søndag 30. mai 2010

Ryvarden fyr

Vi har vore i Haugesund i helga på besøk hjå familien til Espen. Eg har i fleire år ønska og ta turen til Ryvarden fyr, men det har aldri vore vèr til det. Idag har Haugesund vore vindstille og i morgontimane satt vi på kaia og åt is i sola. Det skjer ikkje ofte at det er slike dagar og det passa derfor godt og ta turen til Ryvarden fyr som ligg i Sveio, 12 kilometer nord for Haugesund. Fyret ligg ved det vèrharde havstykket Sletta. Det er ein flott grusveg 2 km ut mot fyret. Vi hadde kledd godt på oss, men det var verkeleg ikkje nødvendig idag.
På veg ut møtte havet oss. Alt opnar seg og eg kjenner at kroppen pustar betre.
Det var mykje folk langs vegen ut mot fyret.
Rett før fyret sto minnesmerket over Sleipner-forliset kor 16 omkom for 11 år sidan. For å gje ei oppfrisking så grunnstøtte hurtigbåten Sleipner på eit skjær rett framfor minnesmerket på bilete over.
Malin koste seg med alle båtane som kjørte forbi og det var godt å kunne vere der utan å blåse vekk.
På Ryvarden er der kafé med salg av vafler, pølse, kaker og is. Der er også eit galleri med bileter og keramikk.
Det første fyret på Ryvarden kom i 1849 og var bemanna fram til 1984. Eg er veldig fascinert over fyrtårn og kikkar alltid litt ekstra på program og bileter som omhandlar fyr. Tenk korleis det var før når det storma rundt ein på alle kantar og det einaste ein såg var eit fyrlys i det fjerne. Idag har vi så mykje teknologisk utstyr som hjelp oss, men den gongen var det fyrtårnet som var tryggleiken til fiskarane og andre sjømenn. Idag finnast det ingen bemanna fyr så langt eg veit, men eg er glad folk veit og ta vare på dei for å minnast svunne tider.
Vi kunne sitje ute og ete kjeks og vafler. Heilt utrulig kor lite vind det var. Ei flott turoppleving!
Espen synest eg burde skrive noko om kor mykje han har sykla i helga. Han har ikkje skjønt at denne bloggen omhandlar meg og mitt, hehe. Når eg likevel har skrive at han har sykla i helga, kan eg nevne at det har vore 12 mil. Er du nøgd no Espen?

mandag 24. mai 2010

Scrapping av epleslang

Vi hadde ein fin tur til Austefjorden, kor pappa er oppvaksen, i haust. Epla var modne og vi fylte fleire posar med epler den ettermiddagen. Malin storkoste seg med epla. Tenk å kunne ete så mykje ho ville! Eit flott bilete av henne og morfar som er vel verdt og ha i ein album.
Nok ein gong har eg eit dominerande mønsterark i layouten. Synest det finnast så mange vakre ark at det er for gale og ikkje bruke dei når eg først har kjøpt dei. Dette arket er frå 3rd design. Treet er quickcuts. Eg er tilhengjar av å nytte quickcuts, men det er visstnok på veg ut. Skrifta har eg teikna rett på med vekslande hell.

søndag 23. mai 2010

Trollfest foreviga på papir

Kl er åtte om morgonen og eg har vore oppe i tre timar allereie. Idag er eg så trøytt at eg veit ikkje kvar eg skal legge hovudet mitt. Det er diverre heilt vanleg å vakne kl 05, ja faktisk har dette skjedd bortimot kvar dag sidan påske. Emil har for vane og vere klar for dagen på denne tida. Eg forsøker mitt beste å legge han inntil meg, synge, amme og kose, men han ligg berre og skralar og sprellar. Og gjett kven som vaknar då? Jau, Malin sjølvsagt. Og då er det ikkje nokon veg tilbake og dagen har byrja for alvor. Slik er det altså hjå oss og det var dagens utblåsing. Over til noko kjekt:
Eg fekk det for meg at eg skal byrje og scrappe litt igjen. Utstyret krever så mykje plass at eg kan ikkje gjere det heile tida, men eg har nettopp bestilt ein del utstyr på nettet (her er det langt til næraste scrappebutikk) og då klør det i fingrane til å bruke det.

