fredag 31. mai 2013

Kveldsstemning

For ei fin tid vi er i. Lyse kveldar, frodig natur, fuglar som syng og blomar overalt. Døgnet virkar lenger, lysta til å gjere noko er større og alt kjennes enklare. I to veker har vi hatt eit fantastisk vèr, eg set pris på kvar einaste dag. Tenk om dette kunne vare heilt til sommarferien!
Bilete er tatt frå Reigstaddalen for dei som er lokalkjende.

torsdag 30. mai 2013

Låveraud

Vi har etterkvart fått ei god samling med malingspann. Det er alltid noko som skal malast og i år malar vi ute. Garasja som først vart malt kvit fekk plutseleg ny farge då den vart veldig dominerande i terrenget med den kvite fargen. Så no har garasja og uteboda fått fargen "Låverød" på seg.
Espen har malt to sider av garasja til no. Eg har stått over malingsarbeidet, men når huset vert ferdigvaska skal eg ta fram malarkosten og. Det er ufattelig tidkrevande å male hus. For tre år sidan tok vi det første strøket og sida har vèret vore dårleg, men i år MÅ vi berre ta det andre strøket. Huset ser grått ut frå avstand, ikkje fint.
Om dokke ser vekk ifrå alt rotet og den uferdige garasja så vert det ganske fint. Svigermor har mala uteboda. Ho elskar å male så for henne er det berre kos. Det er då ein skulle ønske ho budde nærare slik at det kanskje vart ferdig nokon gong her. Der som ikkje er mala skal det vaskast om nokon lurer.
Fargen står bra til det kvite huset vårt. Stilen er landleg og passar godt til omgjevnadane. Ungane fekk prøve seg på maling og, men det vart fort bestemt at dei er for små. Det var maling i håret og overalt på kroppen og ikkje er det særleg enkelt å få det vekk heller. Og har nokon malelyst så er det berre til å ta turen.

onsdag 29. mai 2013

Loppefunn

I byrjinga av mars var vi på tur til Haugesund hjå svigermor. Eg hadde på førehand funne ut at det skulle vere loppemarknad den helga og fekk meg meg heile familien for å leite etter noko kjekt å ta med heim. Vi kom fem minutt før opning og det var masse folk. Svigermor som ikkje har vore på loppemarknad før fekk heilt sjokk og sa så alle høyrde det at dette var galskap. Ja det er godt at nokon seier det, for folk står som sild i tønne og ventar på at dørene skal opne på slike dagar.
Då dørene opna var det ungar som vart skubba til sides av voksne menn. Vi hadde ikkje komt inn før folk byrja å gå ut igjen. Den første som gjekk ut kom med ein liten radio under handa, ein radio som dei fleste har i garasja. Sto han i kø så lenge for dette?!

Misforstå meg ikkje, eg likar loppemarknad og ein må vere tidleg ute for å finne godbitane. Eg har budd i byen og tråla mange marknad på laurdagsmorgonen, men etter at eg flytta til bygda har det ikkje vore så stort å gå på. Denne dagen var det ingen begrensning på kor mange som fekk gå inn og det  var ikkje råd å sjå seg om. Vi kom ut derifrå med ein grønn skrivepultlampe som Espen ville ha, ei lita trillebåre i tre til Malin (og ei rosa konfekteske..)og eit gamalt spann. Lampen vart knust då vi kom heim og trillebåra tålte ikkje den lange reisevegen..

Eg har vel eigentleg ikkje komt til poenget. Espen var ute i garasja på loppemarknaden medan vi andre var inne. Der fann han denne rokken. Det var mange som ville ha den, men dei var så opptatt av å prute at Espen rakk å ta den før dei andre tok til fornuft. Etter at han hadde kjøpt den ville folk kjøpe den av han, men heldigvis, den var til meg! Svigermor lo og skjønte ikkje kva vi skulle med den. "Det var no slik dei brukte i gamledager!". Nettopp... Men eg har ikkje sauer og eg kan ikkje spinne, så det tek vel litt tid før den vert tatt i bruk. Men fin var den da. Det var sjølvsagt ikkje planlagt så vi fekk ikkje plass til rokken i bilen heim. Eg kunne sjølvsagt velge å la eit barn vere igjen i Haugesund, hadde sikkert vore deilig det for ei kort periode. Men svigermor kom på besøk i helga og tok han med seg då. Det var nok den beste løysinga...

