mandag 29. desember 2008

Sjuke born og trange bukser

Så har det vore jul i år også. Ikkje alt vart etter planen og jula utarta seg nokså typisk for oss småbornsforeldre.
Malin fekk opne eine presangen sin før vi reiste grunna den var for stor til å ta med. Denne bilen fekk ho med oldemor og den var ein suksess med ein gong. Den spelar musikk, lagar billydar og er sjølvaste Lynet McQueen.
På veg til Volda var Malin i godt humør og tulla og tøysa slik som ho ofte gjer. Her har ho fått tak i eit av sjala mine. Kle seg ut er alltid gøy.
På vesle julaftan pynta vi juletre og laga god julestemning. Vi hadde lutafisk til middag og alt såg ut til å vere bra. Malin derimot byrja å verte varm og blank i augene.
Dette er eit av dei få bileta eg har av Malin i finkjolen. Bilete er tatt på julaftan og Malin har 39,4 i feber. Då kjolen er delvis av ull, måtte den sjølvsagt av ganske fort. Smokken har vore ein trufast følgjeven i ei veke no.
Vi var 6 voksne til bords på julaftan samt Malin. Det var kjempegodt må du vite og Malin tok seg litt mat ho også. På julaftan hadde vi pinnekjøt (ribbe seier vi) med mårpølser, poteter, kålrabistappe, surkål, raudkål og kålstuing. Mykje tilbehør synest du...? Dette bilete er litt typisk slik vi har hatt det. Eg matar Malin mens dei andre byrjar å forsyne seg, og når dei andre nesten er ferdig å ete første tallerken, tar eg mat til meg sjølv. Malin er ikkje så lett å hanskast med når ho er sjuk, og berre mamma er bra nok, så eg skyldar ikkje på nokon for at eg fekk ekstra å gjere i jula.
Eg håpte på litt begeistring frå Malin når det gjaldt pakkar, men nei. Ingen respons. Ho såg heller på mandarinane på bordet og brydde seg så vidt om papiret gåvene var pakka inn i. Neste år kanskje, då...
Malin er glad i mat, og særleg frukt. Det var få som fekk kome nær ho i jula når ho følte seg dårleg, men mormor fekk nokre augneblink saman med henne når ho brukte mandarinar som lokkemat. Vi var også på kafé saman med besta og då ville ho sitje på fanget hennar når ho hadde mat tilgjengeleg.
Malin har vore plaga med feber i fleire dagar, utslett på kroppen, hoste og tett nase. Det har vore vanskeleg å få sove skikkeleg, så ho har ikkje holdt seg våken lenge om gongen. Dette bilete er frå turen heim. Ho sov nesten heile vegen. Bilsetet er forresten nytt, det kjøpte vi når vi var i Volda. Endeleg får ho sjå fram og ut på alt det fine som vi kan sjå langs med vegen.
Vel heime har ho byrja å sjå på alt ho har fått. Det var stas å få på seg tøfler og pusslespelet har ho byrja å få til med litt hjelp. Ho er framleis veldig forkjøla og søv mykje. Mor er trøytt og far likeså. Eg har byrja i jobb igjen og det er nesten eit lite pusterom. Det er slitsamt med små born som er sjuke, men det er ei fattig trøyst at eg ikkje er aleine. På jobben idag var det mange som hadde same historia.
Og når det gjeld trange bukser, så viser eg verken bileter eller seier så mykje meir. Det er vel mange som har denne historia også akkurat no...

torsdag 25. desember 2008

Med ønskje om god jul!

No i jula er eg i Volda kor eg er fødd og oppvaksen. Eg har med meg kamera, men mamma har ikkje pc med memorystick-inngang slik at bileta som eventuelt er noko å vise, vil ikkje kunne verte synt før eg kjem heim. Malin har vore sjuk til no, og interessa for presangar har ikkje vore tilstades. Ho foretrekker klementinar og druer framfor brus og godteri, og gamle bøker og aviser er meir interessante enn nye. Det har vore ei stille julefeiring bortsett frå Malin som ikkje har hatt det så bra. Vi har fått mykje fint til jul, og maten er som vanleg veldig god. Eg har det bra, men det vert ikkje så mykje innlegg på bloggen før det nye året tek til.

