torsdag 19. april 2012

Nokre råd om jord, plen, drenering o.l

Dette er eit innlegg eg synest er ganske viktig, men veldig vanskeleg å skrive. Eg er ingen ekspert på dette området, men eg vil dele det eg har fått opplyst frå ein anleggsgartnar etter eit foredrag vårt lokale hagelag arrangerte igår.

Anleggsgartnaren kunne ikkje understreke godt nok kor viktig det var med luft i jorda og at det er veldig vanlig at jorda er for våt. Mykje stein i jorda er bra. Når ein skal anlegge plen eller bed er det viktig at det ikkje er for mykje myrjord nederst i jordlaget då det vert gjørmete. Har ein mykje myrjord må ein først drenere. Vidare må ein huske på at bunnjorda har større betydning enn toppen og det skal vere mest av den. Det fine jordlaget på toppen skal ikkje vere for tjukt, kanskje 10-15 cm då fin jord er lite drenerbart. Han la til at fin sand er fint å blande ilag med den fine jorda på toppen. Plantene trivs best i grov jord, men sjølvsagt er det ingen som vil ha eit steinete bed. Det er både stygt og upraktisk i forhold til luking. Bunnjorda må også slettast til slik at toppjorda får same form i følge anleggsgartnaren. Har du bygd nytt hus har du sannsynlegvis hage med pukk og stein i botn. Dette er ikkje drenering då det er tettpakka og gir ikkje luft, la han til.
Naturleg nok var vi som var tilstades interessert i å løyse problemområda i vår eigen hage. Bilete over viser den nederste delen av hagen vår. Den står urørt til no og planen har vore å leige jordfresar og anlegge plen. Diverre er ikkje kvaliteten på jorda den aller beste. Den er grunn og det viser seg også at den har lite drenering. Sannsynlegvis er det gravemaskina som har trakka ned det som var av drenering. Som dokke ser er området prega av tjukke grønne strå som ein ofte ser i myrer og fuktige stader.
Dette er starr. Det er ein grastype som veks i vassjuk jord. Det vil seie at jorda inneheld for mykje vatn og treng tilførsel av sand. For å hanskast med dette var det klare rådet at vi må sprøyte med Roundup og plenrens på kvar enkelt plante. Vi har ganske mange av dei så det vil ta si tid. Det skal sprøytast med begge midla på same tid. Plantene må hakkast opp i tillegg. Deretter bør vi bruke eit spett for å lage hol så djupt ein kan, ideelt 20 cm, og fylle i med finsand (finare enn sandkassesand) på det området som starren veks. Dersom ein har eit stort område som skal behandlast slik som vi har, må ein lage desse hola så tett ein kan, men det beste er hol med 20 cm mellomrom. Etter tilførsel av sand bør ein og spa om jorda og fylle i sand. Vi hadde tenkt å bruke jordfresar, men han anbefalte hakke eller ein minigravar. Når jorda er venda og tilført sand, legg ein på 10 cm finjord.
 
Det er mykje vatn i det området eg viste bilete av øverst. Vi har grøfta slik at det skulle renne unna, men no viser det seg at det ikkje renn lenger, men at vatnet og jorda er rustfarga. Dette betyr at jorda har inga drenering overhode og at i dette området er det ingen dyr og mikroorganismar som lever. Vi må grave opp, fylle i stein for deretter gjere same prosess som nevnt over. Vi har mykje arbeid i vente, vi må berre byrje i ein ende. Treningsstudio treng ein ikkje dersom ein skal gjere alt med handemakt, det er sikkert.

Vi er ikkje plaga med mose, men det er det mange som er. Sannsynlegvis slår du graset for kort. Når du klipp plenen bør den vere 5-6 cm etter at den er klipt. Dersom du brukar bioklipp, må du unngå dette når det er kaldt og vått. Å kalke er ei myte som ikkje er sann, det hjelp ikkje mot mose. Eit godt tips for å få ein fin plen er å gjødsle tre gongar i sesongen. Ein bør avslutte klippesesongen i tide. Stråa på graset skal spisse seg når du klipp. Eit godt tips som igjen skapar luft i plenen er å strø fin sand over plenen i juli og klippe med bioklipp. Dette gjer plenen veldig godt. Pass på at du ikkje har for langt gras når du klipp med bioklipp.

