mandag 14. desember 2009

Nok ein ny tv

Det er nok ikkje så vanleg å skifte ut tven sin gjennomsnittleg kvart halve år, men i vårt tilfelle har det vorte slik. I juni 2007 kjøpte vi ein 42" LCD frå LG. Den var i ustand når vi fekk han og vi fekk bytta den i ein likeins. Det viste seg imidlertid at det var ein seriefeil på denne modellen. I desember samme år bytta vi den igjen og fekk ein liten lånetv medan tven var på reperasjon. Små tvar er ikkje å foretrekke når ein først har hatt ein stor... Etter tre månadar konkluderte dei med at delane ikkje fans og vi fekk ein ny tv igjen. Denne gongen ein annan modell, men i samme serie.
No har vi for fjerde gong fått problemer med tven og det er samme problem kvar gong. Også denne gongen fekk dei ikkje delane og vi fekk ein ny tv. Vi har framleis LG, men denne gongen ein plasma og den er 50". Veldig stor etter å ha hatt ein lånetv på 26"!!! Malin vert ganske liten når ho stor ved sida av den. No får vi håpe det er siste gong...

3 kommentarer:

Marita sa...

Ikkje ein LG vi skal ha oss da med andre ord.... Frykta me må til med en 50 vi også :( lang avstamd frå sofa til vegg..
Veldig kjekt å fylgje med på bloggen din no - trur de e det einaste faste sida i tillegg til eposten min :) lukke til vidare. Flott namn på gullet - håper han er tilfreds med livet og at han dermed gir mor og far litt fredleg tid :) Tid til hus og malin :)

Aud-Marte sa...

Ikkje reint liten den nei! :)
Ser so flott ut huset dåkka etter kvart! Kjekt å sjå framgong med noken!!! Me helde på å pusse veggane i gangen no. Skal hente tapet i dag, so me he et lite håp om å bli i alle fall nesten ferdige til jul....

Klem :)

Anonym sa...

Ej me vil ha mej større fjernsyn, synst det e merkelig kor liten den vi he plutselig he blitt, no når vi e vande med den;) den e 42 og en LG tv. Vi he heldigvis ikkje hatt noke problem med den vi kjøpte.

Helsing fra Siv