(bilete er frå årets julekort)

Eg ønskjer alle ei god jul og eit godt nytt år.

mandag 15. desember 2008

Barnedåp i papirversjon

Dette lyset som alle snakkar om er fråværande hjå meg og. Det er mørkt når eg reiser på jobb og det er mørkt når eg kjem heim. Det er berre i helgane eg har moglegheit til å ta bra bileter. Men trangen for å blogge følg ikkje lyssyklusen, og av og til må ein berre vise litt dårlege bileter når ein har noko på hjartet.

Idag har eg noko eg vil dele med dokke. Eg har tatt fram scrappeutstyret mitt igjen. Ikkje er eg erfaren, ikkje har eg masse utstyr, men eg synest det er kjempekjekt likevel. Denne gongen var det barnedåpen til Malin som skulle dokumenterast. Eg fekk ikkje noko bra bileter frå den dagen (då heller) grunna dårleg lys, så det vart med det eine som eg brukte som takkekort.

Eg har grua meg lenge til å ta fatt på motivet fordi eg synest eg mangla det heilt store biletet, men no som eg endeleg har gjort det, kan eg lettare ta fatt på ei ny hending i livet til Malin.

søndag 14. desember 2008

Strikka tunika av lyseblått bomullsgarn

Eigentleg skulle eg strikke kjole av dette garnet, men halvvegs i prosjektet rekte eg kjolen opp fordi den var alt for stor. Tunikaen eg her har strikka er frå ei oppskrift frå Garnstudio og garnet er Paris. Kjolen er strikka på p 5 og 4,5. Eg sette i to sikringsnåler i påvente av to knappar i kvar sele. Synest eigentleg at bomull er dumt å strikke fordi det legg seg ikkje like fint som ull, men eg venn meg vel til denne tunikaen etterkvart. Det er uansett ikkje årstid for slike plagg, så eg skal la den modne i skapet.

Oppskrifta og informasjon om plagget finn du her

søndag 7. desember 2008

Sjokolade- og peanøttkjeks

Denne helga starta med julebord på fredag. Eg har hatt besøk av ei venninne, Anita, frå i går til idag og vi skulle lage julegodteri og kaker. Vi har laga seigmenn og fudge, men seigmennene fekk eg ikkje tatt bilete av. Anita fekk dei med seg heim fordi eg synest det var for søtt. Fudgen ville ikkje stivne og er no i frysaren i håp om å kunne bruke "karamellsausen" til noko. Idag tok eg fatt på ei oppskrift som eg fann på nettet, men eg visste ikkje korleis dei ville sjå ut. Under ser dokke resultatet. Eg håpte kjeksa skulle likne litt meir på havreflarn. Eg har ei tante som laga nokre kjeks med sjokolade og peanøtter i og som likna havreflarn, men det er altså ikkje denne oppskrifta. Dette er meir som cookies, og er tørrare. Dei er god, men ingen favoritt. Eg vil lage mine eigne juletradisjonar og prøvar å finne ut kva eg skal bake kvart år. Til no har eg funne ut at kransekakepinnar, pepperkaker (inkl. hus), regiastenger, krumkaker og kakene som tanta mi laga, kunne vere mine kandidatar. I tillegg likar eg å lage godteri. Eg treng fleire som kan ete alt dette opp ilag med meg før eg set i gang med den store julebaksten, så alt dette skal eg ikkje lage i år.

søndag 30. november 2008

Pepperkakebedehus

Eg har laga pepperkakehus for fyrste gong. Det har aldri vore tradisjon med å lage pepperkaker eller pepperkakehus i vår familie, men eg tenkte at eg skulle ha det som tradisjon i vår vesle familie. Eg er faktisk ikkje så glad i pepperkaker, men det var veldig kjekt å lage hus. Årsaka til at tittelen på innlegget er "Pepperkakebedehus" er at huset eigentleg skulle vere ei kyrkje. Etter at alt var laga og deigen var brukt opp, oppdaga eg at eg berre hadde laga tre veggar til kyrkjetårnet. Så då vart det bedehus istaden for. Eg får prøve meg på kyrkje neste år igjen.
Biletet er ikkje så fint, men dokke ser vel kva det skal forestille likevel. Eg hadde ikkje så mykje pynt tilgjengeleg, men non stop, engelsk konfekt og melisglasur var eigentleg nok. Eg var lei når eg byrja å pynta, så huset er ikkje så vakkert dekorert. Eg må ha noko å strekke meg til i åra som kjem.
Eg har nytta gelatinplater som vindauge, det var utruleg fint synest eg. Neste år skal eg forsøke å lage hus som eg kan ha telys inni.
Malin hjalp også til, men det meste av deigen ho fekk mellom hendene gjekk nedi magen.

