torsdag 31. desember 2009

Aking i vinterkulda

Det er ei voldsom kulde landet over, også her. Det har ikkje vore mogleg og gått mykje ut i jula, men no hadde vi dårleg samvit for at Malin ikkje hadde vore mykje ute. Vi tok derfor ein liten akeseanse igår. Så lenge sola sto på var det -7 ute, men eit par tima seinare endra gradene seg til -13. Då var det alt for kaldt å vere ute.
Malin kosa seg på nyinnkjøpt akebrett.
Godt med snø. Ho vart fort kald på fingrane fordi ho ikkje ville ha polvottar på seg, så vi måtte ta ei innepause midt i. Sjå dei herlege rosekinna forresten. Ungar ser så sunne ut når dei har raude og kalde kinn.
Bakdelen med denne vinteren er at vi ikkje kjem opp bakken ved fjøsen. Og det midt i egeninnsatsen. Utfordringa er ikkje at vi må gå opp til huset, men at det skal fraktast mange tunge ting opp. I tillegg er ikkje kulegradene bra for vesle Emil og eg er livredd for brystbetennelse. Så vekk med snøen for min del sjølv om vinteren er vakker no...

onsdag 30. desember 2009

Ammetid

Må berre vise dokke Malin som gir dokka si melk. Heilt av eige initiativ tok ho dokka opp til navlen og skulle amme henne slik som mamma gjer med veslebror. Er ho ikkje herleg?

tirsdag 29. desember 2009

Våre valg av golv er endeleg tatt

Eg hadde ganske tidleg eit ønskje om det kvite laminatgolvet frå IKEA på soveromma og loftstova. Golvet kostar 65,- kr kvadratmeteren og passar utmerket til lommeboka. Kvaliteten er nok ikkje på linje med Pergo sine golv, men slitasjen og bruken av golvet er minimal i forhold til stove og kjøkken. Espen var tvilsom til golvet i starten, men når han fekk sjå det i butikken likte han det godt han også.
Tundra gulv, klikkfunksjon. IKEA.
Verre var det å avgjere golvet på stove og kjøkkenet. Vi ville ha noko meir slitesterkt enn det golvet som vert oppe. Samstundes var vi i tvil om vi skulle ha laminat eller parkett fordi golvet er i 1.etasje og vi har ikkje innlagt golvvarme. Spørsmålet då vart om laminat vart for kaldt sjølv om det var det beste valget med tanke på at vi har små born. Vi landa på laminat.

Så var det å finne eit golv som ikkje var for dyrt. Vi fant eit golv frå Pergo Silver i serien Domestic Plus type Hvit antikk eik, planke. Link her. Det kostar kr 198,- pr kvadratmeter hjå ein byggeforhandlar her på Osterøy. Kan nevne at hjå Montér kosta det 103 kr meir. Dette golvet var høgaktuelt inntil vi fant golvet over frå Megaflis. Eggo vivo wintage wood, kr 149 kr pr kvadratmeter. Bilete viser ikkje heilt slik det eigentleg er. Det har litt antikk utsjånad slik som golvet frå Pergo. No har vi altså ein ting mindre å tenke på :-)

