torsdag 29. november 2012

Barnestrekar

I tråd med at det snart er jul og advent ba eg Malin teikna ein engel. Som ho sa sjølv " ho hadde jobba hardt" med denne og ho fekk mykje ros for at ho var så flink. Ho svara då med å gi meg teikninga og skreiv "Til mamma" på teikninga. Etter ei lita stund tok ho teikninga tilbake, strauk over "Til mamma" og behaldt den sjølv... 
Så eg viser dokke denne teikninga som eg har lånt av kunstnaren sjølv. Synest den var så fin trass alt..

onsdag 28. november 2012

Nok eit innlegg om toalettmapper

Eg skal ikkje plage verda med mine mislykka toalettmapper/sminkepungar, men når eg endeleg har gjort alt rikitg må eg plage litt til. Dette er det nye tilskotet av sminkepungar og den har ingen feil. Rett og slett.
Stoffet kjem frå Stoff og Stil. Sminkepungen er litt mindre enn dei andre fordi eg gjorde ei klippetabbe. Eg hadde heldigvis ein mindre glidelås så derfor kjem ikkje denne sminkepungen under kategori "mislykka".
No har eg vel nok av slike for ei stund. Men det viser at ein kan ikkje gi seg, ein får det til tilslutt.

tirsdag 27. november 2012

Sminkepung nr 2, tabbe nr 3

Ein skulle kanskje ikkje tru at det var mogleg å gjere så mange tabber når ein skal sy ein liten sminkepung. Det har eg klart å motbevise i så fall. Sminkepungen eg sydde ferdig igår hadde stoffet opp ned på eine sida og fôret var sydd i feil. Dei tabbene gjorde eg ikkje idag, men eg har klart å sy i glidelås feil veg. 
Tre tabber, to sminkepungar. Eg kan ikkje gi opp, eg MÅ klare å sy ein sminkepung riktig. Øving gjer meister. Og eg treng øving, det er heilt sikkert.

Stoffa er forresten frå Stoff og Stil.

mandag 26. november 2012

Eg har leita fram symaskina

Eg har vore på Stoff og Stil idag. Det har ført til at eg har fått nokre nye prosjekt som eg håpar å få gjort framover. Eg kjøpte nokre glidelåsar som eg skulle ha kjøpt for lenge sidan og den eine vart sydd fast idag. Resultatet ser dokke under.
Sminkepungen er frå ei oppskrift i boka "Tildas Hus" av Tone Finnanger. Eg las ikkje oppskrifta heilt riktig, men rettinga tek eg att i neste sminkepung som kanskje eg viser imorgon?

Det er iallefall kjekt å sy igjen. Det går litt tid mellom kvar gong eg gjer det så eg kjenner meg litt rusten når eg tek fatt. Ha ein kjekke kveld (nokon må no ta over rolla til Eli Kari...)

fredag 23. november 2012

Godguten er 3 år idag!

Ei mørk og våt natt for 3 år sidan kom Emil til verda. Det kjennes lenge sidan ut, det er så mykje som har hendt sidan då. Fine guten smeltar våre hjarter. Han er sjarmerande, blid og full i påfunn. Han er flink å leike seg sjølv og utforskar det meste. Emil er glad i søstrene sine, likar brannbilar og lastebilar, Jake og sjørøverene, Vennebyen og Brannmann Sam. Togbane er kjempegøy å leike med, det same er lego. Han må alltid passast på for vips så er han vekk, medan sjølv berre ser på det som ei oppdagingsferd. Eg har laga ei lita Emil-kavalkade i høve 3 års dagen. 
5 mnd
7 mnd
8 mnd
11 mnd
14 mnd
16 mnd
17,5 mnd
21 mnd
2 år og 2 mnd
2 år og 4 mnd
2 år og 6 mnd
2 år og 9 mnd
Gratulerer med dagen Emil! No skal vi feire deg med Lynet McQueen-selskap og sjokoladekake med pynt slik som du har ønska deg. 

