lørdag 31. desember 2011

Ikkje tid til å vente

Berre nokre timar frå det nye året snik eg med eit hageinnlegg. Ein kald, rask tur ut i hagen igår kunne fortelje at det har vore mildt så langt i vinter, og laukane eg planta tidleg i haust har no søkt opp til dagsljoset. Eg dekka dei til med greiner av eine og håpar på det beste. 
Det er godt det er fleire enn meg som lengtar etter vår, men dette var litt tidlig synest eg. Eg håpar i det lengste at vi ikkje skal oppleve den vinteren vi hadde ifjor med barfrost og lang kuldeperiode som øydelegg vakre blomar og planter. Så kjære vakre tulipan og påskelilje, vert i jorda litt til.

Ønskjer alle ei fin nyttårsfeiring.

onsdag 28. desember 2011

Tankar om blått i hagen

Sjølv om det framleis er jul og vinteren er lenge enno, kjem eg ikkje bort ifrå å tenke litt på hage. Eg er for tida sjuk og har god tid til å tenke på kjekke ting. Idag har eg byrja å tenke blått i hagen. Tanken er at eg skal ha ei sone med blått, ei sone med lilla og ei sone med rosa rundt huset. Noko raud/rosa må eg vel få til og. Dette skal ikkje gjennomførast på ein dag, men over tid. Eg må berre ha planane klare, iallefall ein ide om kva eg ønskjer. Eg har ein tendens til å skifte meining ganske ofte, men eg må vel lande til slutt?
Den første planta er kosakkveronika som eg allereie har. Det er alltid spennande å sjå om dei overlever desse plantene, men eg hadde denne planta før i år iallefall. Nydelig lysblå farge.
Blåklokker veks vilt, men eg vil gjerne ha dei i hagen og. Eg klarer ikkje å sjå kva som er blåklokke dersom eg berre ser blada, og blomar skal ein ikkje spa opp når dei blømer har eg høyrt, ja så då må eg vel kanskje så sjølv?
Forglemmegei planta eg og ein stad på tomta, men er litt usikker på om dei har overlevd. Fine er dei iallefall og er obligatorisk i gamle staudehagar.
Agapathus heiter denne, veit ikkje om det finnast noko norsk navn. Eg listar opp planter eg synest er fine og som er blå, men det er ikkje sikkert at eg får tak i dei eller har tenkt å kjøpe dei.
                                            
Clematis macropetala lagoon. Eg har tenkt å ha ein klematis på det blå området. Det er viktig at den ikkje vert lilla, men faktisk er blå.
Iris. Ein klassikar og ei vanleg staude. Fin er den og. Eg tenker at området skal ha ei blanding av lyseblått og mørkeblått og sannsynlegvis kvitt for å bryte opp alt det blå. Epletrea står i denne sona og blomane der er jo kvite.
Perleblomst. Bilete er tatt av meg då eg har denne i hagen. Dei fleste bileta i dette innlegget er tjuvlånt. Eg anar ikkje kor dei kjem ifrå, eg har berre googla. 
Ridderspore. Dette bilete er også mitt. Eg vart freista til å dele og flytte riddersporen på seinsommaren, spent på om det kjem opp noko til våren. Dersom den ikkje lever, har eg lært at eg ikkje skal gjere det igjen. Eg har tatt frø av denne og skal plante nye til våren, men eg har lest at det er ikkje sikkert dei nye plantene får same farge som den planta som frøa kjem ifrå. 
Alpeklematis Francis Rivis. Klematis kan vere så mykje meir enn mørklilla. Kjempefin!
Klematis Mrs Cholmondele. Dette må vere den finaste av dei tre blå klematisane eg har funne. Eg elskar lyseblått og denne var heilt nydeleg! Skal tru om den er slik som på bilete?
Blåveis. Ein skjønn, vakker liten blome.

Har du erfaring med blå stauder som ikkje bryt mot det lilla? Eller ein ide om ei staude eg ikkje har fått med på lista her? Eg vil iallefall høyre om det. Kanskje eg ikkje er aleine om å tenke hage 28.desember?


