søndag 31. januar 2010

Kvifor det vert herleg å flytte...

Eg har aldri vist eit einaste bilete frå kor vi bur før, og det med god grunn. Idag har det vore visning på leiligheita fordi vi har sagt den opp, og vi har derfor rydda huset så godt vi kan. Når du har studert og sett desse bileta tenker eg dokke forstår kvifor vi gleder oss til å få dobbel så stor plass. Bileta er uredigert, ujålete og ikkje utsatt frå bloggefisering.
Vi har berre budd her i eit halvt år. Gardiner har eg aldri hengt opp i desse vindauga og bordet er innkjøpt for eit større areal. Dette bordet er 1 x 2,20 meter og ALT for stort her. Til stolar har vi klappstolar som tek liten plass. Kjøkkenbordet fungerer som kontor, hobbybord, rotebord og etebord. Kjøkkenet har nesten ikkje plass til noko som helst. Tilsammen ein meter med benkeplass, to skuffer til mat, to skap til glas, skåler og tallerken, og to skap til kjøkkenutstyr og panner. Her er ikkje lagt opp til oppvaskmaskin og komfyren er svært så gammaldags.
Stova er grei, men med vogge, vippestol, leikekjøkken og andre leiker vert dette arealet alt for lite. Dei tre IKEA-bileta har fulgt oss alle stadar vi har budd sidan 2003. Eg synest dei er fine framleis eg, men dei skal nok ikkje få henge på hedersplassen i det nye huset. Pynting eksisterar ikkje, alt er pakka ned i kasser og lagra hjå bestefaren til Espen. Har slått på stortromma idag med duk fordi vi skulle ha visning. Den er allereie tatt vekk no. På ønskjelista står det salongbord. Dette furubordet er sikkert 15 år gammalt og som Espen har dratt med seg. Vi har planar om å male det.
Det vert herleg å sleppe mørkt golv. Støvsugaren er framme minst ein gong for dagen. Leidningar heng over vindauget fordi det ikkje var lagt opp til parabol når vi flytta inn. Liftgardinene kjøpte eg til leiligheita i byen, og dei er alt for store her, men eg bryr meg fint lite om det. Dei er ganske solbleika og skal ikkje opp igjen når vi flyttar.
Gangen er grei. Den rommar mykje plass. Det ber preg av at vi slit med lagringsplass så kasser er plassert i mange hjørne her. Vogna til Emil ligg i bilen stort sett, og godt er det.
Soverommet vårt. Ikkje noko å utsette på det anna enn at det hadde vore kjekt med garderobeskap. Klede som ikkje passar til sesongen, ligg plassert i kasser under senga.
Å så det store høgdepunktet: Malin sitt rom kombinert bod. Sjå kva ho ligg midt inni! Ho klagar ikkje og er stolt over senga si og rommet sitt.
Resten av boda. Eg og Espen deler eitt garderobeskap. Han elskar hettegenserar og dei tek stor plass, så her vert alt stappa inni skapet uten noko form for organisering. Eg har den sida som det er hengeskap og har kjøpt ei stoffhylle på IKEA. Eg har nesten ikkje klede og ikkje er eg så stor så kleda er små. Heldigvis. Det vesle skapet på veggen stappar vi med alt mogleg rart.
Badet. Huset er bygd i 1993 og det har ikkje vorte nokre endringar her inne sidan. Utanom at det er litt gammaldags, så er det heilt greit. Vasken er sprukken og tett (har prøvd å fikse det utan hell). Legg merke til bileta på døra. Det er bilete henta frå Bergen-Voss sykkelritt og fungerer som motivasjon for Espen. Espen syklar heime på rulle i gangen, framfor badedøra, og kikkar på bileta når det vert tungt i "bakkane".

