torsdag 29. mai 2008

Sjå kva som blømer i hagen ikveld

Nokre blomar i hagen er på hell, andre er på veg til å springe ut. Idag hadde eg lyst å ta bilete av dei blomane som står i sin finaste kjole akkurat ikveld. Navnet på plantene eg kan, står under bilete. Dersom dokke kan navn på nokon eg ikkje kan, kan dokke gjerne skrive det i kommentaren. Hagen har ikkje vi laga og ikkje veit eg kor gamal den er, men akkurat no er det vi som passar på den. Draumen er å lage ein hage frå byrjinga av, og eg har etterkvart fått mange gode idear til den. I mellomtida får eg nyte den vi har no.
Hageasalea.
Kjempevalmue
Tistel (har iallefall alltid kalla dei det...)
Rododendron (Polaris)
Gyvel og ei søt humle
Fjellflokk
Rododendron

Smørblomst/engsoleie

Forglemmegei
Storkenebb

mandag 26. mai 2008

Planering av plen og nytt bedd

I ettermiddag/kveld har eg og Espen vore i hagen. Espen har køyrt lass etter lass med jord med ein plan om å lage ny plen på eit område i hagen som ikkje har vore så lett å kome til med plenklippar. Han har planert og gjort det klart til såing av frø. Eg synest han har vore veldig flink.
Eg kunne ikkje vere noko dårlegare enn Espen, og har laga bedd under verandaen ikveld. Det er ikkje noko vakkert under verandaen, og tanken er å skaffe oss stauder, gjerne vintergrøne, som tåler mykje sol og som dekkjer godt innsynet under verandaen. Har nokon eit godt tips til kva planter vi kan bruke?
På andre sida av trappa planta eg ei plante som sto ein annan stad i hagen. Synest ho kom bedre til sin rett her. Har lagt nokre steinar rundt for å ramme inne den fine planta. Veit ikkje kva ho heiter, men det kjem rosa blomstrar på den seinare i sommar. Eg er ikkje den som er ivrigast i å leite fram plantenavn, det viktigaste er at planta er vakker.
Må berre vise dokke eit tre som har stått og bloma lenge no. Vi ser den frå stova og kjøkkenet, og eg synest det er så fint. Eg har faktisk tenkt å ta meg bryet å leite fram navnet til den, for treet er så vakkert at eg gjerne kunne tenke meg eit slikt i ein eventuell framtidig hage.

Konfirmasjon

Eg var i konfirmasjon i helga til mitt yngste søskenbarn Andrea. Eg har lyst å vise dokke det fine bilete av konfirmanten som er tatt av bror min André. Han er ein ivrig hobbyfotograf og har eit godt kamera. Det gyldne håret hennar, den grøne bakgrunnen og det vakre lyset gjer tilsaman biletet til det fine det nettopp er. Og Andrea er jo så søt i seg sjølv i tillegg.
Det er forresten tilfeldig at bror min og søskenbarnet mitt heiter nesten det same. Det er ikkje slik at alle i slekta heiter noko som liknar deira navn...

søndag 18. mai 2008

Hurra for 17.mai!

Den store dagen vart feira på Valestrand i år. Vi har vore der mykje i det siste og det er like koseleg kvar gong. 17.mai i Bergen er alt for slitsomt, særskildt når ein har barnevogn, så Valestrand er eit godt alternativ. Vi har vore saman med to søskenbarn av Espen med familie. Det er Malin sin første 17.mai og det var spennande å sjå korleis ho reagerte på toget, flagg, masse unga, leik og livet ellers på 17.mai.
Flagget er mest for å ete på, alt skal smakast.
Vi gjekk i tog og ruta gjekk rundt i sentrum av bygda og enda opp ved Bullahuset. Sommarhuset til Ole Bull i si tid. Der var det tale. Vidare var det mat og leikar på skulen og fotballbana.Malin var i kjempehumør og koste seg. Ho likar veldig godt å kike på folk, og då er vel 17.mai ein fin dag for henne.

Må vise fram bunaden min, den er eg så glad i. Sunnmørsbunad så klart!

Oppsummering: Været var bra, stemninga var god, maten var billig og leikane er fortsatt kjekke. 17.mai er altså framleis ei flott markering av grunnlova vår. Hurra for 17.mai!

Tur rundt Brakvatne

Turen rundt Brakvatne på Valestrand idag gjorde underverker for ein 17.mai-sliten kropp. Litt kaldt i lufta, men sola glimta til innimellom. Ein fin turveg med mykje fin natur. Her er noko av det vi såg og gjorde langs vegen.




søndag 11. mai 2008

Stemningsbileter

Eg har så mykje eg vil vise dokke. Her er nokon bileter som gir meg ei god kjensle. Bileta er frå helga.
Hønsehuset bakerst og vedaskjulet, eller "kikkå" som dei innfødte seier.
Tatt frå steingarden eller "oppe med grinde". Bilete viser det meste av innmark på garden til bestefaren til Espen. Kanskje dokke kjenner igjen plassen vi ønskjer å bygge frå eit anna bilete tidlegare i bloggen?
Små, vakre Natt og Dag. Desse veks på stien mellom bestefaren til Espen og onkelen.
Bekkeblome trur eg. Fann dei iallefall i ein liten bekk.

