søndag 30. desember 2012

Romjul

I romjula har vi god tid. Dagane er stille, det skjer lite og vi et så vi trillar. Dagane etter jul leika ungane masse med dei nye leikene sine. Og vi åt så mykje at vi hoppa over middag på sjølvaste 1.juledag. 
Malin fekk seg vev med morfar og gjengen. Eg huskar eg ønskte meg ein vev då eg var lita, men fekk det aldri. Kanskje eg kan veve litt på Malin sin for å ta igjen det tapte. Ho må uansett ha hjelp og det er kjekt å gjere noko ilag med henne som vi begge har glede av.
2.juledag var vi ute i litt frisk luft. Vi tok med varm solbærtoddy, epler og banan med sjokolade i folie. Vi gjekk ikkje så langt, berre bak huset til bålplassen vår. Litt solskin hadde vi og.
Bålpanna har vore i bruk litt allereie, den står der heile tida så vi slepp å flytte på den støtt. Vi hadde ikkje noko anna enn frukt som vi kunne grille, men det er no ikkje maten som er det viktige (denne gongen).
Provisorisk benkeplass.
Sørpe er utruleg fristande, kan ikkje gå forbi den...
3.juledag kom det snø. Sjå kor raud i kinna Emil er. Ein søt liten nissemann.
Av ein eller anna grunn brukar ungane sklia mest når det er snø.
Emil har ikkje lært seg heilt å lage fart sjølv på dissa, men dette fungerer tidvis og.
Deilig nysnø og raude kinn. Det er så godt å vere ute når det er slik. Ungar som har vore ute og som kjem inn, som er kalde i kinna og varme på kroppen. Herleg!
Anna held seg inne og nøyer seg med å kike ut av vindauget.
4.juledag reiste vi til Drammen over Hemsedalsfjellet. Det hadde vore storm og kolonnekøyring nokre timar før, men no hadde sola brote fram og alt var berre heilt nydeleg. Det var nesten ikkje snø på fjellet då vinden heilt sikkert hadde blåst alt vekk.
Is på vegen, men vakkert og klårt vintervèr. På kvelden då vi kom fram fekk Espen og Malin seg ein skitur. - 7 grader og flott skiføre. Dagen etter, altså igår, kom regnet og det var ikkje så gøy med ski plutseleg. Då fekk ungane og Espen bade og dei var i badeland i fleire timar og storkoste seg. Eg og Anna var på handlesenter og opplevde parkeringskaos... Vidare idag har vi aka og nokre har vore på ski. Tida går sakte, men vi har det koseleg og vi slappar av. Akkurat slik romjul skal vere.

mandag 24. desember 2012

Julekveld i stova

Så er julekvelden her. Pinnekjøtet og riskremen er ete, pakkane er opna og vi har sett Askepott, Pippi, Donald og alle dei andre. I år har vi ikkje besøk og det saknar vi. Det er i høgtider vi merkar at vi er "aleine" og ikkje har nokon å gå på besøk til, men vi heng ikkje med hovudet fordi om. 
Malin har venta i "millionar av timar" og ho har "mast i heile dag". Ulidelig spennande med alle desse pakkane. Siste episoda av Julekongen vart også sett og ho var glad "den svarte" fekk si straff og at alt gjekk bra med prinsessa og dronninga. Emil ligg ofte slik og ser tv, men idag var det litt ekstra henging.
Så mange pakkar og så mange store! "Mamma, ken e den største sin?" Eg har lurt ho til å tru at den største var min og gleda var stor då ho fekk vite det var hennar. Malin er eit konkurransemenneske og skal vere best og ha størst i alt.
For å gjere noko med ventinga fekk eg Malin til å telle alle lysa eg hadde tent i stova. 36 lys kom vi fram til og det var ganske så koseleg. Og Malin har skjønt det. Ho ville slå av det elektriske og ha det mørkt slik at det vart koseleg.
Eit julepynta kjøkken, iallefall litt av det. Resten ber preg av aktiv matlaging.

Det har vore ein lang dag og no er den slutt. Ungane søv som steinar og er godt nøgde med alt dei har fått. Imorgon ventar ein ny dag med leik, krangling, eting og kosing. Det ligg så mange forventingar til jul og no er ballongen sprukke og vi kan slappe av.

