lørdag 26. februar 2011

I VM-stemnning

Oslo og Holmenkollen-tåka er langt frå oss, men det er kanskje like greit sidan vi har vårsteming og ein fin tv kor vi får sjå det meste som skjer under VM. Eg har vel ikkje sagt så mykje om det før, men vintersport er gøy. Særleg langrenn, hopp og skiskyting så klart. Sidan vi ikkje får vere tilskodarar i tåkeheimen, viser eg nokre stemningsbileter frå verdenscuprennet i langrenn forrige helg. Drammen hadde eit langt betre vèr å tilby, det er heilt sikkert. Kaldt, men strålande sol på blå himmel og fantastisk stemning blant publikum.
Malin med bjelle og flagg. Det morosamme var at dei solgte flagg og bjelle ut i skogen, og du kunne betale med kort! Og eg som aldri går med kontantar, det er heilt genialt.
Petter Northug etter første kvalifisering. Soleklar vinnar på denne runda og publikum var heilt ifrå seg av begeistring.
Malin var ikkje i heilt i form, men ho sto ut denne dagen. Då vi kom heim såg vi nærmare på prikkane ho fekk i ansiktet og ho hadde visst vannkoppar. Ikkje rart jenta var trøytt og grinete.
Malin, tante og Adrian.
Emil var i kjempehumør denne dagen. Herlig å kunne vere på stadion kor det var moglegheit for å ha vogn. Ellers hadde det ikkje gått.
Samanta og Emil klar for å heie på Bjørgen og Northug.
Emil koste seg i snøen.
Vi sto slik at vi fekk sjå skigåarane fleire stadar og vi såg også storskjermen som fulgte løparane heile vegen.
Bjørgen i farta.
Når Bjørgen passerte publikum sto jubelen til himmels og det var vel fortjent sjølv om ho endte på 5.plass. Maiken Falla kom på 2.plass.
Northug i bakerste rekke. Dette er ikkje finaleløpet, men han endte på 3.plass tilslutt. Northug var blant publikum også ein vinnar sjølv om han ikkje vann løpet.

Så får vi håpe at tåka letta i Holmenkollen og at vi tek fleire medaljar. Til no har vi to gull, eitt sølv og ein bronsje. Heia Noreg!

Sjå kva som har kome på tunet!

Kanskje eit heilt uinteressant blogginnlegg for dei fleste, men for oss så er det ein liten merkedag idag. Det har gått tre månadar sidan vi kunne køyre bilen opp til huset. Det har vore snø og is om kvarandre og det har til tider vore så vanskeleg å gå opp bakkane at vi måtte ha broddar.
Dei to siste døgna har varmegradene komt attende, det har regna mykje og våren byrjar å vise seg. Igår på kvelden kom Espen nesten opp til huset med bilen, men på morgonkvisten idag køyrde bilen heilt til topps. Å vere ein kandidat for "der ingen skulle tru..." i tre månadar er ei påkjenning når det ikkje er frivillig, men idag håpar eg at vinteren har tatt slutt. På biletet står heile familien på trappa og skuar på den gamle, skitne bilen vår, og alle er så glade. Hurra for våren!

lørdag 19. februar 2011

Det største er å gleda seg

På torsdag reiste vi avgårde til Drammen. Vi valgte å ta toget grunna vèrforholda over fjellovergangane. Malin har aldri tatt tog før og var veldig spent. Ho gleda seg veldig til å ta "Tøfferud" til tante og snakka om dette i dagesvis.
Malin skuar mot tunnellen. Kjem toget snart?
"No kjem det!... Nei NO kjem det... Åh!! Kor tid kjem Tøfferud??"
Malin er så spent og gleda er til å kjenne.
Det vart litt for mykje adrenalin og kjensler i forkant. Malin datt saman på toget og vart så trøytt når vi hadde etablert oss. Ho synest det var kjekt å ta tog, men gleda var nok størst før vi reiste.
Idag har vi vore ein tur opp i skogen ved Konnerud skistadion. Det er verdenscuprenn her og alle dei store stjernene er her for å kjenne på formen før VM som byrjar om ei veke. Det var -5 grader ute og fin snø. Vi pakka sekken med kakao og pølser og la i veg langs løypene for å finne ein fin plass. Vi gleda oss til å sjå Bjørgen, Johaug, Steira og Skofterud frese løypene, men det var eit par små som ikkje meinte det same. Malin grein og var kald, ville ha pølse, ville ha saft, ville ha sjokolade, ville ingenting. Emil grein og var trøytt, var kald og ville ha kos. Eg fekk med meg skidamene ei passering og så var det å pakke sekken og kome seg heim. Dette var ikkje livlaga for dei små.