tirsdag 28. mai 2013

Oransjerevolusjonen

Vi har ufatteleg mykje hage som skal stellast og vi har så vidt starta. Det er mykje skråning som er vanskeleg å beplante og halde vedlike, men om eg byrjar i ein ende må eg vel verte ferdig om nokre år. Sørsida har den beste utsikta, mykje sol og det er lunt heile dagen. Vi har lite vind grunna all skogen som er rundt oss og det er stort sett ein fordel.
Raud, oransje og gul er dei fargane eg til no ikkje har planta i hagen. Det er ikkje mine favorittfargar kan du seie, men så lenge det er i hagen er alt fint. Eg likar løvetann til og med. Over har eg sådd dill, ringblome og raud kornvalmue. Eg har latt stormarikåpa få stå då eg luka. Ein skal ikkje kimse av ugras.
Den eine nye stauden eg har kjøpt ser heilt fantastisk ut. Calynopsis heiter den, eller tøffelblomst om du vil.
Nellikrot. Geum bonsii 'cooky'. Kven huskar slike navn...
 Min følgesven. Den sprer seg villig og det er bra når eg skal ha mykje bed. Smågullkorg heiter den.
Bedet sett frå ein anna vinkel. Mykje ugras rundt, men det får vi ignorere. Du kan så vidt skimte plommetreet eg planta igår. Den skal stå inntil skråninga både for å dempe den veldig bratte og ustelte skråninga  og fordi det er sørvendt. Plommesorten heiter Opal og er sjølvbestøvande. Det er ein av dei mest kjente plommesortane vi har i Noreg.
Kantsteinane i bedet er midlertidig. Det er dei steinane eg fann medan eg luka. Espen skal skifte dei ut seier han, men det hastar ikkje. Det er visst på tide å slå graset ser eg....

mandag 27. mai 2013

Bedet i svingen

Å vere hageentusiast er veldig nerdete. Alle planter har navn som er umogleg å uttale og det er så mange variantar at ein aldri kan få komplett samling av ein sort. I mine bed er det veldig mykje forskjellig. Eg har kjøpt stauder, roser og busker utifrå farge, blometid og høgde. Bladformer, kalde og varme fargar og alt det der har eg ikkje tenkt på. 
Mitt nye bed i svingen er rosa og kvitt. Bedet har ikkje fått navn enno. Tidlegare har eg kalla beda mine for prinsessebedet (rosa), teltplassen (lilla) og lagunen (blå). Grunnen til det er eigentleg ingen. Synest det berre var kjekt. Eg har planta alt mogleg her og det er ikkje system eller tanke om noko. Eg tenkte eg skulle sjå korleis desse staudene arta seg iløpet av ein sesong og så får eg heller ommøblere og flytte neste år.
Eg likar å ha ein viss peiling på kva eg har i bedet og har brukt den gode, gamle paint til å hjelpe meg med det. Det finnast sikkert kulare måtar å gjere det på, men dette er godt nok for meg.
Bedet sett frå ein annan vinkel. Blodripsa har ikkje kome med i bilete. Den står litt lenger bort, den vert etterkvart stor så den må ha litt plass rundt seg. Det er mogleg eg klipp den slik at den aldri får vekse seg kjempestor, nokon som har gjort det?
Søtkirsebær 'sunburst' i kveldssol. Luktar godt og har forhåpentlegvis nokre gode bær til oss etterkvart. Eg vart tipsa om å henge ned greinene for å få meir frukt, så då må vi få gjort det. Har både epletre og plommetre som vi sikkert kan gjere det same med.
Fjelltjæreblom 'lely' står i blomst no.
Kvit forglemmegei om eg ikkje tek feil. Sto ikkje noko på potta då eg kjøpte den.

Kjekt med slike innlegg som dette for eg ser tilbake på det både seinare i sesongen for å sjå kor det har vekse og eg ser på det neste år for å sjå om alt har overlevd. Mitt eige planteleksikon :-)

torsdag 23. mai 2013

Ein hage du aldri har sett maken til!

