søndag 22. januar 2012

Ein solrik januardag

Det var vel på tide å blogge om noko anna enn hage. Det er trass alt ikkje den tida av året vi er inne i, men det har vore så mørkt og dystert i fleire veker no at det passa med litt å sjå fram mot. Idag hadde vi ein flott dag med sol og kvitdekt bakke. Det er ikkje mykje kvitt som er utanfor, men nok til at det lysar opp.
Malin tok på seg skisko og tok skia ut. Det vart ikkje heilt slik som planlagt for snøen var hard som glas. Det er likevel alltid godt med litt frisk luft og sol i fjeset.
 Emil hadde store problemer med å halde seg på beina fordi det var så glatt.
Med litt hjelp så gjekk det bra, iallefall litt betre.
Emil koste seg ut sjølv om det vart litt vanskeleg for han. Vi måtte til slutt bere han noko som forkortar utetida drastisk.
Pappa og Malin skuar nedover dalen. Eg trur nok Malin håpar på litt mjukare snø ganske snart for ho er veldig ivrig etter å få prøve dei fine, rosa skia sine. Emil og Malin likar godt å vere ute og leike, så vi får håpe at vi får litt betre leikeføre. Det har vore ein flott solskinnsdag idag og det er godt å vite at vi er mot lysare tider.

onsdag 18. januar 2012

Så har eg gjort det igjen

Eg har vore ute med VISA-kortet igjen. Impecta har fått seg ein ny kunde i meg, dei har så utruleg mykje fint og til ein rimeleg penge. Denne gongen var det stauder i den lilla hagen som skulle kjøpast. Eg har fått i hus dei blå og skal i gang med å så fleire av sortane. Det som er litt vanskeleg er å skilje kva som er blått og kva som er lilla. Dei skriv gjerne at det er blå, men på bilete viser det tydeleg at planta er lilla. Så det kan hende eg må ommøblere litt i beda etterkvart som dei blømer. 
Moses brennande busk 'Dictamnus Albus'. Det dramatiske navnet er jo nesten verdt heile planta. Denne vert 80 cm og blømer frå juni til august.
Sommerasters 'Callistephus Chinensis Silvery Blue'. Sommarblome. Den vert 70 cm, passar flott til snitt og blømer frå juli til oktober.
Höstvädd (svensk) 'Scabiosa Caucasica Isaac House' . Vert 60 cm og blømer juli til oktober.
Engklokke 'Campanula Patula'. Denne vert 40 cm og blømer i juni til august. Såg diverre ikkje at den var toårig før eg hadde bestilt, men det får våge seg.
Porselensanemone 'Anemonopsis Macrophylla'. Den er så vakker at eg nesten får lyst til å gjerde den inn.  Det er ikkje sikkert at denne blømer første året, men den er verdt å vente på. Den vert 75 cm og blømer frå juni til august.
Nordamerikansk ridderspore 'Delphinium Exaltatum'. Denne vert 40/ 120 cm (står begge deler på omtalen) og blømer juli til september.

Fleire av desse har få frø i pakken i motsetning til veldig mange av dei frøa eg bestilte sist. Det er uansett rimelegare enn dei frøa ein får i Noreg. Eg var på det lokale hagesenteret idag, og eg synest utvalet er ganske keisamt. Utvalet ber preg av at det er grønnsaker og sommarblomar som det er mest av, men det er kanskje det folk vil ha?

No skal eg ikkje bestille fleire frø, eg skal no ha plass til alle såpottene og. Eg manglar litt blomar som spring ut i april og mai, men då får eg kanskje kjøpe tulipanlaukar, krokus og anna til hausten. Neste plan er å bestille roser og klematis og etterkvart liljer. Arbeid har eg iallefall fått meg, men for meg er det berre kos og balsam for sjela.  Spørs om Espen meiner det same. Fint skal vi iallefall få det.