onsdag 27. januar 2010

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Idag kom det etterlengta regnet. Ikkje fordi eg er så glad i regn, men fordi eg hatar snø. No har snøen vore her sidan før jul og fordi det har vore så kaldt, har den ikkje forsvunne. Eigeninnsatsen i huset vårt er no over, men i heile perioda har det ikkje vore mogleg å kome seg opp med bil utan å risikere at bilen sklir utanfor kanten. Derfor har vi heile vegen utelatt å ta ungane opp med bilen og heller trille opp.
Espen har bert benkeplater, stilas og anna opp bakkane på ryggen. Nokre gongar har vi fått bilen opp med varer, nokre gonger måtte vi ty til hurtigkjettingar og nokre gongar har vi latt den stå i botnen av bakken. Det har ikkje vore mykje snø på Osterøy dei siste 20 åra, men sjølvsagt skulle det ikkje vere det vanlege regnet og 10+grader denne vinteren. Denne vinteren kor vi bygde hus. Denne vinteren kor IKEA, rørleggar og snekkarar ikkje kjem seg opp.
Det var så vidt eg kom meg opp bakken idag med vogna. Eit sjansespel for å ikkje ende utanfor kanten. Når eg sto og skubba vogna på isen medan eg prøvde og finne fotfeste, var det ikkje få tankar om kva eg har funne på som gjekk gjennom hovudet. Eg har altså bygd hus på ein topp på privat grunn. Vegen opp er bratt og smal, og vedlikehald må ein gjere sjølv. Det er ikkje noko grøfter som tek vekk vatnet frå vegen slik at det frys til is når kuldegradene kjem. Det er heilt klart at nokre endringar må til for at vi skal kunne bu der dersom véret fortsett å vere slik på vinterstid. Klimaendringane har eg ikkje tid til å vente på...

Dokke skulle forresten sett rørleggaren bere toalett på ryggen idag....

Bad- og kjøkkenbelysning

Kor vanskeleg kan det vere å kjøpe nokre lampar, har eg tenkt. Det er vel berre å stikke innom IKEA eller Living og så finn eg nokre lampar til badet og kjøkkenet. Neida, slik var det visst ikkje. For det første så er det eigne lampar for badrom. Det visste eg ikkje. For det andre så er utvalet veldig dårleg. Det visste eg heller ikkje. For det tredje så er det ikkje så vanleg med stikkontakt i baderomslampar lenger. Kvifor ikkje??
Lampen over kjøpte vi tre stykker av. Det er ein enkel plafond som skal vere i taket på begge bada og vaskerommet. Den er kjøpt på Living, og ein slik lampe for baderom er ikkje vanskeleg å få tak i. I same stund som vi kjøpte desse, kjøpte vi nokre lysrør som ein kunne koble saman for å ha under kjøkkenbenken ved vasken.
Så var det å finne ein fin baderomslampe som skulle henge over spegelen på det store badet. Det skulle ikkje vere enkelt! Både Bohus og Living har ein type som liknar på den over med litt andre kupplar, men den hadde vi i den forrige leiligheta vi budde i og det var skikkeleg dårleg kvalitet. Etter å ha tråla mange butikkar, fant eg denne som du ser over. Eg valgte ein slik med berre to kupplar. Den er frå Bedin og har dimmar. Fornøgd med den når eg endeleg fant den på Lyshuset i Åsane.Det har alltid vorte solgt kjøkkenbelysning på IKEA med moglegheit for stikkontakt, men sjølvsagt ikkje no lenger når vi trengte det som mest. Det fanns heller ikkje kor som helst, men Lyshuset hadde det og produsenten er SG. Årsaka til at vi måtte ha stikkontakt, er fordi elektriker har gløymt å montere stikkontakt på eine sida av kjøkkenet. Derfor må vi få strømtilførsel gjennom lampe. Dette skal ordnast imorgon. Akkurat no er der ikkje lysmoglegheit i det heile.
Vi teikna ikkje inn ekstra stikkontakt på det vesle badet. Eg hadde tenkt at det var ei lett sak å finne belysning over speil som har det. "Alle" har jo det, tenkte eg. Og jada, du kan få tak i dette kor som helst, visst du vil ha ein lyskastar på badet vel og merke. Det var ikkje vi interessert i, og vi fann ein kjempestilig lampe på Living, men: Utsolgt! Derfor vart det denne frå SG, kjøpt på Lyshuset. Lyshuset vart redninga for oss, men som tips til deg som kanskje har litt betre tid til å finne ein baderomslampe, vil eg seie at det er lurt å vere ute i god tid. På nettet fins det mange fine lampebutikkar. Her er nokre nettadresser:
På desse siden er det mange lampar og velje mellom for badrom. Det er umogleg og klare å vere tidleg ute med alt, men dette vil eg sterkt anbefale og gjere når det gjeld baderomslampar.
Eg har også byrja å tenke på lampar i stova over spisebordet og salongbordet. Eg vil gjerne ha noko som er i den landlege stilen. Eg ser berre krystallkroner eller industriinspirerte lampar overalt, men eg vil ha noko anna enn dette. Har du eit lampetips til meg?

