mandag 28. mai 2012

Blømande epletre

I ni dagar har vi hatt varme sommardagar og det ført til raske resultat i hagen. Eg oppdagar nye blomar som blømer kvar dag og idag var turen komen til epletreet Katinka.
Eg har budd i Sogndal i tre år og har sett atskilleg mykje meir bløming enn dette. Det er så utruleg vakkert og stemningsfullt med epletre som blømer. Diverre er ikkje trea vi får kjøpt idag like store og vert like gamle som dei som ein fekk før og som var så store at ein kunne sitte under.
 Treet kjøpte vi ifjor. Vi har eitt til som straks kjem med sine blomar tenker eg. Håpar det iallefall.
Så må eg vise dokke Malin som har bada for første gong i år. Vi prøvde først å stikke beina i sjøen, men det var iskaldt. Seinare på dagen tok vi turen til Brakvatne, det lokale badevatnet i bygda, og jammen var ikkje temperaturen godkjend.
Emil godkjende ikkje badetemperaturen, men han var nøgd med å vere langs kanten med bøtte og spade. Badebukse uten bleie fekk han og ha på seg. Gode greier.

Pinsa er over, temperaturen har sunke, men vi håpar han stig att imorgon. Det er deilig med sommar, berre han ikkje vert kort og fråverande slik som ifjor. Vi skal nyte alle dagane vi får, det er sikkert.

lørdag 26. mai 2012

Terrassa før og etter beising

Tenk at det er så varmt at vi må sitte inne! I ettermiddag då vi skulle grille måtte vi sitte i skuggen. Det var brennheitt og ingen vind som hjalp oss. Vi skal ikkje klage, det er heilt fantastisk. Vi kosar oss heile dagen lang. Akkurat no er det fint ute. Klokka er halv ni om kvelden så den verste varmen har forsvunne, men vi sitt i shorts og singlet og ventar på at landskampen skal byrje (inne).
Terrassa som Espen bygde for to år sidan har enno ikkje fått seg eit penselstrøk. No var det på høg tid og vi har vèret på vår side. Over ser dokke terrassa slik den var etter at Espen vaska den.
Og her er terrassa etter to strøk med Butinox gylden. Det gjekk veldig fort då Espen brukte rulle. Så får vi håpe at vi kan ta i bruk terrassa imorgon og vente med nye strøk eit par år fram i tid.Det er så vidt vi har møblar til å ha ute, så det står på ønskjelista. Kanskje sparegrisen er ekstra spandabel etter å ha fått så fin terrasse? 

torsdag 24. mai 2012

Bløming i stor fart

Etter lang tid med regn får plantene verkeleg fart på seg når sola stikk fram. Det har vorte skikkeleg grønt no på kort tid, men eg merkar jorda er ganske våt enno. Og det er no bra skal dette vèret fortsette. Det siste døgnet har det kome nye, fargerike hovud i bedet. Det er så kjekt å følge med!
Blå akeleie. Eg kan ikkje huske at den var så vakker. Akeleier i alle fasongar og variantar er utruleg flotte og eit lite kunstverk synest eg.
Rosa prydjordbær trivs og veks. Den første blomen er komen i kjent, rosa positur.
Løytnantshjarte er så utruleg flott. Romantikk og kunst på ein gong. Eg forstår ikkje korleis naturen klarar å gi oss så mykje flott. Små frø og røter vert store, flotte kunstverk.
I tillegg til bløming har eg sådd i frø. Eg gir aldri opp sjølv om det meste døyr. Eg har brukt ispinnar og hyssing for å markere kor eg har planta slik at eg ikkje skal luke det vekk. Nærast har eg sådd kvit pionvalmue og lengst vekk har eg planta nattfiol. Spennande å sjå om det vert noko. Må passe på å halde det fuktig iallefall.