søndag 27. desember 2009

Vår fyste jul heime hjå oss sjølve

Det har vore nokre hektiske dagar for oss før jul, så det var godt at jula endeleg kom. Vi byrja ikkje tenke på jula før nokre dagar før fordi vi har så mykje med eigeninnsats å gjere og born som skal passast på. Og med nokre få dagar å ordne jul på, så er det klart at det vert travelt. Siste julepresangane handla eg vesle julaftan. Vi har feira jula hjå oss sjølve i år. Vi bur trangt og veldig midlertidig, men det vart jul på oss også. Det var godt å sleppe og ta med born og presangar ut i det kalde vintervéret. Foreldra våre bur eit stykke unna så det hadde vorte mykje styr for å få feira jula ein annan stad.
På vesle juleafta, eller lisjejulafta som eg seier, har eg som tradisjon å ete graut. Dette innfører eg no i min eigen familie. Graut er populært både hjå små og store. Restane tok eg vare på til riskrem.
Julaftan om morgonen fekk Malin og Emil opne presangen dei ga til kvarandre. Sjølvsagt er ikkje Emil med i svingane, men Malin var i tipptopp form og visste at denne dagen skulle det opnast pakkar. Den første ho opna var eit grytesett med reiskap. Ho har vel leika med det sidan. Ei god investering med andre ord. Emil fekk nokre rangler med Mikke Mus på. Malin elskar Mikke Mus så det var litt derfor vi ga akkurat det.
Julelunsj. Eg hadde baka brød om morgonen, laga eggerøre og dekka på med godt pålegg. Veldig koseleg synest eg.
Sjå min kjole.... Er den ikkje fin? Den har ho fått med farmor. Malin var veldig kry. Juletre vart det også på oss, kjøpt på veslejulaftan i hu og hast. Det var det nestsiste treet og er derfor ikkje av det finaste, men det gjer nytta. Eg kjøpte julepynten også rett før jul og fekk det på halv pris. Nokre gonger lønner det seg å vere seint ute, men eg anbefalar det ikkje...
Emil. Han sov stort sett heile dagen slik at dette er ein av dei få bileta vi har av han denne dagen.
Gøy med pakkar, men det vert litt for mange på ein gong. Ho opna både hennar og Emil sine og det var vel kanskje ikkje så lurt. Det var mest klede og det er ikkje så spennande, men når ho opna leiker vart det kjekt med ein gong. Poenget var at ho hadde ikkje behov for å opne fleire pakkar når ho først hadde fått ei leike. Då ville ho berre leike med det ho hadde fått.
Med meg og Espen fekk ho leikekjøkken i tre. Kjøpt på Toys'r us. Kjempepopulært! Då fekk ho brukt grytene sine til det fulle og i tillegg fekk ho bord og to stolar med mormor og tekoppesett med tante Kathrine. Reine restauranten. Så synd vi har det så trangt her. Mens juletreet er i hus må bordet og dei to stolane vere på rommet hennar. Og det vi kallar rommet hennar, er eigentleg ei bod. Gjett om vi gler oss til å flytte...
Full leik med kjøkkenet fortsetter 1.juledag.
Maten ho lagar må nytast også. Røkelsen har vorte brukt som mat. Legg merke til mønsteret på tekoppane... :-)
Emil kosar seg med pappa. Bilete er tatt 1.juledag.
Det var ikkje plass i magen til dessert etter at pinnekjøtet var ete, men på 1.juledag laga eg riskrem og det var kjempepopulært. Særleg den raude sausen...

No er det 3.juledag og vi kosar oss enno. Espen har byrja å tapetsere igjen så eg er aleine her med borna. Skulle gjerne tatt turen ut, men det er ikkje noko for Emil ute akkurat no. Det er glatt og for kaldt til å ta vogna ut. Det vert ein del tv, mandarinar og sjokolade. Det merkast på bleiene... Imorgon skal eg ein tur for å bytte gåver. Det er aldri noko kjekt, men når alle gir klede i str 62 i gåve til Emil, så må det berre til. Malin skal ein dag i barnehage og Espen skal ha sin siste dag på jobb. God jul vidare alle saman.

fredag 18. desember 2009

Unngå dobbel diffusjonssperre på badet!

Eg hadde vel aldri høyrt om dobbel diffusjonssperre før det oppsto fagleg usemje mellom flisleggjar og byggefirmaet. Kort fortalt er det to sperrer i ytterveggen som hindrer absorbering av dampen. I vårt tilfelle var det lagt plast bak gipsen i tillegg til at det skal smørast heildekkande membran. På denne måten oppstår det kondens i gipsen som ligg i mellom sperrene, gipsen vil smuldre, og det vil oppstå muggdanning som igjen fører til at badet må etter kort tid rehabiliterast.