Dette var tipsa eg fekk igår og eg kjenner meg litt klokare. Kanskje du vert det og etter at du har lese dette?

mandag 16. april 2012

Det er liv i bedet

Eg har vore ute med kameraet idag, i boblejakke, og leita etter vakre, små vener laga av jord, sol, luft og vatn. Det er utruleg å tenke på kva små laukar og frø kan verte til, og noko av skaparverket finn ein i det rosa prinsessebedet mitt. Rosa er det jamvel ikkje, enno, men ein stad må ein byrje. Det som ikkje er rosa og kvitt vert flytta iløpet av våren etterkvart som nye bed er klare. 
Den første påskelilja i kremfarge. Når ein kjem så nært inn på blomane får ein verkeleg sjå kor unik kvar enkelt blome er. Eg høyres heilt nerdete ut, men så er eg vel det og. Emil har skjønt meg. Han elskar blomar og studerer nøye dei få blomane vi har fått kvar dag.
 Perleblomane har byrja å springe ut.
Eg har vist denne før i år, men no er den litt større. Bekkeblom heiter den. Eg er eigentleg ikkje glad i gult, men i små porsjonar er alt vakkert.
Stemorsblomen som overlevde vinteren. Den står heile sommaren og dei fleste hagar har vel eller har hatt denne blomen hjå seg.
Smågullkorg står i knopp. Den sprer seg villeg utan at det er plagsomt og blømer frå mai og fram til frosten. Eg skal spa opp alle frå dette bedet. Nokre skal få kome i eit anna bed medan dei fleste skal gis vekk til vener og planteloppemarknad.
 Desse gler eg meg til. Tulipanane er fylte og rosa. Kjempespennande!
Kameliaen har overlevd vinteren, hipp hurra! Må få seg litt gjødsel ser eg, men no ser eg fram til dei vakre blomane denne gir. Eg håpar det ikkje vert så mykje vind, kalde dagar og regn slik som ifjor. Ein får ikkje nyte blomane på same måte når ein står våt og hutrar.

Elles så kan eg fortelje at eg har kjøpt nokre planter som skal i dei nye beda. Derfor er det ikkje lenge til det dukkar opp eit innlegg om nettopp det. Og så har eg eit spørsmål:

Veit du om nettbutikkar som sel orientalske liljer? Eg treng ein butikk med litt å velje mellom sidan eg er så kresen på utsjånad og eigenskapar. Den kan gjerne vere utanlandsk,

søndag 15. april 2012

Vårteikn

Det er ikkje noko tvil om at vi har kome til april. Dagane er lyse, fuglane syng og trea har fått knoppar. Små blomar knoppar og sprett, ja det er ei fin tid vi er i no. Borna må framleis kle seg godt, men dei varmaste huene er mindre i bruk. Den tjukke vinterdressen får også kvile.
På fredag fekk Emil sin første sykkel. Litt stor enno, men den passar nok iløpet av sommaren. Sykkel er eit sikkert vårteikn. Vi ser mange som er ute å syklar for tida.
Malin har og fått seg ny sykkel, men det får eg vise ein annan dag. Emil er iallefall stolt over sykkelen sin sjølv om han har litt å lære før han forstår seg på det.
Kvitveisen har endeleg kome på garden, men dei er framleis små. Desse plukka Malin bak bensinstasjonen medan vi venta på at bilen skulle få seg ein vask (også eit vårteikn). Litt større og enklare å plukke. Ungane likar så godt å plukke blomar, det er så koseleg synest eg.
No står buketten på stovebordet. Den varer så kort at vi må nyte den medan vi kan. Imorgon skal eg gå å kikke meg rundt etter fleire vårteikn. Eg legg meir merke til små ting om våren enn om sommaren. Kanskje fordi det ikkje er så mange av dei enno?

Ha ei fin veke alle saman.

lørdag 14. april 2012

Oppdatering frå garasja

Eit lite innlegg frå garasja. Espen og Steffen er nesten ferdig med å legge lekter på taket. Vi kjem oss ikkje så veldig mykje lenger før vi har møneplast og bordtakbeslag. Dette mangla i leveransen. Vi har henvendt oss til leverandøren som seier at dei tenkte vi skulle bruke murstrimmel i staden for møneplast. Etter å ha snakka med andre uavhengige i bransjen vil dei ikkje anbefale dette fordi det ikkje vert tett. Så dette må vi skaffe sjølve. Gratis garasje er altså ikkje gratis når leverandøren vel å gjere det slik...
Ikkje nok med det. Leverandøren påstår at dei har levert bordtakbeslag. Desse er 2,5 meter lange og er ikkje så vanskeleg å få auge på. Vi har tidlegare fått feil takstein så eg er ikkje forundra over at fleire feil dukkar opp. Ho som eg korrensponderar med har ikkje noko med sjølve leveringa å gjere, men ho påstår likevel heilt sikkert at det er levert(!). I ein mail seier ho "Da tror jeg du bare må skaffe disse selv.Vi kan ikke levere evt. manko som ikke er påvist ved levering så lenge etter opprinnelig leveranse." Meiner ho at vi skulle gått igjennom samtlege punkt ved leveransetidspunkt for at vi skulle få det vi hadde rett på? Hallo, kven er det som pakkar opp tonnevis av materiale og tilbehør lenge før ein har tenkt å bruke det? Gratis er altså ikkje gratis.
Sjølv om enkelte er gagnlause er vi iallefall glad for at vi har Steffen. Han har hjulpe oss masse. Kjempekjekt for Espen som slepp å gjere alt aleine.

