onsdag 30. januar 2013

Milepælar

Anna har det ikkje travelt, men når det først skjer noko er det kjekt. Anna rulla første gong for ein månad sidan, men det vart med den eine gongen. Så gjekk det ei lita stund og så skjedde det igjen. Deretter nokre dagar pause, men plutseleg fant ho ut at dette var kjekt! Sjølv om ho grin framleis av å ligge på magen, går det framover. 
Det kjekkaste som har skjedd er at ho seier "mamma". Og det er tydeleg at det er retta mot meg. Pappa-lyden seier ho også så vi ventar på at ho skal finne ut kven pappa er. Eg veit iallefall det...
Anna med si karakteristiske tunge.

Eg merkar at eg ikkje har like stort tolmod når det gjeld milepælar som med dei to andre. Då vi fekk Malin var alt spennande og nytt. Vi hadde ingen å samanlikne det som skjedde med og alt gjekk så fort. Og så klart, ho var eit geni, ho var eit talent og ho var heilt spesiell. Slik tenker vel alle med sine første. Så kom Emil som var raskare, større og flinkare til alt. Då forventa vi at det skulle vere noko det samme med Anna. Men neida, ho har gooood tid. Ikkje skal ho rulle, ikkje skal ho stå på beina, ikkje skal ho ete og ikkje skal ho utforske. Det beste er å vere med mamma, helst i armkroken eller på hofta. Dei to andre ungane har god apetitt, spesielt Malin har alltid ete masse. Anna er veldig småeten og nektar å opne munnen etter fire skeier med graut. Det eg likevel ventar mest på er at Anna skal sitte. No har vi to ungar som kan vere med på aktivitetar som gå tur, vere i snøen (om Gud vil), leike ute osv. Det vert som regel Espen som er ute med dei medan eg må vere ilag med Anna. Derfor vil eg at Anna skal sitte slik at ho kan vere i meis. Eg vil også ut! Eg gler meg til vår og eg gler meg til at heile familien kan gjere noko samla. Då Emil var liten var Malin også liten, men no har vi plutselig to aktive ungar og ei lita avslappa til livet-jente. Anna er kjempeskjønn, blid og god, men det kan ho vel vere fordi om ho kan sitte?

Så kjære Anna, gjer mor di ei teneste så ho ikkje rotnar og vert like grå og stygg som den møkkete sofaen.

tirsdag 29. januar 2013

Januargleder i glaskarmen

Det er ikkje mykje fargeglede å spore verken ute eller inne, men eit lite ljospunkt er mi vesle samling i kjøkkenkarmen. Eg har ikkje planterom og ekstra ljos til mine små frø, men det ser ut til at det har gått bra likevel. Kanskje staudene ikkje vert så fine slik som enkelte hevdar, men det gjer ingenting. Det kjem andre år dei kan vekse seg store og fine ute i hagen. 
Desse har verkeleg fått fart på seg. Kinesisk ridderspore og haustvedd.
Eg har ikkje berre stauder, men og nokre sommarblomar. Dei ville ikkje spire ifjor så eg måtte prøve igjen i år for å sjå om frøa i det heile tatt virka. Eg har tydeligvis gjort noko riktig i år for det spirer veldig bra. Bilete over viser sommarasters og blåklint.
Cikoria, murreva og kinesisk klockviva. Svenske navn fordi eg har kjøpt frøa hjå Impecta. Eg skal gjere om bloggen etterkvart og då kjem også ei meir sortert liste med bilete og latinske navn på alle blomar som gror i hagen.
Rosa mykmalva, temynte 'panorama', fagertrav 'rosea' og Kunths nattlys.
Blå valmuesøster. Dei er vanskelege seier mange og det trur eg på. Det har kome opp, men er enno små.