Oppdatering 31.12.2011:

Eg har fått så mange gode tips frå Ellen med bloggen Roser og Patina at eg vel å oppdatere blogginnlegget. Denne lista med blå planter kjem eg til å ha nytte av fleire gongar og det er meir ryddig å ha ei fullstendig liste her enn å ha nedskrivne navn på masse små lappar som forsvinn i alt rotet. Eg håpar og at oversikta kan ha nytte for andre og eg har derfor laga meg ei oversikt heilt nederst på sida slik at det vert lettare å planlegge samplanting.
Blå valmuesøster.
Russeblåstjerne.
Italiaklokke.
Blå kuletistel.
Veronika.
Storkenebb. Denne i blått. Det latinske navnet finn du i lista under.

Liste over blå laukar og stauder som eg synest er fine

Navn                     Botanisk navn                              Blømetid     Høgde
Kosakkveronika    Veronica gentianoides 'Variegata'   juni-juli       40 cm
Blåklokke              Campanula rotundifolia                 juni-aug      15-30 cm
Forglemmegei        Myosotis scorpioides                     juni-aug      20-40 cm
Agapanthus            Agapanthus campanulatus             juli-aug       50-70 cm
Klematis                 Clematis macropetala lagoon         mai-juni      5-6 m
Iris                         Iris germanica                                juni- juli      0,7- 1 m
Perleblomst            Muscari aucheri 'Blue Magic'         april-mai     15 cm
Ridderspore           Delphinium                                   juli-sep        1,5 m
Alpeklematis          Clematis Alpina Francis Rivis       mai-juni       2,5-3 m
Klematis                 Clematis Mrs Cholmondele           juni- sep      2 m
Blåveis                   Hepatica Nobilis                            april-mai     10-20 cm
Valmuesøster         Meconopsis grandis                       mai-juni      1 m
Russeblåstjerne  Scilla Sibirica                                mars-april    10 cm
Italiaklokke           Campanula garganica                     juni-juli       10 cm
Kuletistel               Echinops sphaerocephalus             juni             1-2 m
Veronika               Veronica austriaca                          mai-aug      10-35 cm
Storkenebb           Geranium Mrs Kendall Clarke        juni-juli       90 cm

Lista ser litt rotete ut når eg publiserer den, beklager det, eg får ikkje til å endre det.

Vil du sjå på muffinssamlinga mi?

Eg har vist dokke muffins før, men no har eg auka samlinga. Det vert ikkje fleire enn dette trur eg. Synest dei vart veldig søte, men det gjenstår å forme botnen litt meir. Eg må finne ein måte å stive dei av på slik at dei står betre.
Kaker er vel ikkje det som fristar mest blant folk no i romjula, folk er kanskje mette av søtsaker? Desse muffinsane er iallefall kun til å nytast for auge.
No må eg finne meg noko anna handarbeid, men eg har ikkje heilt tanke om kva enno. Time vil sjåv.

mandag 26. desember 2011

Jul i stova

Så er det 2.juledag og gjestane har reist heim. Vi har hatt ei koseleg julefeiring med fem voksne og to born. Mat har det vore nok av og ungane har kost seg med leikene dei har fått til jul. 
Emil har vore sjuk og har ikkje vore pigg i det heile. Då Emil ville kose med mamma og trengte trøyst, hadde vi heldigvis to bestemødre som stelte i stand mat. Om morgonen tok farmor ungane og vaska opp. Kan ein be om meir luksus? Emil er betre idag og har for første gong på fleire dagar fått sove lenge nok om dagen.
Malin har hatt ei flott julefeiring. Ho var i ekstase då pakkane skulle opnast og var ikkje så opptatt av kva som var inni, men å få opne fleire. Ho fekk mykje ho ønska seg, og leikene har vorte utprøvd både av henne og Emil. Julenissen var også på besøk, det vil seie han landa på taket med eit tramp, og la igjen godteposar til henne og Emil. Malin har snakka mykje om dette sidan.

