tirsdag 24. desember 2013

Julehelsing

Så var det jul og tre månadar sidan sist eg blogga. Du verden for ein haust vi har hatt. Malin har byrja på skule, Anna har byrja i barnehage samt at eg har fått meg ny jobb. Espen har mykje å gjere på jobben og alle borna krever sitt. Det har ikkje vore så travelt at eg ikkje har fått tid til å blogge, men eg har ikkje vore i skrivemodus. Slik er det og det er inga krise over det. Trene har eg og byrja med, men berre så vidt. Tida strekk ikkje til der heller og det er ikkje alltid "berre å prioritere det". Eg må jobbe med meg sjølv og seie meir nei, det er beinhardt for sjela kjenner eg. Eg vil helst seie ja til alle. 
Så kva har hendt i 2013 bortsett frå dårleg vèr og auka dieselprisar? Er det eigentleg noko nytt? Anna har byrja å gå. Det var ein lettelse når det først skjedde. Ho var nesten 17 mnd og det byrja etterkvart å verte ganske slitsamt å bere på ho alle vegar. Den rolege, snille babyen har no blitt til ei bestemt frøken som klatrar og plukkar på alt. "Pratar" gjer ho og og er knuseskjønn trass sine krevande sider. Emil er ein god gut som sjarmerer oss stadig vekk med sine utsegn. Han seier så mykje artig. Han kosar seg i barnehagen og er veldig glad i dei som står han nær. Malin er skulejente og har byrja å knekke lesekoda. Ho elskar framleis å teikne slik ho alltid har gjort samt at matteleksene går unna i ein fei. Ho er glad i både skule og SFO og er ei bestemt frøken med eit stort konkurranseinstinkt.

Både eg og Espen jobbar heile dagar og det merkar vi godt på alt vi tidlegare har hatt tid til. Mindre av heimelaga mat, trening, tilstelningar, hus og hage. Ja alt får merke at vi har lite tid til overs. Men vi får til ein god del likevel. Vi har fått utebod, ferdig garasje, murar og flaggstang samt to nye blomebed. Espen hadde rund dag i juni og det vart feira på overraskande vis. Kven hadde ikkje fått sjokk om 20 menneske sto utanfor huset med ei flaggstong under arma? Det var vanskeleg å skjule at eg hadde baka og rydda huset til fest, men mannen skjønte ingenting. Girlpower!

Det nye året startar alltid med at vi skal verte flinkare økonomisk, meir trening, betre kosthald, verte meir tolmodig med ungane, ta dei med meir ut osv. Så det er eigentleg ikkje så mykje nytt over det. Tida får vise og eg håpar lysta  til å blogge kjem tilbake. Følg meg gjerne på Instagram, der er det litt meir aktivitet.

Ønskjer alle ei god jul og eit godt nytt år!

Klem frå Torill og gjengen på Dansebakken