mandag 29. desember 2008

Sjuke born og trange bukser

Så har det vore jul i år også. Ikkje alt vart etter planen og jula utarta seg nokså typisk for oss småbornsforeldre.
Malin fekk opne eine presangen sin før vi reiste grunna den var for stor til å ta med. Denne bilen fekk ho med oldemor og den var ein suksess med ein gong. Den spelar musikk, lagar billydar og er sjølvaste Lynet McQueen.
På veg til Volda var Malin i godt humør og tulla og tøysa slik som ho ofte gjer. Her har ho fått tak i eit av sjala mine. Kle seg ut er alltid gøy.
På vesle julaftan pynta vi juletre og laga god julestemning. Vi hadde lutafisk til middag og alt såg ut til å vere bra. Malin derimot byrja å verte varm og blank i augene.
Dette er eit av dei få bileta eg har av Malin i finkjolen. Bilete er tatt på julaftan og Malin har 39,4 i feber. Då kjolen er delvis av ull, måtte den sjølvsagt av ganske fort. Smokken har vore ein trufast følgjeven i ei veke no.
Vi var 6 voksne til bords på julaftan samt Malin. Det var kjempegodt må du vite og Malin tok seg litt mat ho også. På julaftan hadde vi pinnekjøt (ribbe seier vi) med mårpølser, poteter, kålrabistappe, surkål, raudkål og kålstuing. Mykje tilbehør synest du...? Dette bilete er litt typisk slik vi har hatt det. Eg matar Malin mens dei andre byrjar å forsyne seg, og når dei andre nesten er ferdig å ete første tallerken, tar eg mat til meg sjølv. Malin er ikkje så lett å hanskast med når ho er sjuk, og berre mamma er bra nok, så eg skyldar ikkje på nokon for at eg fekk ekstra å gjere i jula.
Eg håpte på litt begeistring frå Malin når det gjaldt pakkar, men nei. Ingen respons. Ho såg heller på mandarinane på bordet og brydde seg så vidt om papiret gåvene var pakka inn i. Neste år kanskje, då...
Malin er glad i mat, og særleg frukt. Det var få som fekk kome nær ho i jula når ho følte seg dårleg, men mormor fekk nokre augneblink saman med henne når ho brukte mandarinar som lokkemat. Vi var også på kafé saman med besta og då ville ho sitje på fanget hennar når ho hadde mat tilgjengeleg.
Malin har vore plaga med feber i fleire dagar, utslett på kroppen, hoste og tett nase. Det har vore vanskeleg å få sove skikkeleg, så ho har ikkje holdt seg våken lenge om gongen. Dette bilete er frå turen heim. Ho sov nesten heile vegen. Bilsetet er forresten nytt, det kjøpte vi når vi var i Volda. Endeleg får ho sjå fram og ut på alt det fine som vi kan sjå langs med vegen.
Vel heime har ho byrja å sjå på alt ho har fått. Det var stas å få på seg tøfler og pusslespelet har ho byrja å få til med litt hjelp. Ho er framleis veldig forkjøla og søv mykje. Mor er trøytt og far likeså. Eg har byrja i jobb igjen og det er nesten eit lite pusterom. Det er slitsamt med små born som er sjuke, men det er ei fattig trøyst at eg ikkje er aleine. På jobben idag var det mange som hadde same historia.
Og når det gjeld trange bukser, så viser eg verken bileter eller seier så mykje meir. Det er vel mange som har denne historia også akkurat no...

torsdag 25. desember 2008

Med ønskje om god jul!

No i jula er eg i Volda kor eg er fødd og oppvaksen. Eg har med meg kamera, men mamma har ikkje pc med memorystick-inngang slik at bileta som eventuelt er noko å vise, vil ikkje kunne verte synt før eg kjem heim. Malin har vore sjuk til no, og interessa for presangar har ikkje vore tilstades. Ho foretrekker klementinar og druer framfor brus og godteri, og gamle bøker og aviser er meir interessante enn nye. Det har vore ei stille julefeiring bortsett frå Malin som ikkje har hatt det så bra. Vi har fått mykje fint til jul, og maten er som vanleg veldig god. Eg har det bra, men det vert ikkje så mykje innlegg på bloggen før det nye året tek til.

(bilete er frå årets julekort)

Eg ønskjer alle ei god jul og eit godt nytt år.

mandag 15. desember 2008

Barnedåp i papirversjon

Dette lyset som alle snakkar om er fråværande hjå meg og. Det er mørkt når eg reiser på jobb og det er mørkt når eg kjem heim. Det er berre i helgane eg har moglegheit til å ta bra bileter. Men trangen for å blogge følg ikkje lyssyklusen, og av og til må ein berre vise litt dårlege bileter når ein har noko på hjartet.

Idag har eg noko eg vil dele med dokke. Eg har tatt fram scrappeutstyret mitt igjen. Ikkje er eg erfaren, ikkje har eg masse utstyr, men eg synest det er kjempekjekt likevel. Denne gongen var det barnedåpen til Malin som skulle dokumenterast. Eg fekk ikkje noko bra bileter frå den dagen (då heller) grunna dårleg lys, så det vart med det eine som eg brukte som takkekort.

Eg har grua meg lenge til å ta fatt på motivet fordi eg synest eg mangla det heilt store biletet, men no som eg endeleg har gjort det, kan eg lettare ta fatt på ei ny hending i livet til Malin.

søndag 14. desember 2008

Strikka tunika av lyseblått bomullsgarn

Eigentleg skulle eg strikke kjole av dette garnet, men halvvegs i prosjektet rekte eg kjolen opp fordi den var alt for stor. Tunikaen eg her har strikka er frå ei oppskrift frå Garnstudio og garnet er Paris. Kjolen er strikka på p 5 og 4,5. Eg sette i to sikringsnåler i påvente av to knappar i kvar sele. Synest eigentleg at bomull er dumt å strikke fordi det legg seg ikkje like fint som ull, men eg venn meg vel til denne tunikaen etterkvart. Det er uansett ikkje årstid for slike plagg, så eg skal la den modne i skapet.

Oppskrifta og informasjon om plagget finn du her

søndag 7. desember 2008

Sjokolade- og peanøttkjeks

Denne helga starta med julebord på fredag. Eg har hatt besøk av ei venninne, Anita, frå i går til idag og vi skulle lage julegodteri og kaker. Vi har laga seigmenn og fudge, men seigmennene fekk eg ikkje tatt bilete av. Anita fekk dei med seg heim fordi eg synest det var for søtt. Fudgen ville ikkje stivne og er no i frysaren i håp om å kunne bruke "karamellsausen" til noko. Idag tok eg fatt på ei oppskrift som eg fann på nettet, men eg visste ikkje korleis dei ville sjå ut. Under ser dokke resultatet. Eg håpte kjeksa skulle likne litt meir på havreflarn. Eg har ei tante som laga nokre kjeks med sjokolade og peanøtter i og som likna havreflarn, men det er altså ikkje denne oppskrifta. Dette er meir som cookies, og er tørrare. Dei er god, men ingen favoritt. Eg vil lage mine eigne juletradisjonar og prøvar å finne ut kva eg skal bake kvart år. Til no har eg funne ut at kransekakepinnar, pepperkaker (inkl. hus), regiastenger, krumkaker og kakene som tanta mi laga, kunne vere mine kandidatar. I tillegg likar eg å lage godteri. Eg treng fleire som kan ete alt dette opp ilag med meg før eg set i gang med den store julebaksten, så alt dette skal eg ikkje lage i år.