mandag 16. januar 2012

Oversikt over dei finaste rosene i rosa, kvit og lilla

For ei veke sidan hadde vi eit kraftig tordenvèr over oss og internett slutta sjølvsagt å fungere. No har nytt modem kome i hus og eg kan fortsette hageplanlegginga. Eg har kartlagt kva roser eg synest har dei beste kvalitetane og som kan vere aktuell å plante i hagen. Eg har som sagt ein blå og ein lilla hage under planlegging, men den rosa hagen har eksistert i ein sesong allereie. Det manglar litt i den framleis og derfor har eg funne ein del rosa roser som passar godt her. I den blå hagen vert det kvite roser sidan blå roser ikkje finnast. 
Stilkrose 'Blue Moon'. Kjærleik ved første blikk og den einaste lilla rosa eg fann som eg synest er fin. Høgde 60-80 cm, klimasone H4 (Vestplant as).
Klatrerose 'Coral Dawn'. Rørande vakker. Høgde 2,5-3 meter, klimasone H4 (Vestplant as).
Klatrerose 'Climbing Snow Princess'. Høgde 2,5 meter, klimasone H4 (Plantasjen).
Klaserose 'Astrid Lindgren'. Høgde 0,8- 1 meter, klimasone H6 (Vestplant as).
Stilkrose 'Karen Blixen'. Høgde 50- 80 cm, klimasone H4 (Vestplant as). 
Klaserose 'Schneewitchen'. Høgde 1,1 meter, klimasone H5 (Vestplant as).
Klatrerose 'Constance Spry'. Høgde 3 meter, klimasone H4-H5. Kraftig duft, Austinrose. Ikkje så lang blometid, men denne er til å ete opp. Sjå kor vakker den er! (BoGrønt Rom)
Klaserose 'Mary Rose'. Høgde 120 cm, klimasone H5. Austinrose. Kraftig duft, remonterer godt heile sesongen (Vestplant AS).
Buskrose 'Louise Odier'. Høgde 1-1,2 meter, klimasone H6. Austinrose. Kraftig duft, blømer fleire gongar (Vestplant AS).

Har du nokre gode forslag til roser som helst er fylte og store i lilla? Eller ei anna rose som eg har gått glipp av? Roser er utruleg vakre, men fordi dei ikkje blømer frå vår til haust så kjem eg ikkje til å ha eit eige rosebed. Eg treng ein del klatreroser som saman med klematis vil fylle buer og espalier.  I tillegg vil stilkroser og klaseroser vere innimellom stauder og liljer. Tenk om dette vert sant, tenk om det faktisk vil verte slik som eg har tenkt? Sukk.. kjenner eg kan lett verte veldig lukkeleg.

mandag 9. januar 2012

Meir hageplanlegging; Den lilla teltplassen

Eg er verkeleg i siget og har teikna ein ny del av hagen som eg har planlagt skal gjerast noko med i år. Det er ikkje nye tankar, ideen fekk eg i sommar. Det eg gløymde å vise dokke i innlegget om den blå delen av hagen var korleis det ser ut der idag. Så det har eg gjort noko med no. I tillegg viser eg dokke den lilla delen og skissa av den. 
 Den blå hagen med kun to epletre idag.
Den lilla teltplassen. Vi har byrja å plante buksbom langs kanten av terrassa. Eit par haustfloks har og fått plass i jorda ved hjørnet av husveggen. Elles er det fritt fram for nytt liv. Det er her vi har satt teltet når ungane skal leike, derav navnet. Det er desse to delane eg har tenkt å gjere noko med i år i tillegg til at vi må anlegg meir plen. Eg håpar at dersom eg har ein god nok plan, skal det verte mindre vanskeleg å ta fatt og fullføre mykje av den.
Skissene teiknar eg i paint, eg gjer ikkje det vanskelegare enn eg må. Det er ikkje store flekken, men eg trur det kan verte ganske koseleg med camping i dette området. Litt av poenget er å gjere det til eit lite eventyr når vi overnattar i teltet (som vi enno ikkje har gjort).

Lilla og kvite stauder, lilla klematis, lilla og kvite roser og så vidare. Nyansene er mange, det vert spennande om vi får det til slik som eg har tenkt det.

søndag 8. januar 2012

Frøbestilling frå Sverige

Den første bestillinga av frø er gjort. Det er blått og noko kvitt som er bestilt denne gongen. Eg har tenkt å ha dei same staudene fleire stadar i bedet, så dette vert flott trur eg.  Frøa kjem frå Sverige og firmaet Impecta. Dei har eit godt utval og prisar som ikkje kan samanliknast med dei du får i Noreg. Skal du få mykje for pengane bør du bestille frø frå utlandet.  Pass berre på å bestille for under 200 kroner for å unngå toll.
Nokre få sommarblomar vart også bestilt, blant anna pionvalmue. 
Dette er Cikoria. Nydelig lysblå farge. 