Eg har scrappa trollfesten i barnehagen og nytta eit mønsterark som eg har brukt begge sider av, to kartongar, blonder og trykt ut bokstavar og ballongar. Heilt enkelt altså, men det synest eg er finast når mønsterarka er så dominerande.

torsdag 20. mai 2010

Ute i sola og planteloppemarked

Å for ein herleg dag! No kjem sommaren, det er eg heilt sikker på. Eg har sommarblomane mine ute om natta og eg har tatt på meg shorts for første gong i år.
No er det så varmt at Emil kan kose seg ute under parasollen. Vi har ein fantastisk uteplass som har sol heile dagen, er vindfri og flott utsikt.
Igår var eg på planteloppemarked for første gong. Det var arrangert av hagelaget her på Osterøy og mange kom til museumet kor tilstelninga var. Det dumme var at det var tre gongar så mykje folk som det var planter, så på 10 minutt var alt utsolgt. Det var sjølvsagt dei som har etablerte hagar frå før som fekk med seg mest, og vi som ikkje har noko i hagen frå før fekk pittelitt eller ingenting. Eg skal oppfordre hagelaget til å arrangere fleire loppemarknadar iløpet av ein sesong for alle ruskar ikkje i hagen på same tid. Uansett, eg fekk med meg fire planter som eg planta ut i kveld på ein mellombels veksestad. Det heiter seg slik at ein må sjå om plantene har med seg uønska dyr og ugras før ein inviterer dei i hagen. Så no står dei på andre sida av vegen kor det til vanleg berre er slåttemark.

Den nederste planta til høgre ser dokke har ikkje navn. Den veit eg nemelg ikkje kva heiter. Det visste ikkje onkelen til Espen heller som har hatt meg som tjuv i hagen sin. Den sprer seg lett som eit teppe i bedet og er blå av farge. Blomane er ganske små.
På nært hald ser den slik ut. Litt mørkare i blåfargen enn på bilete. Veit du kva den heiter?

Om nokon har lest forrige innlegg så spurte eg der om nokon visste kva eg kunne gjere dersom nokre av plantene ikkje veks slik som dei skal. Igår forhørte eg meg med ei som jobbar der eg har kjøpt plantene, og ho ber meg om å returnere dei for å få nye. Blomar er som mennesker, fekk eg vite, dei fungerer ulikt slik som oss.

tirsdag 18. mai 2010

Såing av plen, raking av stein og plantespørsmål

Vi sitt no aldri stille, det er heilt sikkert. Vi har raka stein i ein månad og er langt frå ferdig enno. Øverste planet av hagen er ferdig raka og 3/4 av dette har ikveld vorte sådd grasfrø i.
Eg hadde tatt nokre flotte bileter av Espen i aksjon, men hadde gløymt å sette minnekort i kamera. Derfor får dokke nøye dokke med bilete av vatnspreidaren og plenrulla.
Området framfor jordhaugen er ferdigraka og skal planerast og såast i snart. Området bak haugen har eg idag byrja og rake. Vi har raka det meste av det som vert slåttemark (området til venstre for haugen og vidare nedover vegen) og er nesten i mål med det.
På andre sida av vegen på dette bilete har Espen sådd grasfrø idag. Her er det slåttemark. Og så over til eit spørsmål. På bilete ser dokke to duftsjærsmin som er kjøpt og planta i jorda samstundes. Kvifor har den eine godt veksande blad på seg, mens den andre har så vidt fått teikn til grønt og mange av greinene synest eg verkar daude/ fri for blad? Eg har to epletre i same situasjon. Dei veks ikkje like fort og den eine bladar mens den andre berre knoppar. Forstår dokke kva eg meiner? Dette lurer eg altså på. Tenk om eg har gjort noko gale!
Har tatt med nokre vakre kvistar frå eit tre i hagen til naboen (Jostein). Er det ikkje vakkert? Han visste ikkje kva slags tre dette var, veit du?

mandag 17. mai 2010

Bunad, tog og ballongar. 17.mai altså...

