søndag 28. februar 2010

Bileter frå huset

Det har vore ei fantastisk helg vèrmessig med sol, blå himmel og smeltande grader. Eg går ikkje på ski sjølv i år dessverre, men andre har gjort det og det utanfor huset vårt til og med. Når det kom folk på ski og banka på døra vår, ja då kjendes det ut som vi budde på høgfjellet.
Tenkte å vise dokke litt utsiktsbileter frå huset. Dei fleste romma innandørs er rotete og kaotisk, mens snøen har dekt kaoset ute. Over ser dokke utsikta vår frå stova, soverommet vårt og loftstova.
Det kjekke på soverommet vårt er sengegavlen vår. Eit lite vindauge kor vi ser Valstrand by night. Emil demonstrerer her korleis vi har det om kvelden.
Her er utsikta frå rommet til Malin. Den einaste sida vi ser naboar. Det er greit å verte minna på at vi er ein del av sivilisasjonen av og til. I det kvite huset bur oldefaren til Malin. Det raude huset er barndomsheimen til Espen.
Sitt du på do nede ser du dette. Vi har ikkje skaffa gardiner og det er derfor ein liten risiko for å verte sett dersom det kjem besøk. No når vegen er uframkomeleg med bil, er det ikkje så mange som tek turen opp. Iallefall ikkje før dei har sagt ifrå.
Badet oppe har også eit lite vindauge.
Vi har fått oss nye spisestolar. Mamma har sjenka oss dei i innflytningsgåve. Bordet som vi kjøpte når vi budde trangt og lite har endeleg kome til sin rett. Ikkje alt er ferdig på kjøkkenet enno. Vi har ikkje flislagt over benken og benkeplata er ikkje olja. Gleder meg også til vi får gardiner, no er det ganske nakent her.
Badet oppe.
Eg og Espen monterte skuffene for to dagar sidan. Ting tek nokon gongar litt tid. Vi er litt lei no. Spegelen manglar, men det er fordi IKEA hadde ikkje spegelen i den størrelsen inne. Dusjveggane skal også monterast når vi kjenner for det.
Malin i kjent stilling. No er det to veker sidan ho brakk foten, men ho går ikkje på den enno. Ho er heilt frisk, men ho tørr rett og slett ikkje. Det er ganske slitsomt og frustrerande, så har nokon eit godt råd til kva vi skal gjere så kom med det!

Mykje som gjenstår....

onsdag 24. februar 2010

Utan internett og veg

Det høyres kanskje litt dramatisk ut denne overskrifta, men det er faktisk sant. Vi har som mange veit ein vanskeleg veg til huset, og no har det kome ein halvmeter med snø sidan søndag. Det vert vanskelegare å få vekk snøen no, så vi går opp bakkane til huset. Det ser ut som det kan ta lang tid før vi får veg igjen. Det passar utruleg dårleg fordi eg skulle vore på IKEA og handla bokhyller, oppbevaringsløysingar og småting til huset. Vidare er vi utan internett på ubestemt tid grunna snømengdene det også. Det ligg sikkert ein meter med snø over trekkrøret til telefon, så det er vanskeleg å få kobla noko linje før vi tek fatt med spaden. Det snør og snør i dette landet, det tek aldri slutt. Nokon som veit kor lenge dette skal vare?

Elles så likar vi oss i huset. Det er mykje som gjenstår av arbeid og huset er omringa av boss, men det er godt å bu i nytt hus som ein eig sjølv. Eg har lånt mobilt internett ikveld, men eg håpar å få lånt litt til helga også slik at eg får vise dokke nokre bileter.