Imorgon er det fredag og det nærmar seg pinse. Vi er utruleg heldig med vèret og mange vil nok vere i hagen denne langhelga. Espen har vaska terrassa og skal beise imorgon. Elles ventar vi på jord fordi vi framleis ikkje er ferdig med å lage plen og mykje anna kjem til å skje i helga. Jippi!

tirsdag 22. mai 2012

Masse nytt i hagen

Først må eg seie at det er nokre herlege dagar vi har no. Endeleg kom sommaren til oss! Når det er sagt så må eg vise dokke alt som har skjedd i hagen berre idag og igår. Det er utruleg kor mykje ein får gjort når vind og regn held seg unna. Sjå berre her.
Den lilla teltplassen tek form. Bedet spadde Espen opp for nokre veker sidan, men først no har det vore vèr til å plante noko i det. Vi har ikkje fått kantstein enno, men det kjem.
Heilt ved verandaen har vi planta to klematis og ei klatrerose. Klematisane er i lilla og rosa er i kvit. Espen har festa espalier på begge sider av verandaen så plantene har noko å klatre opp etter.
Eg har vore på planteloppemarknad idag. Eg kom heim med sju planter for den nette summen kr 140. Asters vert lilla og veks litt i høgda. Snøklokkene fekk eg utanom frå ei anna i styret i hagelaget.Silkepeonen kjøpte eg på Plantasjen, småhjerte vart med meg heim frå loppemarknaden, det same med lykkekløver. Lykkekløver er ein knoll så eg må huske å ta den inn til hausten. Frå før har bedet hatt to haustfloks.
Eg hadde fleire lavendel i det rosa bedet som eg no har flytta hit. I tillegg har eg nokre små, skrale stauder som så vidt overlevde stormen. Sjølvsåinga mi har ikkje lukkast i særleg grad, men det vesle av myskmalva som overlevde har eg planta i jorda no. I tillegg har eg ei plante frå loppemarknaden som eg ikkje huskar navnet på.
Den ukjente planta ser slik ut. Den er lilla og har blad som er grøne og sølvfarga. Kjenner du denne?
Eg fekk med meg heim ei busk, vierhortensia, som var ei gåve frå ei i hagelaget. Den har eg ønska meg sidan eg var på besøk hjå ho ifjor. Den får store, kvite klaseblomar og duftar fantastisk. Berre vent å sjå på seinsommaren!
Dette bilete må forstørrast eller berre la vere å sjå. Veldig mykje av staudeme i dette bedet er små og miserable etter ein dårleg oppvekst og ein frykteleg storm. I den raude firkanten har eg planta forglemmegei og i den oransje har eg planta blå valmuesøster. Begge frå loppemarknaden. I den gule har eg akeleie som eg flytta frå ein annan stad i hagen. I den blå har eg sjølvsådd blå balltistel, i den lilla høstvedd og i den rosa blå polargull. I den kvite har eg planta i kinesisk ridderspore. Om noko overlev veit eg ikkje, vi får krysse fingrane.
Eg hadde ein stor, flott ridderspore ifjor som i år har vorte ete av sniglar. Ikkje iberiasnigelen, men alt anna. Det har så vidt kome opp noko og eg bestemte meg for å flytte restane i ei krukke. Sniglane har ete knoppane etterkvart som dei har kome. Det er så merkeleg for ifjor var det ikkje noko problem i det heile med sniglar.

Eg skal vere flink å vatne på kveldane, men om dagen er det for varmt for dei stakkars, små plantene. På loppemarknaden høyrde eg om fleire som har mislykka forsøk på å så stauder sjølv, det var no enda ei trøyst. Eg får berre gjere ting annleis etter denne sesongen. Inntil då får vi nyte det vi har fått til.

