tirsdag 27. august 2013

Hallandskletten ein søndag

Dette er ikkje noko nettavis, det er heilt sikkert. Mine blogginnlegg innheld ikkje nyheiter, men gammalt nytt. Eg bloggar når eg har tid og kanskje i haust vert det alle bileta frå hagen i sommar som eg ikkje har fått tid til å vise dokke. Så fekk eg smetta inn det, at eg har dårleg tid. Eg likar å seie det om att og om att. Kvardagshelt, tidsklemma, supermamma... Eller martyr som Espen kallar meg.... Men det var ikkje det eg skulle seie idag, men det heilt motsatte faktisk. Forrige søndag tok vi ettermiddagen i bruk til noko kjekt ilag med borna. Vi gjekk på ein liten topp som er for liten til å kalle eit fjell, men som er stor nok til at borna har gått ein fjelltur. Hallandskletten, naboen vår om du vil, er ein flott tur med små born.
Vi parkerte bilen ved Hauge skule, deretter gjekk vi stien opp ved fotballbana. Ungane hadde med seg to venninner og det hjalp godt på moralen. Denne gongen klaga ikkje Malin ein einaste gong på at ho var sliten eller lei. Oppe på toppen sto ein varde og med nydeleg utsikt mot Valestrand.
Til venstre for toppen ser vi Haugeområdet og Stemmeseggi og Erstadfjellet.
Det finns nokre eldsjeler i bygder rundt om og her er det nokon som har laga eit fint område på toppen. Eit paviljong, ein bålplass og benk. Og undervegs var det benkar på alle utsynspunkt. Anna var i meis for første gong og det gjekk kjempefint sjølv om ho sovna undervegs. Ho sa ikkje eit ord på heile turen. Emil klarte å sette fast foten i ei gjørme så klart og hadde støvelen full i vatn, men han klaga ikkje ein einaste gong på det han heller. Så kjekke born vi har når dei glimtar til!

søndag 25. august 2013

Malin 6 år

Skulejenta vår har bursdag idag. Det er ein dag ho har gleda seg til. Igår fekk ho hol i øyrene som ho har ønska seg lenge og idag kom dagen med presangar, brus og kake. På morgonkvisten, lenge før frukost, opna ho presangar. Kven har vel tid til mat då?
På presanglista kan vi nevne A3 ark og A4 ark, klistremerke, klokke, treningsklede, lego friends, elektrisk tannbørste, skulesekk, dagbok med lås, armeband, barbiedukke og fleecedress. Alle presangane fall i smak, så her har du gåvetips om du skal i bursdag til ei jente på seks.
Emil synest det var like spennande. Han fekk ein presang for at han har lært seg å disse/huske/reie sjølv. Greit å ha ein presang på lur når storesøstra får så mange. Ikkje alltid lett å forstå. Han fekk eit tog sjølvsagt. Briotog med batteri som går av seg sjølv og som har ljos. Emil var i himmelen med ein gong.
Eg lagde ei sjokoladekake som overraska meg positivt. Oppskrifta finn du her og eg bytta ut aprikossylta med bringebær. Kaka kan absolutt anbefalast. Seks ljos i gull som vart blåst ut på tre forsøk. Ho fekk bursdagsong to gongar. Veldig stas, men vart litt flau likevel. Det er lov. Solo på bursdagen fekk ho og. Vi har ein regel i huset om at det kun er lov med brus på bursdagar, julafta og 17.mai. Det er mange bursdagar iløpet av året så den regelen synest eg er grei.
Fine Malin. Dette var ein stor dag for henne. Og imorgon har Emil sagt at då er det han sin tur å ha bursdag. Diverre må han vente i tre månader til.

lørdag 24. august 2013

Ja vi elskar flaggstang

Denne blogginga har sklidd heilt ut, men det må eg prøve og gjere noko med. Det er no kjekt å ha slik dagbok. Knipse gjer eg og det i stor skala. Så her kjem siste nytt frå oss.