Det har vore ein fin 17.mai med tradisjonell feiring på Valestrand. Dette blogginnlegget er ein liten skrytealbum. Det har seg slik at det er mykje familie og venner som leser denne bloggen og på ein slik dag må ein verkeleg vise fram sine søte små.
Kl 08 hengte vi flagget opp og sto på verandaen oppe og lytta/såg etter salutten frå den nye kanona som Valestrandsfossen har fått. Desse valestrendingane er noko for seg sjølv og har altså anskaffa seg kanon med formål å skyte saluttar på 17.mai.
Den obligatoriske fotoseansen. Malin har fått seg ny bunad og Emil har vore så heldig og få låne ein nordhordalandsbunad. Emil ser villeg inni kamera. Malin derimot gjer alt anna enn nettopp dette.
Når alt var prøvd for å få ho til og sjå på fotografen, når skoa var studert og så vidare, ja då var dei lei. Så dette var det eg fekk til.
Det var enklare å ta bileter når dei var aleine og med eit flagg og vifte med. Er dei ikkje skjønne? Mor er så stolt over å ha dei finaste borna i verda. Heilt objektivt sagt naturligvis...
Malin var lei av å sitje i vogn og ville gå. Når ho fekk gå ville ho verte bert. Å gå i tog er altså ikkje enkelt, men Malin synest det var kjekt og gå saman med barnehagen. Mormor og Emil er like bak.
Vel framme med Bullahuset var det på tide med litt kjeks. Det hjelp mot det meste.
Malin og ho mor sjølv.
Mormor og Besten. Dei har vore saman med oss heile helga, men måtte diverre gå midt i feiringa fordi dei skulle reise heim.
Malin er lei av å høyre på talen.
Etter talen var det betasuppe, kaker og smørbrød på skulen. Emil sov heile dagen utanom her kor han fekk seg litt mat. Dei som satt ved borda rundt oss fekk sjå han i bunad, men elles var han gøymt ned i vogna. Godt vi kan ta bilete og forevige augneblinka.
Årets 17.mai-komité hadde fått lånt sightseeingtoget frå byen og heile ungeflokken i bygda var svært begeistra. Det passa fint at Malin kunne få ta tog denne dagen fordi ho trudde før dagen idag at det var nettopp det ho skulle få når vi sa ho skulle gå i tog. Her kosar Malin og Elias seg, dei var ganske fascinerte. Nytt av året var også salg av gassballongar. Gjett om det var stas!

Alt i alt ei flott feiring. Litt kaldt, men det kan ein ikkje gjere noko med. Gratulerer med dagen alle saman!

torsdag 13. mai 2010

Terrassa straks ferdig!

Det er ein flott dag å ha heilagdag på sjølv om ikkje vi har halde den heilag idag. Sola har stått på himmelen og det har faktisk vore så varmt at vi har tatt av oss jakka. Espen med hjelp av Steffen og Jostein har nesten bygd ferdig terrassa. Espen har berre litt igjen så er det ferdig.
Ikkje alle har det bra. Emil er litt tufs og slapp. Augene er blanke og raude, og igår spydde han også. Stakkars vesle venen. Han er på arma mi stort sett heile tida når han ikkje søv, så eg har ikkje gjort all verden.
Her skal det siktast, målast og vere beint. Ein nøyaktig gjeng som skal ha det skikkeleg. Vi er veldig takksame for den hjelpa vi får.
I Emil sine sovestunder fekk eg tid til å plante i mine tre nyinnkjøpte krukker. Vi var på Plantasjen igår, men eg klarte å la vere og kjøpe alt eg hadde lyst på. Å kor herleg det er med blomar! Blomane eg har i krukkene er Margeritta, Eføy, Pelargonia og Brachyscome. Faren for frost er diverre tilstades enno så eg må setje dei under tak kvar natt og ha eit laken over.
Så langt har vi kome. Synest Espen er flink eg. Han jobbar jamt og trutt alle fridagar så det skal verte godt den dagen han er ferdig og kan vere samen med oss. Vi brenn litt i begge endar når vi jobbar heile tida og ikkje tek oss tid til å berre vere familie. Ønskjer dokke ei fin langhelg vidare!

