søndag 30. august 2009

Fru Chiquita flyttar igjen

For dei som kjenner meg og Espen kjem vel ikkje dette som ei bombe: Vi flyttar. Denne gongen nokre hundre meter oppi byggjefeltet. Eg har eit nært, men anstrengt forhold til banankasser nettopp fordi vi har flytta så mykje. Dette er 10.gongen på 6 år! Eg tek vare på banankassene mellom kvar gong vi flyttar så både Chiquita, Dole og First Price har fått reist litt dei siste åra. Eg er mildt sagt lei av å flytte, men denne gongen hadde vi ikkje så mykje vi skulle ha sagt då ho som eig leiligheita skal flytte tilbake.
Det hadde vore kjekt å sleppe å flytte no når det berre er omlag sju månadar til vi flyttar inn i nyehuset vårt. Eg har denne gongen forenkla det veldig. Alle bøker, filmar, cd'ar,klede, pynt, kjøkkenutstyr og diverse som eg meiner vi ikkje har bruk for før april, er no pakka ned og lagt på lager hjå bestefaren til Espen. Vi har vel minst likemykje eigendelar der som vi har kor vi bur. No håpar eg berre det er ein siste gong til før eg kan kaste banankassene for evig og alltid. Likevel takkar eg alle som tek seg ein banan og som på den måten har bidratt til at vi har enkle kasser å stable og flytte.
Heilt utruleg kva ein samlar på i desse kassene. Det er mykje vi eig som eg berre ser når vi flyttar. Her er eit bilete tatt på Malin sitt rom. Ho har flytta inn til oss medan hennar rom er lager. Bileta er tatt tidleg idag, så det meste er vekk no då vi har fått nøkkel til leiligheita og fire lass er reist avgårde.
Sjølvsagt skulle det høljeregne når vi skulle flytte. Har ikkje sett så mykje vatn komande frå himmelen på ein gong på veldig lenge. Malin fekk på seg regndressen i alt kaoset, det er så vidt ho ser noko under hetta. Det regna så mykje at eg måtte forte meg å ta eit bilete. Det viser vel ikkje kor mykje vatn i sekundet som eigentleg traff bakken. Vi er framleis ikkje ferdige, vi flyttar inn imorgon. Det som er litt stress oppi alt dette her, er at huset skal røysast neste veke. Mykje som skal koordinerast på byggjefronten i tillegg til flyttinga, så det vert ikkje mykje å høyre frå meg i bloggen nokre dagar til.

tirsdag 25. august 2009

Malin 2 år

Idag har vi hatt gebursdagsfeiring for vesle Malin som har vorte 2 år. Vi er i Volda hjå mamma og har hatt eit lite selskap med Iselin (ei venninne av meg) som gjest. Kaka i forrige innlegg vart bakt for dette høve. I tillegg hadde vi gelé med vaniljesaus og Brænnebrus/saft (lokalt merke).
For at det ikkje skulle verte så mykje pakkar på ein gong, fekk Malin opne pakken frå onkel André tidleg idag. Med store auger og forventningar, opnar ho pakken som blant anna inneheldt boka om Makka Pakka som vaskar venene sine. Drømmehagen er favorittserien til Malin. Når den kjem på skjermen, lyser ho opp og i ein halv time sitt ho heilt stille og ser. Boka fall i smak altså.
Geléen kunne ikkje kome fort nok på bordet. Malin var utolmodig og vi måtte gi ho noko fort for at ho skulle slappe av. Gelé og vaniljesaus er kjempegodt, mmm!
Vi foreldre og besteforeldre var mest spent på reaksjonen hennar når ho skulle opne pakkar. Vi tenkte at når ho hadde fått litt gelé innanbords, ville interessa for pakkane kome. Dette biletet illustrerer ganske godt det motsatte. Vi lokkar med pakke, men mormor du må vente, skal berre ete gelé først. Malin er kjent for å ete alt og mykje, og dette var altså ikkje noko unntak.
Ein stor pakke skulle opnast. Oj oj oj, seier Malin. Duplo lego er i vinden. Ein bondegård med mange dyr er populært for Malin som er glad i dyr. I tillegg fekk ho gravemaskin og traktor i Duplo. Så herleg å ha gebursdag! Imorgon skal vi nok få leikt litt med dei nye leikene, for idag vart alt litt for mykje for ho. Skal tru om ho drøymer om gelé i natt??