Så sart og lite, frøet, det spirer og det vil
Med englestøv som smykke, ein liten blome vert til.

søndag 20. januar 2013

Smetteskjerf

Endeleg, eit restegarnprosjekt som gjekk som det skulle! Eit smetteskjerf er praktisk og fint for små halsar. Skjerfet er strikka i Drops alpaca og oppskrifta kjem frå Garnstudio. Har du lyst å strikke dette, kan du finne oppskrifta her.


lørdag 19. januar 2013

Kake til fest

Vi er invitert i bryllaupsfest ikveld og eg har laga kake for høvet. Eg veit ikkje om det er så vanleg i min generasjon å tilby seg å bake kake når det er storselskap, men eg held på tradisjonane og lagar kake meir enn gjerne. Denne gongen har eg laga kake som vart kåra til den beste i God Morgen Norge og Norsk Ukeblad no nettopp. Oppskrifta er laga av ei dame som heiter Alice Hald Clarke og ho har vunne konkurranse i same tema før. Då med ei anna kake. Tenk å vere så flink! Oppskrifta finn du her.
Syndig og god! Gledar meg til å smake!

mandag 14. januar 2013

Frøsåing og spiring

Når dokke ser desse bileta er det vel inga tvil om kva eg ønskjer meg. Å fylle kjøkkenet med gamle isbokser, jord og plast er vel ikkje det mest estetiske og praktiske som er påfunne, men når ingen vil gi meg drivhus eller planterom så vert det slik... (kremt)
For at det skal verte nok lys så stablar eg dei opp det eg finn. Så har eg merka isboksene med kva som skal skje med dei når det eventuelt har spirt. Eg har sortert plantebegera slik at dei like framgangsmåtane står ilag.
Haustvedd og kinesisk ridderspore har spirt samt sommeraster og blåklint som står plassert lyst og svalt på soverommet vårt.
Ikkje så mykje farge og spenst i mine vindauge akkurat no så ein liten bukett med tulipanar gjorde seg. Særleg ilag med den ikkje fullt så vakre rosmarinen. Ikkje nokon svulmande og svevande ord om mine vindauge her altså, seier det som det er. Men altså, tilbake til framtida! No er det ikkje lenge til vår! Sola skin i glaset fleire timar om dagen og om berre to månader er det tid for beskjæring og flytting av tre (har vorte ein vane). Kor vi gler oss!

Anna i liten skala

Idag er Emil heime ilag med meg og Anna. Emil har vore slapp og hatt dårlig matlyst sidan torsdag, men på laurdag spydde han plutseleg som ein gris utover sofa og golv. Ja det er heilt utruleg kor mykje som er plass i ein liten kropp. Derfor er han heime idag. Samstundes har vi vore på helsestasjonen med Anna. Emil synest det var stas å få vere med då han har høyrt om denne helsestasjonen mange gongar. 
Veslemor gjer ikkje den store innsatsen for å verte større. Ikkje et ho mat og ikkje beveg ho seg på golvet. Ho har det visst fint slik som det er no. Målinga idag viste at ho som seks månadar gammal berre er 5720 gram og 65,5 cm. Lang og tynn altså. Helsesøstra var klar, ho må ha mat! Er ikkje det det eg har gjort da? Eg har gitt ho graut og frukt i over ein månad allereie. Kanskje intravenøst hadde vore noko? Så idag har eg kjøpt Nesle graut og fruktpure. Kanskje ho likar betre dette enn alt det heimelaga som skal vere så fornuftig å gi borna. Første forsøk med fruktpure var iallefall ingen suksess. Kvifor ete frå skei når ho kan ete frå pupp? Eg er heilt sikker på at halve befolkninga er samd med henne.
Emil og Anna er så glade i kvarandre. Dei har ein heilt spesiell kjemi. Det er bra i og med dei skal dele rom etterkvart.
Bileta er frå igår. Anna har også vore litt slapp og tufs i det siste. Her kosar ho seg på mormor sitt bryst. Ei trygg og god favn er bra å ha når ein kjenner seg litt utanfor.
Gullungar! Ja eg har no eit gullebarn til, men ho tek så mykje merksemd uansett at eg nøyer meg med bilete av desse to idag. Emil fekk forresten måle seg han og. 94 cm og 13,8 kilo. Ein liten dokkemann han og som no er 3 år. Eg er liten sjølv så det er vel ikkje så rart. Så lenge vi når bakken så betyr ikkje resten så mykje ;-)

søndag 13. januar 2013

Treng du sunne, gode middagstips?

