fredag 30. mai 2014

Hagen idag

I vinter sådde eg ingenting og ikkje har eg sådd noko direkte i jorda heller. Det er utruleg hektisk å halde styr på Anna som snart er to år samt alt anna som må gjerast, så eg har ikkje prioritert hage i det heile i år. No når sesongen har starta ute så får eg halde vedlike det eg har og byrje å ommøblere (igjen) når eg ser korleis sommaren har vore.
Dette bedet har inga avslutning. Det skal vi gjere noko med. Eg har ein idé om trapp ned til flaggstanga som er til venstre for bilete. Skråningane bakover er så bratte at det er lite ein kan gjere utan å bygge opp mur. DET har vi ikkje tid til med det første. Topplauken til høgre i bilete er ny av året, ein avleggar frå Åshild. Elles så hadde eg sommarblomar der som det berre er jord no ifjor så eg må finne på noko lurt iløpet av kort tid for at det ikkje skal sjå så nakent ut. Litt urter og stauder i dette bedet slik det er no. Sjølvsagt skal det ommøblerast med tid og stunder. Ingenting får stå i ro hjå meg.
Kanskje ikkje heilt sant at alt skal flyttast på. Roser og peoner skal få stå i fred. I år er det ei vanvittig fart på plantene og vi skriv ikkje sommarmånader før om to dagar. Noko er allereie avblomstra som roseklokkebuska til høgre.
Akeleiene eg sådde sjølv ifjor med frø frå Impecta. I år kom blomane og du verden så kjekt å få det til! Elles i dette bedet  er det mykje som veks seg til. Det meste er frø eg sådde ifjor.
Akkurat no blømer graslauken. Akeleiene  til venstre har spredd seg for alle vindar og det er blåe flekkar mange stadar. Eg likar det! Akeleien til høgre er den som eg viste på bilete nr 3. Så utruleg vakkert! Eg vil berre ha fleire sortar, eg kan ikkje få nok.
Min første peonknopp etter tre-fire år! Hurra! Forglemmegei, Nellikrot og Smågullkorg.
Problemplantene akkurat no. Begge løytnantshjertene ser tufsne ut. Dei blømer lite og kort. Dei får både gjødsel, lys og vatn så eg veit ikkje kva som har gått av dei. Håper det tek seg opp att neste år. Dei skuffar vanlegvis ikkje. Kamellia har ikkje bloma sidan eg fekk han for tre år sidan. Den har vorte større, men i år har den fått seg ein knekk med mange brune blad. Eg måtte klippe den godt ned og no ser det ut til at det kjem to knoppar som muligens har vorte visne før dei har sprunge ut. Anar ikkje kva eg gjer gale, frustrerande er det iallefall for den er så fin når den blømer. Siste buska er roseklokkebuska. Den rakk knapt å bløme før den visna igjen. Den er gjødsla og vatna, og får rikeleg med sol. Får dei for mykje sol desse plantene skal tru? Kom gjerne med tips for eg er rådvill.

torsdag 29. mai 2014

Open dag i Klyvikje

Ein dag i året er det opent hus på denne garden som ligg innerst i Bruvik på Osterøy. Det er ein småbornsfamilie som bur her og som fann ut for nokon år sidan at dei skulle ha opent for publikum. Idag tok vi turen for første gong. Vèret var fantastisk og det var mykje folk som kom.
Garden ligg idyllisk til med alt som Vestlandet kan by på.
Vi var ikkje komt til huset ein gong før ungane ville ri. To hestar, ein shetlandsponni og ein fjording, transporterte ungar fram og tilbake i fire timar. Snakk om tolmodige hestar. Malin hadde aldri ridd før så det var veldig spennande å få prøve.
Garden har strandline med badevik og båtkai. Det var kaldt i vatnet, men fleire var uti og bada. Det var volleyballnett tilgjengeleg nede ved strandkanten og grill.
Ved båtkaia var det mogleg å få låne kanoar.
Garden har fleire gamle hus der eitt av dei var ei smie. Det var mykje mannfolk som var interesserte i dette. Rart med det kor ulike damer og menn kan vere til tider.
Bærbusker høyrer med i ein gardshage. Alt var berre så idyllisk denne dagen. Det var og kafé i hovedhuset og det var mogleg å sjå på ulike dyr som garden har.
Kan du tenke deg ein betre stad å bu på ein slik dag? Det er som det skulle vere eit maleri frå nasjonalromantikken si tid. På bilete kan du skimte ein lavvo heilt høgre. Her kunne vi grille det vi eventuelt hadde tatt med av grillmat.
På slutten av dagen ville ungane ri endå ein gong. Malin fekk prøve fjordingen og ho virka tryggare allereie etter andre gong på hesteryggen. Ho var svært stolt og ga uttrykk for at dette ville ho gjere meir av.
Godaste Emil som først ikkje ville ri, tok motet til seg og heiv seg på hesteryggen han og. Det gjekk sjølvsagt kjempefint.
Anna som eigentleg ikkje hadde gjort så mykje var heilt utslått då ho kom heim. Dagen ga ho nok heilt sikkert mange inntrykk.

