onsdag 25. juli 2012

Ny terrasse på 1-2-3

På sør-austsida av huset har vi ein solvegg som kan nyttast tidleg på året. Her er det lite vind og det er godt og varmt heile dagen. No når Espen har permisjon/ferie har han laga terrasse på denne sida. Denne sida av huset har vore prega av boss og rot heilt sidan vi flytta inn, men no har standaren tatt seg opp. 
Terrassa er ikkje stor, men til vårt formål heldt den. Den skal beisast i same farge som terrassa på framsida.
I tillegg har Espen gjort ferdig trappa til vaskerommet. Her må vi også male ferdig. Ifjor var det så dårleg vèr at vi fekk ikkje malt noko på huset. I år må vi få malt ferdig det som ikkje har fått malingstrøk til no. I front av bilete ser dokke plenen som er på veg til å verte grøn. Og mellom plen og terrasse skal det kome murkant  som Espen har skaffa stein til, og vi skal fylle gangvegen med singel når muren er ferdig. Det er så kjekt med alt som vert gjort, det kjem seg litt og litt heile tida.

tirsdag 24. juli 2012

Kafé på heimebane

Vi har hatt mange dagar med regn no og det har vore ganske intenst innandørs. Derfor var det veldig kjekt at  sola besøkte oss idag. Malin har lenge hatt planar om å lage kafé ute når det vart fint vèr, og då sola kom måtte det verte kafé på ho. Ho hadde store planar om menyen, men lite visste ho kor mykje arbeid det ligg bak ei kafédrift. 
Malin og mormor hadde laga plakat. Eg, mormor og besta laga muffins. Så kokte vi kaffi og blanda saft.
Betaling skjedde via pengar som Malin hadde laga. Metoden var å dele ut ein penge om gongen til alle som var tilstades. Når vi skulle ha ei ny runde med kjøp, måtte vi få tildelt ny penge. På slutten gjekk ho over til kredittkort og vi fekk behalde kortet sjølv etter at vi hadde handla.
Emil var den ivrigaste kunden. Trur han åt fire muffins og drakk to glas saft. Malin stengte ikkje kaféen før alt var solgt ut og ho ga seg ikkje sjølv om kundane var mette. Ein skikkeleg selgar der altså.

Vi har hatt ein fin dag idag. Alt er så mykje enklare når ein kan vere ute. Så får vi håpe det fine vèret held fram.

mandag 23. juli 2012

Heimeferie

Med nyfødt baby i hus har det ikkje vore aktuelt å reise på den store ferieturen. Vi veit alle at juli i Noreg byr på utfordringar med tanke på vèret, men må ein vere heime så må ein gjere det beste ut av det. Eg har ikkje vore i form til å gå noko tur eller gjere andre krumspring, men vi har hatt besteforeldre her hjå oss nesten heile tida. Det er ganske intenst å ha feriestengt barnehage i tre veker, og det er ikkje berre idyll dette, men litt kjekt har no vi det. 
Onkel André var på besøk hjå oss nokre dagar. Han leika med borna og hjalp til å sette opp telt. Det regna ute, men inne i teltet var det tørt. Ifjor prøvde vi å sette opp telt med tanke på overnatting, men Malin var der i 10 minutt før ho ville inn.
I år sov ungane i telt ilag med Espen heile natta. Suksess! Teltet står ute enno, må vel ta det ned før graset daudar. Må berre tørke først når sola ein gong kjem.
Vi har laga fiskestang av pinne og hyssing med klesklype i enden. Denne kan ein bruke til krabbefisking, men det har ikkje skjedd enno. Av andre aktivitetar vi har gjort kan eg nevne baking, maling, springing rundt huset, stjeling av rips hjå naboen, plukking av blomar og krangling. Sistnevnte har Malin og Emil gjort ein god del og har vorte ganske så flinke... kremt.
Vi stappa våre tre håpefulle bak i bilen og reiste til Steindalfossen like før Norheimsund. Det er ein times køyring herifrå. Fossen kan ein gå bak og sjå frå baksida. Kjempespennande for dei minste!
Det er heilt supert eigentleg å finne på ting til dei minste, dei synest det meste er spennande dersom vi voksne er engasjerte. Emil likte fossen kjempegodt. Vi hadde han i meis for vi veit aldri kva han finner på. Hemningar har han ikkje så mange av.
Emil hadde ikkje tid å sjå i kamera då fossen var meir interessant. Det tek omlag to minutt å gå opp til fossen. Så kven som helst som har to bein å gå på kan gå dit.
Det var fint vèr den dagen, men fossen ga ein kald gufs så vi måtte ha på oss jakke. Ikkje ofte eg viser bilete av meg sjølv, men her er eg altså.
Mormor og besten er på besøk og det medfører mykje leik og moro for dei minste. Rommet deira på loftet er bomba, men dei har hatt det gøy. Dei har leika kafé, tannlege, frisør og alt på ein gong. Eit fullstendig kaos, men eg trur dei har det kjekt der oppe. Dei klarer iallefall å halde mormora i aktivitet. Eg er kjempeglad for all hjelp vi får, då får eg gjort litt nødvendig arbeid i huset. Kva Espen styrer med skal eg avsløre i eit innlegg om ikkje lenge :-)