søndag 20. mai 2012

Endeleg er sola tilbake

Etter nesten tre veker med regn, kalde grader og mykje vind har det endeleg snudd. No håpar eg jorda vert tørka opp og omgjevnadane vert grøn og frodig. Vi har fått fugleungar i taket, 17.mai er passert og påskeliljene har visna så mykje tyder på at våren i full gang. 
Vi har vore ute i heile dag. Det er ganske hektisk med desse to, men det er enklare å vere ilag med dei ute enn inne. Dei kranglar om dei same tinga og plagar kvarandre med smått og stort, men innimellom glimtar dei til med gullkorn og sjarme.
Espen har flytta restane av taksteinen bort frå området bak borna og det er berre bosskøyring igjen før vi kan få jord på plassen. Eg får teikne ei skisse over området slik at dokke får sjå kva vi har tenkt.
Tulipanane blømer og viser seg fram, men mange av dei fekk seg ei hard medfart i stormen som herja for ei veke sida. Det er til å verte deprimert av når eg tenker på det.
Peonen Sarah Bernhard har fått seg ein knekk. Desse blømer kanskje ikkje uansett i år, men stakkar så pusslete den har vorte.
Heile bedet her fekk hard medfart. Mange tulipanar og påskeliljer knakk og løytnantshjarte knakk fleire stadar. Det er ingenting i bedet som har fått skade for livet, men det er så unødvendig med slik vind på denne tida av året!
Det som tynger meg mest er mine sjølvsådde stauder. Før stormen var det berre halvparten av frøsortane som spirte, og etter stormen fekk mange så hard medfart at dei har visna. Eg har tatt dei inn på badet for å tørke dei opp, men ikkje alt kan reddast. I tillegg er staudene så små og dei vert liksom ikkje større. Eg kjenner meg som ei dårleg mor som ikkje får det til, og borna (plantene) er underernærte og får ikkje dei vekstvilkåra som trengs. Heretter skal eg så frøa på hausten direkte i jorda, men det har ikkje vore mogleg til no fordi eg ikkje har hatt bed å plante frøa i. Nokre frø skal såast i desse dagar, håpar det skjer noko med dei.

Eg har vel ikkje dei største problema i livet som halvsørger over visne stauder, men eg kjenner det er utruleg irriterande etter fleire månadar med pass og stell. Sikkert mange som har erfart det same, etterkvart vert eg kanskje ein staudeekspert eg og.

lørdag 19. mai 2012

Litt nytt om garasja

Det har vore veldig dårleg vèr dei siste  vekene, men no ser det ut til at det snur. Det har vore ein fin utedag idag for store og små. Medan eg har kost meg ilag med borna og fine venner, har Espen hatt dugnad på garasja. Eg har diverre ikkje bilete frå arbeidslaget, men Espen har fått hjelp av fem mannfolk idag. Veldig kjekt!
Med hjelp av sterke mannfolk og ein solid traktor fekk dei opp taksteinane på taket idag. Jobben var gjort på to timar.
Espen og Steffen gjorde ferdig gavlborda etter at laget hadde gått, og så gjenstår montering av takrennener før steinen skal på.
Legg merke til den fine hagen vår til venstre i bilete... No når takststeinane er oppe kan vi rydde boss, flytte resten av taksteinen vekk og få tilkøyrd jord. Det skal lagast både det eine og det andre her.
Litt kledning gjenstår og vindauge og dør. Likevel er vi kome langt. Veldig kjekt. Tenk korleis det hadde vore om vi ikkje hadde fått alle den gode hjelpa vi har fått til no? Utruleg kjekt med gode venner og familie som stiller opp. Det er då det er kjekt å hjelpe tilbake.