Ein kjempefin dag og eit flott tiltak. Det vert nok gjensyn neste år dersom vèret er like bra.

tirsdag 27. mai 2014

Tur til Erstadfjellet, på ordentleg



I  dette innlegget skreiv eg om ein kveldstur til Erstadfjellet. Det viste seg i ettertid at eg ikkje hadde gått langt nok og at det likevel var ei bok å skrive seg inn i som eg først trudde ikkje fanns.  Altså så har eg ikkje vore på Erstadfjellet, iallefall ikkje på det høgaste punktet. Så det måtte eg gjere noko med.
Ikveld tok eg og Maren oss ein kveldstur i flott solskinn. Denne gongen visste eg kor vi skulle gå så det gjekk berre ein halvtime og så var vi på toppen. Vi fekk skrive oss inn i boka (noko av det viktigaste ein gjer på ein fjelltur) og ta bileter av den fine naturen vi har. Bilete over er mot Arna.
Det høgaste fjellet vi ser på bilete er Stemmeseggi. Ein tur både eg og Maren har lyst å gå.
Myrull, fjellbjørker, kveldssol og utsikt ut mot Nordhordaland og havet. Frå Erstadfjellet kan du og sjå nordover mot Osterøy og vestover heilt ut i havet. Ein enkel, nydeleg og balsamerande tur for kropp og sjel.

Strikka jakke i rundfelling

Eg kan ikkje skryte på meg at eg er effektiv når det gjeld strikking. Denne jakka har tatt si tid før den vart ferdig, men no er det gjort og den er overlevert til rette vedkommande.
Jakka er strikka i dobbelt garn av Drops Alpakka. Oppskrifta er frå Nøstebarn som du finn her. Eg har strikka jakka i str 1 år.

Eg har ikkje strikka noko særleg dette året, men det var kjekt å ta pinnane fram att og det vert kanskje fleire ferdigstrikka plagg før året er omme. Det er litt greit å gjere seg ferdig av og til og sjølv om det er fristande å byrje på noko nytt.

tirsdag 20. mai 2014

Bursdagsfeiring på Åsheimsveten

Det er 1.mai som er bursdagen min. Dagen var fylt med sol og blå himmel og mitt ønskje for dagen var ein fjelltur med familien. Med oss fekk vi ein annan familie med ungar på same alder. Det er alltid like smart. Ungane gløymer heilt at dei er "slitne".  
Vi køyrde til Hosanger, forbi skulen og heilt til Åsheim kor vegen sluttar. Her er det parkeringsplass som dokke ser i midten av bilete over. Åsheim er ein nydeleg stad med fleire gamle hus med velstelte hagar i gammaldags stil. Det er idyll for meg.
Det tok oss 45 minutt opp til toppen som er 447 m.o.h. Ungane spratt opp utan problem. På toppen skreiv vi oss i bok, drakk saft og åt skiver og kjeks. Ungane var så flinke og snille heile turen.
Åsheimveten serverte oss ei fantastisk utsikt  som tok pusten frå oss alle. Ryktet sa at det var fint her, men lite visste vi at det var SÅ fint. Til venstre for fjorden er Osterøy og til høgre ser vi Lindås.
Det var 360 grader med nydeleg utsikt. For å vere ein så liten topp så såg vi utruleg mykje. Her ser vi over mot Nordhordaland. Vegen på andre sida er den vegen vi køyrer til Volda. Mange små stader som eg aldri huskar navnet på.
Siste bilete av utsikta som eg skal vise. Det er så herleg å gå på fjelltur. Alle bekymringar forsvinn og ein berre nyt naturen. Høyres veldig klisjé ut, men det er faktisk ein grunn til at ein stadig lengtar etter å gå nye turar. Og ein skal ikkje gå så langt for å finne noko vakkert å kvile augene på. Det er det som er så fint med Vestlandet.
Anna og meg. Eg trur ho likte seg i meisa. Det var mange inntrykk på turen så ho sovna på veg ned att. Vel heime putta vi i oss muffinsar. Dei kaloriane vi hadde forbrent måtte vi ta igjen, og litt til :-)

søndag 18. mai 2014

Rispingen

Eg er skikkeleg i bloggmodus merkar eg, det er kjekt! Eg likar å blogge, men diverre er både tid og teknologi imot meg av og til. Inspirasjonen har og mangla i nokre månader, men med sommar og sol kjem det meste tilbake. 