Eg ønskjer alle venner og familie, alle kjente og ukjente ei riktig god jul vidare. Kos dokke masse og ikkje tell kaloriar!

Juleklem frå Torill

onsdag 19. desember 2012

Eit vottepar for den som er kald på hendene

Kva skal ein strikke av restegarn? Eg anar ikkje kor mange gongar eg har tenkt den tanken. Denne gongen tenkte eg at eg strikkar eit par vottar, det treng ein ikkje så mykje garn til. Garnet er Smart-garn og oppskrifta kjem frå Sandnes. Opprinneleg var mønsteret tenkt 2-3 år størrelse fordi garnet var tynnare, men eg har brukt ein halv pinnestørrelse større slik at størrelsen er omlag 5 år.  
Diverre hadde eg ikkje nok garn denne gongen heller og eg måtte kjøpe eit nøste marineblå etter å ha først prøvd meg på eit anna garn som naudløysing. Det er så frustrerande å ha så mange garnnøster kor ein berre har halvt av kvar. Eg vil gjerne at det skal vere skikkeleg det eg strikkar samstundes som at eg er litt økonomisk opp i alt dette. Heldigvis er det nokon som treng restegarn. Så om eg ikkje klarer å vri hovudet nok til å vite kva eg skal bruke det til, vil barneskulen meir enn gjerne ta imot.

Kva brukar du restegarn til?

mandag 17. desember 2012

Julepynt i Fimoleire

Eg kjøpte noko Fimoleire til ungane på Panduro. På jobben hadde dei juleverkstad med nettopp dette kor dei laga hjarter med blonde- og bokstavtrykk. Eg tenkte ungane kunne bruke modellkitt/plastalinutstyret sitt til dette. 
Diverre var leira tung å jobbe med for små hender. Eg måtte hjelpe å kjevle ut fordi det vart for tungt. Malin klarte å trykke ut former medan Emil gjekk raskt over til vanlig leire som han leika med. Emil fekk derimot bestemme kva former eg skulle trykke ut. Ingen av ungane klaga då dei hadde modellkitt som dei kunne holde på med. Leira var veldig fin med glitter i og den var stabil å jobbe med.
Figurane vart steikt i ovnen på lav varme. Eg synest figurane vart veldig fine, men diverre fargar det lett av slik at fargane smittar over på kvarandre. Pynten vert ikkje hard, men hard gummi. Ungane mine kan ikkje vere med på dette, men større born og voksne kan ha glede av det. Leira er drøy og ein får mykje ut av lite leire. Ein pakke kostar 26 kroner og er på størrelse med ei fyrstikkeske. Eg brukte nesten ein pakke med raudt til dei figurane dokke ser på bilete samt eit par til. Den kvite har eg halvparten av igjen.

søndag 16. desember 2012

Italiensk ribbe

Eg er ingen blodfan av norsk juleribbe. Eg synest det er smaklaust og feitt. Espen derimot er veldig glad i svineribbe slik som veldig mange er. Sidan det ikkje er jul, men vi har litt høgtid ilag med svigermor denne helga, tenkte eg at eg skulle lage ei litt annleis ribbe. På Gilde si nettside fant eg oppskrifta på Italiensk ribbe. Og det måtte eg prøve, berre litt på min egen måte. 
Først må eg seie at det tek 3,5 time å førebu og steike denne retten. Om du synest det er verdt det med tanke på at vi sitt berre 15 minutt ved bordet får vere opp til deg. Eg er ikkje så opptatt av sjølve måltidet, men det som skjer undervegs i matlaginga. Her er ingredienslista først:

2,6 kg tynnribbe (du kan både ha meir og mindre)
4 hakka kvitlauksfedd
2 ss grovmalt pepar
10 knuste einebær
1 neve fersk salvie
2 ss tørka timian
1/3 potte frisk rosmarin
3-4 ss salt