torsdag 22. november 2012

Malin har fått nytt rom

10.mai 2007 publiserte eg det første innlegget på bloggen. Navnet på bloggen vart valgt heilt tilfeldig, men har i ettertid vist seg å passe godt. Eg har til no ikkje betalt ei krone for å blogge, men no er det altså slutt på dei gode tider. Eg har vore ein desperat sunnmøring som har prøvd dei siste dagane å finne ei løysing på korleis eg skulle unngå å betale kr 12,50 kvar månad og har sletta over 30 innlegg frå svunne tider. Likevel har eg no krypt til korset og funne fram VISA-kortet. Det vart 550 innlegg før eg betalte så eg skal vel ikkje klage.
Eg har mange ballar i lufta og no for tida er det loftet som tek noko av tida mi. Malin har fått seg nytt rom og vi har malt tak, lister og veggar. Fargen er sjølvsagt rosa. S 0510-R10 for å vere nøyaktig. Eg måtte kjøpe fire bokser med prøvemaling før eg tok det endelege valet.
Vi har kjøpt nytt garderobeskap til rommet og snart kjem nye gardiner, men elles hadde vi det meste frå før. Vi har fordelt leikene mellom borna og Emil har god plass, medan Malin har ikkje meir enn ho treng. Likevel er det ho som er minst på rommet sitt og skal helst vere rundt dei voksne til kvar ei tid. Litt pynt og dall gjenstår, det får eg vise seinare. Eg har lova å vise soverommet vårt når det vart ferdig og, men det tek visst si tid. Det var den hylla som skulle oppå veggen då og gardinstanga.... (les mellom linjene Espen). 






















Anna prøvar senga. Ho er straks 4,5 mnd og rullar framleis ikkje. Ho gidd ikkje nokon ting når ho ligg på golvet. Ikkje rullar ho og ikkje leikar ho med noko. Berre ligg der og kikar. Så eg legg ho framleis trygt ifrå meg overalt. Men eg veit at plutseleg ein dag tippar ho over så heilt trygt er det vel kanskje ikkje.

mandag 12. november 2012

Anna 4 mnd

Så er Anna 4 månadar. Dagane flyr, men eg får ganske mykje med meg av det som skjer så eg synest ikkje den går alt for fort heller. Eg kosar meg masse med ho. Anna lagar lydar, smilar og ler. Ho rullar ikkje enno, men ho er på veg.
Anna er 62,5 cm og 5260 gram. Akkurat passe i mine auge. Ho søv godt, er frisk og nyskjerrig på livet.


fredag 9. november 2012

Mormor har strikka

Mamma har strikka til borna og det set eg pris på. Ho trur sjølv at ho ikkje er så flink, ikkje vert ferdig og så vidare. Men mamma, eg veit du les dette, du er kjempeflink og eg er veldig nøgd. Idag er det planleggingsdag og borna er heime. Mascaraen er ikkje der den burde vere, og håret står til alle kantar, men vi har i det minste dagslys så vi får tatt nokre bileter...
Denne tunikaen er strikka i Smart-garn frå ei Sandnes-oppskrift. Mamma har strikka alle delane og eg tok det ærefulle oppdraget og montere, feste trådar og hekle kant. Eit makkverk, men no er det gjort. Malin likte kjolen veldig godt og har posert i alle vinklar for at mormor skulle få sjå.
Emil har fått tjukkegenser i rundfelling som også er i Smartgarn. Oppskrifta er frå Sandnes den og. Her har eg kun festa trådane og kragen, resten har mamma gjort. Det er ikkje det at mamma ikkje kan det, men det er greit at det vert gjort mens kleda enno passar. Haha! Eg tenker på ein viss tjukkegenser til bror min som eg er usikker på om den vart ferdig nokon gong.... Til mamma sitt forsvar, eg har mange, mange ufullførte prosjekt sjølv.
Emil er ikkje så lett å ta bilete av, han er alltid i farta. Og mor med kamera vert til slutt så plagsom at eg likna mest på ein paparazzifotograf.
No er det nok mamma!

Takk mamma for at du har strikka så fint.

mandag 5. november 2012

Deilig novemberhelg

Etter ei flott veke i Volda er vi tilbake og gjeremåla møter oss i døra. Denne helga har vore svært innhaldsrik og vi har fått gjort masse. Noko av det kan du sjå her.
Vi har kjøpt oss utebod som skal settast opp. Espen har gravd ut slik at det er klart for støyping. Emil elskar å grave og verte skitten så han fekk vere med.
Igår var det så fantastisk deilig å vere ute. Det er lenge sidan sist vi har gjort noko ute no. Espen og ungane var oppi skogen og henta stein til pipa som Espen ein gong skal steinlegge og eg har raka lauv. Eg har og fått løkar i jorda og rydda møblar under tak. Då vi kom inn igjen laga eg kakao med marshmellow som var populært.
Malin hjalp til med rakinga og Emil hjalp til med lauvet.
Vi fylte ei trillebår med lauv, det er eg nøgd med. Eg byrja å få blemme etterkvart. Eg er ikkje vant med å rake med andre ord. Ungane var så kjekke igår. Dei er for det meste hund og katt, men igår leika dei så fint ilag og konflikthandtering var det mykje mindre av enn vanleg. Stjerne i margen!

Elles så er Espen ferdig med å male taket på soverommet til Malin og eg har malt lister og byrja på veggen. Det går framover, men alltid seinare enn først tenkt. Eg har tusen prosjekt og innser aldri at eg har tre ungar som treng tida mi. Lærer eg aldri? Eg trøyster meg med at lediggang er rota til alt vondt ;-)