For snart to månader sidan fylte Espen år. Det var rund dag i år og i det høve vart det arrangert spleiselag på flaggstong. Espen fekk besøk frå nære kjente som ville feire dagen hans. Han sjølv ante ingenting og vart mildt sagt overraska då det sto folk utanfor huset med flaggstang under arma. Det vart forresten ein kjempekjekk kveld, men poenget med flaggstonga var at Espen har ønska seg ei flaggstong lenge. Og med flaggstonga fylgde det med mykje arbeid på Espen.
Utan at eg kan detaljane så handla førebuingane om å grave eit stort hol, bore i fjell, forskale, fundament, støype og ikkje minst tenking. Espen er veldig god på å tenke... Det har altså tatt tid når du er ein mann som skal gjere alt arbeidet. Riktignok har han fått hjelp med støypen og køyring av pukk og sand, men tid har det gått. Men endeleg, han vart ferdig. 
 Seks mann var i aksjon då stonga skulle heisast. Stonga er 12 meter høg og måtte heisast med tau.
Det gjekk på første forsøk. Usikker på kva som hadde skjedd om det ikkje hadde gått på det første forsøket...
Glad for alle som ville hjelpe.
Berre ein ting. Tauet som vart festa på stonga hang fast. Og det var ganske høgt opp. Tenke, tenke. Den første som forsøkte seg nådde ikkje opp. Så skøyta vi på stigen med ein til og med nokre mann på bakken holdt stigen seg stabil nok til at andremann fekk skjært laust tauet.Bingo!
Fagert er landet og ja vi elsker. Hipp hurra for 17.mai og gratulerer med dagen. Dette skal verte kjekt. Den ruvar over bygda, heia oss! Haha! Første dag ut er allereie imorgon då Malin fyller 6 år. Vi gler oss!

mandag 19. august 2013

Første skuledag

Så var det min tur å verte skulemamma. Fyrstefødde er no skulejente og det var i grunnen stas. Dagen starta ganske tidleg og tanken var at vi skulle ha ein kjekk morgon alle fem til ære for skulebarnet. Diverre hadde eg ikkje førebudd noko som helst. Ungane måtte badast, vi voksne måtte dusje, maten måtte smørast, kleda måtte vi finne og skulesekken var heller ikkje klar. Det vart ein travel morgon, men vi kom oss ut alle mann i rett tid trass manglande frukost i magen for min del.
I gymsalen kor vi skulle møtast var forventningane store, men etterkvart vart det keisamt for Malin som måtte høyre alt rektoren hadde å seie. Ho var meir enn klar for å kome inn i klasserommet og gleda var stor då ho fann pulten sin med navnet sitt på. Då borna skulle ta fram skrivesakene sine var penalet lagt igjen heime. Vi hadde funne det fram på morgonen, men i alt kaoset gløymde vi å ta det i sekken. Tårene til Malin trilla. Herlighet, verdens dårlegaste mor....
Skulen løyste det med låneblyantar, men det var sjølvsagt ikkje det same. Hello Kitty-penalet var det ingen som fekk sjå.
Då eg fekk forlate klasserommet var det husarbeid heime som venta. Støvet som hadde opparbeidd seg over lengre tid (vi snakkar veker) og fleire sekkar med klede som hadde hopa seg opp vart tatt. Det kvernar i hovudet mitt. "Korleis klarar andre det, dette må då gå an å få til? "
Malin hadde hatt ein fin dag. Tårene trilla då ho ikkje fekk gå på SFO. Stakkars unge, ho måtte vere ilag med mora si. Ikveld har eg smurt niste, leita fram klede, alle er reine og eg kryssar fingrane for at både penal og støv er der det skal vere imorgon.