fredag 19. februar 2010

På flyttefot

Så var tida komen for å flytte inn i splitter nytt hus. Vegen dit har ikkje vore lett. Den siste veka har det vore meir kaos enn kva eit menneskehjarte kan tåle. Vatn som er frose, vatnpumpe som ikkje virkar, rørleggar som ikkje har gjort jobben sin, elektrikar som ikkje har gjort jobben sin, husleverandør som ikkje tek ansvar, ja og så den vegen då... Eg skal skrive eit utfyllande blogginnlegg seinare om kva vi har opplevd som husbyggarar, ting ein bør tenke på og unngå (som til dømes Florvåg Bruk AS som husleverandør). Håpar mange tek seg tid til å lese det når den tid kjem.
I gangen står kasser og sekkar oppstilt og klare til å verte flytta. Det er så trangt her no at vi har ikkje moglegheit til å pakke alt før noko av det er ute. Diverre er ikkje barnehagen open på laurdagar, det kunne vi ha trengt no. Malin kan ikkje gå på grunn av brotet i foten, og vi har ikkje tid til å ta oss av ho, men vi får gjere det beste ut av det.
Her er stova igår kveld. Kan du tenke deg at vi skal bu her imorgon? Espen har rydda no, men vi har ein stor husvask framfor oss både i ny og gammal bopel.
Faktisk synest eg det er litt vemodig at snekkarane har reist. Dei har litt småplukk igjen, men det er ikkje mykje. Dei har gjort ein kjempeflott jobb synest vi. Idag rydda dei tinga sine ut av huset.
Det skal verte godt å kunne amme utan å balansere kvar einaste gong eg er i huset. Kjøkkenet har vorte fint synest eg. Diverre har ikkje alle klart å unngå flekkar på benkeplata likegodt, og vi må slipe eit par plassar før vi oljar.
No sitt vi i leiligheta, den siste kvelden, og ser super-g. Vi satsar på at Svindal tek gull. God helg til alle.

torsdag 18. februar 2010

Piker, vin og Valestrand

På butikken idag kunne eg ikkje la vere og gå forbi bladet Maison Interiør når overskrifter som "Ole Bulls praktvilla" er på framsida. Som fleire veit så bur eg på Valestrand, ei øy utanfor Bergen. Valetrand er mest kjent for Ole Bull sitt flotte sommerhus og bygdafolket her veit og utnytte dette. Puben og ferja blant anna er oppkalla etter denne mannen, og ein må berre ikkje våge og kritisere noko rundt denne legenden. Ole Bull bygde "Bullahuset" på 1860-talet og på den tida eigde han heile Valestrand. Står du på andre sida av fjorden, ser du huset veldig godt. Han har nok ikkje plassert det der det står heilt tilfeldig trur eg.
I samband med mi eiga integrering til denne bygda reklamerer eg no litt for denne mannen som også fyller 200 år denne månaden. Det er stor feiring rundt han, og til og med Malin veit godt kven han er. I Maison interiør finn du flotte bileter frå det vakre huset så det er verdt ein kikk. Mange andre fine reportasjar også. Dessverre er huset i privat eige og det er ikkje så lett og få besøkt det til vanleg, men eigaren som bur i Sverige tar imot besøk når han er her på sommarferie.
Garden som huset står på er på ein måte parken her i bygda. Alle har moglegheit til å gå gjennom hagen på ein idyllisk tursti. Ole Bull var veldig glad å ri, og derfor fekk han laga stiar som han kunne nytte til riding. I elva fekk han også laga ei øy forma som Osterøy. Denne mannen hadde pengar!
Eg har ikkje så veldig sansen for denne mannen eigentleg. Han reiste frå kjerring og ungar for å realisere seg sjølv, og kjerringa vart til og med så sjuk på grunn av dette. Han var visst ein skikkeleg kvinnebedårar og jentene svimte av under konsertar fordi han var så kjekk. Eg ser ikkje sjølv kvar sjarmen hans ligg, men det kan no vere at kvinnene på den tida var nøgde berre mannen var rein i tøyet og ikkje lukta sveitte. Kva veit vel eg. Det er iallefall eit flott hus og dette soverommet seier vel sitt. Ikkje vanskeleg å forestille seg piker og vin i denne senga nei.
Sjølv om eg har vorte stril og innbyggar på Valetsrand, veit eg kor eg kjem frå. Ivar, eg har ikkje gløymt deg!

tirsdag 16. februar 2010

Som ikkje det var nok frå før...