søndag 23. november 2008

Oppskrift på tjukkelestar str 1 år

Eg har strikka nokre tjukkelestar til Malin. Eg har ikkje funne noko passande oppskrift for sokkar i størrelse eitt år kor ein nyttar vanleg strømpegarn og som sitt godt på foten når ein brukar sko. Derfor har eg laga ei oppskrift sjølv som eg vil dele med dokke som besøker bloggen min.
Eg har strikka lestane i fleire fargar av restegarn eg har. Det er mitt store prosjekt for tida og verte kvitt mest mogleg garn. Det er ikkje alltid like enkelt når garnet og fargane er heilt ulikt min stil. Malin synest det var stas å ha på tjukkelestane som mamma hadde strikka. Ho har forresten potensiale til å verte like strikkegal som meg. Strikkepinnar og garn er iallefall veldig kjekt å halde på meg (ho får ikkje leike med strikkepinnane altså, så gal er eg ikkje..).

Oppskrift på tjukkelestar str 1 år

Legg opp 28 masker på pinne 3,5 som du fordelar på strømpepinnar. Strikk rundt 1 r og 1 vr omlag 6 cm. Del arbeidet og strikk glattstrikk 10 pinnar over halvparten av maskene, dette er byrjinga på hælen.

Så feller du for hælen slik (du byrjar på rettsida): Strikk til det gjenstår 5 m, 2 vridd r saman, snu. Ei maske laust av. Strikk til det gjenstår 5 m, 2 vridd vr saman, snu. Ei maske laust av. Strikk til det gjenstår 4 m, 2 vridd r saman, snu. Fortsett slik med ei maske mindre for kvar gong til kun midtmaskene gjenstår (6 masker).

Ta opp 7-8 masker på kvar side av hælen og fortsett rundt over alle maskane samtidig som du fell 1 m på kvar side av vrista på kvar omgang til det gjenstår 28 m. Forsett å strikk til foten måler 8-9 cm.

Fell for tåspiss slik: Set eit merke i kvar side av arbeidet med 14 m under og over foten. Du byrjar oppe på foten ved høgre merke. Strikk 1 r, 2 vr saman, 8 r, 2 r saman, 2 r, 2 vridd r saman, 8 r, 2 r saman, 1 r. Fortset å felle på kvar side av sidem. annakvar gong 3 gongar, deretter kvar omgang til det gjenstår 8 m. Klipp av tråden og fest godt.

søndag 9. november 2008

Nok ein laurdag med rydding av tomt

Det begrensar seg kor spennande det er å sjå bileter av ei tomt, men under ser dokke tomta i sin størrelse sett ovanfrå. Det er mykje som gjenstår, men eg tørr påstå at halvparten av trea er felt. Det vert tilsaman omlag eitt mål.
No når det ikkje er blad på trea lenger, kan vi skimte korleis utsikten vår vil verte. Når det var så fint som igår med blå himmel og sol, så kjennest det veldig riktig å byggje hus her.
Siste treet for dagen skulle fellast. Det var ein heil diskusjon om kva slags retning treet skulle ramle. Bestefaren til Espen er heilt herleg altså, det er så kjekt at han er med. Vert eg slik som han når eg er 86 år, skal eg jammen ikkje klage. Huset som dokke ser på biletet er forresten barndomsheimen til Espen.
Mor til Espen, Adrian (søskenbarnet til Malin) og Camilla, søstra til Espen, var på besøk i helga. Etter fire timar med arbeid, kom dei med mat og kaffi og duk til ha på "bordet" som i dette tilfellet var ei gammal bruskasse. Utruleg koseleg å sitje på toppen og sjå utover alt vi har gjort. Toppen skal forresten sprengjast vekk slik at tomta vert meir flat.
Her er biletet tatt frå nedsida av tomta. Den startar frå den einslege stammen som dokke ser midt i biletet og oppover. Det er ein annan som eig skogen som går nedanfor treet og ned til kanten som eg står, men eg håpar vi kan få så gras heilt ned slik at det ser fint ut. Heile området som dokke ser var dekt med tre, men no er det altså borte. Så litt har no vorte gjort på to laurdagar.

torsdag 6. november 2008

Hekla babyteppe

No er det nokre småtroll i vente blant våre venner. Eit av trolla skal få dette teppet som eg har hekla. Det er ikkje så lett å sjå fargane i teppet grunna dårleg lys, men teppet er raudt med kvite, rosa og grøne striper. Eg prøvde å kvitte meg med restegarn i dette prosjektet, men det enda med at eg måtte kjøpe meir for å gjere det ferdig... Teppet måler 1 x 0,65 m, og er strikka med dobbelt garn på pinne 5.

