heim med tre plastposar med epler, utan sprøytemiddel til og med!
Huset ligg idyllisk til med elver på begge sider av eigendomen som renn ut i sjøen. Det var ein nydeleg hage i si tid med masse flotte planter. Her har eg vore mykje sommarstid og gjort alt som eit barn kan drøyme om. Vi hadde det ganske fritt og farmor lot oss gjere det meste berre det var innanfor visse rammer. Kanskje eg får anledning til å vise dokke meir av staden ein annan gong.
Malin og pappa har vorte gode vener etterkvart. Til no har Malin vore skeptisk til dei fleste menn, men det ser ut til at den fasen er litt over heldigvis. Malin kallar morfar for "mosse", er ho ikkje herleg?
Så kjekt å plukke epler! Og nokre av dei gjekk nedi magen hennar....

torsdag 24. september 2009

Få bileta dine til å sjå gamle ut

I siste utgåve av Bolig Pluss var det ein kåring av Noregs vakraste heim. Ho som fekk den gjeve tittelen kunne blant anna tipse om ei nettside kor ein kunne gjere nye bilete om til å sjå ut som gamle fotografi. Sida er på japansk, men ein skjønnar lett kva knapp ein skal trykke på for å laste opp og lagre det "nye" bilete. Ved å lagre det på pc'en kan du framkalle eller printe ut bilete på vanleg måte.
Eg tok eit tilfeldig bilete kor dette er orginalen.
Og her er resultatet etter litt elektronisk tryllestøv. Synest det var utruleg fint. Har du lyst å prøve, kan du gå på nettstaden http://labs.wanokoto.jp/olds.

onsdag 23. september 2009

Huset er snart tett

Det skjer verkeleg ting på Dansebakken no. Alle vindauga er satt i og dei er igang med lekting av taket. Neste veke kjem muraren for å støype i første etasje, så det er nok rett før huset er tett.
Sola glimta til når vi var oppe. Snekkarane holdt på enno når klokka var halv fem. Dei vil vel utnytte vèret medan det er bra. Igår var det eit grusomt vèr her, stakkarane.
Arka/ overbygget oppe er på plass og vi er svært overraska over kor stor verandaen oppe vert. Synest det er enklare no å sjå korleis huset vert tilslutt. Espen må støype rundt søylene nede.
Og her er bak. Over inngangsdøra skal det byggast eit overbygg, men det er ikkje noko som hastar fordi det er ikkje ein del av det innvendige. Synest det går fort framover no, det er så kjekt! Eg må innrømme at eg har byrja å tenke på tapetar og fargar sjølv om det er mange månadar igjen...

tirsdag 22. september 2009

Osterøy på kartet

No er det mogleg å registrere bloggen sin på Bloggurat kor ein kan finne bloggar frå din heimstad. Eg la merke til at ingen enno har registrert blogg frå Valestrandsfossen, så då vert eg den første.

lørdag 19. september 2009

I gang med hagen

Tenk, eit hageinnlegg! Det er lenge sidan sist, men på høg tid! Espen har byrja å rake stein og røter ut or jorda. Røtene må vekk før dei festar seg og planen er å ha gras til neste år. Det må mange lass med jord oppå for at det skal verte skikkeleg, men det får vi ta til våren. Elles har eg byrja å sortere bosset som snekkarane etterlet seg. Kjeldesortering også her, så klart. Eg brenn etter å få tenne eit bål av det brennbare materialet, men Espen er litt avventande. Skulle hatt ei oljetønne, nokon som veit kvar får tak i ei slik?
Herleg å vere ute! På Dansebakken er det fritt fram for ein kvar. Ingen bilar og masse jord å grave i. Smake på jordsmonnet må ein og i tilfelle det vert dyrka vindruer her.
Espen og Malin travelt igang med å sortere jord frå stein. Berre duene til Askepott som manglar...

torsdag 17. september 2009

Planlegging av bad

Det vanskelegaste rommet i huset å planlegge er badet. Badet er dyrt å pusse opp og stilen skal derfor halde i 20-30 år. Derfor kan ein ikkje følge motar og trendar, men få til eit bad som er nøytralt, men samstundes personleg. Å lansere idear på bloggen gjer eg rett og slett fordi eg må samle alle tankar og idear ein stad. Bileter som appellerer til meg vert også tatt med her.