torsdag 17. mai 2012

Årets 17.mai-bileter

Gratulerer med dagen alle saman! Det er ikkje mykje å seie om denne dagen, det meste er vel sagt frå før, men det høyrer med å ta nokre bileter av borna FØR dei reiser ut i tog. Kleda er reine og nystrokne, det er fint dagsljos og alt ligg til rette for nokre flotte bileter. Nesten...
Det er sjølvsagt nødvendig å stå i ro, men det er ikkje enkelt.
Enkelte tøysar, andre klistrar på seg eit fotografsmil.
Fine er dei då, litt tøysete berre.
Malin er stolt over bunaden sin, eller festdrakta då om nokon vil vere pirkete. Bunaden vart kjøpt på Europris for to år sidan. Og idag er det definitivt siste dag ho kan bruke den. Skjorta er ny, skoa er nye, men resten er to år gammalt. Likevel er det berre brukt tre-fire gongar til saman.  Her på Valestrand er det vanleg å låne vekk bunadar og sko til kvarandre og det er bra synest eg.
 Emil er eit lite sjarmtroll og veldig tøysete.
 Fine guten, han ser så stor ut når eg har klipt han. Men så er han snart 2,5 år og, tenk det.
På skuleplassen var det 17.mai-leikar med premiegaranti. Premiane var alt frå hov som du fangar insekt med, små bilar, klistremerke, såpeboble, hoppetau og hula hula skjørt. Sistnevnte var kanskje det beste. Malin tok av seg bunaden med ein gong ho kom heim og tok på seg dette lurve av eit skjørt. Skjørtet overlet ingenting til tilfeldigheitene, men så lenge du kan danse i det så er alt fint i følge Malin. Det må og leggast til at det er rosa og glitrar, kan det verte betre?

God 17.mai vidare til alle som les. Hipp hipp hurra!

søndag 13. mai 2012

Vel gjennomført sykkelarrangement

Det har vore travelt dei siste dagane, særskilt for Espen, då han har vore med å arrangert sykkelløpet Osterøy Rundt. Det er andre året han og nokre andre arrangerer løpet, og det har til no vore vellukka kvar gong. Osterøy Rundt er ei løype på 72 km som består av opp og nedoverbakkar. Ei krevande løype som tek 3-5 timar. Eg har gjort mitt bidrag som frivilleg med bildemontasje med musikk som vart framført på festen vi hadde om kvelden. Vi hadde folk med kamera fleire stadar i løypa som hjalp meg å gjere montasjen variert og fin.
Her er Espen på toppen av første stigning. Mange frivillege stiller opp og hjelp til for at arrangementet skal fungere, og arrangørane har til og med fått eige kamerateam som filmar gjennom løpet. Filmen vert vist på festen om kvelden. Dei har med andre ord kort tid på seg til å lage ferdig ein film og det er imponerande kva dei får til på så kort tid.
Både våre ungar og fleire andre sine born stilte opp med plakatar, flagg eller hjalp til på drikkestasjonane og i målområdet. Ungane set stor pris på dette og det er artig å heie fram syklistane.
Ein av drikkestasjonane. Espen er bakerst i bilete med raud jakke. Det var to stasjonar kor det var mogleg å få vatn, banan og sjokolade. Nokre tok seg god tid medan andre suste avgårde. Litt ulikt ambisjonsnivå på dei enkelte, men tanken er at det viktigaste er ikkje å vinne, men å delta.
Etter at alle kom i mål vart det tatt lagbilete av deltakarane. Vi var heldige med vèret denne dagen med tanke på regnet og vinden som herjar ute no. Det var ein kjekk, men hektisk dag for oss som hjalp til. I målområdet vart det grilla pølser, delt ut brus og ete bollar. Med frivillege og lokale sponsorar vart dagen både familievennleg og ei kjekk oppleving for alle.


I og med det har vore så travelt dei siste dagane har eg ikkje fått feira at bloggen er 5 år denne månaden og besøkstalet er passert 100 000. Det vil kome ein bloggkonkurranse som ikkje lenge, så følg med!

