søndag 26. juni 2011

Glimt av sommar

Desse junihelgane flyr avgårde i kjempefart. Vi har hatt besøk 3 av helgane denne månaden og det er mykje som skjer. Denne helga har vi vore heldige med vèret og har hatt anledning til å vere mykje ute.
Venner frå Trondheim har vi hatt på besøk sidan torsdag. Det er lenge sidan sist vi såg kvarandre, så dette var kjekt. Dei måtte sjølvsagt få sjå Ole Bull-huset, bygda si stoltheit, og vi fekk gått ein fin tur. Seinare på dagen vart det også tid for sykkeltur for dei to av oss som er spreke...
Vi har kost oss masse på verandaen og Emil er ein av dei som veit å utnytte vèret. Han utforskar det meste og likar særskilt godt alt som er Malin sitt. Sykkelen, huene og skoa hennar. Her fyller han luft i dekka, akkurat slik som pappa gjer.
Malin er alltid festpynta med kjolar og smykker. I handa held ho knekkebrød som eg har laga to gonger denne helga. Populære altså.

Eg har ikkje så mange bileter som illustrerer denne helga, har ikkje tid til det. Det er hektisk når det er folksomt i huset, men det er veldig kjekt. Dette var siste helga med overnattingsbesøk før ferien, men i august er det på'n igjen. Det har noko med at all familie og veldig mange vener bur langt vekke frå oss.

Tilslutt må eg fortelje at vi såg ein hoggorm i hagen idag. Den låg nedi graset i den delen av hagen vi ikkje brukar så mykje. Neste år skal vi leige ein jordfresar for å løsne jorda, rake stein og planere slik at vi får plen også der. Ikkje noko kjekt arbeid, men når ein ser ekle ormar i graset er det motivasjon nok. Huttetu.

Ønskjer alle ei ormefri veke.

tirsdag 21. juni 2011

På hagevandring

Eg har vore så heldig at eg har fått besøke ein flott hage her i bygda. Vèret har vore upåklageleg idag så det passa fint. Eg har ikkje tatt mange bileter på rundturen, det er ikkje det eg har mest lyst til på ei slik vandring, men her er nokre få bileter som gir eit bilete av korleis det er der.
Hagen har fin utsikt og kveldsol. Tomta er stor og lun. I enden av tomta har dei som bur her bygd eit oransjeri, ei blanding av stove og drivhus, som er riktig så koseleg uansett vèr. Mange gamle stauder, roser og busker prega tomta i tillegg til ein del grønnsaker. Desse elskar hagen sin, det er sikkert.
Nokre flotte høner hadde dei hønsehuset, blant anna silkehøner. Hagen er på fleire nivå og arealet er nytta godt. Mange sjarmerande detaljar som dei har samla og bygd gjennom åra.
Ein vakker dam med ei lita elv som renn ned til ein større dam med ei lita fontene. Litt arbeid som har vorte nedlagt, men resultatet syner at det var verdt det.
Den skarpe kveldssola gjer at bileta er ikkje heilt optimale. Men eg kan seie at det har vore ei flott oppleving som ga mykje inspirasjon og motivasjon. Det er akkurat dette eg og Espen drøymer om. Vi manglar tid, vi manglar pengar, men vi skal få det til tilslutt.

søndag 19. juni 2011

Sommar sa du?

Vi er snart i juli og eg ventar framleis på sommaren. Sommaren er visst her, men i ei våt og grå utgåve. Dei få sommarblomane eg har kjøpt rotnar nesten på rot av at det er så vått, så det vert ikkje fleire innkjøp kan du trygt seie. Grillen er tatt i bruk ein gong og male hus/olje terrasse let vente på seg. Vel, nok deprimerande prat, eg kan ikkje gjere noko med det uansett, eg er berre så frustrert.
I pinsa hadde Espen maraton med trillebåra. Det var nydeleg vèr og sjansen måtte ikkje gå ifrå oss. Han trilla jord der som dokke ser ikkje er gras, og sådde i. Mannen var sliten, men godt nøgd. Og det må eg seie meg einig i.
Epletreet vi planta ser dokke midt i biletet, vi må kjøpe eitt til. Treet har fått blomar så vi har håp om at dette kan overleve i motsetning til epletrea vi planta ifjor. Elles er det litt muring att så Espen har ikkje fylt i jord heilt inntil kanten enno.
Riddersporen har byrja å bløme. Studerer ein blomane så er det veldig vakre. Denne kjem til å verte høgare med åra og eg gleder meg til det.