Turen eg vil vise denne gongen er ein tur eg og Espen hadde 2.mai. Vi hadde tatt ut feriedag begge to sjølv om både skule og barnehage var open (!). Ein kjenner seg nesten litt gal som gjer slike krumspring. Tenk, uten born, ein heil dag. Haha! Jammen på tide seier kanskje du. Og eg er heilt samd.
Vi køyrde til Bruvikdalen og parkerte på den store parkeringsplassen. Stien var lett å finne og det var jamn stigning. Dette er ein tur for dei som likar å gå i terreng og vidde. Det er ikkje ein tur med fjelltoppen rett mot deg heile tida. Vi visste aldri kor tid vi var framme før vi faktisk sto der. Bilete over er tatt undervegs. Eigentleg den finaste delen av turen. Det står ein flott, stor varde der som er verdt å sjå. Utsikta er mot Sørfjorden, Stanghelle og innover mot Voss.
Det var ikkje heilt fritt for snø langs stien, men det gjekk fint med joggesko sidan det ikkje hadde regna på ei god stund.
Eit bevis for at eg faktisk var der. Eg ser at eg må byrje å ta med meg speilreflekskamera på tur igjen. Biletekvaliteten er noko heilt anna enn med mobilkamera sjølv om teknologien på telefonane går i eit rasande fort tempo.
Dette er toppen av Rispingen. Den finaste utsikta er mot Hosanger og Fotlandsvåg og vidare utover mot Lindås og vestkysten. Fjellet er ikkje ein markert topp, men med varde og skilt så skjønte vi at vi var der. Den er 742 m.o.h. Vi brukte 1 t og 50 min opp. Har du lyst å ta deg ein tur kan du lese om den her.

Spreke kollegaer på tur

Sidan eg har hatt skikkeleg bloggtørke så vert det nokre historiske tilbakeblikk framover. Eg har og har hatt problemer med å overføre bileter frå mobilen til pcen. Å overføre eitt og eitt bilete med bluetooth når ein tek ørten bileter kvar dag gjer alt veldig vanskeleg, men eg håpar eg løyser problemet snart. Det har fungert før med rask overføring av bileter så eg skjønar ikkje heilt kva som har skjedd.

Eg byrja så friskt ifjor med å ha ambisiøse mål om å samle fjelltoppar. Det har ikkje vore så mange turar, men det skal eg gjere noko med. Ein tur eg vil vise dokke er då eg og sju andre kollega samt ein stykk hund tok turen på ein lokal knaus ein mandagskveld.
Eg trur ostringane reknar Hallandskletten som eit fjell så eg legg innlegget under "fjelltur". Ein rask, enkel og fin tur for alle typar folkeslag :-) Eg har vel vist denne turen på bloggen før. For dei som måtte lure så er det ei flott utsikt mot Hauge og Valestrand.

No er det heilt sikkert nokon som seier "å gud du kan ikkje vise dette bilete, eg ser ikkje ut!" Men nei, du som tenker dette tek feil. Alle er like flotte. Eg håpar på fleire slike turar, det gjer underverker for kropp og sjel.

lørdag 17. mai 2014

Årets 17.mai-feiring på Valestrand

Plutseleg var eg tilbake på bloggen. Det har gått vinter og vår, men idag på 17.mai eg gjenoppstår. Vi har hatt ei flott feiring her på Valestrand idag. Det er alltid kjekt å feire 17.mai i denne bygda. Det er ei samlande og tradisjonsrik markering kor alle er inkludert. Ekstra kjekt er det med 200 års-markering og fint vèr.
Tradisjonen tru er det tog ifrå skulen, rundt Valestrandvatnet og opp bakkane mot Bullahuset kor det er tale til bygda og musikkinnslag. Toget var veldig langt i år. Det kan ha noko med at det har vore skulesamanslåing her på øya og fleire born i toget som går på Valestrand skule enn før. Veldig kjekt iallefall.
Emil var ganske sliten medan vi høyrde på talen. Det er godt å ha ei skulder å kvile på. Talen var forresten veldig bra. Om du no har gidda å lese bloggen min Hjalti, så ta til deg mine ord :-)
Folkemusikktonar er vel ganske så passande når ein står på balkongen til sjølvaste Ole Bull. Iallefall etterkomaren til Ole Bull. Ole Bull er jo daud for lenge sidan. Kletten Hill er ei gruppe med flinke folkemusikarar ifrå Osterøy som spelar flott musikk det er umogleg å stille til. Eg håpar dei møter opp fleire gongar for ikkje har eg sett så mange folk stå så lenge for å høyre på før. Vanlegvis har folk byrja å gå lenge før programmet er ferdig.
Fotografen hadde ikkje bunad så då vart det oss som fekk vere med på 17.mai-bilete for 2014. Dette bilete vart teken då vi kom heim frå ein lang dag med feiring så det er godt gjort at vi ser så bra ut som vi gjer. Ein fin familie om eg må vere ærlig. Særskilt småtrolla, dei sjarmerer iallefall meg.
Slik ser ei tradisjonell 17.mai-feiring ut på Valestrand. Leikar, mat, drikke, is og mykje folk. Velkommen skal du vere neste år.