Som tilbehør har eg ovnssteikte poteter og grønnsaker i form. Av grønnsaker nytta eg gulrot, squash, gul løk, purre og paprika. Eg la mange, heile fedd med kvitlauk i forma ilag med nokre kvastar rosmarin, båtar av ein sitron, litt salt og olje. 
Det første eg gjorde var å ta ut beina av ribba. Det var litt vanskeleg synest eg. Ribba var romtemperert slik som det sto i oppskrifta, men det var litt styrete å ta dei ut.
Så ruta eg ribba med ein skarp kniv.
Deretter blanda eg øvrige ingrediensar med stavmiksar, fordelte det utover ribba, før vi rulla ribba saman. Det er greit å vere to for den eine rullar medan den andre snurrar hyssing rundt. Eg kan ikkje binde steik og liknande så det vart ganske mykje tråd.
Ribba vart lagt på ei rist med aluminiumsfolie godt pakka over.Under rista la eg ei langpanne med vatn. Ribba steikast på 220 grader i 1.5 time.
Etter 1,5 time tek du av aluminiumsfolien, legg inn grønnsakene og steiker vidare i 1,5 time til. Undervegs snur du ribba slik at svoren vert sprø på alle kantar. Dersom ribba er sprø og klar utanpå før tida har gått ut, legg du på aluminiumsfolie igjen.
Etter tre timar tek du ut ribba og let den kvile. Medan du ventar kan du dekke på bordet og ta ein sang. Klipp opp hyssingen og del opp ribba i skiver. Server ilag med det tilbehøret du ønskjer.

Du kan heilt sikkert variere fyllet inni alt etter kva du ønskjer å servere det ilag med. Eg synest dette var ein fin variant av den klassiske juleribba, men eg trur ikkje du skal forsøke å erstatte den. Å tulle med tradisjonar har iallefall ikkje eg tenkt å gjere.

Grillkos med farmor

Ungane har vore ute idag ilag med farmor. Espen leita fram bålpanna og det einaste vi hadde som var grillbart var marshmellows. Likevel, det var koseleg.
Anna var og ute ein tur, det skadar ikkje med frisk luft av og til. Dei små, kvite og klissete sukkerdottane var svært populære. Det skal ikkje mykje til å glede borna, heldigvis.
Farmor og Anna. Eit fint bilete til minnealbumet.

torsdag 13. desember 2012

Tid for mat

Anna har passert 5 månadar, men er framleis ganske så lita. Ho strekk seg, men vekta går ikkje opp slik ho skal. Idag er ho 64 cm og 5,5 kg. Det er ikkje mykje for å vere 5 mnd. Det er ikkje noko gale med mjølka, det er Anna som ikkje gidd å ete. Ikkje har ho rulla enno heller, så ho er ganske bedageleg anlagt.
Først på menyen er havremjølsgraut som har lagt i blaut ein time og deretter kokt opp i nokre minutt. Så blandar eg ei lita teskei graut med morsmjølk slik at konsistensen vert tynn. Anna protesterte ikkje, men viste ikkje den store interessa heller.
Det er mange milepælar ein skal gjennom og den første maten er ein av dei.  Det vart ikkje lussekattar på henne idag, men havremjølsgraut var no ikkje så verst heller.
Så får vi håpe ho legg på seg slik at helsesøstra ikkje stressar slik. Ho likar verken inaktive eller tynne babyar så her må eg stå på. Hadde ho vore førstemann hadde eg kanskje stressa ilag med ho, men det gjer eg ikkje. Ungar er ulike og det viktigaste er at dei er friske, våkne og fornøgd med livet.

tirsdag 11. desember 2012

Kongleengel

I desse juleverkstadtider finn vi mange frustrerte skule- og barnehageansatte. Ungane skal ha juleverkstad og kassa er tom. Kommunen kuttar i midlane og enkelte har ikkje midlar i det heile tatt. Alle som jobbar med born vil berre det beste for borna og dei ønskjer at dei skal få lage noko som er fint å ta med seg heim. Fordi hovudet mitt boblar over av idear ganske så ofte så har eg ganske mange forslag til kva ein kan lage utan at det kostar så mykje. Eg håpar eg får tid til å lage ein liten serie over det som eg meiner egnar seg på eit juleverkstad, påskeverkstad og elles i året. Tinga eg lagar er meint å passe for born. 
Først vil eg berre vise dokke eit utkast av ein engel eg har laga idag. Eg vil kome med forklaring seinare, utbetringar og sjølvsagt skal Malin (5 år) få prøve å lage den. Det hjelp ikkje at eg lagar noko dersom ikkje borna kan klare det. Eg kan seie så pass at akkurat denne engelen kostar kr 1,80. Det er rimelegare enn Nille til og med :-)