Alle som kjenner meg veit at eg er hekta på mat. Eg sitt ikkje å et heile dagen, men eg er veldig mykje på kjøkkenet og lagar maten. Eg likar å prøve noko nytt heile tida og sitt derfor mykje på internett og leitar etter oppskrifter, planlegg, lagar vekemenyar og let familien vere prøvekaniner. Maten skal vere variert, sunn og næringsrik og sjølvsagt smake godt. Matlaging slik eg gjer det tek veldig lang tid, men eg håpar etterkvart at eg har ein variert og god meny som eg kan bruke fleire gongar. 

Eg er ingen matfotograf, men eg prøvar i det minste å ta bileta sjølv. Dei vert tatt i hurten og sturten mellom komfyren og magen. Dersom du er ein av dei som sitt på søndagskvelden og planlegg vekemenyen, kan kanskje nokon av desse oppskriftene vere noko for deg. Eg har sjølvsagt ikkje funne på desse sjølv, så eg linkar alle oppskriftene. Litt personlege justeringar har det vore, men det må ein nesten finne ut av sjølv utifrå kva ein sjølv likar og har i kjøleskapet.
Wenche Andersen frå God Morgen Norge har utruleg mange gode og enkle oppskrifter som er lette å forstå. Råvarene finn du i dei fleste butikkane noko som er avgjerande for meg som bur på ein liten stad. Dette er risotto med laks. Eg har brukt risottoris, men det går fint an å bytte ut risen med byggryn dersom du huskar å legge gryna i bløyt (sjeldan eg huskar slike ting). Byggryn gjer retten vesentleg sunnare enn polert ris. Og laks er ei super kjelde til Omega 3.
Denne salaten laga eg til lunsj, men den kan fint etast til middag og. Dette er ein pastasalat med skinke og soltørka tomat. Eg har brukt fullkornspasta og bayonneskinke. Eg må alltid ha noko grønt når eg et salat så eg har supplert med salat og cherrytomatar.
Visste du at potet også er ein grønnsak? Velg små poteter og ikkje skrell av skalet, då har du ein om dagen (100 gr). Og brokkoli er ein supergrønnsak som inneheld dei fleste vitaminar du treng. Kylling med poteter i tomatsaus er mettande, smakfull og lett å lage.
Eg har aldri likt tomatsuppe frå pose, men etter at eg byrja å lage suppa sjølv har eg oppdaga at tomatsuppe faktisk er godt og like enkelt å lage. For meg som ikkje er så stor er tomatsuppe mettande nok når eg ein klatt med rømme, men det bør nok supplerast med noko meir dersom ein er litt større. Den kan til dømes vere kjøttbollar, pasta, bacon, scampi osv. Ein også ha tomatsuppe til lunsj. Bilete ser heilt forferdeleg ut, men pytt pytt.
Denne laga eg idag. Sjølv om eg ikkje hadde nøyaktig dei same ingrediensane som Wenche Andersen, smakte den veldig godt. Og eg huska å bløyte byggryna! Kyllingsuppe som er tvers gjennom sunn gjer ein mett og glad i magen. Eg anbefalar å droppe chili om du har små born. Mine reagerer iallefall raskt på det som er antydning til å vere sterkt.

Elles så vil eg anbefale følgande middagar som eg har laga og servert fleire gongar:

Krema fiskesuppe
Hot Pot fiskegryte
Chili con carne

Ha ei fin veke!

tirsdag 8. januar 2013

Tåke

Det har vore mykje tåke i det siste med tidvis dårlig sikt. Sjølv om området rundt huset hadde tjukk tåke, ville sola helse på oss og den ga oss nokre solstrålar gjennom skylaget. Vakkert ikkje sant?


torsdag 3. januar 2013

Såtid og håp i snøret

Ifjor kjøpte eg masse frø frå Impecta i Sverige som eg sådde utover vinteren. Pottene fekk stå i vindaugskarmen i stova og det tok ganske stor plass. Særlig då eg sådde ein sort i fleire potter. I år prøvar eg å forbetre meg slik at eg kanskje kan lukkast med desse. Eg har kjøpt ny såjord og perlite. Sistnevnte hadde eg ikkje ifjor. Eg skal gjere det eg kan for at jorda held seg fuktig. I tillegg begrenser eg såinga til ei potte pr plantesort. Sjølv om det på pakken står til dømes såtid i mars, vil eg så dei no i januar for å vere sikker på at dei vert store til utsåing i mai.

