torsdag 25. oktober 2012

Ein vest med historie

Denne vesten byrja eg på då eg var på ferie i Danmark juli ifjor. Det gjekk unna, men det stoppa brått opp då eg var tom var garn. Det lysebrune garnet etterlyste eg i samtlege butikkar i landet som kanskje hadde restar igjen, men det var heilt utsolgt og garnet var gått ut av produksjon. Så då ga eg opp og la det ilag med dei andre uferdige prosjekta mine.
Så i forrige veke hadde eg ingenting å strikke på, fann fram vesten igjen og rekte opp halvparten. Så strikka eg stripemønster heile vegen i motsetning til einsfarga lysebrunt slik som det opprinneleg skulle vere. Då eg skulle lage kant på armane måtte eg ta opp masker rundt heile vegen og det vart ikkje fint når eg har stripemønster, men skitt, eg hadde no i det minste nok garn. Heilt til eg skulle strikke siste delen av kanten på kragen. Eg improviserte og strikka ei kvit stripe. Då eg var ferdig med vesten fant eg meir lysebrunt garn igjen... Eg seier ikkje meir. No er den ferdig og eg vil ikkje sjå den meir.
Dette er berre ein liten del av trådane eg har festa. Ork! Vesten er strikka delvis frå eit mønster frå Sandnes Garn og delvis frå hovudet mitt. Garnet er forskjellig babyull som eg hadde liggande.  Den er forresten størrelse eitt år, men den passar Emil som snart er 3 år. Stor i størrelsen altså.

Snøen som falt ifjor

Det florerer med utsagn om snø på facebook idag og då kan ikkje eg vere noko dårlegare. Eg har for vane å skrive i eit innlegg når første snøen kjem, når den første frostnatta er, den første varme dagen osv. Eg, som fleste andre nordmenn, er opptatt av vèr. Når vi snakkar om facebook så har dei som kjenner meg lest ein del fortvilte kommentarar frå meg dei siste åra når det snør eller når snøen har lagt ei stund. I år derimot er det andre tonar.
Denne bilen har æra for det. Livet har vorte totalt forandra etter at den kom på tunet i februar i år. Tidlegare har vi hatt meis med ungar på ryggen, sekkar med matvarer, akebrett,broddar og anna oppover bakkane fordi vi ikkje har hatt bil som kan føre oss opp på denne toppen vi fant på å bygge på. Då eg var gravid og spydde berre eg nærma meg bakken, og vi var snart fem i familien, var det på tide og skifte. Subaru Legacy har plass til heile familien. Anbefalast til alle som treng ein driftssikker firhjulstrekk om vinteren. Eg har ikkje vorte sponsa av ein japanar for å seie dette, eg er berre oppriktig glad i denne bilen.

Så humøret er på topp sjølv om det snør. Den er kvit og vakker og gjer alle ungar glade. Ikkje ein gong turen til tannlegen idag fekk meg til å grine. Velkommen Kong Vinter!

onsdag 17. oktober 2012

Hue i flettestrikk

Denne hua strikka eg ferdig for lenge sidan, men dusken har mangla og det tok si tid før fingeren var ute. Å lage ein dusk kan sikkert fleire erindre å ha gjort på barneskulen. Vanlegvis nyttar ein to pappringar mot kvarandre, snurrar hundre og ørti gongar og klipper. Denne gongen har eg etter tips frå ei nabodame frå barneåra snurra rundt ein gaffel (!). Tipset finn du her. Eg brukte ein stor tregaffel for å få større dusk. Ein kan og bruke grillgaffel til dømes. Det gjekk kjempefort kan eg tilslutt seie.
Garnet er kjøpt på Spar Kjøp. Det heiter Gullgarn, er av ull og akryl, og fargen er nr 236. Oppskrifta er laga av Marte Helgetun, link og nettsida hennar finn du her. Eg har aldri strikka flettemønster før, men det var utruleg enkelt så det skal eg gjere fleire gongar.
Hua skulle eigentleg vere til Malin, men som dokke ser så passar den til meg. Kanskje ho vil bruke den likevel, vi får sjå. Eg tok sikkert 30 bileter av meg sjølv før eg traff vinkelen. Ikkje lett å vere heime aleine. Husmorproblemer...

tirsdag 16. oktober 2012

Strikka spencer

Eg har strikka spencer til Anna. Den er størrelse eitt år og må nok ligge nokre månader til i skapet. Eg ser ikkje meininga med å kle jenter i kjole før dei kan gå då alt legg seg under halsen. Spenceren /kjolen er strikka etter Sandnes garn sitt mønster nr 1001-3. Eg har gjort oppskrifta litt om, men ikkje mykje.
Garnet er Sisu og Dale babyull, strikka på pinne 2.5 og 3 og eg har nytta fargane mørk lyng, lys lilla, naturkvit og grønn. Knappane manglar, men det tek heilt sikkert litt tid før eg får gjort.