søndag 9. mai 2010

Terrassebygging dag 2, litt planting og litt kos

Litt ut på formiddagen, eigentleg alt for tidleg på ein søndag, byrja Espen og Steffen med terrassa. Utfordringa er å få dei første borda beine slik at resten av jobben går smidig. Jostein kom etterkvart og hjalp til, og litt har no dei fått til idag og. Det er lov og ha korte dagar og spesielt på ein søndag er det lov og kvile. Det ser bra ut så langt.
Terrassa er 24 kvadratmeter. Veldig stor etter mitt skjønn og her kan ein og vurdere om ein vil ta seg ein dans.
Vi er no som sagt tidleg oppe og i morgontimane planta Espen i i to rhododendron av typen Parkrhododendron eller catawbiense grandiflorum for å vere heilt nøyaktig. Den kan verte 2-4 meter og har store lilla blomar. Fin altså, men den må plantast slik at den kan verte stor. Vi har ikkje orka og tatt vekk materiale som vi brukte når vi laga grunnmur, men det skal altså vekk. Vi har planar om ein sti frå vegen og opp akkurat der, og då er det fint med planter på begge sider. Vi skal og ha rhododendron vidare bortover langs skråninga (mot venstre) ilag med andre surjordsplanter. Det er ikkje berre jobbing. Litt kos er det rom for også. Malin og oldefar kosar seg alltid ilag. Her demonsterer Malin korleis ein brukar forstørrelsesglas.
Oldefar får sjå kva ho fekk i Kinderegget.
Og han får prøve å sjå litt han og.

Det er meir igjen av dagen, men om vi vert så mykje meir ute er usikkert. Det er nemlig gråe, tunge skyer ute og regndropar i lufta.

lørdag 8. mai 2010

Terrassebygging dag 1 og planting av epletre

Tidleg opp som vanleg, men denne gongen starta den med at vi lempa boss i varebil. Espen og Jostein køyrde avgårde til BIR og måtte ut med 750 kr (!) for å kvitte seg med dette. Eit ran, spør du meg. Ikkje er vi ferdig med bosstømminga heller. Vidare satte Espen og Jostein igang med terrassen. Eg derimot har passa ungar der den eine ikkje kan vere ute og den andre berre MÅ ut. Nyte sola, våren, fuglesong osv har eg ikkje hatt tid til, men følgande har vi altså gjort idag:
Det er deilig å sitte på trapp, berre sitte der rett opp og ned... Treng ein nokre sekund pause, er kjeks ei god løysing.
Når ein må velje mellom å vere ute eller inne i så fint vèr, vel ein sjølvsagt sola og den blå himmelen. Ein liten kosekrok som skygga for sola vart løysinga slik at Emil kunne vere ute. Malin koste seg også her sjølv om det lett vert litt kaotisk med kos på ein kvadratmeter.
Emil er så snill og grei, han ligg der og leikar seg, smilar når du ser på han og klagar veldig lite. Han er så god. Måtte det vare...
Ramma til terrassa er klar og søyleskoa er festa. Espen har laga ei ramme rundt kvar av dei og støypt i. Bjelkelag og terrassebord ventar i morgon. Må tilføye at Steffen har hjulpe oss idag og.
Flagget vart tatt fram på frigjeringsdagen. No når bjørka har byrja og springe ut, er det norske flagget så flott og sjå på. I same rennet viser eg dokke hagen rundt huset, eller hage og hage.. Lat oss seie forma på utearealet. Førebels er det berre jord.
Kanskje vanskeleg og sjå men det nederste bilete har eg laga to raude piler som viser epletrea eg har planta idag; Aroma og Prins. Eg har inndelt hagen i fleire "seksjonar", og eg har ein plan med dette området som eg sikkert fortel om ein annan gong når vi/eg er sikker på kva som vert her. Styringshuset til Biovacen er så stygg og prangande. Den skal vi kamuflere med ein tuja eller liknade iløpet av sommaren. Fattar ikkje at dei måtte montere den så høgt, den er berre så stygg! I skråningane må vi finne på noko som ikkje er lukekrevjande sidan dei er så bratte. Skråninga langs vegen tenkte vi å fylle med surjordsplanter og ha bark på. Dei andre kan vi kanskje legge ein duk på og plante noko som kryp utover. Kanskje du har ein idé til dette?