Det er tre dagar til vi flyttar i nytt hus og det er mykje som gjenstår både her og der. Pakking, vasking, monteringar, salting og skraping av veg osv. Som ikkje dette var nok, fekk vi telefon frå barnehagen idag om at Malin hadde hoppa frå ei rutsjebane inne og landa skeivt med foten. Foten hadde hovna opp med ein gong og barnehagetanta syntes ho høyrde eit knekk... Så var det å kome seg ut av døra med Emil og ned i barnehagen. Stakkars Malin, så lei seg ho var. Espen kom rett etter og ilag reiste vi alle først til lege og deretter til legevakta i byen.Der satt vi og venta i 2,5 time før vi fekk tatt røntgen. Når legen var ein mann og røntgenmaskina var stor og laga lyd, ja då var det fælt for vesle Malin. Resultat: To brot i høgre vrist.
Er du sjuk og i tillegg har vore flink, ja så vankar det is når du kjem heim. Kanskje ikkje eit smart trekk og velje sjokoladeis...
Ein fot i fatle. Stakkars vesle foten. Heldigvis slapp ho gips. Sidan ho er så liten så gror det veldig fort, så om ei veke skal det vere bra. Ho får også gå på foten dersom ho vil det sjølv.
Pasienten i full utstrekning. Ho brukar også eit pledd som ho er overbevist om at er smertelindrande. Ingen fare for overmedisinering her altså...

mandag 15. februar 2010

Takkekorta er sendt

Midt i husbygginga kjem eg på at eg skal lage takkekorta sjølv. Kor dum kan ein eigentleg bli?! Dei fleste har fått kort som er laga på simplaste vis, men eg tok meg flid med korta til besteforeldra og fadderane. Eg skal også lage takkekort etter dåpen, men då er det heldigvis under ti stykker...
Sjå vekk ifrå den blåblomstra voksduken...

søndag 7. februar 2010

Litt frå huset

Det har vore litt stillstand om husbygging no, men det skuldast både at vi er slitne og har lite tid til blogging og det at vi har ein veg opp til huset som ikkje alltid er køyrbar. Eg har også hatt eit enormt sinne inni meg denne helga på grunn av dårlig behandling og feile bestillingar frå Florvåg Bruk, vår husleverandør. Dette kjem eg tilbake til.
Eg tok nokre bileter på laurdag. Då var det lenge sidan eg hadde vore i huset. Badet nede er bortimot ferdig. Elektrikaren som skulle vere ferdig for lenge sidan har ikkje montert lampar enno. Eg er veldig nøgd med dette badet så langt.
Trappa er ein av grunnane til mitt innvendige sinne (og litt utanpå...). På trekantmøtet i sommar kor vi skulle avgjere valg av tak, lister, vindauge, dører osv ba vi om tett trapp. Og vi fekk beskjed om at det var standard. Torsdag for ei og ei halv veke sidan hadde trappemontørane vore der og til mi forskrekking hadde ikkje trappa tette trinn som dokke ser. Med blodet i kok ringte eg huskonsulenten som kunne konstantere at vi hadde ikkje kryssa av for tett trapp. At vi fekk beskjed om at det var standard hjalp ikkje, dei hadde sitt på det tørre og viste til signaturen vår. Det stemte det, men han som då var med på møtet hadde altså ikkje gjort jobben sin og kryssa av for det som vi hadde bedt om. Det kosta oss 11.000 kroner og ordne denne feilen, så det kom ikkje på tale. Det som også ikkje var nemnt på dette trekantmøtet, var at vi kunne få fleire valgmoglegheiter for trapp. Vi fekk kun spørsmål om vi ville ha lakka eller ikkje, runde eller firkanta spilar. At det kunne leverast kvit trapp til dømes, fekk vi ikkje vite. Så til våren må eg igang med maling.
Ovnen fekk vi montert på tysdag. Liten og fin, og vi er veldig nøgd. Glasplata under er derimot ikkje så veldig fin, men vi får heller oppgradere etterkvart som lommeboka tillet det.
Her er badet oppe akkurat no. Det går ufatteleg seint med desse rørleggarane og elektrikarane. Dei skulle vore ferdig for 1,5 veke sidan, men dei er på langt nær ferdig enno som dokke ser. Badekaret vart no fint då tross alt, og eg er nøgd med det som er utført til no.
Dette kjøkkenet har vore det største irritasjonsmomentet til no for Espen. Det har gått ufatteleg mykje timar til montering og remontering på grunn av feil på montering første gong. Og elektrikar og rørleggar har enno ikkje gjort seg ferdig her, og det vert derfor ikkje heilt ferdig nokon gong. Espen er lei av å vente og han har visst planar om å gjere seg ferdig på onsdag. Så då får heller elektrikar og rørleggar gå den tungvindte vegen for å få gjort jobben sin. Slik går det når dei ikkje får fingeren ut... Benkeplata er no montert og det vart veldig fint forresten. Eit råd til alle som tenker å montere IKEA-kjøkken sjølv; ikkje gjer det.
Vaskerommet. Irritasjonsmoment nr 2. Når vi teikna huset fekk vi aldri opplyst at vi skulle få ein trykktank inni huset. Det er den til høgre og er med på å leie vatn inni huset frå pumpehuset (privat borehol). Denne trykktanken må no stå der vi hadde tenkt å ha hyller. Enda verre er det at elektriker ikkje har lagt opp til straum frå trykktanken og inni sikringsskapet slik at vi må ha ei synleg leidning frå tanken, langs taklista og inni skapet. Det ser skikkelig amatør ut i eit nytt hus synest eg.