Eg har ikkje sendt julekort i år då det var mangel på tid. Eg har hatt eksamen og resultatet var overraskande bra. Eg takkar for alle flotte kort og helsingar vi har fått, og eg lovar å kome sterkare tilbake neste år. Eg vil derfor nytte høve til å ønskje alle ei god jul vidare og eit godt nytt år.

onsdag 21. desember 2011

Den mørkaste dagen i året

Dette er innlegg nr 500 og eg hadde tenkt å ha ei lita gåvetrekning i samband med dette. Det vert det altså ikkje, eg hadde ikkje heilt gløden akkurat no. Det kjem nok fleire stunder kor eg kan ha gåvetrekning. No er det jula som står på programmet og hovudet kvernar rundt alt eg må huske å handle. Det er likevel noko som skjer før julafta, og det er at sola snur! No har vi lysare dagar å sjå fram imot. 
I eit forsøk på å fange nokre solglimt tok eg samstundes bilete av den nye krukka mi som eg kjøpte  igår. Eg kjøpte to stykker. Synest dei var litt finare enn kvite, blanke IKEA-krukker til 12 kroner. Dei tova nissane er laga av ei dame her i bygda og som eg kjøpte på julemesse ifjor. Veldig fine og koselege.
Skjønnaste Emil. Ungane er heime idag, heilt uplanlagt, men eg veit ikkje om dokke er klar for ei snø og bilhistorie til? Kort fortalt så har vi to bilar. Den eine treng nytt batteri. Den andre manglar bremserør etter at hurtigkjettingen på eine sida slitna og øydela bremserøret som gjer at bilen ikkje kan bremse. Så her sitt vi utan transportmoglegheiter, iallefall fram til vi får nytt batteri på to-setaren. Det vert to turar til barnehagen imorgon, men det er no betre enn ingenting. Den andre bilen må på verkstad, men NAF kan ikkje hente bilen før snøen i bakken er forsvunne. Det er ikkje så lett å kome seg opp før det. Er det rart eg masar om vind og regn?
Sol og snø er utvilsamt vakkert. I skrivande stund har eg sola i augene så då har dokke beviset for at vi har sol heile året. Er ikkje det litt status å ha sol heile året? Sei ja, eg treng nokre gode grunnar for kvifor vi bur her om vinteren.
Ikkje noko vinnarbilete det her, men Malin synest det var fint med bilete av dissestativet og "stjerna" som lyste.
Heilt til slutt, eit bilete til alle som stressar fram mot jul. Mine skitne vindauge. Eg trur ikkje eg har vaska dei meir enn ein gong sidan vi flytta inn. Og kvifor skal eg vaske og herje i den mørkaste tida av året? Det er ikkje lenge om gongen vi har sol i vindauge, det meste av døgnet er svart. Det er om våren eg har behovet for å vaske. Den skarpe sola som skin lenge inn i stova, huda er guffen og bleik og du ser alle støvkorn i heile huset. Sjølvsagt kan du vaske både vinter og vår, men det er ikkje nødvendig.

Ønskjer alle lukke til med siste innspurt i julehandelen. Husk at butikken er berre stengt i to dagar og at du treng ikkje hamstre.