Så no sitt vi her og ser på 15 km menn. På tv altså. Stadion ligg like ved så vi får på ein måte vere med på arrangementet likevel. Ungane kranglar om kost og brett, ja akkurat slik det skal vere når ungar har det bra. Imorgon skal vi på stadion og sjå sprint. Vi får håpe at det går bedre då, men om ikkje har eg alltids ei hue som viser at eg har vore tilskodar på verdenscuprennet på Konnerud.

lørdag 12. februar 2011

På jakt etter limefarga blomar

Eg prøvar å kartlegge kva blomar og planter som kan vere aktuelle i eit bed som eg skal lage mellom huset og garasja. Eg tenkte at bedet skulle gå i limefargar og muligens litt kvitt, blått eller rosa. Garasja har vi ikkje bygd enno, men eg vil ha planane klare likevel. Det vert delvis skugge i dette bedet og muligens ikkje så vått sidan delar av bedet er under tak. Eg har googla og styra. så eg har ikkje peiling på kor bileta er tatt ifrå.
Humle Humulus lupulus. Humleplanta er ei fleirårig slyngplante med breie blad som kan skyte opp til seks meter med ei fart på 10-20 cm i døgnet. Fin til klatreplante i enden av beddet som eg har planlagt, tenkte eg.
Humleblom Geum album. Vintergrøn, blømer i mai og juni og treng lett og god drenert hagejord. Planta føretrekk halvskygge, noko som passar bra der eg skal ha beddet. Bør delast kvart tredje år og vert omlag 40 cm høge.
Fluetrompet Sarracenia flava
Julerose Helleborus argutifolius. Denne arten har eviggrøne blad. Blømer vinterstid/tidleg vår. Planta tåler ikkje deling, ved dei rette forholda vil dei så seg sjølv. Trivs i full sol og delvis skugge.
Alunrot Heuchera Lime Rickey. Trivast både i sol og skugge. Passar som bunndekkar. Vert 40-60 cm høge og får blomar i juli og august.
Prydtobakk Nicotiana Lime Green Sommarblome. Kanskje ikkje den beste planta til dette området, men den er då fin.
Aconitum Anthoroideum. Vert ca 70 cm høy med dekorative oppdelt bladverk og limegrøne, smale blomster som sitt i ei greina aks. Blømingtid frå juli-september.Zinnia Envy Double. Trur dette er ei sommarplante og. Kanskje meir aktuell i sola.

Har du andre forslag til planter og blomar som er limefarga, kom gjerne med innspel. Kva synest du står finast til lime? Viktig å vite at vi får kvit garasje. Eg gleder meg til å ta fatt, synd det kjennes så lenge til akkurat no.

onsdag 9. februar 2011

Gardiner på loftstova

Gardiner er alltid vanskeleg, men denne gongen visste eg veldig fort kva gardiner eg ville ha. Problemet denne gongen er om eg treng to lengder til. Eg er redd det vert for lite lys dersom fleire gardiner hengast opp samstundes som at eg redd det vert nakent berre slik som det er no.
Det er først i det siste vi har vorte flinkare til å bruke loftstova. Den er diverre lett å verte kvileplass for rot og klede. Tv-benken hadde vi først nede, men etter ei lang historie IKEA-handling måtte vi skifte tv-benk og hyllesystem nede og denne vart forflytta opp. Sofaen er eit kapittel for seg sjølv og tåler ikkje dagens lys. Gyselig fløyelsgrønn overtatt av ein mann på over 90 år. Godt vi har tepper. Bordet er eit furubord frå OL i Lillehammer-tida og treng seg eit malingsstrøk. Alt som er for godt til å kaste, men som ikkje er så fint, flyttar vi opp.
Teppet på golvet har vi kjøpt på Home&Cottage og eg likar det veldig godt. Gardinene er IKEA og er i linblått. Diverre viser ikkje det så godt er.
Putene er så søte. Lyseblå med kvite prikkar frå Ib Laursen. Kjøpt i Danmark på salg. Denne stova er ikkje akkurat fargerik. Eg endar alltid opp med å ha det så lyst og fargane er mest sarte og duse pastellar. Eigentleg likar eg masse fargar og elskar å lese om andre som har huset sitt fullt i fargar og mønster. Merkeleg.... Men kva synest du, fleire gardiner eller slik som det er?

mandag 7. februar 2011

Så sommarblomane sjølv?

