mandag 29. april 2013

Sjølvportrett

Synest dette bilete illustrerer kvardagen vår ganske godt. Ting er på halv åtte heile tida. Litt ufokusert, lite ute av kontroll og absolutt ikkje innanfor klare rammer. 
Skitne born er vel også meir vanleg enn uvanleg. Anna ser ut som ho har vannhovud, men det har ho altså ikkje :-)

Det er utruleg lite å fortelje om for tida. Eg har stor skrivekløe og eg ser snart fram til at noko nytt skjer. Eg gidd ikkje fortelje om snø i lufta, forhatte sentralstøvsugarar eller frustrasjonar over å aldri kome i mål med det ein hadde tenkt. No gjorde eg det visst litt likevel, men det får verte med det. Eg håpar at mai vil bringe våren inn på ny og gi oss mykje sol og glede. Fuglane er iallefall tilbake og dei er nok like klar for varme dagar som meg.

lørdag 20. april 2013

To små tenner

Desse små er så herlege når dei har fått tenner. To melkekvite flekkar i nedre tanngard har sett dagens ljos. Tannkosten er tatt i bruk og det ser ut til at Anna likar å pusse tennene. Iallefall ler ho kvar gong børsta er i munnen. 
1.april var den magiske datoen for då eg kjente at to tenner kom opp på ein gong. Slike detaljar nevner eg i bloggen slik at eg ikkje skal gløyme det, sjølv om det knapt interesserer nokon ;-)
Skrytebilete. Så blid!
Vesleprinsessa vår veks, men ho gjer det ikkje så fort så eg synest tida går akkurat passe fort. Emil og Malin er så glad i ho og det med rette. Nydeleg skjønn, roleg anlagt og kavar seg ikkje opp med noko.

tirsdag 16. april 2013

Den fyrste blomen

For ei tid vi er i, det er så fantastisk med alt nytt liv som kjem. "Jeg velger meg april" sa Bjørnstjerne Bjørnson, og det er kanskje ikkje så rart. 
Eg var alt for tidleg ute med å så sommarblomar, iallefall nokon av dei, men det medfører tidleg bløming og det er kjekt når alt anna ventar på seg. Denne vakre blomen heiter Blåklint og eg ønskjer den velkommen.
Av dei nye frøa som er sådd har åtte av ti byrja å spire. Og det kjekkaste er kanskje desse som eg har tatt frø frå hagen av sjølv. Solsikke og ridderspore.
Det veks! Kjøkkenbenken er snart for liten. Eg må dele opp fleire av desse då nokon deler same krukke. I tillegg er glaskarmane i stova fått funksjon som drivhus. Det er sjølvsagt mykje arbeid med å så stauder sjølv. Eg må halde jorda fuktig heile tida, eg må prikle og kose med dei i fleire månader før eg kan plante dei ut. Men fordelen er at eg får mange planter som ingen andre har og som nesten ikkje har kosta meg noko i pengar.

mandag 15. april 2013

Her er eg

Eg er på veg ut av dvalen. Regnet og den milde vinden er komen. April har vore meir stille enn vanleg. Ikkje noko hagearbeid og eigentleg ikkje så mykje anna heller. Eg er så klar for våren at eg har latt ulltråd og strikkepinnar ligge i korga. Det er ikkje heile grunnen sjølvsagt, eg er så trøytt på kvelden etter ein lang dag og kort natt at det er lite energi igjen til å gjere noko.
Dette er vel det som er mest vanleg i dei norske småbornsfamiliar, eg tenker at eg får nok tid til å strikke og sy når ungane vil vere ilag med vener istaden for foreldra og dei vil sove lenge om morgonen i helgane. Men eg saknar tid til meg sjølv meir og meir, derfor vert det godt med vår og terapi i hagen.
Anna er no 9 månader. Det er så vidt komen to tenner, men dei er ikkje synlege enno. Ho sitt framleis ikkje og ho er ei mammadalt av dei sjeldne. Men ho er så god og fin jente at det veg opp. Vesle solstrålen vår har og fått barnehageplass. Det er 3,5 mnd igjen av permisjonen og det er heilt greit.

fredag 5. april 2013

Meir frøsåing og staudene veks i glaskarmen

Det har gått nokre månader sidan eg sådde dei første frøa. Ikkje alt har klart å spire, men resultatet er langt betre enn ifjor. No er dagane lyse og fine og det er tid for å så sommarblomar. Nokre stauder har eg sådd og, klarar ikkje heilt å gi meg. 
Her er noko av samlinga. Eg har prikla enkelte sortar. Eit innlegg frå 3.januar viser kva eg hadde av frø og kva eg hadde bestilt. Det som er på bilete her er Fagertrav, Temynte, Kunth's nattlys, Rosa myskmalva, Sommaraster, Haustvedd, Kinesisk ridderspore, Blåklint, Cikoria, Kinesisk klokkviva og Romersk ridderspore. Eg kan berre dei svenske navna, men det tidlegare innlegget viser alle riktige detaljar.
To nysådde planter samt stiklingar av pelargonia. Eg lagar alltid nye pelargoniar i mars då dei gamle ikkje er fine lenger. Eg har sådd solsikke og ridderspore med frø frå hagen. Gøy å sjå om det kjem opp noko.
Desse klarte eg ikkje å få til og eg har no gitt opp. Felles for dei alle er at det står på frøpakken at dersom det ikkje spirer etter ein månad, ha dei i kjøleskap. Det gjorde eg og det skjedde ingenting. No har eg  gitt opp og eg har lært at slike frø kjøper eg ikkje igjen. Med mindre nokon har ei god løysing på kva eg skal gjere. Plantene heiter Moses brennande buske, Stjerneflocka, Majviva, Ekte stormhatt og Nordamerikansk ridderspore. I tillegg er det Spinnelin som eg trur rett og slett var for gamle frø.

Dei andre frøa eg har sådd idag er Petunia Orchid Mist (trur eg er seint ute), Murreva, Luktert, Romersk ridderspore, Løvemunn, Rosen facelia, Sommaraster (ein annan sort enn den andre) og Sommarflox. Så får vi sjå kor stor del av dette som spirer. Å så frø er veldig kjekt, men eg har litt lite plass. Eg håpar frosten snart slepp taket og vi kan byrje hagesesongen på alvor.

mandag 1. april 2013

Nytt liv på mandag

Så er det siste dag i påska. Det kjennes som søndag og eg tillet meg å ete det eg vil for imorgon skal eg starte eit nytt og betre liv. Då skal eg slutte å ete snop, ete meir grønsaker og eg skal byrje å trene. Eg har lest bloggar, artiklar, sett tv-program og verkeleg kjent at NO er eg motivert! Den buksa eg kjøpte ifjor som enno ikkje passar har eg endeleg tenkt å få på meg. Berre vent, eg er så motivert at eg aldri har kjent maken. Eg har laga matplan, eg har laga treningsplan og eg har rydda ut av huset alt som kan minne om usunt. Ja det kan verkeleg ikkje gå gale denne gongen. Det er berre så synd at dette skjer kvar mandag.
Dette er beviset på at eg trenar. Iallefall at eg er medlem av eit treningsstudio. Det er ikkje noko gale med treningsstudioet, det manglar heller ikkje på tid til å trene. Det er ingen som står i døra og stoppar meg. Dørstokken ligg flat og fin på bakken og eg kan lett trakke over han. Eg manglar heller ikkje motivasjon. Klart eg vil trene, vere i god form, få på meg buksa som eg kjøpte ifjor, få meir overskudd og vere ein del av gjengen. Gjengen som går på treningsstudio. Gjengen som drikk av vannflasker over alt kor dei går og gjengen som har neonrosa treningstopp på seg når dei går på butikken.

Eg kan skulde på lite søvn, mykje husarbeid og manglande overskot. Alt dette stemmer, men det er ikkje det, det er viljen. Eg har vondt i viljen! Jaudå, det er klart eg vil trene, men helst skulle eg ha vore i god form i utgangspunktet, sett bra ut og drukke vatn over alt kor eg går allereie!

Eg jobbar i ein bransje kor vi går på kurs for å motivere. Enkelte har vidareutdanning i dette då vi skal vere ekspertar på korleis vi får andre til å ville endre kurs i livet. Vi har mange gode oppskrifter og metodar og vi testar dei ut på oss sjølve i rollespel. Det endar opp med at vi ler av oss sjølve for vi er ikkje eit spor betre på viljestyrken enn alle andre. Eg har til og med kursbevis innanfor dette utan at det får meg meir på trening.

I april har eg avgjort med meg sjølv at eg skal sette av to kveldar i veka til trening og eg skal vere litt mindre på klubbar og arrangement i bygda kor det vert servert kaker. Og når mai kjem vil det vise seg om dette berre er ein aprilspøk eller ikkje.