søndag 18. desember 2011

Medan vi ventar på jul

Det er fem dagar til jul og eg merkar meg at huset byrjar å verte ryddig. Det er eit godt teikn. Eg har framleis til gode å bake, men så er det fem dagar igjen og alt kan skje. Presangane er nesten ferdig innkjøpt, berre gåve til ungane igjen. Huset er så smått pynta og då er vel alt greit. Ja for eg er ikkje ambisiøs og har ikkje tenkt å ha all verdens med pynt, frysaren og kjøleskapet fullt av heimelaga mat osv. Slik er det i år iallefall.
Adventskalenderen med sjokoladar inni er populær og Malin merkar seg at det nærmar seg slutten. Eg har min eigen kalender, kjøpt på Farmors Hus. Eg er heilt avhengig av voksduk og har tatt fram julevoksduken for anledninga. Den kvite duken får først kome fram på julafta.
Nøtter er både dekorativt og godt Det har visst vorte ein tradisjon å pynte med nøtter. Fordi eg er så glad i lyseblått, er det ei utfordring å pynte til jul. Jul er for meg raudt uansett kva moten er, men det såg ut til at dette fungerte ilag med den lyseblå sjenken som du så vidt kan skimte.
Det meste av julepynten har eg fått i julegåve gjennom åra. Det har aldri vore noko særleg populært i mine auge fordi eg såg på pynten som "kjerrringaktig". No har eg tydeligvis vorte kjerring fordi mesteparten av pynten sett eg pris på. Det har tydeligvis vore nokre tanter som har tenkt litt lenger fram enn meg. Forøvrig har eg ein tass på 2 år som ikkje klarar å halde fingrane vekke, akkurat som ifjor, men i år kan eg snakke til han i det minste. Om han høyrer etter då vel og merke...
Malin klar til nissefesten i barnehagen idag. Det er heilt fantastisk å ha ein fireåring i hus når det nærmar seg jul. Det er så kjekt å sjå kor ho gleder seg. Ho tell ned dagane, ho ønskar seg alt ho ser i leikekatalogane, ho syng og jallar på julesangar og ventar på både julenisse og bestemødre som skal kome på besøk. Ho har til og med skrive på til og frå-lappane sjølv. I barnehagen er det mykje snakk om jul og nesten kvar dag fortel ho frå barnehagen om noko som har med jul å gjere som dei har gjort eller lært. Eg har ikkje hatt den heilt store julestemninga sjølv etter at eg byrja å verte voksen, men no merkar eg at gleda er tilbake nettopp fordi eg har fått born som gjer jula meiningsfull.

mandag 12. desember 2011

Hekla muffins, heilt utan smør

Eg er ikkje ein av dei som står i kø for å få meierismør frå Danmark. Eg er ikkje lei meg for at vi manglar smør i det heile tatt, det gjeld berre å finne alternativ. Eg laga muffins igår og bestemte meg for å gjere dei kalorifrie og heilt utan smør. Desse muffinsane er evigvarande og eit sukker for auge.
Eg kjøpte meg eit stettfat tidlegare i haust som eg har ønska meg lenge, og tanken var å ha vakre muffins til pynt på kjøkkenet. Fruktfat varer så kort, det går kanskje eit par dagar så er det ei frukt som har byrja rotneprosessen. Muffinsen er lyseblå sjølvsagt, eg kjem ikkje utanom det. Min første muffins er produsert etter oppskrift som du finn her. Eg har gjort oppskrifta litt om med glasur på toppen, men elles er det ganske likt. Garnet er bomullsgarnet Muskat frå Drops. Eg er ingen tilhengar av bomullsgarn, men ullgarn hadde ikkje vore fint. Eg er igang med å produsere fleire, forhåpentligvis litt finare, og eg vil sjølvsagt vise dokke resultatet.

søndag 11. desember 2011

Skiglad fireåring

Malin har endeleg fått sine første ski. Prinsesseski sjølvsagt. Ho har prøvd litt ski i barnehagen, men her heime har det kun vore akebrett tidlegare. Vi kjøpte skia igår, midt i julerushen, og Malin gledde seg slik til å prøve dei. Sjølvom det er ein del av julegåva fekk vi klar beskjed av ho at vi måtte ikkje pakke dei inn. Ho skulle ha dei no.
Ho hadde faktisk litt teknikk på korleis skigåing skulle vere, og ho var ganske flink til å gjere dette nesten for første gong. Ho synest det var kjempekjekt, men Malin var tydeleg på at ho trengte meir trening.
"Pappa! Hjelp meg!" Trening gjer meister. Vi håpar ho får mykje skiglede framover.