Dette flisemønsteret var ganske vanleg for eit par år sidan. Har sett at nokon kaller mønsteret for subway. Når vi pussa opp badet i forrige bustad, ønskte eg meg veldig slike fliser. Fordi vi ikkje skulle verte buandes der, valgte vi ei rimelegare løysing. No kan vi investere litt meir i flisene, og eg likar framleis kvite fliser i størrelse 10x30. Tenkte først på blanke fliser for reingjeringa sin del, men trur det vert finare med matte. Det gir eit dusare og varmare inntrykk. Golvflisene er eg og Espen litt ueinig om, men nokre kompromisse må eg inngå og det vert vel ein varm, lys gråfarge på golvet. Men ingenting er avgjort enno så vi får sjå kva vi endar opp med.

Elles så skal vi ha hjørnebadekar, vegghengt toalett, dusjhjørne og baderomsmøblar frå Maxbo. Vi valgte Maxbo fordi det var halv pris av det vi måtte gi på ei baderomsforretning. Vi skal ha vask og benkeflate i eitt, 120 cm lang og to store skuffer under i kvitt. Eg er lei av å leite etter det eg skal ha innerst i skapet til ei kvar tid slik at eg må rydde i systemet støtt og stadig. Eg har vel kome til at stilen på badet fell på kva interiør eg vel. Legg merke til at eg seier "eg", det er nok eg som har sterkast meining om akkurat dette... Bileta under viser ulike bad, men dei gir alle meg den rette kjensla. Så får du avgjere om du har funne ut av stilen min eller ei.

Eg vil gjerne ha ro, kvile og avslapningskjensle på badet. Litt skandinavisk spa i reint uttrykk. Ikkje lett å forklare...
Badet skal vere lyst, innbydande og reint. Eg likar den litt landlige stilen noko som passar til huset og omgivnadane. Utsikta frå badet vårt er skog og morgonsol.
Dette biletet viser den romantiske delen av badet. Det kjem nok aldri løveføter på vårt bad, det er for upraktisk, men eg likar levande lys, duse fargar og nostalgi. Blåfargen på veggen likte eg veldig godt.
Dette viser sommar og sol. Reint, lyst, natur og sydeuropeisk. Eg vil gjerne ha litt av dette når det er grått og vått ute, og kvardagen er hektisk og langt frå Sydeuropa.

tirsdag 15. september 2009

Andre etasje og takstolar på plass

Det er kjekt å kome heim frå tur når det har skjedd så mykje med huset. Framgangen er så synleg når ein reise huset i forhold til når dei byrjar innvendes. Takstolane kom igår og det manglar vel berre fire stykker for at alt er på plass. Dei kjem idag. Snekkarane skal sette opp søylene som Espen skal støype rundt. Det stikk ut ei ark i midten framme og det skal vere takoverbygg over inngangen bak.
I strålande solskinn nyt vi det som liknar meir og meir på eit hus.
Baksida av huset. Nede ser ein allereie kor dørene og vindauga skal vere.
Eg er så nyskjerrig at eg måtte klatre opp stigen til andre etasje for å sjå korleis det var der. Bileta er tatt mot naboen og øvrige hus på Burkeland. Her vert det to soverom.
Venstre halvdel av denne sida av huset vert bad og andre halvdel vert soverommet som eg og Espen skal ha.

Måtte sjølvsagt ta eit bilete av hjarte i huset. Kjøkkenet.