søndag 15. juli 2012

Coral Dawn

For å feire at vi har funne navn til den vesle jenta passar det med bilete av den vakre rosa 'Coral Dawn'. Den er eit syn å sjå på og har ei nydeleg samling av kronblad tett i tett. 
Til å ete opp!
Og mange, mange roser ventar på å springe ut. Å kor eg gler meg!

Ja så var det dette navnet då, bør kanskje nevne det. Anna skal ho heite.

torsdag 12. juli 2012

Eit nytt familiemedlem har sett verdas lys

Så er det offisielt. Vi har no tre born; Malin, Emil og lille persille. Igår natt fekk vi ei lita jente. Ho kom med rekordfart og eg var ikkje på sjukehuset meir enn 9 minutt før ho var ute. Vi har ikkje funne navn til ho enno, men det ordnar seg forhåpentlegvis før Folkeregisteret tek saka. Jenta var 3580 gram og 50 cm. Ei stor jente i min målestokk.
Denne jenta treng altså eit navn, har du eit forslag?
Malin er verdas stoltaste storesøster. Ho har venta lenge på at den vesle skulle kome. Vi har ikkje visst kjønnet på barnet, men ho har vore overbevist om at det var ei jente heile vegen. Ho har stilt tusen spørsmål siste dagane og ho smilar frå øyre til øyre. Dette er utvilsamt stor stas!
Emil forstår ikkje så mykje, men er alltid i godt humør likevel. Han flyg rundt og herjar slik som gutar på 2,5 år berre kan gjere. Han viser interesse på sin måte og treng nok litt tid før han forstår kva dette er for ein skapning.
Vel heim idag vart vi møtt med flaggkomité på trappa. Den nye ungen skal verkeleg få bryne seg, her er det ikkje fred å få.

mandag 9. juli 2012

Søte born, sommarferie og jordbær

Barnehagen er stengt og ungane har ferie. Vi har fine dagar og det gjer alt litt enklare. Med ønskje om god ferie til alle som les bloggen, viser eg dokke desse bilete tatt igår.
Malin og Emil. Dei er veldig glade i kvarandre, men er som søsken flest. Vi håpar dei får tre fine veker med mykje leik og kos.
Vi har byrja å få jordbær i krukkene. Det er ikkje vanlege jordbærplanter, men rosa prydjordbær. Smaken er god, men bæra er små.
Malin stakk av med dei to første jordbæra. Veldig spennande med jordbær frå eigen hage.

God sommar alle saman, håpar dokke får ein flott ferie enten det er heime eller ute i den store verda. Det vert ingen bloggferie for min del, det er så mykje som er verdt å blogge om på denne tida av året.

søndag 8. juli 2012

Roser, stauder, sol og regn

Som eg har sagt før så har vi hatt ein flott sommar til no. Det har vore varmt og fint store delar av tida, iallefall her på Dansebakken. Heldigvis har det vore regnbyger då det får fart på plantene. Dei siste to dagane har det regna og vore veldig varmt og lummert. Resultatet må eg vise dokke her.
Climbing Snow Princess. Kjøpt på Plantasjen i mai og skal vere ei klatrerose.
Rosa har ikkje klatra så mykje, men den veks og har fått mange knoppar. Tre roser har sprunge ut til stor glede for meg. Dei andre husstandmedlemmane synest også dei er vakre, men det er vel eg som er mest begeistra.
Klatrerosa Coral Dawn. Så utruleg fin farge og dette er berre byrjinga. Mange knoppar som ventar på å springe ut. Eg kjenner meg så heldig som har så fine roser!
Klatrerosa New Dawn som eg kjøpte ifjor har vorte så stor. Den er så sart i fargen, men er ei sikkeleg tøff rose.
Det vert ikkje lett å male rekkverk her... Frå venstre: Klatrerose New Dawn, klematis Maria Cornelia og klatrerose Coral Dawn. Coral Dawn kjøpte eg for to månadar sidan, sjå kor den har vekse!
 Klematis Maria Cornelia. Fire store kronblad, veks kjempefort og ber mange, mange knoppar.
Eg sa i forrige innlegg at lykkekløveren hadde fått kvite blomar, men det er lyslilla! Enda betre!
Dette er peonvalmue, kvite, og er sommarblomar. Dei har vakse mykje dei siste dagane, eg gler meg til det vert blomar!
Myskmalva, trur eg då, som også har fått nytte av det varmvåte vèret dei siste dagane.
Ein knopp av veldig mange. Vierhortensia er stor, vill og vakker. Den duftar og får hjarte til å banke litt ekstra. Dette er verkeleg noko å sjå fram til!
Og jammen kjem det ikkje blomar på den sneglekåte riddersporen. Det hadde eg ikkje trudd. Litt rar form på blomane synest eg, men ok, alt er godt nok. Sneglane har halde seg unna etter at eg planta dei i krukker. Kan anbefalast!