Flisleggjar hadde på førehand sagt at det ikkje måtte leggjast plast i ytterveggane, men byggjefirmaet sto på sitt. Når då flisleggjaren nekta å flisleggje fordi han vart ansvarleg om noko skulle skje, byrja konflikten. Dette er omlag tre veker sidan.

Vi har vore i kontakt med Fagrådet for Våtrom som seier at dobbel diffusjonstetting i våtrom skal ikkje nyttast. Vidare sa dei at konstruksjonen er ikkje i tråd med Teknisk forskrift, Byggebransjens våtromsnorm eller Byggdetaljene til SINTEF.Til slutt skreiv han i mailen: Husfirma har her ikke oppdatert kunnskap. Det var som å tenne bensin på bålet!

Den tekniske ansvarlege i byggefirmaet likte tydeligvis ikkje det Fagrådet hadde sagt. Og han sendte mail til Fagrådet: Jeg synes det er noe underlig at De uttaler Dem så bastant på en slik henvendelse, uten å ta i betraktning følgende forhold:
1. Hvor i teknisk forskrift står det at det ikke skal brukes dobbel diffusjonssperre?
2. Våtromsnormen er en norm, ikke et krav.
3. Byggforsk sine byggdetaljer er akseptert som preakseptert løsning, og det trengs ingen ytterligere dokumentasjon for å bekrefte prosjekteringen.
Til Deres orientering kan jeg opplyse at vi leverer bad klar for egeninnsats med plastfolie på yttervegger under platekledning. I de tilfeller hvor kunden skal ha fliser, anbefaler vi kunden å smøre membran i våtsoner. Dette har fungert tilfredstillende i mer enn 15 år. Vi leverer årlig ca 50 - 80 eneboliger, og har til dags dato ikke hatt en eneste skade som skyldes dobbel diffusjonssperre. Vi ønsker en tilbakemelding på punkt 1 -3 over.

Fagrådet hadde vist til § 8-37 i Teknisk Forskrift.

Bakenforliggende konstruksjoner og rom som kan påvirkes negativt av fukt skal være beskyttet av et vanntett overflatemateriale eller et egnet vanntett skikt. Materialer velges slik at faren for mugg- og soppdannelse er minimal.

Sidan det ikkje står svart på kvitt at det ikkje skal nyttast plast, var ikkje svaret godt nok for byggefirmaet. Byggebransjen idag nyttar vanlegvis våtromsnormen kor dette står godt skrive, men sidan den ikkje er lovpålagt kunne byggefirmaet seie følgjande på mail:

Vi innestår for de løsninger vi har valgt. Vi gir full garanti på våre arbeider og prosjekterte løsninger.

Når vi då ikkje kom nokon veg med det som alle andre meiner er riktig å gjere utanom dette firmaet, ba vi om eit møte og ba samstundes om at dei måtte dokumentere at deira metode var i henhold til Teknisk Forskrift (anbefalt av Fagrådet for Våtrom). Samstundes tok eg kontakt med SINTEF Byggforsk som viste til at i SINTEF sine byggedetaljer står dette skrive, men at det ikkje står meir enn det som allereie er sagt i Teknisk Forskrift.

Det endte med at byggefirmaet avlyste møtet og sa at dei skulle fjerne plasten. Eg trur at på eit tidspunkt forsto dei at dei kom ingen veg (utan at dei innrømte det så klart). Alt dette styret hadde vore unngått om dei berre hadde høyrt på flisleggjaren i utgangspunktet. Fordelen er einaste at vi har lært veldig mykje om dette medan konflikten har pågått. No kan vi endeleg tenkje på fliser igjen og faktisk handle inn det vi skal ha. Flisleggjaren byrjar arbeidet 10.januar, og gleder oss med den kjensla at ting no vert gjort riktig.
  • Byggebransjens våtromsnorm (BVN) er et verktøy for å planlegge og utføre arbeid i våtrom. BVN utgis både som perm, på CD og som web-versjon.
  • BVN er utviklet av bransjen selv ved Fagrådet for våtrom (FFV).
  • Normen kan brukes både ved nybygging og rehabilitering.
  • BVN skal bidra til at de løsningene og materialene som brukes og det arbeidet som utføres, har en så høy standard at man oppnår vannskadesikre våtrom med gode planløsninger og lang levetid.
  • BVN er tilpasset de lover, forskrifter og Norsk Standard som til enhver tid gjelder.
  • BVN angir tekniske retningslinjer for hvordan materialer og produkter skal godkjennes, og på hvilken måte arbeidet skal utføres, samt rekkefølgen av arbeidene og kontrollprosedyrene.