lørdag 10. desember 2011

Naturens terrorist

Eg slit litt med å vere positiv for tida. Det er ein av grunnane til at bloggen står litt stille. Eg er ikkje sjuk eller noko, men vinteren er komen. Vinterdepresjon tenker du? Skulle ønske, men det er berre årstida som terroriserer oss. Dette er gammalt nytt, eg tyt på dette året rundt slik at eg er sikker på at ALLE får det med seg at vi har det mykje verre enn alle andre... Om det er det du trur eg gjer, ja kanskje det, men neida det er ikkje det som er tanken. Eg berre hatar vinteren og det er innlegget idag handlar om.
Før var vinteren fin. Kvit snø gjorde vinteren lysare. Snø var varsel om jul. Snømann, snølykter,majestetiske fjell i vinterdrakt... Julestemninga som alle på facebook tyt om når første snøfugget fell på bakken kjenner eg ikkje lenger. No kjenner eg berre forakt. Og kva har skjedd? Eg har flytta på ein topp. Ein stad som ingen skulle tru nokon kunne bu. Mamma sa til meg før vi bygde huset "Korleis skal det gå om vinteren, bakken er veldig bratt?". Espen hadde budd der i 20 år, aldri vore snø der, "det er vel ikkje noko problem?" Å så naiv ungdommen er....

Ei lita historie frå kvardagen: Eg skulle på seminar og julebord igår og skulle køyre bil nr 2. Den sto ved huset og veien ned var isete og farlig glatt. Vi avgjorde at Espen skulle køyre meg noko som resulterte i at både eg og Espen kom for seint til jobb (destinasjon Flesland). Vidare var avtalen at Espen og borna skulle hente meg idag tidleg. Bilete over viser kva problemer turen først byrja med. Espen satt bom fast og bilen spann seg djupt ned i gjørma så jorda spruta. Eg var ikkje tilstades, men bilete av trillebår og spade seier vel sitt. Då bilen endeleg kom seg laus var det likevel ikkje berre til å køyre. Kommunen gløymer visst at det bur folk her oppe og den delen som dei har ansvar for å måke og strø var rett og slett uframkomeleg. Strøbilen vart tilkalla og dukka opp 1,5 time seinare. Heile nabolaget måtte sitte å vente på dei og timane gjekk. Eg måtte sjølvsagt finne meg andre skyssmoglegheiter, men planen var likevel at Espen skulle kome til Åsane. Det viste seg at strøbilen sparer på grusen, vegen var framleis uframkomeleg etter at han hadde vore her, og han måtte tilkallast på nytt.... Espen og ungane kom til Åsane. Slitne, trøytte, svoltne... Med julerush ein laurdag i Åsane vart vel dagen så lite koseleg som den kunne verte, og vi reiste heim. Heim til is og tåke.
Og kva kan vi gjere med dette? Vegen har vorte forbetra, det fungerer slik som det skal. Vi har kjøpt snøfresar, den fungerte som den skulle. Første gongen. Allereie etter andre gongen ville ikkje den meir.... Festleg. Eg har ikkje fleire ord. Eg ønskar meg storm, eg ønsker meg regn. Eg ønsker meg firhjulstrekkar.

Om nokon synest eg er veldig negativ, javel, eg bryr meg ikkje. Dagen idag er ikkje tid for å blogge om vakker juleinnpakning, julekransar og adventslys. Eg er berre lei. Og når God Kveld Norge er det einaste som er sjå på tv, ja då er det vel berre å legge seg.

søndag 4. desember 2011

Søndag før jul ein gong

Klokka er 16 og ute er det mørkt allereie. Helga er snart over og eg funderer på kor helga har vorte av. Eg sitt og førebur meg til eksamen som er om tre dagar. Det er ikkje så lett å få så mykje tid til førebuing som eg først hadde tenkt meg. Medan eg lagar bidragskalkyler, kontantstrømmar og vurderer om kostnaden aukar eller minkar resultatet, ligg resten av gjengen på sofaen. Den største snorkar, den mellomste har slokna og den minste ligg på sofaen og hermar etter lyden av den største.
Eg har tent adventslysa idag. Det skulle visst vere to. Eg har ikkje hatt tid til å tenne det første før, men det spelar inga rolle for lysa får ikkje stå så lenge før ungane vil blåse det ut likevel. Slik får det vere i år. Eg gleder meg veldig til 8.desember. Då er eksamen over og juleførebuingane kan ta til. Kanskje tørkar eg støv slik som ifjor, har ikkje heilt bestemt meg, men eg skal iallefall bytte ut blomane i vindauge. Mine stakkarlege pelargoniar har stått i vindauget alt for lenge og har nok behov for ein liten vinterdvale.