Morgenstemning tatt frå "Kringestemmo". Var ute og trilla og berre måtte fange augneblikket.

Familieliv

Vi har storkost oss i helga i det fine vèret. Mesteparten av familien til Espen bur på Valestrand og dei samlast ofte ilag når det skjer noko. I helga har vi hatt det kjekt ilag med terrassebygging og grilling.
Farmor og Malin i vårsola utanfor huset til oldefar.
Vi samlast til grilling i Reigstadåsen etter ein lang dag med dugnad for enkelte. Både små og store er med, og her er dei to minste Malin og Elias som raskt fant tonen.
Mora til Espen er for tida på besøk på Valestrand, og eg trur ho kosar seg på dette biletet. Kan du ikkje forstå henne når du har naturen og familien rundt?

Grilling er vel også litt stress. Alle får ikkje mat samtidig, men alle er svoltne. Når grillen er slokt og magen er full, ja først då slappar ein av.

Terrassebyggjing

Espen har igjen tatt fram hammar og sag. Denne gongen har han hjulpe bestefaren sin med å bygge terrasse. Det byrja på fredagkveld med avretting og lage fundament. Laurdag og søndag vart plattingen nesten ferdig og gjerdetstolpane vart satt opp. Då dei gjekk tom for materiale, vart ikkje alt ferdig. Bileta viser resultat dag og dag.


Quilta teppe til Malin

Det er ikkje eg som har laga dette teppet. Så har eg sagt det først som sist slik at ingen synest eg er kjempeflink til å quilte. Eg har ikkje peiling på slikt, men det har tanta til Espen. Ho har altså laga krabbeteppe til Malin. Lyset var litt dårlig, og bileta vart tatt litt utan omtanke, men eg håpar dokke ser kor flott dette teppet er. Eg er så imponert og takknemlig over at nokon vil lage slikt teppe til Malin. Det er verkeleg eit teppe som er verdt å ta vare på til all framtid. Tusen takk tante Marit!




søndag 4. mai 2008

Tur til Volda

Eg har vore heime i Volda ei veke og hadde gløymt usb-kabelen min i Bergen. Typisk. No er eg tilbake til kvardagen og usb-kabelen min og eg har derfor moglegheita til å vise dokke nokre bileter. Første bilete ut er Malin bak rattet frå ei av ferjene på turen oppover. Ho skal tidleg krøkast.
Bilete under er tatt frå eit hotellrom på Alexandra hotell i Loen. Espen skulle på kurs der og vi fant derfor anledning til å besøke Volda når han kunne reise saman med oss oppover. Berre for å ha sagt det; biletet lyg ikkje. Absolutt verdt eit besøk.
Når Espen var "levert" i Loen, tok vi ein omveg heim og køyrte forbi Austefjorden. Ei bygd 2 mil frå Volda kor far min kjem frå. Han er oppvoksen i eit hus bak garasjen som er plassert midt på biletet. Veldig idyllisk stad og eg har mange gode minner frå sommarane der.
Det er konfirmasjonstid og tid for kaker. Eg og mamma skal bake kake til søskenbarnet mitt sin konfirmasjon, og då måtte vi øve oss på nye sortar. Den første kaka er fransk sjokoladekake. Den minner om brownies med valnøtter i. Veldig klissete og god.
Så prøvde vi oss på ei kaloribombe av dei sjeldne. Sukkebrød, mandelbotn, eggelikør, krem, kirsebær, nesquik og sjokolade er nokon av ingrediensane. God på smak og veldig mektig, men ugunstig til å frakte med seg når ein skal i selskap.
Ein av dagane var eg og Malin til Ålesund. Første besøk ut var til André, bror min, som bur og jobbar ved sjukhuset. Dette er utsikta frå leiligheta hans. Vi var også stad å besøkte Helga som driv å lagar hage og skal snart bygge på huset.
Malin har fått seg ny vogn som måtte prøvast. Den har ho arva av onkel Jonas. Vogna er enno litt stor, men det ser ikkje ut til å plage henne.
Eg, Jonas og Malin var på synfaring i huset til Marita, ei barndomsvenninne av meg. Mesteparten av huset er bygd på egeninnsats og sluttresultatet vert nok veldig bra.
Eg hadde ikkje med meg kamera overalt, men eg har vore saman med familien min og blant anna feira bursdagen min. Hjå pappa fekk eg kake og hjå mamma fekk eg kjøtkake. Jonas plukka blomster til meg og været var strålandes.
På heimturen følgde mamma oss til Bergen. Det er litt langt å reise aleine til Bergen frå Volda når eg har med Malin. Reisa var ei lang rekkje postkort-opplevingar, og her ser dokke eit av dei. Bilete er frå ferjekaia på Lote.
Vel heime venta Espen på at Malin skulle kome. Det er vel ingen tvil om at han var glad når vi kom.
Og alle var samde om at det hadde vore ein fin tur.