mandag 7. mai 2012

Soverommet- før og undervegs

Å vise soverommet vårt vert ikkje noko vane. Likevel har eg lyst å gjere det når det er nymala og heilt fritt for rot. Vi flytta inn i nytt hus februar 2010, men eg har ikkje likt soverommet vårt frå dag 1. Årsaka er at panelet i taket og listene har vore umala. Ein hard vinter har skulda for at vi ikkje malte dette på førehand utan å gå i detaljar. I tillegg har vi garderobeskap som følgde med huset som verken er praktiske eller solide og som vi skal bytte ut.
Det første før-bilete viser alt anna enn romantikk og harmoni. Vi har hatt ein tendens til å la soveromma vi har budd sjå ut som eit lager. Iallefall eit rom som ikkje har vore prioritert. Skrivepulten er alt for stor og har stått i vegen meir enn vore til nytte. Det vart lett rot inni og oppå pulten. I tillegg er kontorstolen så stor at du kom deg ikkje forbi senga når den sto inntil pulten. Taket gjer at heile rommet ser gult ut, ein farge eg personleg ikkje er så glad i.
Alt kan verte betre, og slik ser det ut no. Svigermor har mala taket medan eg har malt veggar og lister. Det har tatt si tid, men etter ei periode med seng på loftstova var vi i natt tilbake til soverommet vårt. Utruleg kjekt må eg seie. Nytt sengetrekk har vi fått av mamma. Gråfargen heiter S 5000 N og er to nyansar lysare enn den meir kjente Matrix frå Jotun. Listene og taket er eggekvit.
Lampane skal vi framleis ha, den høgre må vi bytte ut då den datt i frå kvarandre. Nattborda likar eg veldig godt så dei skal også få vere her. Både lampane og nattbordet kjem frå IKEA.
Det er nesten som eg ser at eg søv betre i det nye soverommet. Grått og kvitt passar veldig godt saman. Eg er veldig glad i fargar, men på soverommet passar det best med harmoni og ro synest eg.
Vi er ikkje ferdig med soverommet enno, kanskje eg slår til med eit fancy sengeteppe som vi aldri kjem til å bruke etter eg har tatt etter-bileta?  Eg beundrar dei som reier opp senga si kvar dag og lar soverommet sjå ut som eit interiørblad, men det kjem ikkje til å skje hjå oss. Eg har heilt klart potensiale til forbetring.
Det som skal gjerast vidare på dette rommet er å skifte ut dette skapet som opptrer som eit jordskjelv dersom vi flyttar på det. Det tåler rett og slett ikkje verte flytta. Vi skal erstatte det med Pax frå IKEA og utnytte plassen betre. Eg har ikkje fått malt bak skapet så først må eg flytte ut det  som er inni før skapet vert øydelagt og kasta. Gardiner, lampar og pynt manglar og så det vil kome eit etter-innlegg etterkvart.

onsdag 2. mai 2012

Nydeleg vèr og litt hagearbeid høyrer saman

Er det noko eg ikkje gjer så er det å sitte inne når det er fint vèr. Eg bryr meg ikkje om rot og alt som må gjerast inne når vi endelig har sol og varme grader. Ungane har ikkje vore inne i det heile. Berre ein   tur i badekaret før dei fann senga. 
Vi har ikkje sandkasse enno, men ungane fann det godt nok å grave i jorda. Den er ganske tørr no så det vart ikkje så mykje gris.Dei kosa seg og leika seg så fint. Slikt må dokumenterast, det skjer ikkje så ofte. Det endar som regel med krangling og grining, men i ettermiddag har det gått veldig fint. 
Berre idag har tulipanane sprunge ut. Det går så fort! Eg må forte meg å nyte det før det visnar, dei er iallefall utruleg skjønne. Trudde kanskje dei var litt meir rosa, men dette er godkjent. Det rare er at samme sort tulipanar ein meter bortafor ikkje har sprunge ut. Skal tru om det er superjord under desse laukane?
 Smått og vakkert. Eg må nyte dei meir imorgon.
 Espen har byrja å hakke opp gras på den lilla teltplassen. Her kjem det lilla og kvite stauder. Graset i midten skal verte forma som ein sirkel. Trur dette vert koseleg. Eg har mange stauder klar til å plante ut, men eg er skeptisk til frostnetter. Veit ikkje om det tåler det, men det burde dei kanskje sidan det er stauder? Nokon som veit?
Slik vart det tilslutt. Vi skal ta litt og litt om gongen, men den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves.