Desse plantene får ein ny sjanse og fargen på linken er tilsvarande fargen på blomen:

Cikoria
Romersk ridderspore
Moses brinnande buske
Ekte stormhatt  
Blåklint
Blå bergvalmue (litt usikker på korleis eg skal så denne, tips?)
Kinesisk ridderspore (har nokre pittesmå, men er usikker på om dei har overlevd vinteren)
Nordamerikansk ridderspore
Høstvedd
Sommaraster 
Spinnelin (sådde ikkje ifjor, men fant ein uopna pakke som ikkje var utgått på dato)


Ganske så mange som eg ikkje lukkast med alstå... Eg har satt fire beger i ein isboks. Då kan eg vatne i botnen utan søl. Eg skal legge plast over og eg skal dusje dei kvar dag for å halde det fuktig. Har du fleire gode såtips?

Elles så ser eg på tidlegare blogginnlegg at eg viste til spiring av frø som eg sådde direkte ute. Det viste seg seinare at det berre var ugras utanom peonvalmua. Eg har ein mistanke om at frøa var gamle og eg har kasta dei no. I mai ifjor satte eg staudene eg hadde sådd sjølv ut på verandaen og diverre kom det ein storm som tok knekken på dei fleste. Det gjer eg ikkje igjen og eg vil derfor ikkje sette dei ut før dei har vorte godt  store.

Dei staudene eg lukkast med ifjor kjem ikkje til å så på nytt då stauder vert fort store når dei først er etablert. Det er iallefall mi erfaring til no (det var uansett ikkje så mange etter stormen). Elles så har eg bestilt nye frøsortar som eg ventar frå Impecta. Navna er svenske og eg har ikkje tatt meg tid til å finne ut kva dei heiter på norsk.

Til den den lilla teltplassen har eg bestilt:
Murreva
Amerikansk tremasterblome 
Kinesisk klokkviva
Maiviva

Til den rosa prinsessehagen har eg bestilt:
Stjerneflokk
Fagertrav
Kunth's nattlys
Myskmalva
Temynte

Eg er litt avventande med jubelen. Det gjekk ikkje så bra ifjor så eg skal heller glede meg litt meir dersom eg skulle lukkast i år.

Har du sådd eller skal så?

onsdag 2. januar 2013

Nyttårsfeiring

Nyttårsafta vart i år feira litt annleis enn vanleg. Eigentleg kan vi vel seie at vi ikkje feira det nye året i det heile tatt, men heller feira brudeparet som gifta seg i Kongsberg kyrkje denne dagen. Søskenbarnet mitt og hennar nybakte mann valgte å gifte seg på den siste dagen i året og vi var invitert. 
Det er ei flott kyrkje dei gifta seg i. Litt kaldt og ein smule rar i fasongen, men utsmykkinga var det ingenting å utsette på. Brudgommen smilte frå øyre til øyre og bruda strålte som ei prinsesse.
Etter vigselen fekk vi omvisning på Bergverkmuseumet. Ein fin ting å kvele tida på mellom vigsel og middag. Middagen var kjempegod med juleskinke, asparges og honning/dillsaus som forrett og kalkunbryst med nøtter, rosiner og anna godt oppå og ovnsbakte poteter. Til dessert fekk vi trollkrem og krumkake. Eg fekk møtt familie som eg ikkje har sett på fleire år og tida gjekk relativt fort. Rett før midnatt reiste vi heim til Drammen og fekk med oss nyttårsrakettane frå bilen. Vèret var vått og føre var glatt så det var best å vere inne denne dagen.

Ønskjer alle eit godt nytt år og til lykke med framtida til det nybakte ekteparet.