Vekene er travle. Mykje jobb og vanlege plikter i heimen bidrar ikkje akkurat med så mykje blogging. Det får våge seg, no er iallefall helga over. Den har vore hektisk og innhaldsrik. Ønskjer alle ei fin, komande veke og så håpar eg at eg er litt flinkare med blogginga i veka som kjem.

tirsdag 7. juni 2011

Litt nytt på kjøkkenet

Det er ikkje så ofte det kjem interiørinnlegg på denne bloggen, huset mitt er alt for rotete til det. Dessutan er det mange flotte interiørbloggarar i dette land som tek seg av den saken, men idag tenkte eg å vise dokke litt frå kjøkkenet.
Deilig med ryddig kjøkken, så synd det er så sjeldan mellom kvar gong.
Etter å ha tatt ned julegardinene vart vindauga ganske så nakne. Gardiner er så vanskelig å finne synest eg, men fant desse tilslutt som eg er nøgd med. Dei er kjøpt på Kid og eg slapp å sy ein einaste saum. Vart litt mørke bilete, men pytt pytt.
Basilikumen har vorte så stor, eg får ikkje ete den fort nok opp. Nokon som har gode oppskrifter med basilikum? Elles har eg timian, persille og eit par "babyurter" i glaset som skal vekse seg store.
Denne kjøpte eg for eit gåvekort eg fekk til bursdagen. Kremmerhuset er ein av nabobutikkane til jobben og det er ikkje få gongar eg er der. "Livet i hagen" som det står på kassa passar godt til meg. Kassa er kjøpt med tanke på å ha oljer, eddikar, honning o.l. i. Eg er så lei av at skuffene er klissete. Kjøpt i praktisk meining, men sjølvsagt skulle den vere fin og.
Gammalt sølvtøy og ei lita mugge frå Stavanger Flint som eg har redda frå å havne i ein container. Noregsglasa mine kjem til nytte overalt, kan du forstå kvifor dei har slutta å produsere desse praktiske og vakre glasa?
Ei kaffiboks også kjøpt på Kremmerhuset. Lufttett og fri for lys. Akkurat slik kaffien trivast.
Lyseblått er ein farge som går igjen her i huset. Ei boks til oppvaskpulveret har vore eit godt kjøp. Den er dekorativ og står høgt oppe, langt ifrå små barnehender, og står nært oppvaskmaskina når eg treng den. Sjølvsagt kjøpt på Kremmerhuset. Eg prøvar å kjøpe praktiske ting når eg først kjøper noko, og at det ser fint ut i tillegg, ja då må ein berre ha det.
Bollen er ikkje ny, men det er nytt at eg har ein bolle med frukt ståandes framme. Eg prøvar å verte flinkare å gi borna og oss sjølve moglegheit til å ete frukt, eg er ikkje så flink til det. Husk 6 om dagen (5 om dagen tel visst ikkje lenger). Sjølv om sommaren ventar på seg er det mykje godt i butikken. Ha ei god natt alle lesarar.

søndag 5. juni 2011

Glade barneføter i graset

Idag har vi hatt ein lat søndag. Espen har bursdag og vi har ete kake, gele, sjokoladepudding, potetgull og drukke brus. Alt det gode ein har lov til å ete når ein fyller år altså. Det har vore eit deilig sommarvèr idag og vi har hatt nokre flotte timar i solskinet.
Malin kler fort av seg når det er varmt. Ho elskar å springe i graset og helst utan sko. Ho er så glad og lukkeleg som berre små born kan vere, og lev i nuet heile tida.
Heilt frå den dagen ho får joggesko om våren spring ho i graset. Ho har ei fast rute kor ho spring. Litt synging høyrer også med. Syngande born er lukkelege born var det nokon som sa til meg, og då er eg iallefall veldig heldig som har Malin.
Finaste jenta. Både rampete og snill kan ho vere, men ho er utan tvil aller mest snill og glad når ho får vere ute. Eg er også mest glad og snill når det er fint vèr, det er heilt sikkert!
Er det rart vi er glad i henne? Så skjønn og god lita prinsesse.
Emil likar å springe han og sjølvsagt, han skal alltid gjere det Malin gjer. Han har med å snuble når han spring og gir seg fort når det har vore nokre fall. Då likar han heller å verte trilla i trillebåra av mormor. Mormor og besten har vore på besøk denne langhelga og borna har leika frå morgon til kveld. Ei fin helg for oss alle.

Ønskjer alle ei fin ny veke. Håpar vi får litt sommar i år. Eg har kjøpt ny grill til Espen i anledning bursdagen hans, og eg kan ikkje vente med å prøve den.

fredag 3. juni 2011

Vaskebalje med ny funksjon

Gammalt skrot som ingen vil ha har ofte mange minner. Synest det er kjekt å redde ting frå søppeldunken dersom den gjer seg betre hjå meg. Trur det vert satt pris på at vi "unge" likar gamle ting.
Denne balja har vore farmor si vaskebalje for mange, mange år sidan. Den låg på eit uteloft og gjorde inga nytte heilt til no. Syrintreet eg handla på impuls har eg planta ned i balja i påvente av å kunne plante det i hagen. Berre ventar på at materialet til garasja flyttar seg først. Tre spanske margaritter fekk plass oppi her og. Dei er visst Malin sine ifølge ho...

Deilig vèr ute, håper det varer for alt er gjennomvått og lite som minner om at vi har kome til juni og sommartid. God helg alle!