Videreutvikling og oppdatering av BVN skjer i samarbeid med SINTEF Byggforsk. Det sendes ut årlige oppdateringer av normen (bilde og tekst frå www.ffv.no)

I denne søte juletid

Det er når ein får born sjølv at ein plutseleg forstår kvifor mødre tek vare på alle dorullnissane, klokkestrengane og små broderi frå vi var små. Malin kom heim igår, stolt som ein hane, og viste fram nissen ho hadde laga i barnehagen. Eg synest faktisk den var veldig fin med nøtter, mose, glitter og tørka rognebær. Dette er ein juledekorasjon eg skal ta godt vare på i all mi tid.

onsdag 16. desember 2009

Fargar er vanskeleg

Det er det store fargevalet som står for tur hjå oss. Eg hadde kjøpt ei prøveboks med Butinox sin farge Blitz, og konkluderte med at den var for kvit. På Jernia her på øya har dei malt ganske mange plater med fargar slik at ein kan sjå fargane meir realistisk enn på fargekartet. På den måten fekk eg faktisk moglegheit til å endre mine valg før eg hadde kjøpt nye prøver.
Eg har forsøkt å scanne fargeprøver og utklipp frå fargekart o.l. Veit ikkje heilt kor riktig fargane vert, men eg får iallefall vist noko av det eg tenkjer. Av og til hjelp det å diskutere fargar med andre. Så har nokon av dokke erfaring med fargane eg nevner, kom gjerne med innspel. Dei to fargane over er Sommersne og Hvit Pepper. Dei går mot grått og eg har kjøpt prøvemaling av begge. Dei er tenkt til stove/kjøkken, gang og loftstove. På sikt ønskjer eg å ha brystningspanel i gangen og male det i ein gråfarge som også trappa vil få ilag med den kvite fargen. Då er det greit at den kvite fargen går mot grått.
Soverommet til Malin tenker eg skal gå i blått. Butinox har to fargar som eg likar godt og som er illustrert på rommet som jenta sitt på. Den grønne fargen synest eg også er fin, og kanskje den kjem på noko møblar eller liknande.
Dei fargane eg har valt på soverommet til Malin har ein raud prikk ved sida av navnet om du ser. Blåfargane heiter Perle og Himmel, og den grønne heiter Kvikk.
Gustaviansk blå er ein klassisk farge innanfor det tradisjonelle og landlege. Eg har malt denne fargen før og er idag fargen som den yngste broren min har på rommet sitt. Eg synest den er veldig fin, men å ha heile rommet i denne fargen vert for mørkt. Espen har ytra ønskje om blått soverom og då tenker eg å ha ein lysare blå på tre veggar og ein vegg med mørkare blå.
Gustaviansk blå er veldig fin til kvit panel. blondegardiner og hekla sengeteppe. No skal ikkje vi male panelet før til våren 2011 for at treet skal få tørke først, men eg tenker at no har vi moglegheit til å prøve ut fargar og så kan vi ombestemme oss og male på nytt når vi likevel skal male panelet.
Ein annan vakker farge; Engfiol. Den er ikkje så dominerande som Gustaviansk blå. Vakre blåfargar mot det gråe. Likar duse blåfargar. Eg har forresten høyrt at det er lurt å finne gardinene først når ein skal velje farge til eit rom? Det er så mykje å ta omsyn til og tenkje på. Det er veldig kjekt, men det er så mykje samstundes akkurat no. Det fine er at vi kan male på nytt om ikkje vi er nøgde.