Dette blogginnlegget vert no avbrutt av den minste som vil teikne sjølvkostkalkyle og rekne nullpunktomsetning på sin måte. Ønskjer alle ein fin kveld.

onsdag 30. november 2011

Siste haustdag

Det er siste dag i november og hausten er forbi. Det er framleis ikkje noko teikn til vinteren og det er eg veldig glad for. Ute bles og regnar det meir enn vanleg og innekos får eit nytt begrep. Sjølvsagt er det koseleg med vind som ular utanfor, men ungane ular dei og...
Sola viste seg så vidt idag og då var eg raskt framme med kamera. Det har hagla, regna, tordna, lynt og blest idag, og for å gjere vèret komplett så kom sola og. Kan ikkje vere lett å vere metrolog.
Malin har vore heime idag. Ho har stygg hoste og magen har ikkje vore på hennar side. Vi tok ein rask luftetur ut, men hosten var så stygg at vi gjekk fort inn igjen. Ein liten tur på dissa var det likevel tid til.
Malin lo slik fordi ho dissa skeivt. Det var visst veldig morosamt.
Imorgon er det 1.desember og vi skal byrje å opne adventskalender. Malin tell ned dagane til jul og ho kan berre ikkje vente. "Det e so lenge til!". Det er kjekt med ungar som ser fram til jul.

søndag 27. november 2011

Strikkefrustrasjon

I alle mine år som strikkar har eg kjøpt garn på impuls. Det har vore umogleg å "berre kike" når eg har vore innom ein garnbutikk og det har resultert i mange nøster som aldri har vorte brukt. Då eg skulle flytte i nytt hus tenkte eg at eg ikkje hadde bruk for eller plass til alt garnet, heller var ikkje garnet like moderne lenger, så eg kasta og ga vekk masse. Til slutt satt eg med ei lita samling som eg har hatt som prosjekt å strikke opp.
Eg har vore ganske så flink etter mitt syn. Eg har knapt kjøpt nytt garn det siste året, men no er det nok. Over ser dokke bilete av mitt første prosjekt kor eg mangle pittelitt garn til å verte ferdig. Sjølvsagt eit garn som hadde gått ut av produksjon og som ikkje fans i ein einaste butikk i heile Noreg (ja eg har undersøkt).
Så skulle eg strikke ein babytjukkegensar etter oppskrift frå eige hovud. Her manglar eg eit nøste. Panda Pt er framleis i produksjon, men eg må visst ta meg ein dagstur ein eller annan stad for å få tak i det. Eg var blant anna innom ein garnbutikk på Åsane senter og han hadde ikkje hørt om Pt eingong! Kva gir du meg?!
Og no, noko så enkelt som eit par sokkar med garn frå Rema 1000 av alle ting. Mangla som dokke ser litt her og. Aldri i verda om eg gidd å finne eit nøste til av dette garnet, eg vert berre sur. Så no vert det ikkje sokkar til mamma til jul, og eg skal ha som nyttårsforsett at eg skal frotse i garn i 2012. Kanskje ikkje like impulsivt som i gamledagar, men utan tanke på å vere fornuftig. Eg kjenner eg gler meg.