tirsdag 1. mai 2012

Litt frå hagen 1.mai

Etter ei veke heime i Volda er vi no tilbake. I Volda har vi opplevd sol, regn og snø medan det her vårast på ein heilt annan måte. Eg koste meg heime i Volda, men det var godt å kome tilbake til Valestrand og. Alle plantene og blomane har eg tenkt masse på. Slik er det, dei har vorte som små born for meg.
Vi skriv 1.mai. Det er min bursdag idag, men noko feiring har det ikkje vore. Borna har visst ikkje skjønt at mor treng spesialbehandling denne dagen. Det er like mykje krangling og masing som alltid, eg er like sliten og pliktene er dei same som andre dagar. Det skal likevel seiast at dagen har vore kjempeflott. Det har vore eit nydeleg vèr og eg har hatt t-skjorte på meg for første gong i år. Malin er vel den første av oss som kler av seg. Fattar ikkje kor ho har arva den varmen i kroppen frå. Det er sjeldan ho frys.
Vi har styrt i hagen idag og ungane hjalp til så godt dei kunne. Jord og vatn er kjekke ting. Dei har rake, spade og trillebår. Malin hjalp pappa med å fordele noko jord som har lagt som ein haug mellom plen og byggeplass, det vart straks mykje finare etterpå.
Som dokke ser i bakgrunnen så er det ikkje mykje som liknar hage akkurat her. Ikkje før taket er lagt på garasja kan vi byrje å tenke på plen i dette området. Det skal kome leikestativ og sandkasse samt plen. Malin og Emil skal og få seg ein liten hage/blomebed ein stad i dette området. Mellom plen og garasje skal det verte ein grusgang stor nok til å kunne plassere ein bil. Det vert nok meir om det når den tid kjem.
 I dette rosa bedet mitt som eg snakkar så mykje om har vi ommøblert (igjen). Før sto klematisen Maria Cornelia og klatrerosa New Dawn klynga saman til venstre i bilete. No har vi fordelt plantene bortover ilag med ei ny klatrerose Coral Dawn. Vi har kjøpt espalier i bambus som dei skal klatre opp etter. Vi har og planta ei klaserose i front som heiter Bella Rosa.
Slik ser det ut no. Mykje har skjedd sidan vi reiste til Volda. Påskeliljene duftar så godt og kanten på bedet har fått seg nokre steinar.
Bak til venstre står Kamelia og bak påskeliljene har peonane byrja å vekse. Så er det perleblomst og påskeliljer i front. Snart kjem tulipanane og. Eg skulle vel strengt tatt hatt nokre stauder framfor laukblomane då det ikkje vert så fint i bedet når blada visnar, men det problemet får eg ta etterkvart.
Til venstre for tulipanane har eg i dag planta eit par liljelaukar. Star Gazer heiter dei og er orientalske liljer som duftar som himmelen. Framfor tulipanane veks løyntnatshjarte og bak påskeliljene skimtar dokke peonar igjen.
Det er vel kanskje ikkje så vakkert med svart bobleplast, men det er nødvendig når eg plantar så tett inntil husveggen.
Eg viser til forrige innlegg og årsaka til kvifor vi skal gifte eit større område i hagen. Idag har Espen flytta tre ripsbusker, ei solbær og ei stikkelsbærbusk. No får dei stå i front på sørsida, betre kan det vel ikkje verte. Det er ikkje mykje å sjå på dette bilete, men dei står i rekke langs kanten. Vi skal sjølvsagt rydde vekk alle kvistar og greiner, men vi prioriterar ikkje tid til det akkurat no.
Til venstre står rekka med busker altså og i botnen av bakken er den store utfordringa eg snakka om i forrige innlegg. Det er eit stort område som skal rehabiliterast. Dette er nemleg ikkje heile området. 
No kjenner eg dagen er over for min del og eg skal straks finne senga. Viser dokke berre eit bilete frå andre sida av huset. Her har vi plassert roseboge med klematis og rose planta ned i jorda allereie. Vi skal lage bed med blått på eine sida og lilla på den andre. Sjølvsagt er ikkje siste ord sagt om dette.