torsdag 9. januar 2014

Eit blogginnlegg om ingenting

Eg har bladd litt igjennom bloggen og sett på gamle bileter. Det er så kjekt å lese om korleis vi har hatt det til kvar ei tid og ikkje minst sjå alle bileta av ungane. Eg må smile når eg ser mine vakre born, dei er så fine til tider. Med beina godt planta i jorda må eg sjølvsagt bryte den idyllen med å vise eit sjarmerande bilete av Anna. Ho sjølv byrja å gråte når ho såg seg sjølv slik som dette...
Lille, vakre Anna. Tenk ho er 1.5 år på laurdag. Ho er aktiv som berre eittåringar kan vere, men det er vel derfor ho er så skjønn fordi vi skal halde ut med ho.

Det er noko med tida. Ting har roa seg både innvendig og utanpå. Eg er i modus, eg klarar kvardagen utan dei store problema. Neida, ungane søv ikkje heile natta. Slik erfaring har vi ikkje enno, men det er utruleg kva ein venner seg til. Rutinene er innarbeidd og eg har misunnelsesverdig kort veg til jobben som eg samstundes trives veldig godt i. Eg har funne tid til å trene, det same har Espen, men eg bakar ikkje brød eller har med meg salat på jobben kvar dag. Ting er veldig A4, men det fungerer og det er heilt greit. Lite spennande nytt, ikkje noko førstesidestoff, men livet er heilt ok.