Det er framleis berre vinter, men sommarlengselen vert berre større for kvar dag som går. No er eg i gang med å tenkje ut kva sommarblomar eg skal ha, og med tanke på at eg skal ha ganske mykje, må det vel vere lønsamt å så/dyrke dei sjølv. Nokon som har erfaring?
Det vert ein del verandakasser og eg synest dette biletet var så sjarmerande. Det vert ingen stemorsblomar hjå meg sjølv om dei er enkle.
Margeritta. Utrulig vakre saman med blått og dei er veldig hardføre berre ein er flink å knipe.
Femtunge, Scaevola aemula
Pottenellik, Dianthus
Georgine, Dahlia
Klokkeblomster, Campanula mix

Calibrachoa

Margeritt , Argyranthemum 'Daisy Crazy'


Om det ikkje vert alle desse blomane, så er det iallefall eit utval av blomar som eg synest er vakre. Fargane rosa, kvit og blå går igjen og som eg synest står så vakkert til kvit husvegg. Eg må sjå kva frø som finnast i butikken og kva som tåler sol/vind/regn/skugge. Mykje ein må tenke på altså.

Har du tenkt å så eller har du sådd før? Vil gjerne høyre kva erfaring du har og gjerne kva blomar du likar. Såtips kan du også lese om her. Vi gledar oss til vår!


Bileter er henta frå blant anna: Opplysningskontoret for blomster og planter og Bo Grønt

søndag 6. februar 2011

Utfordring frå Fjordlykke

Har lagt merke til at utfordringar og awarder er litt tilbake igjen blant bloggarar. Og eg har fått ei utfordring frå Fjordlykke som eg gjerne tek.

Ta opp nærmaste bok og slå opp på side 18. Leit fram til linje 4, kva står det der?
Eg fann boka "Tulla og mormor" som Malin er så glad i og som eg leste for henne før idag. Eg fann faktisk 19 sider, så det var flaks, men sida hadde berre ei linje: "Mormor søv".

Kva var det siste du såg på tv?
Eg og Espen følg med på NRK sin serie "Kven trur du at du er?" og som omhandlar kjente folk som leiter etter røttene sine. Idag var det Kåre Willoch som kunne fortelle at tipp-tipp-oldemora var amme for Kong Christian 7. Så veit dokke det.

Bortsett frå datamaskina, kva høyrer du på no?
Vifta på komfyren og Wallander på tv.

Når var du sist ute og kva gjorde du då?
Eg, mor til Espen og begge ungane var ute med akebrett før idag. Eg drog Emil litt rundt før eg tok turen med Malin ned bakken. Vi henta bosspannet og drog det opp bakken og hadde planar om å ake meir, men då byrja det å regne.

Kva har du på deg no?
Ullundertøy. Har vasa i det i heile dag.

Kva film såg du sist?
Igår kveld vart eg sittandes å sjå Freaky Friday. Ingen storfilm, men det var den siste.

Kunne du tenke deg å flytte til utlandet?
Nei, men å komme seg vekk eit par månadar til varmar strøk om vinteren hadde ikkje gjort meg noko.

No nærmar det seg leggetid for meg og imorgon byrjar ei ny veke med jobb og kvardagsliv. Ha det godt så lenge!

lørdag 5. februar 2011

Sommarlengsel

Igår fekk eg kjensle av vår når det meste var smelta bort og sola gløtta så vidt fram. Vi hadde eit håp om at vi endeleg kunne køyre bilen opp til huset etter to månadar og kanskje få litt glede av vintermånadane, men om kvelden kom kuldegradene og i dagtidleg når eg sto opp var heile landskapet kvitt. Då kjente eg meg meg eitt så ufatteleg hjelpelaus. Så kva gjer ein då?
Det er så kjekt med internett, her finn ein så utrulig mykje fint å kvile augene på. Når det snør ute kan ein kikke på skjermen og drøyme seg vekk. Eg har leita fram nokre bileter frå google som assosierar sommar. Markblomar som dannar fine bukettar, heilt gratis!
Eg er elles i gang med hageplanlegging og les meg opp litt og litt. Eg har ikkje noko konkret enno, men skal kome tilbake til det når ting er meir handfast. Medan mine eigne hageplanar framleis er på skissestadiet, kosar eg meg med bloggar og vakre hagebileter frå andre hagar.
Prestekragar, blåklokke, smørblomst og raudkløver. Perfekt! Blomane kjem i juni, så det er fire månadar igjen, men den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves...