torsdag 23. oktober 2014

Hestehornet i haustsol

Det var på tide å tømme mobilen for bileter og fram kom vakre bileter frå haustferien. Det passar fint synes eg å ta eit tilbakeblikk på dei vakre haustdagane i Volda med 20 grader og sol no når det regnar, er mørkt og vi fyrer i ovnen.
Det er alltid slik at når eg er i Volda så har eg det travelt. Eg rekk aldri alt eg har lyst til og skundar meg frå butikkar, besøk, turar og alt som er for å få mest mogleg ut av den stramme timeplanen. Denne gongen bestemte eg meg på førehand at vi skulle prioritere natur og turliv med borna. Denne fjellturen var ein tur mellom handling og middag og vi hadde to timar på oss. Vèret var så fint at det var galskap å sitje inne. Emil og Malin var leie av tur og ville vere ilag med mormor, men Anna var klar så vi tok med henne og onkel Andre´ og køyrde til Krøvelsetra og parkerte bilen.
Det var blautt i starten og eg var våt på beina allereie etter 10 meter, men det var ein fin sti og Anna fant mange raude merker langs stien som var lett å sjå. Turen opp tok 40 minutt og på toppen var det utsyn mot dei fantastiske, vakre fjella i Ørsta og Volda. Eg har vore her før, men det er lenge sidan. Den gongen var eg ilag med ei venninne og ein halvblind hund og vi koste oss lenge på toppen med nista vår. No var det så mykje vind at eg knipsa raskt nokre bileter, skreiv oss i boka og gjekk ned att. Korleis bileta såg ut visste eg ikkje før eg kom ned att.
Er ikkje dette vakkert så er ingenting vakkert. Åmdalen og Follestaddalen omkransa av fjell eg ikkje lenger veit kva heiter. Hestehornet er ikkje stort, 688 m.o.h, men har mykje å byde på likevel.
Bondalen, Bjørdalen og Vatne. Eg vert rørt, glad og stolt på ein gong. Skikkeleg patriot. Å som eg saknar heim av og til!
Har du ikkje vore på Sunnmøre så har du gått glipp av noko, i alle fall på slike dagar. Men det dokke ikkje ser på bilete er den kraftige vinden. Det var synd vi ikkje fikk sitte på toppen og sjå dei fascinerande  inndelingane av fjell og dalar som isbreane ein gong tilbake i tid har vore med og laga.
Kva kan eg seie? Eg likar Volda frå denne kanten. Rotevatnet og Voldsfjorden går nesten i eitt. Rotsethornet er berre ein liten knaus i sidesynet og du ser ikkje oppoverbakkane i gatebilete så godt. Det rører seg i hjarterota, eg er så stolt!
Sentimental og bortkomen sau med vind i håret. Det er godt å vere heime. Trur jammen vinden har glatta ut rynkene og...
Espen på veg ned. Solstrålane lyser over Krøvelsetra.
Hausten er så vakker med den store paletten.
Fint å ha ein onkel. Og då vi kom heim fekk vi ball (raspe/komle) og kake til dessert. Du kan trygt seie at det ikkje vart fleire turar den dagen.

søndag 5. oktober 2014

Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå

Det er haustferie og vi er i Volda. Det er sommartemperaturar og nydelege fargar i naturen, så her må vi utnytte tida. Etter å ha brukt formiddagen i basseng gjekk turen vidare i oppoverbakkar på ettermiddagen. Helgehornet er eit passeleg fjell for born med sine 623 meter over havflata. Det ligg på ei halvøy mellom Volda og Ørsta.
Vi køyrde opp til skyttarbanene i Sollidalen og parkerte. Anna leitte etter merke, det er liksom hennar jobb der ho sitt opp i meisa med god utsikt, men merke er der ikkje. Ikkje er det nødvendig heller. Det er ganske vått i starten og motivasjonen var ikkje på topp med ein gong, så det passa med pitstop med vatn og kjeks som bensin.
Det blåste litt så Anna trakk hua godt ned i augene. Legg merke til meisa. Det er den gamle Bergansmeisa vår. Vi kjøpte ei nyare Norheimmeis (om eg huskar rett), men den var dårlegare enn den gamle så no er den gamle tatt fram att.
På veg opp får ein god utsikt mot Håvoll og Ørstafjorden
Vinden tok seg opp på toppen og det var regndropar i lufta. Vi trykte oss saman og åt nista vår før vi gjekk ned att. Ein fornøgd og blid gjeng. Vi brukte 1 time og 15 minutt opp så det synest eg er bra.
Utsikta frå Helgehornet er fantastisk. Voldafjorden og Ørstafjorden møtes blant holmar og skjær. Under havet ligg tunnellen som dannar Eiksundsambandet. Den startar frå enden av halvøya vi står på og i andre enden ligg Eiksund, Ulsteinvik, Hareid og vidare til Fosnavåg og ut i havet til blant anna Runde.
Dalsfjorden med Lauvstadbygda til venstre.
Hovdebygda og Mork rett ned og sentrum i Volda bak. Rotsethornet som ruvar når ein er i Volda, vert ein pusslete topp i det fjerne.
Ørsta, Hovdevatnet og dei nydelege fjella i bakgrunnen. Eg er å glad i Søre-Sunnmøre. Eg er takknemleg for at eg har fått budd her i 19 år og at eg framleis, etter 14 år vekke, kjenner at Volda er staden som ligg hjarte nærast.
Ei utsleta golvtvåge. Eller småbarnsmor med fulltidsjobb om du vil. Sminkelaus og manglande søvn, men kva gjer vel det når ein får slike opplevingar som dette?
Det vart meir og meir vind nedover bakkane så det var godt å kome i bilen. Og alle var samde om at det hadde vore ein fin tur.

"Ja dei gode gamle nutane dei gjera hugen glad". Ivar Aasen er alltid med, til og med på fjellet.

onsdag 27. august 2014

Solskinnstur på Nonkletten

Idag har vèret vore fantastisk. Tidleg haust, godt med varme og ingen vind. Perfekt for ein fjelltur. Nonkletten eller Lia som dei seier lokalt, er ein liten topp med start frå Tysse bedehus. Nonkletten er starten på løypa om du vil nå den pittelitt høgare toppen Sørkletten som er på lista over fjell på Osterøy.
Vi gjekk ifrå bedehuset og fylgde ein sti mot idrettsbana. Denne stien er feil og den skal du IKKJE gå. Gå stien som ligg over vegen frå bedehuset. Du kryssar ein bekk og møter på ein port. Stien er merka med blått heile vegen og det er ikkje vanskeleg å finne fram. På veg opp der det er mykje berg opplever du den beste utsikta.  Dette er utsikt mot Molvikagrendi, Tjuvasundet og Paddøy.
Molvikagrendi med Kjellrusen/ Austlendingen som det største fjellet bakerst.
Utsikt mot Ostereidet og Eknes. Fantastisk flott kjensle å stå her og nyte kveldssola.
Toppen har ikkje noko utsikt verdt å nevne, men der er ei postkasse med bok. Boka var ikkje godt brukt då forrige mann som hadde skrive seg i boka var der for 16 dagar sidan. På kartet ser dokke Sørkletten som står på lista mi og der går det ein sti vidare frå Nonkletten. Det er mykje furuskog og ulendt å kome fram så om eg tek turen dit får vi sjå. Eigentleg er eg nøgd med turen idag.

Turen til Nonkletten passar til born. Skotøy er støvlar eller vanntette tursko. Ein voksen brukar 45-55 minutt vil eg tippe. Endomondo-appen min svikta som vanleg så den registrerte tur i to minutt. Difor har eg ikkje tal på kor langt det er. Eg har ikkje tatt bilete av meg sjølv idag, men eg hadde Torhild som turvenninne så det får vere vitne nok. Heim kom eg med våte og skitne bein, så då er alt som normalt.