Det er store ord eg titulerer innlegget med idag, men det er med det rette eg skriv at dette er ein hage du aldri har sett før. Denne hagen ligg her i bygda. Ein mann, eit livsverk. I 40 år har han lagt stein på stein, bygd hus for hus i hagen sin. Bileta taler for seg sjølv. Alt er lagt for hand, ingen stein er lik. 
Dette er ein del av hovedhuset. Huset er opprinneleg eit vanleg norsk hus, men etterkvart minna det meir om eit sydeuropeisk fjelllandsbyhus.
Mykje grønnsaker og bær i hagen.


 Desse husa er begge eldhus. Inni er det innreda med senger og mange praktfulle, gamle ting.
Er dette i ein vanleg hage i Noreg? Svaret er ja. Mannen er verken mangemillionær eller muskelmann, han er berre steingal :-)
Gamle reiskap som står i stil med husa.

 Mange koselege krokar og vegar for små og store kor ein kan leike eller kose seg.


 Malin og Emil studerer "badekaret" eller stampen om du vil.
Sitjeplassar er det overalt. Smart, då kan ein finne den staden med sol og lite vind til kvar ei tid.
 Toppen av garasja.
Utepeis, kanskje eit overkommeleg prosjekt når ein samanliknar det med alle husa.

Ei steinhest fant vi og.

Eigedomen har vore på programmet Grønn Glede og vart omtalt som den vakraste hagen programleiaren hadde sett nokon gong. Og det trur eg ho jammen det har rett i. Tenk kor vakkert det vert her når blomane blømer. Eg er stum av beundring.

onsdag 22. mai 2013

Frå vinter til sommar

Tida strekk berre ikkje til. Desse bileta tok eg for to dagar sidan, men idag kjem innlegget. Som dei fleste veit kom sommaren veldig brått på. Frå kalde grader og null grønfarge på trea 16.mai, var det to dagar seinare full sommar ute og bjørka smilte som aldri før. På verandaen kunne vi skimte over 30 grader på gradestokken, og det i skuggen! Vår terrasse har veldig lite vind så det var hett! 
Stauder kjem no tilbake kvart år, også smågullkorg. Den står i blomst ein månad seinare enn ifjor. Eg har framleis ikkje laga bed til den så den står her på vent enno.
Då eg skulle ut å ta nokre bileter fekk eg sjølvsagt ikkje gå aleine. Ungane dilta fort etter meg og stilte seg opp. Fokuset på plantane forsvann plutseleg, men det som blømer no er småhjarte til venstre, auriklar deretter og fire lilla Phlox subulata. To av dei heiter 'purple beauty', dei to andre sto ikkje navnet på. Bak i bilete har astersen fått fart i veksten og inn i hjørne kan dokke sjå den nye peppermyntebuska eg har kjøpt. Kvit klatrerose inntil verandaen, den har vorte lang allereie.
Auriklar. Noko meir veit eg ikkje.
Alle rosene har overlevd den harde vinteren, kan ikkje klage då! Løytnantshjarte har vorte stor i rekordfart, men likevel synest eg det mangla noko i bedet. Så eg kjøpte to Phlox subulata 'Atropurpurea' og to nellikplanter. Huskar ikkje navnet. Bak i bilete, det ser ein ikkje så lett, så har eg planta to Rosenkrage 'Robinsons rose'.
Kunstverk! Malin elskar desse, det gjer eg og.
Litt frå det nye bedet. Alt dokke ser her skal fyllast med planter. Bakerst står ei blodrips. Eg synest den er så fin sjølv om eg er usikker på kor lurt det var å ha den i dette bedet. Den vert ganske stor. Alle staudene i front kjøpte vi i pinsa. Eg kjem til å kjøpe litt stauder heile tida gjennom sommaren slik at eg får ulik blomstring på det som er i bedet. Eg har ingen plan på korleis dette skal verte til slutt, no må eg berre samle stauder og få dei til å verte kraftige og store. Felles for desse er kanskje at dei er i kvite og rosa tonar. Navn og detaljar på plantene skal eg ta i eit innlegg snart. Eg har nemleg planta meir etter at eg tok bilete.

Som dokke ser så skjer det ting her, det er deilig. Eg saknar likevel alle løkplantene som ikkje har vist seg i år. Kanskje dei har frose ihjel, eg veit ikkje. Tida får vise.

lørdag 18. mai 2013

Noko på gong?