Forøvrig er no eigeninnsatsperioda vår over. Eg merkar det er mange valg som takast i hu og hast, og som dessverre ikkje alltid er dei beste. Til dømes baderomsflisene på golvet oppe og belysning på badet. Det er vel ikkje til å kome utanom for nokon. Det er no eit spørsmål om plass for oppbevaring til slutt, men eg trur at når vi kjem i hus så forsonast eg med det meste. Det er ikkje mange vekene igjen, og denne veka er elektrikar og rørleggar i gang med sluttarbeidet.

fredag 22. januar 2010

Mine søte små

Dagane handlar stort sett om husbygging, også her på bloggen. For å ikkje gløyme kva som er det viktigaste for oss, viser eg dokke våre søte små idag. Emil fyller 2 mnd imorgon og Malin vert 2 år og 5 mnd om 3 dagar.
Malin utviklar språket i ei rasande fart for tida. Orda vert meir sammanhengande og tydelegare dag for dag. Ho oppfattar utruleg mykje, hermar sjølvsagt etter oss og skal gjere ting slik som vi har gjort det. Så vi voksne må passe på ordbruken... Emil har fått meir blikkontakt. Han smilar mykje og lagar lydar. Han søv godt om natta utanom måltida og gulping har det heldigvis vorte mindre av. Utsjånadsmessig har han vorte veldig lik Malin slik ho såg ut på same alder. Verdens finaste ungar synest eg!! :-)

onsdag 20. januar 2010

Å ta bilete i huset med lite lys

Eg har nødt å vise dokke stovegolvet slik det eigentleg er. Dei andre bileta i bloggen av golvet viser ikkje den rette nyansen. Det er nesten umulig å få til i desse dagar. I tillegg har vi nesten ikkje lys i huset. Men idag, midt på dagen med snø og sol ute, fekk eg det til.
Golvet skal forestille eit antikt eikegolv. Litt shabby chic-aktig med malingsslitt utsjånad. Eg er ikkje noko shabby chic-menneske, men eg likte golvet utruleg godt.
Her er badet oppe tatt utan blitz...
.. og her med blitz. Heilt forskjellig med andre ord. Eigentleg skulle eg hatt fotostativ. Lang lukkartid hadde nok gjort seg trur eg. Det får verte ein annan gong i så fall.
Espen og Stian fullførte loftstovegolvet idag. Idag kom også byggekontrolløren på befaring og på mandag kjem snekkarar, elektrikar og rørleggar tilbake. Utanfor heldt dei på å grave for vassleidning mellom pumpehuset og vaskerommet. Eg tippar vatnet er frose no, men dei har vel ei løysing på det dei som skal montere trykktanken på fredag (vi har eige borehol til opplysning). Det er flott å sjå at ting tek form. Ikkje mange vekene igjen før vi flyttar inn.

søndag 17. januar 2010

Stovegolvet er lagt

Espen byrja på torsdag og legge golv, men det viste seg fort at golvet var skeivt med opptil 1 cm. Fortvilt over at vi snart er i mål når noko slikt skjer, kom heldigvis han som støypte golvet fredadgskveld og slipte slik at det vart litt betre. Laurdag byrja Espen, Stian og Steffen og legge golvet på nytt, men det var framleis skeivt og golvet vart tatt opp på nytt.Det vart tilslutt funne ut at golvet skulle leggast frå motsatt ende, og då fekk dei fullført jobben. Ein og ein halv dag seinare er golvet ferdiglagt med hjelp av Stian, Steffen og Ole-AndréMalin testspring golvet.
Vi er veldig takknemleg for all hjelp, men i bakgrunnen på dette biletet kan det sjå ut som at vi har fått litt for mykje hjelp med fem mann over ein planke...
Sandra og Malin. Malin er i ferd med å verte litt rampete på dette biletet, men om dokke ser vekk frå det så ser dokke korleis golvet se ut veldig godt. Eg har kome fram til at eg likar golvet veldig godt.
Tilslutt eit bilete av badet oppe. Det er er ferdig no, men ikkje vaska på nokon måte. Ei veke igjen av eigeninnsatsen og vi er i rute.

torsdag 14. januar 2010

Å velgje middagsservise

Eg har tenkt i mange år på å byrje og samle på middagsservise, men mangel på plass har hindra meg i å gjere nettopp det. No når huset snart er ferdig har eg byrja å tenke på kva eg skal samle på. Eg hadde i mange år planar om å samle på eit servise hjå Tilbords, men det er gått ut av produksjon. Så eg må tenke nytt.