Oreo kake

Denne kaka har etterkvart vorte ganske populær i dei norske heimar. Den er supermektig og inneheld så mykje kaloriar at ein ikkje nemner det med eit ord. Eg har til no berre smakt den hjå andre, men igår laga eg den for første gong sjølv. Ein må berekne eit døgn før ein et den, og oppskrifta er ganske grei. Litt lag på lag, så ein må følge med og ha tolmod, men det er nok ei kake eg kan lage igjen.
Oppskrift finn du her.

fredag 14. august 2009

Når ein bygg i "uren luren" samt litt framgang på tomta

Å byggje utanfor regulert område er ikkje alltid like enkelt. Særleg når tilkomstvegen er bratt, smal og svingete. Når kommunen skulle godkjenne dispansasjonssøknaden var det vegen opp dei merka seg. Vegen vi har laga er grei, men det er vegen som vart laga for 30 år sidan som er problemet. Det har vorte ein vane etterkvart å spørje alle som skal levere varer eller tenester på tomta om kva bil dei har. Vi måtte for eksempel få ein annan betongbil enn først tenkt nettopp på grunn av dette. Ein dag skal eg finne ut stigningsprosenten. Vegen hadde aldri vorte godkjent som veg skulle den lagast idag, men det er to husstandar som har budd her lenge, så det ordnar seg til slutt.
Biletet er tatt frå bestefaren til Espen. Det viser den bratte vegen opp. Det ser ikkje så bratt ut biletet som det eigentleg er. Der gravemaskina står skal huset stå. Det er ikkje så lett å sjå på biletet, men idag fekk vi besøk av dei som skal bore etter vatn for oss. Han hadde ein bil med boogiehjul kor berre eine bakhjulet trakk. I tillegg skulle han få opp ein stor kompressor som tilhengjar. Det gjekk sjølvsagt ikkje.
Vegen opp vart riven opp etter at lastebilen spann nokre gongar. At han hadde på kjettingar gjorde ikkje saken betre. Ein utelampe til naboen gjekk også med i styret. Det endte med at lastebilen kobla boreriggen ifrå, festa den til kompressoren og som ilag drog opp til tomta som ein robot. Så kom han opp med lastebilen etterpå. Han skulle gjort dette frå førstninga, då hadde vegen vore heil og lampen likeså. Heldigvis fiksa gravemaskina litt på vegen slik at vanleg bil kunne køyre på vegen. Elles kunne ikkje naboen kome seg heim.
Det har skjedd ein del på tomta dei siste dagane. No er planeringa i full gang, og det har byrja å kome jord i skråningane og der vi har planar om å ha plen. Dette er nedsida av huset. Den raude streken viser grensa. Ikkje særleg bra plassert som dokke ser, men lenger ned eigde ikkje bestefaren til Espen rett og slett. Det er likevel ikkje noko problem for oss å nytte arealet. Eg tenkjer det passar fint å ha hageavfall, kompost og evt. bikuber der. I skråninga vert det planta, laga trapper osv. Det skal kome plen oppå flata også, men dei legg jorda der tilslutt.
Ei skråning til. Dette er sida mot naboen. Vi eig alt dokke ser på biletet. På flata der som no er gras har eg tenkt å ha drivhus, matplanter og liknande. Litt skog skal ryddast, men det tar tid før vi heilt veit kva vi vil. Ein ting om gongen, er det ikkje slik?

onsdag 12. august 2009

Babyjakke i lyseblå bomull

Eg hadde noko bomullsgarn, Paris frå Drops, til overs og visste at denne er grei å strikke til så tjukt garn. Eg har strikka denne jakka før i dobbel alpakka, men eg må seie at eg synest den vart finare no. Til litt grovare strikk er tjukt bomullsgarn fint, men ellers er ull det beste. Ull får plagget til å forme seg så fint meiner eg.
Jakka er strikka i minste størrelse og er tiltenkt ein liten dokkemann som kjem til verda i oktober. Når ikkje mora eller bestemødrene strikkar, veit eg at det vert satt pris på heimestrikka gåver frå meg.
Knappane er av tre og er forma som små epler. Dei er kjøpt på Stoff og Stil.

tirsdag 11. august 2009

Første barnehagedag etter ferien

Den vesle tausa vår byrja i barnehagen idag etter tre veker ferie. For oss voksne er tre veker ferie alt for kort, men for slike småtroll som henne har det tydeleg vore lenge nok. Det var som ho aldri hadde vore der før. Ikkje vil ho sleppe mamma, og når eg hadde gått var ho lei seg lenge etterpå. Heldigvis er eg heime slik at ho fekk ein kort dag. Når eg kom var ho veldig kosete og ville ikkje sleppe meg. Det går seg nok til iløpet av veka, men idag vart det nok ein hard start for henne. Resten av ettermiddagen var ho sutrete og hadde vanskeleg for å legge seg.
Eit bilete av jenta vår på første dagen. Har tatt på henne nye klede, nesten som det skulle vore første skuledag. Ho har blitt så stor no, snart fyller ho 2 år. Orda kjem som perle på ei snor, og det er så gøy å sjå alt ho får til og forstår.

mandag 10. august 2009

Liljene blømer endeleg!