søndag 14. oktober 2012

Haustsol, bålkos og barnearbeid

For eit nydeleg haustvèr vi har no! Endeleg forsvann hauststormane og den våte septembermånaden. Denne helga har vore hektisk med alt frå innkjøp av 9,1 kvm stor utebod til å vere tilskodar av vener som gifta seg. 
Igår tente vi bål bak huset kor Espen har laga ein liten bålplass. Her har vi grilla før og det er alltid koseleg. Ungane leikar både Vennebyen og gøyme og leite. Det er så deilig å bu så fritt i slike høve.
Anna skal tidleg krøkast. Innrøykt og innpakka i bæresele var vi ute ei god stund. Ho sov nesten heile tida inntil meg. Det er litt tungvint med ein sele på magen, men ho søv i det minste...
Idag måtte ungane ut og arbeide. Eg meiner dei treng å lære seg og hjelpe til. Malin var kjempeflink og var til god hjelp, medan Emil vandra rundt i si ega verd. Legg merke til garasjeveggen bak som ikkje er ferdigmåla. Espen har grunna den idag etter å ha venta langt og lenge på tørt vèr. Malingsstrøket tek vi til våren og vi har bestemt at fargen vert raud. Listene vert framleis kvite. Uteboda vi kjøpte igår skal og verte raud med kvite lister. Meir om det ein annan gong.
Å rydde ved med ein unge på magen er lite praktisk og eg kjende det godt i ryggen. Ho sovna heldigvis fort så eg fekk ha ho i vogn. Etter det samarbeidde heile familien om å få veden under tak. Den har stått ute alt for lenge allereie og vert ikkje nytta denne vinteren.

Sist kan eg nevne at vi har igang med å gjere om roterom/gjesterom til prinsesserom. Vi har lova Malin nytt rom denne hausten og fargen vert sjølvsagt rosa. Vi lagar oss stadig nytt arbeid samstundes som vi ønskjer oss meir tid. Vi har visst ikkje forstått samanhengen....

Tjohei til alle!

fredag 12. oktober 2012

Vel overstått dåp

Den mandagen eg lova i forrige innlegg har vorte fredag. Og fleire bileter enn dette kjem ikkje. Det er rett og slett travelt om dagane, og eg veit ikkje heilt kva eg gjer for at det er så travelt. Kanskje det er all klesvasken, kanskje det er alle leikene som sleng eller alt papiret som kjem inn og ut av huset. For å ikkje snakke om plasten! Uansett, vi hadde ein fin dag på søndag. Anna skreik i kyrkja, ungane vart mata med kjeks og sløyfa vart gløymd att heime. To reddande englar henta sløyfa heime og vi rakk å få sløyfa på to minutt før vatnet kom på hovudet. Eg SKULLE ha sløyfa, ja veldig hormonell... Du køddar ikkje med ei mor som ammar! Vi koste oss med masse mat og kaker. Det vart alt for mykje kaker att og det har resultert i ein kilo meir på kroppen (nokon må no ta ansvar å ete opp desse kakene). 
Ædda bædda!

Kos dokke med landskampen og ha ei god helg. Eg kosar meg med gulrot og brokkoli.

fredag 5. oktober 2012

Vi førebur dåp

Eit lite hei frå meg mellom frukost og barnehagelevering. På søndag skal Anna døype seg og den siste tida har eg rydda huset minst tre gongar, baka og handla inn klede, pynt og mat. Eg prøvar å gjere det enkelt, men det går litt tid likevel.
Emil og Malin bakar kanelbollar og vaniljesnurrar.

Meir om dagen kjem på mandag. Lykke til, tusen takk, og god helg!

mandag 1. oktober 2012

Vått, ruskete og få gleder i hagen

Dei to siste månadane har det vore lite hage på meg. Det har nesten ikkje vore vèr til det. Eg gidd ikkje vere ute i hagen når det bles og regnar, slik er det med den saka. For nokre dagar sidan gjorde eg den siste lukinga for i år og ommøblerte det blå bedet for neste sesong. Dette er planter eg har sådd sjølv og det som har vekse har eg samla på same stad slik at eg finn dei lettare att til våren. Eg må gjere det eg kan for å unngå og luke vekk den vesle staudesamlinga.
Eg har ein god del frø som eg skulle ha satt i jorda no. Det må gjerast så snart som mogleg. Kanskje Espen er så grei å hakkar opp litt meir bed til meg? Eg huskar ikkje heilt kva eg har i dette bedet, men det er å finne i tidlegare innlegg.
Det meste av blomar er tatt av vind og regn, men haustfloksen blømer iallefall.
Det same gjer denne rosa som eg har omtalt så fint før. Den overlev all slags vèr og kjem stadig med nye knoppar. Bella Rosa heiter den og gjer meg glad i ein elles så tungsinna hage.