Det som likevel gjorde eg var ei tikkande bombe i helga, var det som skjedde når vi fekk levert siste materiallasta på torsdag som var:

1. Florvåg Bruk ville ikkje køyre lasta opp til huset fordi dei hadde ein ubrukeleg bil. Espen, Steffen, Robben og Jostein (naboar og familie) bar alle listene opp til huset. Dørene måtte fetter Geir Inge ta med traktor opp.

2. Florvåg Bruk hadde sagt at vi ikkje kunne få lasta under eigeninnsatsperioden fordi lasta måtte takast imot av snekkar og vi ville ikkje få plass til lasta fordi det var så mykje. Snekkaren var ikkje der og lasta var ikkje stor. Så no har vi fått umalte lister som må malast etter at dei er montert enno vi fekk vite på trekantmøte at vi kunne male dei i eigeninnsatsperioda. (Vi har ikkje valgt ferdigmalte lister fordi vi har fått beskjed om at dei er så dårleg mala at vi må male dei likevel).

3. Vi hadde bedd om kvite vindaugskarmar, men i lasta var dei ubehandla. Då var grensa mi nådd. Eg har hatt ein eksplosjonsarta klump i magen heile helga. Eg har lagt i senga mi om natta og vore rasande rett og slett. Det får no vere grenser! Idag tidleg ringte eg huskonsulenten og sa det slik som det var, og ho sa at vi hadde ikkje kryssa av for "kvit tilsetning". Tilsetning, kva er det?! Korleis skulle vi vite at tilsetning var vindaugskarmar? For meg høyres det meir ut som ein pakke med sement. Og kvifor var ikkje det kryssa av når Florvåg Bruk sjølv omtrent insisterte på at vi måtte ha malte karmar frå fabrikk fordi det vart ikkje fint om ein gjorde det sjølv? Eg var så sint når eg snakka med huskonsulenten at ho skjønte nok at grensa var nådd. Heldigvis rydda ho opp og fekk ut nye. Det skal seiast at vi er stort sett nøgd med denne huskonsulenten, det var den forrige som også deltok på trekantmøte som har øydelagt for oss, men eg anbefalar ikkje Florvåg Bruk til nokon. Då må ein såfall snakke med oss først...

Klumpen er vekk, snekkarane er tilbake og det er etter planen berre ei veke til huset er klart for kontroll. Eg trur ikkje noko før eg ser det. Det vert montert styrehus på biovac'en denne veka, så kan vi vel snart kunne gå på do. Det avhenger sjølvsagt om elektrikar og rørleggar gjer seg ferdig. Er det rart ein ikkje likar handverkarar???

fredag 5. februar 2010

Så var det desse lampane då...