torsdag 24. november 2011

Emil 2 år

Emil fylte 2 år igår og det var stas, iallefall for foreldre og storesøster. Emil sjølv skjønna ingenting. Om morgonen fekk Malin gi den første presangen. Ho var sprekkferdig av spenning sjølv om ho visste kva ho skulle gi. Byggmester Bob-verktøykasse vart vel tatt imot både av søster og bror. Han fekk og opne opp pakkar med klede, deriblant ein Mikke Mus-gensar som han raskt tok på seg. Før han reiste i barnehagen opna han også opp Duplo-bossbil som han likte godt.
I barnehagen vart han møtt med flagg og bursdagskort på plassen. Han fekk krone, kappe og bursdagsang slik som alle får når dei har bursdag.
Heime igjen opna han pakkar med Brio-tog. Gog!! Rett på golvet for å leike, han hadde knapt tid til å ete middag. Det var ei beskjeden feiring, men eg laga Banana Split for anledninga. Dessert på ein onsdag vart veldig populært tatt imot.
Emil er flink å leike seg sjølv. Om han ikkje forstår kva som skjedde så var han iallefall takknemleg for dagen og gåvene han hadde fått. Eg forsøkte å ta eit bilete av han medan han såg i kamera, men han var travelt opptatt igår og hadde ikkje tid... Spørs om vi må lage ei kake til helga slik at han (les Malin) får blåse ut lys og sjå i kamera.

mandag 21. november 2011

Eit lite livsteikn

Dagane er så korte og det er så mykje som skjer at blogging har vorte nedprioritert i det siste. Før så sa eg alltid at det er så travelt før jul, men no er det travelt både før påske, før sommarferien, etter sommarferien osv. Dagane går i eitt og det er ikkje rom for å stoppe opp. Eg skulle gjerne stanse tida ein liten time, men oldtida sine fysikarar tillot oss ikkje det då dei bestemte 60 minutt, 24 timar, 7 dagar og 365,25 dagar i året.
Midt i det travle har eg fått meg litt pynt i to stovevindauge. Emil er framleis ikkje over stadiet kor ting ikkje får vere i fred i glaskarmen så då passar det fint med "høgt oppe"-pynt. Amplane er frå IKEA, planta heiter "Pletter i luften", og det heile står godt til gardinene mine frå IKEA (lommeboka sin besteven).

mandag 7. november 2011

Huset vårt i fugleperspektiv

Det er så nydeleg vèr for tida, ein gløymer nesten at det er november. Vi har framleis til gode å ha frostnatt hjå oss, men no kjennes det ut som det er like før. Eg trur ikkje det er så lenge til vi får sjå ei ny årstid, så då passar det vel bra med litt seinhaustbileter frå Dansebakken.
Dansebakken heiter tomta og området rundt huset vårt. Det har faktisk vorte eit offisielt navn no sjølv om det eigentleg var eit navn som familien til Espen hadde funne på tilbake i tid. No vert ikkje navnet gløymt iallefall. Huset står litt aleine som dokke ser og solar seg i dei fine hauststrålane. Vi har godt selskap med masse skog, den veks litt for fort etter vår mening. Espen kan fortelle om ein barndom med trefritt område akkurat her. Er det rart eg ønskjer meg sauer?
Ei slik oversikt gir eit bilete av kor mykje arbeid som gjenstår hjå oss. Garasjesøknaden er framleis ikkje behandla og materiale til garasja ligg under presenningar litt overalt. Vi har fått litt plen til no, men mykje gjenstår. Skråningane rundt huset skal også beplantast, men det vert lenge til! Ellers så kan vi invitere dokke til maling av hus neste år, vi har berre eitt strøk til no.
Huset vårt er skilt ut frå slekstgarden til mor til Espen. Gardshuset er det kvite som ligg midt på mot venstre. I tillegg til vårt hus, er det fire andre hus som er bygd i familien. Om dokke legg merke til kor sola skin, så er vi ganske heldig. Vi har sol heile året og god utsikt. Diverre er bakken opp "litt" bratt, men så lenge det ikkje snør går det greit.

Eg såg vèrmeldingane idag. 10 dagar framover med sol! Pass berre på å beskytte plantene mot nattefrosten, den er nok like om hjørnet no.