Ellers har eg ikkje så mange idear for det siste soverommet, men det skal ikkje vere blått dersom dei to andre romma er blåe. Grønt er jo fint, men å finne fine grøne fargar er ei utfordring. Likar raudt og kvitt også. Tida får vise kva det vert.

mandag 14. desember 2009

Nok ein ny tv

Det er nok ikkje så vanleg å skifte ut tven sin gjennomsnittleg kvart halve år, men i vårt tilfelle har det vorte slik. I juni 2007 kjøpte vi ein 42" LCD frå LG. Den var i ustand når vi fekk han og vi fekk bytta den i ein likeins. Det viste seg imidlertid at det var ein seriefeil på denne modellen. I desember samme år bytta vi den igjen og fekk ein liten lånetv medan tven var på reperasjon. Små tvar er ikkje å foretrekke når ein først har hatt ein stor... Etter tre månadar konkluderte dei med at delane ikkje fans og vi fekk ein ny tv igjen. Denne gongen ein annan modell, men i samme serie.
No har vi for fjerde gong fått problemer med tven og det er samme problem kvar gong. Også denne gongen fekk dei ikkje delane og vi fekk ein ny tv. Vi har framleis LG, men denne gongen ein plasma og den er 50". Veldig stor etter å ha hatt ein lånetv på 26"!!! Malin vert ganske liten når ho stor ved sida av den. No får vi håpe det er siste gong...

søndag 13. desember 2009

Tapetsering

Igår byrja vi med tapetsering i stova. Espen hadde pussa litt i skøytane på fredagen for å vere klar til laurdagsdugnaden. Vi er så heldige å ha fått hjelp av onkelen til Espen, Steffen, med å tapetsere. Det er litt viktig at det vert gjort skikkeleg i eit rom som stova, og Espen har ikkje så god erfaring med akkurat det. Det ser ut til at han har lært ein del no og saman har dei til no tatt stova og kjøkkenet.
Veldig dårleg med lys no og dette er det einaste biletet eg fekk tatt av dei to. Vi var ikkje tilstades igår når bestefaren til Espen var der, men han har altså hjelpt til. Det må vere sagt. Espen og Steffen har idag byrja med loftstova som går i eitt med gangen nede.
På den vesle stunda eg fekk moglegheit til å vere i huset, malte eg litt på veggen for å teste ut fargen Blitz. Eg kom fram til at den var alt for kvit. Den var faktisk så kvit at listene vart mørkare og det synest ikkje eg er så fint. Det er bra det er mogleg å kjøpe slike små prøvebokser. Då kastar ein ikkje bort mykje pengar dersom ein har tatt feil. Det klør i fingrane etter å halde på i huset, men nokon må passe borna og. Til nyttår kjem alle besteforeldra samstundes så då får eg nok sjansen til å gjere litt eg og.