Lampar er berre ikkje enkelt. Eg har aldri tenkt særskilt over kva slags lampar andre har hjå seg utanom visst dei har ei diger lysekrone, discokule eller raudt horelys (det var populært og kjøpe farga lyspærer for 15-20 år sidan). Likevel tenkjer eg på lampar heile tida hjå meg sjølv. No er det store spørsmålet "kva skal vi ha over spisebordet/kjøkkenbordet og salongbordet?". Eg og Espen har vore på Living idag og vi har vel bestemt at vi skal kjøpe lampar der.
Denne er av klart glas og har eit fint mønster i skjermen. Dersom vi vel ein slik ein, må vi ha to lampar over langbordet som måler 220 cm i lengda.Det samme kan vi vel seie om denne; at ein treng to. Denne er vel litt meir industriprega, men eg likar godt fargen "antikksølv".
Denne synest eg er fin, men det vert ikkje den. Ville berre vise dokke den. Lyset er for svakt til at det passar over bordet kor alt kjem til og skje.Lampen over er vel også litt industriell, men litt meir feminin tenker eg. Den må det også vere to av. Vi har eitt lyspunkt i taket, men med litt hjelp er det mogleg å få splitta strømpunktet.
Dersom vi ikkje skal ha to lyspunkt, må vi ha ein lampe som er avlang for at lyset skal dekke bordet. Lampa over er fin på den måten at den kan regulerast opp og ned. Den er nøytral og lite prangande, men personleg synest eg den er litt keisam.
Denne er berre lekker altså. Om nokon såg Celebert selskap hjå Trond Nagel, så hadde han ei slik lampe og den var kjempefin! Espen er skeptisk til den fordi den er så tung, medan eg er usikker på om den passar inn i stilen vår. Er det litt for mykje glamour?

Sei gjerne di meining om kva du synest om lampane og kva slags du foretrekker. Eg må legge til at vi har ein ganske landleg og lys stil, eller "svenskestil" som mamma seier, så det må passe til det. Her har eg ikkje sagt noko om lampe over salongbordet, men eg har ikkje noko godt forslag. Kanskje du har det?

torsdag 4. februar 2010

Når ein liten scrappar skal ut og gå

Det har lett for at det vert kaos i scrappeutstyret, særleg når ein heile vegen aukar lageret med stæsj. Eg har vorte så privilegert å få vere med å starte ei scrappegruppe her på øya. Idag hadde vi planar om å møtast for første gong.
I denne gamle skoøskja har eg lagra dilldallet mitt, men når eg plutseleg skulle byrje og verte mobil, måtte eg finne ei ny løysing på systemet.
Etter å ha leita litt fann eg denne på Clas Ohlson. Den kostar 199,- kroner og fin å ta med seg når ein skal ut av huset. Dessverre vart det stort fråvær blant dei scrappelystne idag, så vi må ta igjen møtet om ei veke.
Det fine med denne er at det er små bur/rom både oppe på lokket og inni kassa. Her er det plass til bling bling, knappar, band, stempel, lim, pennar, blomar og så vidare.
Eit stort rom er det også kor større ting kan ligge. Har du behov for å vere mobil med dilldallet ditt, ja så er dette kanskje noko for deg. Eg er klar for scrappeklubb iallefall.

mandag 1. februar 2010

Den finaste Emil i verda

Idag er Emil 10 veker. Tida har gått utruleg fort sidan han vart fødd. Han er heldigvis ikkje krevande for det har vore nokre 10 hektiske veker med sluttfase i husbygginga. Emil søv bra om natta, et godt og smiler med sitt mest sjarmerande smil. Igår fekk eg meg ein støkk når han byrja å hylgrine når Malin grein. Han var utrøsteleg så lenge ho græt. Denne søskenkjærleiken/nærleiken får meg til å tenke på den eldste veslebror min som eg har vokse opp med. Sjølv om vi har sloss og krangla så mamma vart galen, har det vore godt å ha han der. Vi var aldri aleine og det var alltid nokon å leike med. Det vert spennande og sjå kva forhold Malin og Emil får. Emil ligg søtt og sov i vogga si no. Då får eg tid til å tenke på maten vi skal servere i dåpen. Den er ikkje før 14.mars, men det er godt å vere tidleg ute. Har du nokre gode idear til dåpsmeny?


På bilete har Emil ein strikkadress som eg laga til Malin. Oppskrifta er frå eit 30 år gammalt hefte, men kleda der er utruleg praktiske og like aktuelle idag. Fargane på kleda i heftet derimot...