fredag 16. august 2013

Kveldstur på Erstadfjellet

Ein kveldstur på ein time vart til to då vi tok turen til Erstadfjellet tysdag. Umerka sti er så utruleg frustrerande når ein aldri har vore på toppen før. Heldigvis fekk vi litt råd og rettleiing på telefon. Terrenget var lett å gå i og utsikta var upåklageleg. Fjellet er 466 m.o.h.
Kveldssol mot Lindås.
Utsikt mot Arna.
Utsikt mot nord på Osterøy. Så vakre skyer og stemningsfullt ljos. Vi plukka bær og lyng og kom oss heim akkurat før det vart mørkt.

tirsdag 13. august 2013

Burkelandsfjellet

Onsdag for ei lita veke sida var eg og Malin ein liten formiddagstur på fjellet bak huset. Det er vel den beste forklaringa på kor Burkelandsfjellet ligg har eg funne ut. Fjellet er ikkje stort, 365 m.o.h, men slik er fjella her i området. Det hindrar ikkje oss å få trent og ikkje minst oppnå utsikt på toppen.
Malin måtte så veldig tisse på veg opp, men ho hadde ikkje tid å gjere noko med det før ho sikra seg at boka var i postkassa.
Vi hadde nydeleg vèr den dagen med blå himmel, sol og varmt. Frå fjellet kan vi sjå Valestrand, Ole Bull-ferga og Breistein/Åsane.
Andre sida ser vi Ostereidet trur eg. Mot Nordhordaland iallefall. Og mykje skog. Det veks tettare for kvart år. 5
På veg ned att såg vi huset vårt. Malin var svært fascinert over at vegen såg flat ut frå høgda. Ein fin liten tur på 2,5 time når ein går ilag med 5-6 åringar.

torsdag 8. august 2013

Gamle Vossebanen

I juni ein gong, i siste halvdelen av den månaden som var før den forrige, ja då tok vi togturen mellom Garnes og Midttun (Bergensområde). Emil hadde gleda seg i eit halvt år til denne turen og det var utan tvil ein stor suksess. Veterantoget er hundre år gammalt og er dreve av ein ivrig gjeng med togentusiastar. Store versjonar av vår Emil vil eg tru. Emil elskar tog og ser You Tube-klipp av tog nesten kvar dag og er overbegeistra for togskinner langs vegen når vi køyrer. Og Brio-skinner har han sjølvsagt... Sidan dette allereie er lenge sidan så er det kanskje rart å blogge om dette no, men når sommaren er så travel som den aldri har vore før så er det vel betre seint enn aldri? Gode opplevingar skal delast meiner eg.
Garnes stasjon er pussa opp og ser fantastisk ut. Nostalgi på sitt beste. Eg er ein nostalgikar på mange område og likar at gamle hus vert tatt vare på.
Emil er forventningsfull. Togvognene er laga i teak og er visst dei einaste av sitt slag her i Noreg iallefall.
Ingen tvil om at dette er historie vi må ta vare på. Så flotte tog har vi ikkje idag, det er sikkert.
Emil såg ut av vindauget heile vegen og følgte med toget i svingane. Han såg røyken på himmelen og tuta ilag med toget når den ga frå seg ljod. Aldri har eg sett Emil så konsentrert og stille så lenge om gongen. Dette er kva eg kallar magisk.
Heile familien på tur, men dette var utvilsamt Emil sin dag. Turen var verdt kvar ei krone.
På Midttun stoppar bana. Opprinneleg gjekk den heilt til Bergen stasjon. Her måtte toget snu og passasjerane fekk gå ut og sjå på seansen. Blikket til Emil vikte ikkje eit sekund frå toget.
Etter ein saktegåandes tur som tok 2.5 time var Malin lei, men Emil ville ikkje heim og beundra arbeidet til dei frivillege som driv denne bana. Og Garnes stasjon hadde is også, kan lukka vere meir fullkomen?
Det var ein sliten gut som gjekk heim. Så mange inntrykk, men han var ikkje meir trøytt enn at han vil køyre tog ein gong til.