mandag 10. desember 2012

Den første skituren

Vi bur ikkje akkurat i ei snøhole. Tvert imot må vi nytte sjansen medan vi har den. I og med Emil har bursdag 23.november og det er julaftan 24.desember skulle ein kanskje tru at det hadde vore naturleg å gi ski på ein av desse datoane, men neida, vi slo til no av den grunn at det er no det er snø. Ein treåring forstår ikkje at han må vente på snøen, dersom han i det heile tatt kjem, i det augneblinket han får skia. Det tok litt tid å skaffe desse skia då ingen sportsbutikkar i Bergen hadde str 27, men til slutt klaffa det.
Tørrtrening i stova. Emil var glad, men ikkje  overbegeistra. Han har aldri snakka om ski, men det er snø ute og då "må" han gå på ski. Ja for det er vel forventa og ikkje minst er det kjekt når ein først får dreisen på teknikken. Legg forresten merke til installasjonen framfor ovnen. Er det berre eg som har ein mann som får ovnsplata til å sjå ut som eit våpenskjold? Forstår ikkje greia sjølv om eg er sikker på det har noko med sikkerhet å gjere...
Ut på snøen, veldig spennande.
Emil følg med på beina sine heile tida og har ikkje tid til å verte tatt bilete av.
Malin har med seg ski i barnehagen kvar dag og har vorte ganske så flink og modig på ski. Fordi Emil fekk mest  merksemd då han skulle prøve skia for fyste gong, datt Malin til stadig for at pappa skulle sjå på henne og...
Det går litt i kryss...
Sjå på meg!
Etter at dette bilete var tatt har det kome meir snø. Malin og Espen var ute på markane og gjekk igår. Ho er visst så tøff at flate parti er ikkje godt nok, her det nedoverbakkar som teller.
Trening gjer meister. Vi får håpe at vi får litt snø denne vinteren så ungane får kose seg masse ute.

søndag 9. desember 2012

Bakedugnad

Tre damer med mann og ungar på slep samt tre sortar kakedeig på ein laurdagettermiddag. Slik var det her hjå oss igår då eg, Kjersti og Åshild vart samde om å samle familiane, vere sosial og effektivisere julebaksten på same tid. Vi drakk gløgg, bakte, passa unga og styrte på. Veldig kjekt.
Ikkje tid til så mange bileter, men dette illustrerer at ungane var med å bake julemannar. Det tok tid, det krever tolmod, men det er fascinerande å sjå kor viktig val av kakeformer er kvar gong dei skal stikke ut i deigen. Kake med omtanke, det er sikkert.
Åshild var leiar av ungeflokken og styrte gløggen. Ho hadde laga kakemann/julemanndeig. Sidan Åshild ikkje er på facebook kjenner eg det store ansvaret på å ta ho inn i varmen i den sosiale media-verda, hehe.
Mitt bidrag var brune pinnar. Eg har aldri laga det før bortsett frå for nokre dagar sidan då eg fant ut at eg skulle lage ein sunnare versjon av desse. Eg hadde mindre smør, brukte sukrin istaden for sukker og nytta kesam i røra. Det vart ikkje det same og eg skal ikkje gjere det igjen. Noko får vere som det alltid har vore; mykje smør og mykje sukker. Oppskrifta skal dokke få for desse brune pinnane var kjempegode.

200 gr smør
200 gr sukker
1 eggeplomme
1 ss lys sirup
½ ts malt kanel
1 ts vaniljesukker
1 ts natron
300 gr kveitemjøl (ca)

1 eggekvite, sammenvispa
Perlesukker
Finhakka mandlar


Sett steikomnen på 175°C. Ta fram steikebrett med bakepapir.
Rør smør og sukker godt. Bland i resten av ingrediensene. Kna deigen og del den i 6 emner. Trill tynne pølser og trykk dei litt flate på stekeplata med fingeren.
Pensle med egg, dryss på mandlar og sukker. Steik kakene i ca 10 minutter midt i ovnen. Når du har tatt ut kakene, skal du skjære dei på skrå, smale pinner medan dei framleis er varme.
Julemannar. Kvar gong eg opna ovnsdøra slo dampen med hjortesalt imot meg. Alt i systemet vart godt gjennomrensa den dagen...
Serinakaker, deig frå Kjersti. Denne har mykje smør i seg. Det både lukta og glinsa smør, men smør er no så godt at det kan vi ikkje seie noko på.
Ungane malte/dynka julemannar i konditorfarge. Det ser heilt forferdeleg ut og det fristar ikkje for mitt vedkommande å ete dette. Ungane ville heller ikkje ha det då dei sa at dei ikkje ville ete maling. Tippar dei endar i bosset.