torsdag 10. desember 2009

Fire handlevogner, tre timar, to born og ei lommebok

Det er mykje ein gjer for å spare pengar når ein bygg hus. Det eine er å plukke, kjøre og montere kjøkkenet sjølv. Idag møtte vi opp på IKEA med barnevogn og to ungar midt i julehandelen. Vi har vore på IKEA nyleg i samband med bestilling av benkeplate og derfor var vi i god tru at alt som skulle bestillast var bestilt, men neida. Alle gode ting er tre og etter tredje besøket fekk vi idag endeleg kjøleskap/frysar og kjøkkenvifte i bestilling og vi kan vente oss ein pakke på døra neste fredag.
På plukklista var det oppført ein haug med ekstra innventar som vi aldri har bedt om, men når dei var fjerna satt vi igang med plukkinga. Malin skulle på død og liv trille barnevogna. Greitt nok det, men ho ville ikkje trille i takt med at vi plukka. Så kom ein engel som delte ut pepperkaker og når Malin hadde ete opp den, så ville ho ha meir kake og leita mellom lagerhyllene etter engelen som hadde kaker. Emil byrja å grine, Malin ville ha meir kake og det bar avgårde for å kjøpe kake og finne ammerommet. Det måtte sjølvsagt vere mykje folk som skulle stelle borna sine, og eg måtte bruke vogna som stellebord. Det var ikkje anna enn å vente at akkurat ved dette bleieskifte skulle Emil både bæsje og tisse når bleia var av. Stønn! Fram med våtserviettane. Etter at freden senka seg med ein bolle i magen for den store og melk i magen for den vesle, hadde Espen plukka ferdig. Onkelen til Espen, Jostein, kom med den store bilen og skulle hjelpe oss med frakta.
Å så var det å stå i kø. Fire store vogner med kjøkken og eit femsifra beløp ut av kontoen. Malin var i sin egen verden og studerte både batteria og julepynten ved kassa, og det var ganske kjekt å stenge porten framfor kassene også. Likevel vil eg seie ho var kjempeflink og tolmodig. Tre timar på IKEA for ein toåring er ikkje kvardagskost. Det vanka is i bilen som premie. Både Malin og Emil var utslått når dei kom heim. Mor i huset har fått senka skuldrane etter rosenraude kinn og eit årvåkent blikk i butikken, og far i huset har endeleg kome heim etter å ha satt kjøkkenet i hus. Med litt mat i magen har vi tatt kvelden innover oss og ser på Obama og gjengen som kosar seg på banketten. Vi får nyte kvelden så godt vi kan for i morgon er det tid for montering. Og det er ikkje reint lite som skal monterast for å seie det slik...

Bileta er henta frå internett ein stad. Vi har valgt kjøkkenet STÅT med benkeplate i bøk. Knottane er ikkje bestemt.

onsdag 9. desember 2009

Fråværande

Det vert lite blogging på meg for tida. Det er ikkje fordi det manglar noko å blogge om, men fordi tida ikkje strekk til. Akkurat no er det ALT som skjer. Det er mykje som ordnast i samband med eigeninnsatsen. Eg skulle gjerne vist dokke fargane eg har tenkt på romma, men Jotun og andre malemerker har ikkje lagringsmoglegheit slik at bileta kan lastast ned (har iallefall ikkje funne ut korleis). Igår handla vi inn haugevis med tapetrullar, grunning og lim. Vi skal ha same farge på veggane i stove, gang og loftstove medan det skal vere ulikt på soveromma. Har kjøpt ein farge som heiter Blitz (Butinox) som eg skal teste ut på stoveveggen. Om denne vert ein suksess skal eg kome tilbake til. Eg vurderer blåfargar på Malin sitt rom, men dei to andre soveromma er eg i stuss på enno.
Eg tenker på lampar, gardiner og fliser, eg tenker på møblering, eg reknar på budsjettet, eg organiserer dugnad, eg betaler rekningar, eg tenker på julegåver, eg ammar om natta, eg ammar om dagen, eg vasker klede, eg vaskar opp, passar born, diskuterer huset med Espen... Lurer på om hjerna har eigne sikringar, då er det iallefall fare for at ei sikring ryk snart. Eg tenker MYKJE! Espen gjer også sin del og han tenker nok like mykje som meg. Igår og idag har han grunna heile huset utenom soveromma. Imorgon skal vi plukke kjøkken på IKEA. Til helga satsar vi på dugnad. Eg nøyer meg no med å seie at eg skal oppdatere kvar veke, men med eigne bilete sidan inspirasjonsbileter rundt om kring er Adobe Flashplayer-prega.
...
Bilete er av Malin som bakar. Når mamma var på besøk i forrige veke vart det ein del julebakst. Eg tar ikkje på meg æra for det, mamma sto for heile baksten. Mødre er kjekke å ha :-)

søndag 6. desember 2009

Og barnet skal heite...

...Emil. Godt å ha tatt ei avgjersle. Det tok oss eit halvt år.
Emil og Malin. Vi er tydeleg ein Astrid Lindgren-generasjon.