Det var litt frå hagen idag. Tippar det skjer mykje framover og gjett om eg skal blogge om det! Det er så kjekt å sjå tilbake på kor tid dei enkelte plantene viste seg frå si beste side, lett for å gløyme slikt år for år. 

torsdag 5. juli 2012

Klart til plensåing

Det har vore ein heilt fantastisk dag idag. 28 grader i skuggen på det varmaste, då kan ein ikkje klage! Ungane har fått bada i basseng, vi har grilla og Espen har slått til med raking av stein og gjort jorda klart til å verte sådd. 
Det brune området er altså vår nye plen om ein månad. Vi har spraya på Roundup for omlag ei veke sidan for å hindre at ugraset skal utkonkurrerere grasfrøa og imorgon skal Espen så i plenfrø. Fordi det er så varmt som det er vert det nok mykje vatning med vatnspredaren.
Garasja vår står urørt for tida, men Espen har planar om å kome igang igjen neste veke. Og så har han planar om å bygge ei lita terrasse/platting inntil husveggen som dokke ser. Så får vi sjå kva han får tid til. Planar har vi iallefall nok av.
Å legge ut bileter av ungane som badar og leikar nakne er vel ikkje det mest passande, men eit fint profilbilete av Malin kan eg legge ut. Dei har kost seg i bassenget sitt og sprunge på plenen. Litt raking av jord og sparking av ball har det og vore. Vi kjøpte elektrisk pumpe idag. Og vi har kjøpt ein overgang mellom kran på vaskerommet og hageslange, det kan anbefalast. Då slepp vi å bere bøtter med varmt vatn mellom kjøkkenet og bassenget.
Til slutt ei lita overrasking. Eg visste ikkje at lykkekløver fekk kvite blomar, men det har den altså fått. Kjekt!

søndag 1. juli 2012

Ein jordhaug er på veg til å verte ein plen

Vi har stadig plenprosjekt kjennes det ut som. Denne gongen er det søraust-sida av huset som skal få seg ein grøn flekk. Vi bestilte jord og fekk tilkøyrd eit lass som Espen fekk det ærefulle oppdraget å spa utover. Ein jobb for den store og sterke, det er berre til å erkjenne. 
 Det første bilete viser området før vi rydda og fekk jorda. Ikkje særleg fint. Bilete er tatt 19.mai.
Undervegs har det vore nokre spatak både med og utan borna. Borna er vel mest i vegen, men dei skal på eit vis lære seg å gjere eit arbeid dei og. Med alle planane vi har er det best ungane lærer seg å hjelpe til.
 Dette er frå idag. For eit vèr det har vore! Skikkelig griseri når ein blandar jord og vatn.
 Malin likar å stille seg opp for fotografering.
Emil spar ivrig og ser ut deretter. Det er godt vi har spylarslange og vaskemaskin.
Etter nokre våte timar fekk Espen jorda utover. Her ser det ut som at plenen ikkje har noko høgde, men det har den altså. Kanten skal murast og det må nok meir jord til før det vert ferdig, men det går fint an å så i plen. Heilt nøyaktig korleis kanten skal vere er ikkje bestemt.
Planen er å bygge ei terrasse der som spylarslangen ligg. På denne sida av huset er det lunt og veldig varmt tidleg på året. Det må vi utnytte. Mellom terrassa og plenen skal det vere ein grusgang. Detaljane får vi ta seinare når vi veit dei sjølv. Det einaste eg veit er at det ikkje vert heilt firkanta. Litt buer og svingar er fint. Det er Espen som skal gjere arbeidet så han har vel siste ordet akkurat der. Dissestativet som dokke ser på bilete skal flyttast dit den nye plenen kjem. Ommøblering er vel snart kjennemerke vårt. Vi håpar og trur at det vert fint til slutt.