Bilete over vise eit servise som er tilnærma likt det eg hadde først tenkt meg. Servise produserast av Wedgwood og er designa av Vera Wang. Navnet på denne modellen heiter Champagne Duchesse. Det er kvitt med eit band av gull i kanten. Eg finn ikkje nokon utsalgsstad her i Noreg, men kanskje du veit om det? Skulle gjerne ha sett serviset "live" før eg tok avgjersla.
Eg er også open for andre forslag, men utfordringa er å finne eit servise som passar til dette bestikket; Admiral frå Hardanger Bestikk. Dette bestikket har eg no til 12 stykker i tillegg til serveringsbestikk. Admiral har gull i dekoret og eg er derfor avhengig av å ha eit servise som står til. Eg byrja å samle på bestikket når eg var omlag 18 år og mykje har skjedd sidan då, men eg står for valet og er ikkje interessert i å bytte det ut. Eg synest at det skal sjå litt elegant ut når det skal vere "til bestes". Servise skal forresten vere tidlaust då planen er å ha det til eg døyr :-)

onsdag 13. januar 2010

Det byrjar å ta form

Det er så gøy å kome oppi huset no, det skjer noko heile tida. Vi har fått utruleg mykje hjelp dei siste to vekene og då kjem resultatet også. Både mamma, pappa og André tok seg ei veke ferie for å hjelpe oss. Det sett vi utruleg stor pris på. No har dei alle reist heim og vi sitt berre igjen med stovegolvet i grove trekk. Vi har bestemt oss for at listene skal vi ikkje male no, men ta dei når vi har flytta inn. Det er både loftstak og trapp som må malast likevel. Dessutan er det eg som må male på grunn av allergien til Espen så då er no det greit at eg bur i huset med tanke på ungane.
Pappa gjorde ferdig vaskerommet idag. Han har sparkla to gonger med våtromssparkel, brukt våtromsgrunning og tilslutt tapetsert med glasfiberstrie. Tapeten vart påført med våtromslim. Veggane fekk seg to strøk med maling til slutt. Det er litt dyrare å tapetsere, sparkle og grunne med materiale for våtrom, men då veit vi iallefall at det er gjort skikkeleg. Fargen på veggane er Sjel.
Snille pappa i aksjon. Han reiste heim idag etter å ha vore her ei veke. Han har fått gjort utruleg mykje. Bror min var her også ei veke og dei to har gjort mykje av monteringa av kjøkkenet blant anna. Pappa smiler først og fremst fordi eg sa han skulle gjere det, men også fordi han fekk male med Sjel. Han trivs med dei lune fargane og syntes Refleksjon var litt for kaldt og grått. Smaken er som baken...
Badet nede er ferdig flislagt og idag held dei på å fuge det. Eg er godt nøgd med flisene og mønsteret dei har lagt. Om du vil leggje slike fliser, må du vere oppmerksom på at det er litt dyrare å få dei lagt enn ved fliser som skal leggast tradisjonelt. Det samme gjeld golvet dersom du ønskjer diagonale fliser.
Gangen skulle vi først ta sjølv, men på grunn av tidsnaud valte vi å la dei gjere den også. Pengane rullar....
Slik ser det ut på stova no. Eit komplett rot overalt, men kaos trur eg det ikkje er.
Og her er golvet vi skal ha i stova. Svært spesielt. Det er antikk furu og det skal forestille malingsslitt golv. Eg har aldri sett det før, så dette er spennande. Espen måtte ringe meg rett før han kjøpte golvet berre for å vere sikker på at det var dette golvet vi skulle ha. Vi er einige om at dette likar vi, og då får vi levet med valet vi har tatt. Likar du det, er det mogleg å kjøpe det på Megaflis for 149,- kr/m2.

mandag 11. januar 2010

Slik er det i huset akkurat idag

No når det er aktivitet i huset frå morgen til kveld, er det lett å gløyme å legge ut nye bileter her. Nokre etterlysningar på nye bileter har kome, og idag fekk eg tatt litt bileter for å vise dokke.
Soverommet til Malin. Veggane har mamma mala og golvet har Espen og Stian lagt. Taket vert ikkje malt kvitt før om vel eitt år dessverre, men det er for å unngå at treet lagar gliper dersom det trekk seg saman.
Soverommet vårt. André har malt veggane og Espen og Stian har lagt golvet.
Loftstova og gjesterommet. Espen gjer seg ikkje ferdig med golvet på loftstova før badet er ferdig fliselagt for å unngå skader på golvet.
Pappa som malar gangen. Han malte eitt strøk med feil farge, så denne gangen har fått fire strøk då gangen var nesten ferdigmala når den feile fargen kom på.
Kjøkkenet vert ikkje ferdig før benkeplata kjem. Då kan vasken og platetoppen monterast. Rørleggaren har også lagt røruttaket for vatn på feil stad så det må fiksast på.
Handtak vert vi ikkje einige om, men det er mogleg at Espen får avgjerde denne gongen då eg ikkje har noko alternativ. Eg ville først ha handtak frå Biltema, men skruane er alt for lange.
Golvet er ferdig flislagt. Pappa har sparkla veggane på vaskerommet og skal ikveld smøre på prime/våtromsgrunning.
Badet nede er halvvegs ferdig, og golvet oppe er påbyrja.

