onsdag 28. januar 2009

Marengsreir med eggekrem og bær

Eg har vore heime idag og igår fordi Malin har vore sjuk. Eg er veldig rastlaus av meg og må ha noko å gjere heile tida. Det er ikkje mangel på husarbeid, men no når eg har vore heime så unner meg litt anna og. Baking er noko eg synest er kjempekjekt, men dessverre medfører det eit auka kaloriforbruk og det vert derfor ikkje så ofte at det skjer. Idag måtte eg berre lage noko, og eg laga ut av det eg hadde.

Marengsreir er laga av 2 eggekviter og 100 gram sukker. Visp eggekviten først, deretter tilsett sukkeret litt og litt til det er oppløyst. Bruk ei kakesprøyte og lag ringar på eit bakepapir. Lag to ringar oppå kvarandre. Sørg for å dekke botnen med litt marengs. Steik reira på 150 grader i 35 minutt. La marengsen avkjølast inni ovnen med open dør.

Lag eggekrem av 2 eggeplommer og 60 gram sukker. Visp saman og tilset 1/2 ss maisenna. Varm 1,25 dl melk i ei panne, kok opp og avkjøl. Tilset melka i egga og visp. Ha alt tilbake i panna og kok opp. La det koke i 3-5 minutt på svak varme til blandinga vert krem.

Ha eggekremen i marengsegga. Ha varma bær oppå. Eg hadde berre jordbær tilgjengeleg, men det kan verte litt søtt. Bringebær, rabarbara, eple o.l er godt. Til eple er kanel i eggekremen godt. Til rabarbara er litt ingefær godt i eggekremen. Du tilsett krydderet når du kokar opp melka.

mandag 26. januar 2009

Sparkepose i lilla

Denne posen er ei utbetra utgåve av den forrige posen eg sydde for ikkje lenge sidan. No har eg lagt til ekstra stoff til glidelåsen og utringinga er større. Halvvegs fant eg ut at eg mangla glidelås og kantband, og eg enda opp med lyslilla som passa fint til stoffet. Lilla er ein ganske uvanleg farge for meg, men opprinneleg er stoffet tiltenkt ein advendtsduk. Malin har akkurat slutta med sparkepose, så det vert vel til at eg gir den vekk.

På ønskjelista: Ny symaskin som ikkje bråkar og ristar, og som syr fine saumar utan krøll og lause løkkjer...

søndag 18. januar 2009

Prikken over i'en

Litt spøk og litt alvor er det når eg har bestilt navneband til å merke ting som eg har laga. Spøk fordi det er litt komisk at vesle meg finn på noko slikt. Eg er verken designar eller har tankar om å selgje noko. Alvor er det at eg ønskjer at plagga mine som eg har brukt mykje tid på, skal ha spor etter seg om kven som har laga dei. For å gjere det litt ekstra personleg, har eg skreve det på dialekt. Eg er ein utvandra sunnmøring, men synest det er viktig å vise kvar eg kjem frå.

Har du lyst på dine eigne navneband, kan du bestille på http://www.minanamnband.se/. Her kan du velgje mellom mange fargar, skrifttypar og logo.

søndag 11. januar 2009

Det første resultatet frå den langtidssjukemelde symaskina mi

Eg har ei symaskin som ikkje er av den beste kvaliteten. Eg er ingen storsyar sjølv og er nøgd med at eg i det heile tatt har noko å sy med. Flink har eg ikkje vore med å bruke den, men innimellom har eg tatt meg saman og leitt den fram. Helst når eg skulle legge opp bukser og sant. Maskina har vore skranglete og upresis, og derfor har den vorte lagt vekk ei lang stund no. Eg smørte ho litt og fekk vekk litt støv, og så var eg klar til dyst. Resultatet vart ein sparkepose!
Stoffet er noko eg har hatt liggande og mønsteret er frå eige hovud. Eg ser på denne posen som ein prøvemodell kor eg har funne ut forbetringar og feil eg ikkje må gjere på nytt. Eg har tatt mal frå ein pose som Malin brukar, og det gjekk veldig greitt å sy den. Men saumane vert ikkje fine. Undertråden flokar seg av og til, og sikk sakk-saum liknar ikkje i det heile på seg sjølv. Vert eg overbevist nok om at eg vil fortsette å sy litt ofte, må eg vurdere eit nytt kjøp.
Eg måtte ta bileta ute idag, det vert no aldri lyst nok inne for tida. Ein av forbetringane mine er å lage større utringing framme og ha ekstra stoff til glidelåsen. Ikkje same mal framme og bak med andre ord.
Malin skulle vere modell og låg i sofaen og sprella med beina inne i posen. Eg var litt for opptatt med å ta bilete for plutseleg hadde Malin ramla på golvet. Så derfor er modellen på biletet litt lei seg og har tårer i auget. Men ho synst det var stas å få prøve den nye posen. No er eg i gang med ein ny...

lørdag 10. januar 2009

Vi er to små fine damer

Espen og Trond har vore vener sidan 6 års klubben i 1979, og har fulgt kvarandre sidan meir eller mindre. 28 år seinare fekk begge to jenter; Stina født i mars og Malin født i august. Dei skal gå skule ilag og kanskje følgje kvarandre på same måte som fedrene har gjort. Idag leika dei for fyrste gong. 5,5 månad alderskilnad er mykje når ein er eitt år, men dei fann tonen.
Tenk alle eventyr og morosame ting som kan skje i eit telt. I dette teltet såg det iallefall koseleg ut, er dei ikkje søte desse to små jentene?

Det er nok ikkje siste gongen desse to leikar ilag...

fredag 2. januar 2009

Velkommen inn i det nye året 2009

Nytt år, nye moglegheiter. Å ha masse nyttårsfortsett er berre tull. Eg heldt dei sjeldan likevel, men så kan eg ikkje gi opp heller. Så dette har eg som mål for 2009:

1. Spise sunt og halde meg til laurdagssnop
2. Verte ein moderat mosjonist
3. Strikke, hekle, sy og scrappe meir
4. Komme i gang med å byggje hus
5. Slutte å bite negler, nok ein gong...
6. Besøke venner oftare
7. Få solgt leiligheten på Landås

Var dette uoverkommeleg? Eg har lite tid til disposisjon etter at jobb, husarbeid og tid med Malin er unnagjort, men eg skal likevel prøve å strekke meg litt til.

Til slutt ei lita oppsummering for året som har gått:

1. Vi har lagt golv i stova og gangen i leiligheta på Landås, mala soverommet og gangen, og gjorde ferdig listarbeid og anna småplukk. Vi la den ut for salg, men måtte leie den ut istaden.
2. Vi har flytta til Osterøy og leier no ein knøttliten leilighet
3. Vi har fått disposisjon til å få byggje på garden til bestefaren til Espen
4. Malin har starta i barnehage
5. Eg har fått ny jobb
6. Espen har fått stordilla på sykling og trener til Bergen-Voss i juni
7. Vi har vore på vår første ordentlege ferietur, til Danmark
8. Eg har ikkje trent eller vore sunn, heller ikkje slutta å bite negler.

To bileter av Malin. Eitt frå januar og eitt frå desember. Jammen er det mykje som har skjedd på eitt år!
Frå å liggje på golvet til å gjere husarbeid, på under eitt år! Godt jobba, Torill!