Dette håpar eg vi gjentar neste år. Kjempekoseleg! Eg hadde for to veker sidan ingen planar om å bake i år, no har eg fem sortar allereie. Skal vel klare å verte julefeit i år og...

torsdag 6. desember 2012

Julebaksten har starta

På tysdag hadde eg Emil heime og planen var at vi skulle bake julekaker. Emil synest det er kjekt å hjelpe til på kjøkkenet, men eg merka meg at det er baking med kjevle og kakeformer som er kjekt, ikkje alt anna som eigentleg berre eg kan bake ut. 
Eg baka to sortar; pleskner og regiastenger. Pleskner er noko mamma er oppvaksen med, men som ho ikkje har laga sjølv. Mamma fortalte alltid om desse julekakene som smelta på tunga og det høyrtes fristande ut for meg. Det er ei enkel oppskrift som eg sjølvsagt deler med dokke.

2 egg
120 gr sukker
150 gr kveitemjøl
1/2 teskei vaniljesukker

Visp egga godt med sukkeret.
Tilsett vaniljesukkeret og sikta kveitemjøl.
Bruk ei teskei og sett deigen på ei bakepapirkledd bakeplate.
Steik på midterste rille i steikeovnen ved 175 grader , til kakene er lys gylne. (ca. 11 min)
Avkjøl på rist.
Den andre kakesorten vi bakte var regiastenger. Det er ei slags kakaomørdeig som steikast og vert brownies liknande kjeks. Mamma har alltid laga dei og det er definitivt min favoritt blant mamma sine julekaker. Og oppskrifta skal dokke få med håp om at dokke lagar dei sjølve og.

160 gr smør
2 dl sukker
1 egg
5 dl kveitemjøl
3 ss kakao
2 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver

Rør smør og sukker kvitt. Tilsett egg og dei tørre ingrediensane. La stå kaldt ei lita stund før du rullar dei ut til 3 pølser. Trykk pølsene flate og steik dei på 200 grader i 15 min. Del dei opp i snittar og la dei avkjøle på rist. Desse er fine å ete ilag med kald melk.

Kva slags julekaker må du bake kvart år?

Mørketid


tirsdag 4. desember 2012

Vinterleik

Det vert mykje blogging om ungar har eg lagt merke til. Det er ikkje tenkt slik eigentleg, men det er stort sett berre dei eg rekk å ta bilete av. I helga til dømes hadde vi julebord her heime og eg kunne vist dokke ei pynta stove, pinnekjøtet eg laga og kakene eg hadde baka. No er vi komen til tysdag og restane er ete opp og stova er slik som den brukar å vere. 
Det er vinter på Osterøy. Ikkje så mykje snø, men nok til at ein kan gå på ski og ake. Ungane kosar seg i snøen, det må eg sjølvsagt ta bilete av. Ja for det er ikkje garantert at snøen kjem att.
Malin lengtar etter å få på seg ski, men skiskoa var for små så ho må vente til vi får kjøpt nye seinare idag. Det er utruleg kor dei veks på eit år. Ullundertøyet som var litt for stort ifjor er litt for lite i år. Vottane som vi trudde ikkje kom til å passe før dei var ti år gamle, passar Malin no. Så feil kan ein ta.
Emil skal få sine første ski, det vert spennande.
Idag er Emil heime med meg. Vi lagar knekkebrød og bakar julekaker. Men han er meir opptatt med å leike med finbestikket mitt og bygge lego. Så det er vel eg som bakar og han smakar. Sola er framme og eg håpar vi får tatt oss ein tur ut. Høyres det idyllisk ut? Ja då kan eg fortelje dokke at eg nettopp har tatt Emil i å teikne den gamle vekta mi på kjøkkenbenken svart.