fredag 8. januar 2010

Husets hjarte; vedovnen.

Tenkte det kunne hjelpe med eit varmande innlegg akkurat no. Ein merkar det særskild godt no at valg av varmekjelder er ganske vesentleg. Vi har diverre ikkje varmekablar eller vannboren varme i golvet, men ein god vedovn håpar vi hjelp litt. Vi har ein mengde skog å ta av, heilt gratis, så det er klart at vedovn skal vi ha.
Westfire Uniq 21 heiter denne og skal pryde stova vår i mange år framover. Den er ikkje så stor, 80 cm høg, men den varmar 30-100 m2. Stova vår er 50m2. Eg har ikkje hatt vedovn sidan eg flytta for meg sjølv, så dette gler eg meg til.

Det er dette som er draumen; ein kakkelovn. Eg måtte hatt eit større hus då om noko av denne størrelsen skulle i hus. Litt rikare måtte eg kanskje vore også. Ein slik ovn kostar mellom 30-50.000 kroner. (bilete er henta frå www.kakkelovn.no)

torsdag 7. januar 2010

Dagens hendingar i huset (så langt)

Pappa og André har jobba med kjøkkenet idag. Eg ba André om å ta eit bilete av kva som har skjedd iløpet av dagen sidan eg ikkje har moglegheit til å ta meg ein tur å sjå sjølv.
Kjøkkenet har alle modulane utanom vifteskapet på plass. Dei har også montert ein del skuffer.
Bilete av vaskeromsgolvet. Det vart ferdig igår.

Badegolvet, nesten ferdig. Han gjorde seg vel ferdig etter at pappa og André reiste heim for litt middag. No har dei tatt turen oppi huset igjen. Espen har kjøpt laminaten som skal vere oppe på loftet så var snakk om at golvet skulle byrjas på også. Morten (kamerat av Espen) kjem og skal hjelpe så då er det greit å fordele arbeidskrafta i fleire rom.

Våre flisevalg

Fliser er noko av det vanskelegaste å avgjerde. Dersom ein vel feil farge på veggen kan ein berre male det omatt, mens fliser skal henge på veggen i 20-30 år. Vi fekk kort varsel på å kjøpe flisene (les forrige innlegg) sjølv om vi visste kva stil vi ville ha.
Flisene over er kjøpt på Megaflis og heiter Mega Bone. Dei er 25x40 cm og skal vere på veggen på badet oppe. Dei har litt striper i seg om ei studerer bilete nøye. Prisen er 89,- kr kvm. Ikkje noko å seie på det.
Flisene på badeveggen nede er 11,8x33 cm og er heilt kvite og blanke. Dei er også kjøpt på Megaflis og kostar kr 89,- kvm. Dei skal leggast i mursteinsmønster.

Vi ville ha samme type fliser på badet, vaskerommet og gangen nede. Derfor valgte vi desse som er 15x15 cm på vaskerommet og badet. Vi var avhengige av å finne små fliser fordi badet berre er 3,7 kvm. Flisene er kjøpt på First Price Tiles, dei heiter Eivissa Carbón og kostar 239,90 pr kvm.

I gangen fortsett vi med Eivissa Carbón, men denne gongen i størrelse 30x60 sidan det ikkje er sluk eller anna i dette rommet. Kvadratmeterprisen er kr 199,90.

Golvet oppe var vel det som var vanskelegast. Vi har eit stort bad, men vi har fleire slukar og måtte derfor velje fliser som ikkje var så store. Vi fant nokre fliser i 30x30 som var kjempefine og sto bra til veggflisene, men dei var dessverre utsolgt. Flisene over var det beste vi kunne finne, og eg vil nok tilslutt forsone meg med valget. Flisene er kjøpt på First Price Tiles, kostar kr 169,90 pr kvm og heiter Diamond Black Mate. Størrelsen er 20x20.