mandag 14. september 2009

Scrappehelg/husmorferie

På torsdag tok eg flyet til Oslo for å tilbringe langhelga i Fetsund. Der bur Rigmor som eg har budd ilag med i studietida og som eg har halde kontakten med sida den gongen. Vi avtalte ifjor at vi skulle møtes ein gong i året kor vi byttar på kven som skal reise. Denne gongen var det min tur og det måtte gjerast no før eg vart for langt komen i svangerskapet og før nye born kjem til verda. Flyet landa til sol og blå himmel, og slik har det vore heile turen. Endeleg var turen komen for litt godvér sjølv om det måtte verte haust først.
Rigmor introduserte meg for scrapping sist gong ho var på besøk. Ho har halde på ei stund og eg har fått smaken på det også. Å vie ei heil helg til papir og lim er luksus for begge av oss, og det gjekk nokre timar til det sjølv om vi gjorde andre ting og. Fredagen reiste vi til Strømmen kor der er ein diger scrappebutikk; Bikuben. Eg vart heilt overvelda. Det finnast eiga nettside for butikken om du er interessert. Her ser dokke Rigmor i aksjon. Å finne det ein leitar etter er ikkje alltid lett når utvalet er så stort at ein veit ikkje kva ein skal velje.
Desse bileta viser ikkje halvparten ein gong over kva som fans der. Hyllene sto tett i tett med papir og pynt opp og ned langs veggane. Vi tilbrakte tre timar der den dagen. Ein butikk eg sterkt anbefalar. Einaste minuset var at det var vanskeleg å få satt seg ned. Kroppen min var litt i sjokk etterpå.
Den første sida eg fullførte var bileter tatt på Valentinsdagen i år. Eg brukar ikkje markere denne amerikanske trenden, men bilete av Malin og Elias passa så godt til akkurat denne dagen at eg drista meg til nokre hjarter. Det var ein heilt fantastisk dag med store mengder snø, passe kaldt og vintersol. Håpar at det kjem nokre dagar av desse i år også.
Som born flest elskar Malin is. Desse bileta er så fine synest eg og så dei fortjente å forevigast på vakkert papir. Sida er enkel, men uttrykksfull nok etter min smak. Legg merke til sirklane i det kvite arket.
Det er klart ein må lage ei side om dei første stega ein tek. Det var ein stor dag for oss alle når ho stabba bortover golvet for første gong. Det var ikkje heilt enkelt å få til denne sida då mønsterarket er svært dominerande, men eg ville ha arket fordi det sto så godt til bodyen ho har på seg på biletet.
Eigentleg hadde eg ikkje nokre fine bileter frå gebursdagen til Malin, men 1 års dagen må ein likevel scrappe synest eg. Bileta viser kaos og mykje detaljar, så det spela inga rolle kva fargar eg brukte. Eg fant eit mønsterark med presangar på og tok utgangspunkt i fargane der. Ikkje alle sider kan ein vere like heldig med, og det tek litt tid før eg venner meg til denne sida.

Ellers i løpet av helga har vi gått på sushirestaurant, kafé, bakt kanelbollar, ete krabbe, vore på sightseeing i bustadområder (å kike på hus er alltid kjekt), laga god mat og kost oss. Det har vore utruleg deilig å få kobla av og berre tenkt på meg sjølv. Det har vore mykje sjukdom og bekkenløysing dei siste månadane så denne turen gjorde meg godt. Likevel er eg glad for å vere heime etter ein slitsom dag med reise. Eg har nytta tog, fly, buss, bil og ferje idag og har fått mi dose av transport. No skal eg avgårde å gi mi stemme til Stortingsvalet og hente Malin i barnehagen. Ho har gleda seg enormt til at eg skal hente ho idag, og mora gleder seg sjølvsagt til å sjå henne att etter nokre dagar barnefri.

Godt val!

tirsdag 8. september 2009

Babydress frå Dalegarn

Dette dagslyset er ikkje lett å fange når ein bur i ein kjellar med lite lys og det i tillegg er haust med skyar og regn utanfor. Det er klart at dokke ser kva bileta mine skal forestille, men like viktig er fargen på garnet. Dette var det beste eg fekk til.
Eg har strikka hentesett til den vesle som kjem i november. Eg får små born (Malin var 45 cm) og var ute etter noko som passa når han vart fødd og ikkje tre månadar seinare. Dette er strikka i minste størrelse. I følge oppskrifta skulle dressen vere 53 cm lang. Min er 42 cm. Med eit hovud oppå vert det nok akkurat passe. Oppskrifta viste til eit bomullsgarn og pinne 3,5. Eg endra garnet til babyull og strikka det i pinne 3. Eg beholdt maskeantalet, men proposjonerte det litt mindre. Det lyseblå og naturkvite garnet er frå Dalegarn. Det brune er Bambinoull.
Oppskrifta er henta frå Dalegarn sitt hefte nr 197. På magen skulle det heklast ein bamse. Eg har hekla hovudet litt mindre enn i oppskrifta. Munnen og nasa er brodert på med kjedesting og augene har eg berre rota i hop. Skulle eigentleg vere fransk knute, men det var ikkje så lett å få til. Brodering er ikkje mi sterke side, og eg var til og med på biblioteket igår for å finne ut av desse broderistinga.
Dressen har raglanfelling noko eg er tilhengjar av. Då vert armane garantert fint påfesta. Det skal også vere to knappar i halsen, men Osterøy har ikkje knappar eg likar så då får det vente.
Beina har opning nede kor det skal festast 7 knappar likt fordelt rundt. Alt i alt synest eg dressen vart kjempefin. Den er enkel å strikke for den som har litt erfaring, og det gjekk ganske fort å lage den. Det må vel seiast at det hjelp på å vere sjukmeld når det gjeld kor fort det tek å strikke dressen. No har eg planar om å strikke hue og lestar i same stil.