Dersom dokke er interessert i å sjå kva planter eg har kjøpt har eg laga liste under. Synest det er greit å ha blogg når eg skal halde orden på ting. Eg har ein tendens til å ha mykje lappar og lister rundt meg som eg til slutt mistar.

Frøliste:
Blåklokke- Campanula rotundifolia
Polarblågull- Polemonium Boreale 'Bilbo'
Kinesisk ridderspore- Delphinium Grandiflorum 'Dwarf Blue Butterfly'
Alpeakeleie- Aquilegia Alpina
Ekte stormhatt- Aconitum Napellus
Blå kuletistel- Echinops Bannaticus
Blå valmuesøster- Meconopsis Betonicifolia
Moskuskattost- Malva Moschata 'Alba'
Cikoria- Cicheroium Intybus
Kornblom- Centaurea Cyanus 'Classic Fantastic'
Romersk ridderspore- Consolida Ajactis 'White King'
Pionvalmue- Papaver Somniferum 'White Cloud'


Dei tre siste er eittårige, dei andre er stauder. Alt saman kostar under 200 kroner. Slikt gjer meg glad.

fredag 6. januar 2012

Skisse over den blå hagen

Eg har alltid tid til å tenke på hage. Og tankar har gått til handling i den form at eg har laga eit førsteutkast over den vestlege delen av huset. Det er den delen som vender seg mot vår einaste nabo. Her kjem sola først om ettermiddagen då sola går ned på denne sida. Eg har ikkje gjort det enkelt for meg sjølv når eg har delt inn hagen i fargesoner. I tillegg skal det bløme frå april til oktober og høgdene må passe inn med omgivelsane. Denne delen skal vere i blåtonar med kvitt og kanskje noko sølv. Hagen er omlag 13 meter lang, 9 meter ved epletrea og 4,5 meter ved rosebua.
Vi har to epletre på denne sida idag, og dei har eg flytta ein gong allereie. Det ser ut til at eg (les Espen) må flytte dei ein til gong då eg ikkje fekk dagens plassering til å stemme. Eg har tanke om at det ein gong skal vere mogleg å ligge i hengekøye mellom desse. I tillegg er det ganske fint med ein sitjeplass ved epletrea som gir utsikt over eit vakkert blomebed. Som bonus vert det også utsikt mot solnedgangen.

Rosebua som eg har merka med lilla skiljer denne hagen og neste hage som eg har valt å kalle "Den lilla teltplass". Den får eg ta i neste omgang. Det lysegrå feltet øverst er huset vårt, det grå feltet ved sidan av er ein lav tørrmur. Eg har tenkt at det hadde vore fint med ein vegg her med klatreplanter. No må eg i gang med planteliste for området. Eg skal ha roser, klematis, stauder og sommarblomar. For å gjere det rimelig skal eg bestille frø og så sjølv. Noko må eg sjølvsagt kjøpe. Bedet nærast husveggen har halvskugge så det er mykje eg må tenke på. Godt å vere i gang iallefall.

torsdag 5. januar 2012

Ein roleg start på året

Det meste av jula er rydda ut og det er på tide å tenke framover. Dagane er framleis mørke, men det går likevel mot lysare tider og det er godt å tenke på. Eg starta året slik som eg slutta det gamle med å vere sjuk. Det skjer derfor ikkje så mykje akkurat no, men hovudet mitt har fått tid til å kverne på frø, stauder, roser, klematis... ja det meste som har med hage og gjere. Eg håpar eg får vist dokke litt av planane mine. 
Januar og februar er to månader det er fargelaust både ute og inne. Den raude julepynten er plutseleg borte og alt ser heilt tomt ut. Så ventar ein berre på våren og alt som skal skje ute at ein gløymer det som er midt i mellom. Eg har ikkje så mykje pynt i stova då Emil likar å røre alt han ser, det er berre sjenken som står i fred. Det er vel litt av grunnen til at dokke aldri får sjå noko meir enn det...
Legg merke til sølvfatet som er på bilete over. Eg har pussa sølv idag og det vart så fint og blankt. Det var på tide, hendene mine og kluten var heilt svart. Sølvkoppen og noko sølvtøy fekk også ein omgang med kluten, at eg ikkje har gjort den enkle jobben før. Ikkje mykje som skjer altså sidan heile Noreg no har tilgang til å vite at eg har brukt dagen på å pusse sølv.