fredag 7. mai 2010

Stein og jord for liten og stor

Idag kom våren for fullt. Ingen sur vind og kalde grader. Dette har vi venta på! Sjølv om det er fint vèr er det ikkje så mykje rom for å slappe av på verandaen og BERRE nyte livet. Dersom vi skal ha gras må det jobbast. No har eg og Espen raka ferdig steinen der som vi først skal så plen. Vi har kjøpt ferdigsortert jord som vi skal ha på toppen. Espen gjer denne jobben medan eg er i gang med raking av stein på resten av slåttemarka. Vi har hagen fordelt på to plan og det er det øverste planet vi no er igang med. Malin elskar å vere ute og ho har ein heilt eigen stil når det gjeld og kle seg. Fleecedress, skjørt, caps og joggesko. Ho slår til og med jazzbuksene mine eg kjøpte på gymnaset og som eg framleis brukar... Emil er ikkje så deltakande, men han likar frisk luft iallefall. Det er ikkje så lett og ta bilete av han for han er så utruleg glad i å hoppe. Han spreller opp og ned heile tida. Aktive er dei desse borna, det skal dei ha. Og skjønne er dei.
No er det fredagskveld. Ingen Kims, ingen kos! God helg!

onsdag 5. mai 2010

Hagevandring

Eg har vore på hagevandring ikveld. Det skulle eigentleg vere i april, men vinteren har vore lang dette året og bløminga har byrja først no. Det er kjempefint vårvèr ute og vårhagen viste seg frå sitt beste. Mannen som eig hagen er ein røynd gammal mann som har holdt på med dette i åresvis. Han er så kunnskapsrik at det er ein fryd og høyre om alt han kan.
Vegen opp til huset om omringa av bedd overalt. Det var tusenvis av påskeliljer i heile hagen. Det var mykje som ikkje vi fekk sjå for denne hagen blømar heile sommarhalvåret. Her bur hageeigaren, i eit gammalt raudt og sjarmerande hus. Om du ser huset så skjønnar du at denne mannen er for det meste utandørs. Huset er omkrinsa av vakre gamle murar og sitjeplassar. Han er flink og dele stauder både til seg sjølv og andre. Små og store planter var planta tett i tett.
Julerose. Denne ønskjer eg meg. Den finnast i mange fargar og kan bløme heile året. Litt som krokusen.
I midten bak ser du hageeigaren, Norvald, som viser villeg rundt. Ein skulle nesten vore her ein gong i månaden for å få med seg alt han har. Han bur fem minutt frå oss så det er heilt sikkert moglegheit for det dersom ein er litt frimodig.
Kuleprimula i ulike lillafargar var det mykje av, og lysegule primula (dei som liknar litt på kusymre). Det meste som blømer no var nok presentert i hagen. Kanskje om ti år har eg og ein hage som er verdt og sjå?