søndag 17. august 2014

Skogstur til Orretuva- Tirevolltunet-Raknes

Vi skulle berre ta ein liten fjelltur før Anna skulle legge seg og tenkte at Orretuva var eit fint mål. Eg har gått der før og brukte ein halvtime opp, men det var først no eg verkeleg fekk kjenne på korleis dette turmålet er. Med småfolk på slep så vert underlaget så mykje tydelegare.  
Vi parkerte ved Hjellvik bedehus og gjekk stien opp. Heile vegen var det berre skog og bakken var full i røtter og glatte steinar. Emil hylte av frustrasjon mange gongar. "Eg vil ikkje på fjelltur, aldri i livet, aldri i verda. Eg hatar sopp, eg vil ikkje meir. Hyyyl!!!" Røttene var glatte, steinane var glatte og Emil snublar og dett mange gongar. Dei to andre spring framfor utan problem og Anna sovnar til slutt i meisa av den keisame turen. Fjelltur utan noko anna enn skog er ikkje fjelltur, men skogstur.
Vel framme etter ein time var det både utsikt, fint vèr og glade born. Alt som før hadde skjedd var gløymt. Vi åt kjeks og drakk saft, skreiv oss i boka og oppdaterte Instragram slik at alle fekk vite kor flinke foreldre vi er som tek ungane med på tur. Espen var godt sveitt på ryggen etter meisa og skuldrane var ømme etter den nokså dårlege meisa vi har. Den skal skiftast ut har vi avgjort. Anna kosar seg i den og søv no uansett, men det er ikkje lett å bruke den om ein skal vere ute meir enn ein time.
På Orretuva fann ungane eit "hundehus". To hundar og ei storesøster var visst leiken.
Vi gjekk vidare til Tirevolltunet. Ein bortgøymt gard kor det ikkje har budd folk på mange tiår. Det vert arrangert samlingar her nokre gongar i året, men idag var det heilt stille. Skogen vert høgare og nærare for kvart år så det er litt vemodig å vere på slike stadar og. Ungane fekk meir kjeks, saft og eplebåtar. Niste hadde eg ikkje smurt, vi skulle tross alt berre vere borte ein time.

Vi gjekk stien ned til Raknes og gjekk bilvegen tilbake til Hjellvik bedehus. Den eine timen vart til tre og litt til så ungane var slitne etter turen. Litt klaging og syting undervegs frå nokon, men alt i alt var dei veldig flinke. Dersom eg skulle anbefale denne turen så ville eg sagt at ein bør parkere ved Raknestunet, gå turen opp til Tirevolltunet og Orretuva for så gå tilbake same veg. Men det forutset at du stiller deg inn på at du går skogstur og ikkje fjelltur. Ungane synest vegen var keisam og eg er heilt samd. Inga stjerne frå meg idag, men godt samvit om ikkje anna.

lørdag 16. august 2014

Setevarden og Vedafjellet ein fredagskveld


Det skjer nesten dagleg at eg kikar på kartet over Osterøy for å finne stiar eg kan gå. Eg er eit fjellnerd om dagen, og eg er heilt hekta på å gå nye ruter. Igår var det Vedafjellet som var målet. Fjellet er 673 m.o.h og er Osterøy sitt 5.høgste fjell. Turen gjekk frå Hovden.
Heilt innerst ved Hovden er der ein parkeringsplass. Vi parkerte og gjekk først opp ein bratt traktorveg. Det var feil side av elva så vi snudde. Ved tavla kor det ein gong var bilete av kart over området er det ein sti som er skilta mot Brøknipa. Du kryssar ei bru og følg stien som er tydeleg langs ved elva. Undervegs er det skilt med sti mot Gjerstad og Vedo, men ein tek av når skiltet viser Vedafjellet. Går du rett fram kjem du til Revheimstølen som ligg i enden av Storavatnet (ikkje sjølvaste Storavatnet altså). Vi fulgte stien mot Vedafjellet. Stian var merka lysegult og var ein fin sti med ein del blaute parti. Etter ein time kom vi til første topp som var Setevarden. Setevarden er 620 m.o.h og har ein stor varde med postkasse. Boka viste at det er ikkje så veldig folksomt på denne stien. Vi var dei einaste som hadde vore der denne dagen. Setevarden har ei nydeleg utsikt ut mot Lonevågen og litt ovanfor varden var der eit steinbord og ein steinbenk som vist over.
Fordi det var Vedafjellet eg skulle nå gjekk vi vidare. Omlag ein halvtime seinare var vi oppe. Det er ikkje noko tydeleg at ein er på toppen då det verken er skilt eller varde, men utifrå kurvene på kartet så visste vi at vi var der. Det var litt skuffande kjente vi begge at det ikkje var noko markering på at vi var der når det tross alt var skilta opp hit. Og med skuffelsen kom den gode ideen om at alle fjelltoppar burde hatt eit skilt som sto "Flott innsats, bra jobba!" Ja for vi hadde gått i 1,5 time tross alt. Er det forresten nokon som veit kva topp vi ser rett fram, den med ein litt hatt på toppen? Er det Brøknipa eller noko der omkring?
Fjell, fjell fjell... Går du vidare på den lysegule stien kan du ikkje så lenge etter ta av til høgre og følge stien ned til Vik. Eller du kan ta av på ein sti lenger borte å gå ned til Skaftå. Og om du ikkje gjer det heller, så kan du passere både Flatafjellet, Utegardsnipa og Brøknipa før du endar på Båtleitet. Det er mange stiar i følge kartet så det er best å halde tunga beint i munnen. Eg er ikkje nokon god stifinnar så eg ønsker meg ein GPS. Eg er langt ifrå nokon Lars Monsen som les kart og terreng utan å blunke.
Det var mykje utsikt på vår veg. Gjerstad, Teigland, Rolland, Arna, Åsane, Lindås osv. Og Jesus var med oss, iallefall var det eit nydeleg jesuslys igår.
Turfølget mitt som tolmodig var med meg på lurefjellet Vedafjellet. Vi var samde om at det var Setevarden som var den finaste toppen og at det ikkje var nødvendig å gå noko lenger med mindre ein skal ende opp ein annan stad.
Fjellnerden med ein tom plastikkpose i handa. Eg kastar ikkje søppel i naturen. Kanskje ein tyggis av og til, det er vel ikkje heilt bra det heller. Haha! Eg går heilt tom for saklege ting å skrive.

Vel, tilbake til saken. Vi brukte 2,5 time effektiv tid opp og ned Hovden-Vedafjellet. Eg anbefalar ikkje Vedafjellet som topptur, men heller stoppe ved Setevarden. Setevarden har utsikt, bok å skrive seg i og det er ein fin sti opp som passar ungar frå 4 år. Likevel, eg kan krysse av for at eg har vore på Vedafjellet og då smiler livet.

lørdag 9. august 2014

Familietur til Geitnipa

Det starta med at Espen sykla terrengsykkel frå oss- Revheim- Hosanger- Kossdalsvingane-Fitje-Njåstad. Ein tremils-tur med mykje bratte bakkar noko som er ei bra økt i seg sjølv. Eg var heime med borna og skulle møte han på Njåstad. Anna var skikkeleg rampete så det vart stress og kav og ei amper stemning, men vi kom no oss ut til slutt.
Vi møtte Espen på Njåstad og parkerte der. På turkartet til Osterøy var det merka ein traktorveg opp mot Fagerstølen, men vegen var oppgradert til bilveg for hytteeigarane så det var lett å gå opp. Etter siste sving av den nye vegen gjekk vi inn på den gamle traktorvegen og følgde den eit lite stykke før vi kom til ei grind. Etter grinda tok vi stien mot venstre kor det var skilta mot Geitnipa. Stien var blaut enkelte stadar så det var bra at ungane hadde støvlar. Elles var det lite med bratte parti så dette er ein fin tur for ungar.
Vi brukte 50 minutt opp og 40 minutt ned. På toppen blåste det voldsomt så vi satt oss nedanfor toppunktet for å ete. Rundstykker, kanelbollar og kjeks. Den stressande formiddagen var gløymt og det var tid til å kose seg. Mykje fin utsikt frå denne toppen. På bilete over ser vi både mot Rotten og Tveitafjellet som eg har vore tidlegare i veka.
Storavatnet
Sjarmerande ungar når dei berre lyder. Det er alltid populært med mat, kjeks og bollar så då stig humøret med ein gong. Anna var våken heile vegen opp, men sovna i meisa ned att.
Og her er eg. Så er det bevist at eg var med.
Ungane var flinke å gå tur idag. Etter turen vart det is fordi dei hadde vore så flinke. Espen hadde sykla og gått i fem timar så han har trena nok for eit par dagar.