Eeeeemiiiil! Synest eg høyrer ropinga på Dansebakken. Dersom vi får fleire born må vi vel vurdere Pippi, Båtsmann, Tjorven eller noko...

fredag 4. desember 2009

Klart til egeninnsats

Var oppe i huset idag. Snekkarane har forlatt åstaden og huset er klart for egeninnsats to veker før tida. På mandag kjem bygningskontrolløren og etter møtet kan vi setje igang med sparkling, tapetsering, maling, montering av kjøkken og golvlegging. Det er godt å ha litt ekstra tid på seg sjølv om vi ønskjer å verte ferdig så fort som mogleg. No er det berre for oss å handle inn alt.

Badet er ikkje heilt slik som det skal vere. Det er lagt plast bak gipsplatene samstundes som badet skal ha membran. Dette medfører dobbel fuktsperre. Konflikten er ikkje løyst enno og eg kjem tilbake til dette i eit innlegg om nokre dagar.
Soverommet vårt. Nokon som veit om ein kan male panel med ein gong? Eller må det leve sitt eige liv ei stund? Veit ein må vente på våtrom, men er usikker på soverom og sant.
Gjesterom/treningsrom/hobbyrom. Fargeval er vanskeleg, også kvitt. Kva kvitfarge synest dokke er fin?
Barnerommet. Skal vi male det heilt kvitt eller skal vi ha nokre farge på veggane? Å så vanskeleg! Golvet skal vere kvitt i heile andre etasjen forresten.
Inne i denne kroken skal dagens to-setar stå. Og tv på motsatt vegg når vi får moglegheit til å kjøpe det.
Bod og trappegang. Lurer på ein gråtone i gangen nede etterkvart. Har lyst å ha brystningspanel i grått og samme farge på trappetrinna opp. Men alt er berre i tankane enno. Plutseleg vart alt så verkeleg. No må vi gjere meir enn å berre drøyme, det skal faktisk skje noko no.

Og til alle kjente i nær omkrets: Velkommen til dugnad! Huset er opent for alle kvar dag.

tirsdag 1. desember 2009

Nye bileter av veslebror

Det har gått ei veke sidan vi kom heim frå sjukehuset allereie. Veslebror er no 8 dagar gammal og han ser ut til å trives i sin nye heim. Det stormar rundt han, men det ser ikkje ut til han plagast av det for han søv dagen lang. Han er snill og grei, søv godt og et bra.
Vi har ikkje funne navn til han enda, kva synest du han ser ut som han heiter?
Han byrjar å likne Malin meir synest eg. Ein god liten gut.

Utfordring frå Husdraumen

Eg har fått ei utfordring frå Husdraumen og her kjem den!

Skriv 3 ting du hugsar som om det var i går:
  • Når pappa tok skjegget og eg kjente han ikkje igjen (var 6 år og såg ikkje på han i fleire veker)
  • Herremåltidet på Petrines Gjestgiveri i 1999 (hjortegryte)
  • VM-kampen Noreg-Brasil i 1998 der Noreg vann 2-1

Skriv 3 ting du mislikar:
  • Bytrafikken i Bergen
  • Folk som ikkje høyrer etter når du snakkar om noko viktig
  • Urettferd

Skriv 3 ting du likar godt:
  • Lage mat
  • Strikke
  • Underholdning frå Malin

Skriv 3 bloggar du besøkjer dagleg :
  • Byggebloggar i hopetal
  • Interiørbloggar
  • Bloggar av vener og kjente
Skriv 3 songar du høyrer på for tida:
  • Upp gläd er alla (Kyrkjebø og Nordstoga)
  • "sang" av Malin (bæ, bæ og bob bob)
  • Det som tilfeldigvis dukkar opp (har ikkje tid til noko anna)
Skriv 3 TV-program du følgjer med på:
  • Hellstrøm rydder opp
  • Nytt på nytt
  • Hvilket liv
Sender ikkje vidare utfordringa denne gongen.