fredag 6. april 2012

På skattejakt ein vakker langfredag

Det var deilig at sola ville kome tilbake etter ein dag med regn. Humøret til store og små stig betrakteleg når det er fint vèr. Sidan det er langfredag har det gått stille for seg, men vi har kost oss. Etter nokre timar inne kunne vi ta turen ut. Det er så kaldt om morgonen at vi lar formiddagen passere inne. Malin trena seg på å hoppe tau medan Emil leika med tog. Då vi kom ut tok Espen til med kløyving av ved. Ungane har dissa/reia, sparka ball og vi har vore på skattejakt.
Med skattejakt meiner vi jakt på små ting i naturen. Vi tek turen i marka og skogen rundt huset og leitar etter noko nytt. Emil synest dette er kjempespennande. Han har fascinert seg over gule blomar som eg har sagt før, og desse minipåskeliljene stoppar han alltid opp for å sjå litt ekstra på. Desse planta eg ved innkjørselen slik at alle som kjem på besøk vert møtt av gule, vakre påskeliljer.
Kvitveisen har byrja å slå knopp, men der var ein bitteliten kvitveis som hadde sett dagens ljos. Emil og Malin studerte den nøye og Emil  sa "skatt". Den måtte plukkast og studerast. Vi fant også nøtter i mosen som ingen hadde ete og dei måtte knusast med stein for å sjå om det var noko spennande inni.
Ein liten stemorsblome har overlevd vinteren. "Lilla!" seier Emil. "Sommerfuglblomst!" seier Malin. Utruleg vakker blome om ein studerer den.
Soleiehov eller bekkeblom, kan det stemme? Søt, lita plante som eg ikkje trudde hadde overlevd flyttinga ifjor.

Vi har og vore på skattejakt rundt huset for å leite etter boss. Vinden tek med seg plast, klede og flasker som vert liggande gjennom vinteren. Ungane synest det er kjempekjekt å finne slike ting. Det skal ikkje så mykje til for at ungane skal kose seg ute. Malin har og hatt teater og sunge sangar som ho dikta sjølv. Scena er ein stein og mikrofonen er ei kongle.  Litt anna har vi og fått gjort. Ein kjekk dag!

onsdag 4. april 2012

Garasjebygging i påskesol

Når det er fint vèr må ein kaste frå seg alt som må gjerast inne og gå ut. For dette kan vare kort. Vi fekk snø dalande ned frå himmelen på mandag og temperaturen sank. Snøen forsvann like fort som den kom heldigvis. Natt til tysdag var det stjerneklart og ein vakker måne som lyste opp himmelen. Det var skikkeleg kaldt ute, men det betyr at sola er framme om dagen.  Det var eit herleg vèr utan ei sky å sjå.
Sjølv om vi måtte vente litt før vi kunne gå ut var vi ute i mange timar. Espen og Steffen kledde begge gavlane igår. Eg og ungane holdt på med vårt rundt huset.
Godt samarbeid gir resultat.
Så fort sola er framme vankar det is. Sjølv om det er kaldt hindrar det ikkje ungane å få i seg litt is.
Vinterkledd med is i handa, kva skal dette bety...?
Bilete frå dagen idag. Det første Espen gjorde idag var å reinskjære kantane langs taket. Espen og Steffen har etter dette lagt feder på taket.
På baksida er det ferdig, det er fint å tenke på. Synest det går fort fram no og eg ser at materiale forsvinn litt og litt under presenningen.
Etter dagen idag er det no klart for å feste lekter på taket slik at taksteinen kan leggast. Det har vore sur vind ute i ettermiddag og det skya etterkvart til. Imorgon er det meldt regn så då får vi bruke oss sjølve til noko anna.

Ha ei god påske alle saman. Forhåpentligvis vert det ikkje heilt stille her i høgtidsdagane.