fredag 4. september 2009

Husbyggjinga har byrja

Ja så har dei endeleg byrja å reise huset. Første lasset med materiale kom på tysdag og på onsdag byrja snekkarane. Det er så uverkeleg for meg dette her, det har ikkje gått heilt opp for meg at eg faktisk er på veg til å få mitt eige hus (ilag med Espen då så klart).
Stenderverket til 1.etasjen er satt opp. No kan vi gå inn i kvart enkelt rom og late som at vi ser korleis det vert. Det ser så lite ut no og huset er ikkje stort, men det endrar seg nok etterkvart. Malin er med på inspeksjon.
Espen og Malin sitt der verandadøra skal kome. Espen skal sage trea framfor tomta i haust. Då tenkjer eg vi verkeleg får sjå kor fint vi får det frå stoveglaset.
Det har skjedd ein del andre ting også på tomta. Dei har bora etter vatn og vannpumpa er montert. Trur ikkje dei er heilt ferdig med prosessen. Her ser dokke bilete av vannhuset.
Det er så kjekt å kunne køyre opp til huset. Dei er ferdige med grunnarbeidet og grusen er lagt i vegen. Det gjenstår å grøfte langs vegen nedover mot fjøset til bestefaren til Espen. Det har regna mykje i det siste og store mengder vatn har skylt grus og jord nedover vegen. Espen har gravd ei midlertidig grøft for at ikkje vegen skal verte meir øydelagd. Til venstre i bilete kan dokke også sjå stolpen som vart montert på tysdag. Så no har vi straum. Det er så kjekt med alt som vert gjort.
Tilslutt eit bilete av Malin. Ho var mest opptatt av å kose og var vel ikkje så klar for den store inspeksjonen etter ein lang dag i barnehagen. Smokken er god å ha når foreldra ikkje kan vente med å ta seg ein tur på tomta...

torsdag 3. september 2009

Baby på veg

Det er vel på tide å fortelje at Malin skal verte storesyster. Det vert omlag 2 år og 3 mnd mellom dei. Altså andre halvdel av november vert familien større. Det er akkurat passe synest eg då eg sjølv har ein bror med aldersforskjel 2 år og 5 mnd. Sjølv om vi krangla og sloss så mor mi trua med å verte ein blå røyk, var vi aldri aleine og hadde kvarandre å leike med.
Formen min er slettes ikkje bra og det pregar kvardagen i stor grad. Eg har bekkenløysing og har vore sjukemeld frå jobben i to månadar. I tillegg kjem alt stresset med grunnarbeid, vatn, kloakk, linjer hit og dit og no sjølve husbyggjinga. Telefonen står ikkje stille, og det er mykje som må koordinerast. Det er vanskeleg å slappe av i perioder. Eg har heldigvis Espen som er snill og hjelpsam, men han vert sliten han og med lange dagar på jobb. I sommar har vi hatt mykje avlastning frå besteforeldre, men no når hausten er komen er vi tilbake der vi vanlegvis er. Håpar sjølvsagt eg får mindre å passe på no når huset har tatt til og vi ikkje lenger har ansvaret. Eg treng å slappe av no når vi har flytta og har vorte forkjøla opp i alt.
.
Vi gleder oss sjølvsagt til at den nye babyen skal kome sjølv om mykje anna tek fokuset no. Håpar sjølvsagt det vert litt rom for å sy og strikke framover når eg no er sjukemeld. Når han først er fødd trur eg neppe det vert så mykje tid til akkurat det, iallfall ikkje med det første.