søndag 27. desember 2009

Vår fyste jul heime hjå oss sjølve

Det har vore nokre hektiske dagar for oss før jul, så det var godt at jula endeleg kom. Vi byrja ikkje tenke på jula før nokre dagar før fordi vi har så mykje med eigeninnsats å gjere og born som skal passast på. Og med nokre få dagar å ordne jul på, så er det klart at det vert travelt. Siste julepresangane handla eg vesle julaftan. Vi har feira jula hjå oss sjølve i år. Vi bur trangt og veldig midlertidig, men det vart jul på oss også. Det var godt å sleppe og ta med born og presangar ut i det kalde vintervéret. Foreldra våre bur eit stykke unna så det hadde vorte mykje styr for å få feira jula ein annan stad.
På vesle juleafta, eller lisjejulafta som eg seier, har eg som tradisjon å ete graut. Dette innfører eg no i min eigen familie. Graut er populært både hjå små og store. Restane tok eg vare på til riskrem.
Julaftan om morgonen fekk Malin og Emil opne presangen dei ga til kvarandre. Sjølvsagt er ikkje Emil med i svingane, men Malin var i tipptopp form og visste at denne dagen skulle det opnast pakkar. Den første ho opna var eit grytesett med reiskap. Ho har vel leika med det sidan. Ei god investering med andre ord. Emil fekk nokre rangler med Mikke Mus på. Malin elskar Mikke Mus så det var litt derfor vi ga akkurat det.
Julelunsj. Eg hadde baka brød om morgonen, laga eggerøre og dekka på med godt pålegg. Veldig koseleg synest eg.
Sjå min kjole.... Er den ikkje fin? Den har ho fått med farmor. Malin var veldig kry. Juletre vart det også på oss, kjøpt på veslejulaftan i hu og hast. Det var det nestsiste treet og er derfor ikkje av det finaste, men det gjer nytta. Eg kjøpte julepynten også rett før jul og fekk det på halv pris. Nokre gonger lønner det seg å vere seint ute, men eg anbefalar det ikkje...
Emil. Han sov stort sett heile dagen slik at dette er ein av dei få bileta vi har av han denne dagen.
Gøy med pakkar, men det vert litt for mange på ein gong. Ho opna både hennar og Emil sine og det var vel kanskje ikkje så lurt. Det var mest klede og det er ikkje så spennande, men når ho opna leiker vart det kjekt med ein gong. Poenget var at ho hadde ikkje behov for å opne fleire pakkar når ho først hadde fått ei leike. Då ville ho berre leike med det ho hadde fått.
Med meg og Espen fekk ho leikekjøkken i tre. Kjøpt på Toys'r us. Kjempepopulært! Då fekk ho brukt grytene sine til det fulle og i tillegg fekk ho bord og to stolar med mormor og tekoppesett med tante Kathrine. Reine restauranten. Så synd vi har det så trangt her. Mens juletreet er i hus må bordet og dei to stolane vere på rommet hennar. Og det vi kallar rommet hennar, er eigentleg ei bod. Gjett om vi gler oss til å flytte...
Full leik med kjøkkenet fortsetter 1.juledag.
Maten ho lagar må nytast også. Røkelsen har vorte brukt som mat. Legg merke til mønsteret på tekoppane... :-)
Emil kosar seg med pappa. Bilete er tatt 1.juledag.
Det var ikkje plass i magen til dessert etter at pinnekjøtet var ete, men på 1.juledag laga eg riskrem og det var kjempepopulært. Særleg den raude sausen...

No er det 3.juledag og vi kosar oss enno. Espen har byrja å tapetsere igjen så eg er aleine her med borna. Skulle gjerne tatt turen ut, men det er ikkje noko for Emil ute akkurat no. Det er glatt og for kaldt til å ta vogna ut. Det vert ein del tv, mandarinar og sjokolade. Det merkast på bleiene... Imorgon skal eg ein tur for å bytte gåver. Det er aldri noko kjekt, men når alle gir klede i str 62 i gåve til Emil, så må det berre til. Malin skal ein dag i barnehage og Espen skal ha sin siste dag på jobb. God jul vidare alle saman.

4 kommentarer:

Anka sa...

Hei. Jeg sier at det blir altid jul til slutt uansett hvor mye stress det er eller hvor sent man begynner;) Og det ble det jo. Syns det så koselig ut med deres helt egen lille julaften. Kos dere videre i romjula. Gleder meg til flere bilder fra huse. Dere er flinke som gjør så mye egeninnsats. Juleklem fra meg:)

Anonym sa...

Koseleg og kjekt med eigne tradisjonar i jula :o) Tidene forandra sej og ein har brått ei familie sjølv som skal lage nye minne frå kjekke høgtider.
Endå beire blir det når dokke kjem dokke inn i nytt hus og får litt meir "armslag". Morfar gler seg til å treffe Emil for første gong, og sjølvsagt også resten :o) Berre eit døgn igjen av vakta no, så kan me også gjere som me vil i romjula. Det skal bli deilig :D
Kos dokke vidare og hels masse til dine kjære. Klem frå Lene / Besta.

Lakka sa...

Det ser ut som dere har kost dere masse som familie til tross for kjas og mas og lien plass;-) Til neste år kan dere sitte i godstolen foran vedovnen (Uniq21 så kjempefin ut!)i deres splitter nye hus og tenke tilbake på denne jula med et smil om munnen.

Flinke dere som klarer å få døgnet til å strekke til med to små, og all egeninnsatsen på huset ved av!Stå på, det blir kjempebra:-) "Grugleder" oss til vi kommer så langt. Masse masse jobb, men sååå herlig når alt er ferdig!

Ha en fin romjul!

Lakka

Anonym sa...

Hei Torill, fine bilder:) det ser ut som barna hadde det supert, og det e no i grunn det viktigaste:) Vi e endelig aleine idag etter 5 daga med fullt hus, så idag kosa vi oss maks aleine;) I natt sov Aurora i eiga seng, og det gjekk over all forventning. Godt å ha smokken ja:)

God jul og godt nytt år, helsing fra oss på Midtunhaugen:)