søndag 30. september 2012

Garasjenytt

Siste nytt om garasja er at vi har hatt elektrikar på besøk og har no straum til lys og kontakter. Vi er litt fattigare, men nokre lys rikare. Og garasja har tre veggar ferdigmalt. Bakveggen manglar både grunning og maling, men dette vèret gjer det ikkje lett for oss.
Og inn i garasja skimtar dokke garasjeportar til tørk. Espen har grunna begge sider og skal snart i gang med maling. Det nærmar seg vinter så vi håpar at portane snart er oppe.

tirsdag 25. september 2012

Video av Anna som "pratar"

Det går nokre dagar mellom blogginga no. Det er så travelt på heimebane rett og slett. Det er ungar som skal i barnehage, hus som skal ryddast, klede som skal vaskast, handle, lage middag osv. Mange av dokke veit kva eg meiner.  I tillegg så organiserer eg stadig i boder og klesskap og prøvar ha det oppdatert på bileteframkalling, lage fotobok og den type ting. Så då er det fint at blogging skjer når eg har tid og lyst, ikkje når eg må. 
Idag prøvar eg å legge ut ein video for første gong. Alt vert veldig ekte med levande bileter. Anna har byrja å "snakke". Med smilet på plass er det lett å verte sjarmert. Ho er heilt nydeleg og det er kjekt å vere heime ilag med ho. Om kvelden derimot er ho ikkje like enkel og det er ikkje fred å få for ho mor. Men, men, det er ein bagatell i den store samanheng.

Ha ein fin dag til dokke som gidd å lese bloggen min :-)

torsdag 13. september 2012

Vår vakre, herlege turnprinsesse

Malin har byrja på turn og har vore der to gongar. Det er eit høgdepunkt og det er stor stas. På første trening var ho ilag med andre små prinsesser som hadde fine ballerinakjolar, eller turndrakt i deira auge. Malin ville også ha ei slik drakt sjølvsagt og på H&M har dei alt som små jenter drøymer om.
Eg skjønnar ikkje kor Malin har fått desse primadonnagenene sine frå. Ho syng, dansar og vrikkar seg slik som ingen andre gjer. Ho har trippa på tå frå ho var to år og er opptatt av sminke, rosa og prinsesser. Eg trur heilt klart barnehagen og dei borna ho er ilag med der har mykje å seie for interessene hennar.
Ein kan ikkje anna enn le når ein ser ho sveve på rosa skyer. Og det er utruleg lett å glede seg over det ho sett mest pris på. Ho tel ned dagar og timar på kor tid turntimen byrjar. Det er utruleg stas for ho og veldig kjekt for oss foreldre.
Inga tvil om at 5 år er ein flott alder.

tirsdag 11. september 2012

2 månader

Kosejente, sovejente, mammajente. Anna er 2 månader idag og ho er den finaste veslesøstra vi kan tenke oss. Dei store søskena har tatt vel imot henne og alle er veldig glade i ho.

søndag 9. september 2012

Den finaste guten

Ein liten, sjarmerande og blid kar. Mamma sitt hjarte smeltar.
Denne guten finn på mykje rart, men det er ikkje lett å verte sint på ein så fin gut som dette. Eg kjenner meg heldig. Verdens finaste Emil.

søndag 2. september 2012

På hyttetur

I helga har vi vore i Sogndal på hyttetur. Sogndal er for meg ein gammal kjenning då eg budde her i tre år. Riktignok er det ni år sidan og mykje har skjedd sidan, men kjensla for bygda er der enno.
Hytta ligg oppi dalen og har ei idyllisk utsikt. Vakre fjell og godt vèr gjorde fredagen fullkomen. Vi var så heldige å få vere med Ole André og Maren denne helga og flaks at det vart så varmt og fint.
Ole André og Espen hadde med seg syklar og sykkelvogner og tok ungane med seg til Anastølen. Her er  det stølsdrift om sommaren og folk kan kome for å kjøpe heimelaga brunost, samt vaflar og drikke i kafeen. Alt var stengt no, men geitene var der framleis. Dei var tydeleg vant med folk. Ungane var skeptisk, men det var også veldig spennande.
Naturen er vill og vakker, akkurat slik som eg likar den. Emil koste seg, ingen tvil om det.
Stølen ligg innerst i dalen og bilveg fører heilt fram. Ingen problem for meg å kome hit med barnevogn. Etter turen grilla vi pølser utanfor hytta.
Laurdagen reiste vi til Vesterland leikeland som ligg i Kaupanger. Ungane gledde seg vilt til å reise dit.
Der var fleire sklier, ulike oppblåsbare hoppeslott og klatrestativ.
Litt småleiker for den som ville ta det litt rolig var der også. Emil undersøkte vel det meste av smått og stort.
Det var litt nifst første turen oppe i klatreparadiset, men det gjekk over då første turen var gjort. Emil holdt seg mykje nede på bakkeplanet medan Malin suste rundt overalt.
Malin var godt varm og storfornøgd med dagen. Ungane var der fleire timar. Nesten alle ungane som vi såg forlot leikelandet grein på veg ut døra. Ingen tvil om at dette var kjekt. Både Emil og Malin vil tilbake ein annan gong.
Sjølv om ungane var kjempetrøytte fortsatte dagen i Sogndal sentrum. Vi tok turen på kinarestauranten og åt god mat og vi prøvde trampolinene som er plassert i parken. Litt handling vart det, men det begrensa seg automatisk med fem ungar på slep.

Det var veldig kjekt å kome tilbake etter ni år. Det verka veldig annleis heilt først, men så byrja alt og gjere seg gjenkjenneleg igjen. Sogndal er framleis ei lita bygd og er framleis veldig koseleg. Likevel er det godt å ikkje bu der og berre kome på besøk. Ungane grein då dei skulle heim idag og dei ville vere der lenger. Dei hadde det kjempekjekt og gledar seg til å fortelje barnehagen alt dei har gjort.