Geitnipa er 527 m.o.h, men er likevel ikkje ein del av lista over fjell over 300 meter på Osterøy fordi primærfaktoren er under 100. Eg synest likevel dette var eit flott fjell og er vel verdt å merke seg for andre som har lyst å gå seg ein fjelltur. Ein fin måte å bruke laurdagen på synest eg.

fredag 8. august 2014

Kveldstur på Rotten

Eg er nesten besatt av å gå nye fjelltoppar. Prosjektet mitt som handlar om å gå fjelltoppar på Osterøy som er over 300 m.o.h og har ein primærfaktor på over 100 er nesten halvvegs. Idag var det fjellet Rotten som sto for tur. Ganske impulsivt eigentleg, men av og til må det gjerast skal det verte gjort. På førehand brukar eg å google fjelltoppane for å finne den beste ruta opp, men denne toppen var det ikkje skrive noko om dersom ein skal gå frå Kalleklauv. På Osterøy kommune sitt nye tur- og aktivitetskart er løypa derimot merka inn.
Eg køyrde til Kalleklauv, heilt til endes og parkerte midt i mellom nokre hus. Kjende meg litt påtrengande, men eg tok på meg den naive maska og lot det stå til. På kartet var det merka inn at stien byrja med ein traktorveg og den gjekk eg. Diverre gjekk eg ut av traktorvegen før eg skulle då eg synest eg såg ein sti. Eg hadde ikkje med meg kartet så memoreringa gjorde meg usikker. Eg følgde trakket heile vegen og det gjekk heilt fint utanom at det var høgt gras ein del stadar. Undervegs traff eg på stien med skilt "Rotten". Resten av stien gjekk knirkefritt. Bilete viser Vestrevatnet og Tveitafjellet heilt til venstre.
Eg brukte omlag ein halvtime opp. Eit lite hus med mast hadde postkasse og temperaturmålar. Eg skreiv meg i boka og temperaturen var 14 grader. I boka var det få namn å lese, stort sett berre ho Else som gjekk denne turen. Ære vere Else. Takka vere ho så var det mogleg å finne stien heilt fram. Frå postkassa gjekk det sti til toppunktet som er ei mast. Toppen er 438 m.o.h. Utsikta er ikkje spetakulær, men noko får ein no sett. Bilete over viser utsikt mot Lonevågen.
På veg ned att gjekk eg den merka stien heile vegen. Den var merka med pinnar med blå tupp. Det er ein natursti langs denne stien der du blant anna kunne lese at du sto i ei myr. Jau takk, det merka eg... Det var også ein rasteplass med benk for den som ville ta seg ein matbit. Eg følgde naturstien og las om kva skog eg gjekk, kva dyr som fans i området osv. Til slutt enda eg på traktorvegen som eg skulle ha gått heilt til endes. Det er ganske blautt heile vegen. Eg kjende meg lite begeistra for den merkeleg stien ned att som var dårlegare enn den eg gjekk opp. Så då eg kom til traktorvegen jogga eg resten av turen då eg var lei. Traktorvegar er keisame uansett forresten. Eg var ved bilen etter ein time på tur. Fort gjort altså.
Gjengrodd utsikt. Eg er litt negativt lada for denne turen kjenner eg. Eg håpar ho Else kan merke den alternative stien med raudt. Den hadde nok vore meir populær. Det er viktig at stiar vert merkte. Eg merkar meg at det er alt for lite merking og ein vert avhengig av å kunne den lokale kunnskapen for å kome seg fram. Eg slår og eit slag for rydding av gjengrodde stiar.
Heilt tilslutt eit bevis. Tommelen min er stadig kutta og plastra fordi eg vert litt for ivrig med kniven. Så det er inga tvil om at denne tommelen er min.