Det er lenge eg ventar på at liljene skal bløme. I år kom dei litt seinare enn før, sikkert fordi løkane har vorte flytta. Sidan eg ikkje har hage i år, står dei i lånt jord hjå bestefaren til Espen. Så no når det er full bløming, tar eg nok turen til han oftare enn vanleg. Som ifjor og åra før der igjen, dufter dei fantastisk og ser så utruleg vakre ut.
Eg kan ikkje få nok av denne blomen.
Alle som stikker innom legg merke til denne blomeskaren av liljer. Så uendeleg vakkert!

Den store overraskinga i år var liljeløkane eg planta i vår og som eg kjøpte på hagemesse. Denne lilja skulle eigentleg vere kvit og rosa, heite Muscadet og dufte himmelsk. Ingenting av det stemmer. Så kva dette er, må fuglane vite. Synest han ikkje var så veldig fin. Trur han skal få vere att når eg omplantar liljene igjen i min eigen hage neste år. No er det ein liljesort igjen som ikkje har sprunge ut, eg ventar i spenning...

lørdag 8. august 2009

Scrappefeber

Eg fortset min produktivitet med eit nydeleg bilete av Malin når ho var omlag 13-14 mnd. Ho er til å ete opp etter mi meining på dette bilete. Dei knallblå auga, smilet, tennene og den lubne handa. Å så god! Eg kjøpte mønsterarket første gong eg handla inn ark i det heile. Og eg hadde bestemt meg for at ville bruke dette arket på dette bilete. Problemet var å finne ut den beste løysinga når mønsteret er så voldsomt. Bokstavar oppå bokstavar vert som smør på flesk for meg.
Trur det løyste seg med arket. Har brukt nokre bokstavar i overskrifta som eg stansa ut for lenge sidan. Litt band og blonder, ein akvarell av to søte små mus under ein prestekrage og til slutt printa eg ut dei to første versa av "Vi har en tulle med øyne blå". Kanskje eg pyntar meir på layouten ein annan gong, men akkurat no hadde eg ikkje noko som passa.

torsdag 6. august 2009

Ein heller tvilsom layout

Denne lo'en har eg jobba lenge med fordi eg rett og slett ikkje fekk den til. Bileta er krevande med mykje fargar og detaljar. Eg valgte å bruke eit mønsterark som er minst like krevande, og akkurat det valget er eg ikkje så sikker på. Det såg litt betre ut i albumen, men eg har likevel sådd tvil om denne, og bytter kanskje mønsterarket ut med eit anna dersom kjensla ikkje endrer seg. Eg er ikkje av typen som nytter slike fargar til vanleg, så det kan også vere noko av årsaka til at eg er usikker. Det som eg er nøgd med er bokstavane. Dei har eg klipt ut for hand etter å ha skrive dei ut på kartong. Skrifta er redigert og henta frå WordArt.
Motivet er som dokke ser frå første dagen i barnehagen. Malin fant seg til rette med ein gong, og det har nesten ikkje vore ein dag sidan at ho ikkje har likt seg der. Å forlate ho i barnehagen om morgonen er ikkje eit problem. Å få ho heim derimot er noko anna... Tenk det har gått eit år sidan allereie.

mandag 3. august 2009

Litt meir scrapping frå Danmarksturen ifjor

Når eg først har kome i gang med å forevige minner i albumet til Malin, vert det produsert nokre sider så lenge materialet og lysta rekk. Idag fortsette eg å lage layout frå turen til Danmark ifjor. Eg likar å ha ein del bileter på sidene slik at eg slepp å lage så mange sider om det same. Derfor er det krevande å finne mønsterpapir og pynt. Denne gongen har eg ikkje pynta med anna enn to blomar i papir, det vart rett og slett nok detaljar med alle bileta samt det blomstrete mønsterarket. Det enkle er oftast det beste, seier dei.
Fargane på biletet stemmer ikkje heilt med slik dei eigentleg er, men eg gadd ikkje prøve å finne det rette lyset rett og slett.

søndag 2. august 2009

Scrapping i ferien

Det er så lenge mellom kvar gong eg scrappar at det er som å byrje på nytt når eg tek til. For nokre dagar sidan var eg på Papirgleder på Sotra og fornya meg litt slik at eg får fortsetje på albumen til Malin. Eg fortset den enkle stilen min, og idag har eg laga ferdig ein layout frå ferieturen i Danmark ifjor.
Scrappinga mi er ikkje så avansert. To ulike kartongar og to ulike mønsterark. Eit silkeband, litt glitter og nokre heimelaga måsar. Det er tydeleg at eg har skrive teksten sjølv, det er både skeivt og ujamn størrelse. Men no er det gjort og då er det ikkje noko å gjere meir med det.
Malin er veldig glad i å sjå i fotoalbum. Scrapbook er ikkje noko unntak.