Som vi ventar på at noko skal skje! Anna er ti månader og verken sitt, kryp, ålar eller noko anna normalt for ein ti månader gammal baby. Men no har det skjedd noko. Anna står på alle fire og sannsynlegvis lurer på om ho skal bevege seg.
"Alt er normalt", "Ikkje stress, det kjem når det kjem". Jada jada. Vi stressar ikkje, men det er 2.5 månad til barnehagestart og derfor ønskjer eg at ho skal vere litt robust på enkelte område. Det hadde ikkje vore eit lett hjarte som sendte henne i barnehage no. Tenk, Emil byrja i barnehage akkurat på denne tida. Det er heilt forferdeleg å tenke på, men ein har ikkje noko valg og heldigvis går det veldig fint. Emil var forøvrig langt lenger fram motorisk enn veslesøstra.
Søte, gode Anna. Ho er så vever at eg har vanskeleg for å forstå at ho er ti månader.
Storebror vil gjerne vise trikset sitt. Han kan hoppe over Anna medan han spring. Anna registrer det knapt..

Det var dagens gode nyhende. Og sjølvsagt kunne eg tatt med at vi har hatt 26 grader idag, men det får vi vente med. No er det Melodi Grand Prix. Eg brukar ikkje følge med, men noko seier meg at vi kan gjere det betre i år enn på lenge. Sist gong vi vann låg eg å sov, men eg håpar vi ikkje vinn. Lisensen er høg nok etter siste fest.

fredag 17. mai 2013

17.mai i år igjen

Ungane har gleda seg til denne dagen i eit par veker no. Det er så kjekt å sjå borna ha slik ekte glede over noko eg sjølv har tatt for gitt ganske lenge. 17.mai for meg har ikkje vore det heilt store. Eg huksar ikkje noko frå den tida eg var heilt liten, men då eg var 8-13 år spela eg i korps og hadde ikkje tid til anna enn speling. Seinare var ikkje 17.mai stas lenger. Inntil eg fekk born og eg flytta til Valestrand.
I år er vi med å arrangerer 17.mai. Det er kvar sin gong 6.kvart år. Då kjem det ikkje som ei bombe og ein må berre tilpasse seg deretter. Obligatorisk er å lage kake for salg. Eg laga ei klassisk bløtkake med 17.mai-inspirert pynt.
I år fekk eg ikkje tatt noko fint bilete. Det vart med dette eine. Eg var aleine med borna og mykje skulle gjerast før vi gjekk. Espen måtte førebu 17.mai-fest om nokon lurte på kor han var.
Malin er flink å stille opp på bilete. Ho er særs stolt over 17.mai-kjolen sin som ho seier og ho kunne ikkje tenke seg å ha på seg noko anna.
Emil er umogleg å ta bilete av. Derfor vart det ikkje gruppebilete. Her smilar han iallefall. I år har han fått låne ein ekte bunad frå Osterøy/Nordhordaland. Så fin gut!
Sjølv om det ikkje var eit ekte tog (lokomotiv) så var det kjekt likevel å gå i tog. Han gjekk heile vegen og forundra seg nok over mykje idag.
Anna satt (les stabla) i vogna. Ute har det vore 20 grader idag. Plutseleg var det sommar.
Malin fekk bere den nylaga fana til barnehagen. Stas!
Emil er på veg ut  av bilete.
Ein sliten gut etter ein hendelsesrik dag. Det har vore leikar, kaker og is på skulen. Mange premiar i sekken på veg heim. Det er kjekt å vere med på dette arrangementet for det er stor oppslutning om det i bygda og ein treff masse kjente folk.
Litt for stor kjole, delvis uten knappar og med jordbærsmoothie ut over heile eine arma. Men like blid! Det vert 17.mai uansett og det er så kjekt å sette stas på landet vårt på denne måten. Eg tenker på alle som gjer det fint rundt huset sitt, kjøper inn sommarblomar og brukar tid på å pusse sølv og stryke skjorter. Nokon lagar til og med fest for andre denne dagen. Neste år feirar vi 200 år med eiga grunnlov, det vil vi nok merke.

Gratulerer med dagen og ha ein flott 17.mai vidare.