torsdag 7. august 2014

Siste del av teltturen

Det kjennes lenge sidan vi hadde ferie så det er på tide å få skrive ned historikken for eg gløymer den. Siste del av teltturen var i Sverige, men ikkje lenger vekke frå Noreg enn at vi kunne gå til grensa...
Frå Kragerø køyrde vi til Sandefjord. Ferja til Strømstad gjekk kl 13 og i varmen fekk ungane nok ein is før vi var ombord. Kan legge til at vi betalte 99 kr for turen. Det er tydelig at dei tener mykje pengar på tax free.
Ombord var det ansiktsmaling og leikerom for ungane. Tida gjekk fort på båten og ganske knirkefritt.
Vi hadde først tenkt å campe ved kysten då målet med turen var å oppleve Bohuslän sin skjærgård, men så har det seg slik at i Sverige kan ein reservere teltplass på førehand så det var ikkje ledig ein einaste stad. Så ringde vi, 3,5 mil frå Strömstad inni i landet heilt i grensa til Halden, til Bullarbyen familiecamping. Berre kom sa dei. Flott! Og vi vart ikkje skuffa. Då vi kom dit var det 34 grader og steikande sol. Vi kunne ikkje kome fort nok i vatnet. Det var alt for varmt til å setje opp eit telt så vi fekk låne ei hytte første natta. Men, for eit deilig vatn! 24-25 grader var det sagt, ferskvatn og fint tilrettelagt for liten og stor.
Vi elskar lange frukostar med deilig pålegg, nybakte rundstykker og konversering i timesvis rundt bordet . For ei lukkeleg familiestund det er.... Bilete lyg ikkje. Hytta var grei den, men vi sov dårleg då madrassene var dårleg og det var mykje varmare inne enn i telt om natta. Vi rakk ikkje bruke dusjen, og doen tok eg så vidt i bruk med døra open mot parkeringsplassen. Espen fekk satt opp teltet om morgonen før varmen slo til og så fort vi fekk moglegheit hoppa vi i vatnet.
Eigaren av campingplassen hadde ein fascinasjon for 50-talet. Ein gammal bensinstasjon og ein søt liten bil eg ikkje kan navnet på. Eigaren var ein artig mann som stadig køyrde rundt i ein golfbil med støvsugar bak. Han tok seg tid til å prate med alle nye campinggjestar og hadde ganske god kontroll på alt som rørte seg.
Ilag med campingen var det ein restaurant som køyrde 50-talet til fingerspissane. Utruleg flott og god mat var det og.
Litt uklårt bilete då fotografering var det siste eg tenkte på med Emil som knuste glaset sitt og fekk halve brusa si over maten, men ein flott restaurant. Dei fleste gjestane satt ute, vi var ikkje aleine. For oss var det luksus å sitje inne.
Slike bilar var det mange av. Det er tydelegvis eit miljø for 50-talet i området. Stadig var det restaurantgjestar og fastbuande campingturistar som hadde bilar som var lange som bussar og så polerte at ein kunne spegle seg i lakken. Dei er ganske fine då, Malin synest den rosa var den finaste.
Emil er inga badenymfe, men i dette vatnet våga han seg til å dukke hovudet under og hadde det til tider kjekt i vatnet. Malin bada ustanseleg. Det som hindra oss i å kose oss fullt ut ved stranda var kleggen. Den var ganske hissig ved vatnet så vi måtte ta pauser innimellom.
Brygge, stupebrett, sklie og fin sand.
I tillegg til ein fin badeplass så er dette vatnet bra til fisking. Ein kan også låne båt og kano.
Samling av vennane før siste kveld før avreise.
Campingtrollet.
Koseguten Emil.
Så søte. Ein må nyte augneblinken før dei vaknar og oppdagar kjærleiken.

Denne campingenplassen hadde det meste. Sjarm, service, reint sanitæranlegg, rimelege prisar, bade- og leikemoglegheiter, fiske og båt. Det som trakk ned var kleggen og kort opningstid om kvelden i kiosken. Ein har lyst på kald drikke om kvelden og når det er varmt. Eg gir campingplassen ein klar femmar. Ungane kunne springe fritt, vi hadde oversikt og det var mykje hyggelege folk på campingen. Denne plassen anbefalar eg.

Vegen heim var lang. Vi køyrde i eitt strekk frå Sverige og heim. Det gjekk fint i bilen og vi hadde oss eit langt stopp i Flå. Vi var litt lei av teltlivet så vi reiste heim etter 10 dagar, men ikkje lenge etter at vi kom heim så freista det å reise på tur igjen. Diverre var vèrmeldingane usikre så vi var heime siste veka. Om eg skal gi noko teltferietips så vil eg seie at det beste er å verte på same staden 4-5 netter. Ikkje er det kjekt å pakke heile tida og ungane trives med å vere på same stad lenge. Det er då viktig å finne ein campingplass ein kan leve med over tid og kor alle kan slappe av og ha det gøy. Eg har iallefall ikkje tatt skrekken av telt. Frisk luft døgnet rundt, rimeleg feriealternativ, primitivt og ei øving i å ta omsyn til andre rundt seg.