mandag 3. november 2008

Ein liten draum

Ein av mine draumar er å skaffe meg sauer. Av sauene får eg ull som eg vil karde og spinne til eige garn. Eg kan ingenting om det, men eg drøymer om å lære meg det ein dag. Eg har også veldig lyst til å lære om plantefarging. Mitt første steg mot draumen, er innkjøp av handkarde. Eg har kjøpt dei på brukt og antikvitetsforretninga her på Valestrand. Veldig mykje rimelegare enn å kjøpe nye. Har du ein liten draum som meg eller berre er nyskjerrig på kva ein bruke ull frå sauen til, kan du lese meir på http://www.spinnvilt.no/.

søndag 2. november 2008

Vi har vore på reis i helga

Vi har vore i Volda i helga, men dessverre har fotoapparatet stått på i kofferten på vei opp og vi hadde ikkje med ladar. Eg har derfor ikkje fått tatt bilete av hendingar dei siste dagane. Eg hadde heldigvis med meg eit anna lite kamera som eg fekk tatt dette biletet. Malin likar å sitte på ting som kan forestillast som bil, i dette tilfellet reisesenga. I Volda var det kaldt og fint vèr, samt sol til og med laurdag. Idag derimot har vi køyrt nedover Vestlandet i regn. Eg gleder meg allereie til jul, då skal vi tilbake til Volda og alle dei fine snøkledde fjella.

tirsdag 28. oktober 2008

Av og til går det berre så tregt...

Vanligvis tek det ikkje lang tid å strikke eit par tjukkelestar som attpå til er kun str 8 år, men i dette tilfellet har det tatt eitt år (!) Eg strikka 1,5 sokk og så berre slutta eg heilt brått, la strikketøyet vekk og gjorde alt anna. No tenkte eg at nok er nok og på søndag avslutta eg sokken. Det tok ikkje lang tid, det var ikkje vanskeleg, eg berre har hatt det uferdig så alt for unødvendig lenge. Eg har så mange uferdige prosjekt, det er alltid kjekkare å starte enn å avslutte. Men no håpar eg at eg fortset trenden. For tida strikkar og heklar eg på litt forskjellig, alt av restegarn. Målet er å kvitte seg med masse garn og frigjere plass til nye garn i eskene etterkvart. Vil sjølvsagt vise resultata her på bloggen, om eg vert ferdig då vel og merke...

fredag 24. oktober 2008

FN-dag i barnehagen

Det er FN-dagen idag og det har vore foreldrekafé og kunstsalg i barnehagen til inntekt for Redd Barna. Eit lite programinnslag frå borna fekk vi også. Malin sit bakerst til høgre med pappa ved sidan av.

torsdag 23. oktober 2008

Kake bake søte

Ï morgon er det FN-dagen og barnehagen skal i den samanheng ha foreldrekafè. Eg er ein av dei som skal stille med kake, og eg har prøvd meg på ein ny sort. Sidan oppskrifta ikkje er fulgt slavisk, har eg ikkje navn på denne kaka. Kaka består av sukkerbrød, gele og krem som fyll, og gele og frukt som pynt på toppen i tillegg til krem. At det er kjekt å bake er det ingen tvil om.

onsdag 22. oktober 2008

Malin og oldemor

Idag fekk Malin treffe oldemor for første gong. Vi har ønska å treffe henne så lenge no, men ikkje fått tid eller pengar til det då ho bur langt vekke frå oss. Derfor var det veldig kjekt for alle å få treffe kvarandre igjen.
Eg veit du følg med på bloggen oldemor, så vi lovar at det ikkje skal gå lang tid til neste gong. Takk for idag, det var veldig koseleg å sjå deg att.

søndag 19. oktober 2008

Barnehue i alpakka

I motsetning til tøflene i forrige innlegg, er denne hua verken barnearbeid eller slavearbeid. Lønna får eg riktignok av resultatet, noko som er godt nok for meg. Denne hua er litt for stor for Malin så den må nok vente litt i skuffa før den vert tatt i bruk. Oppskrifta er veldig enkel og er henta frå denne bloggen. Hua er strikka i dobbel alpakka. På bileta viser eg hua slik ho er før eg vaskar den.


lørdag 18. oktober 2008

Strikka tøfler frå Lisbeth Dahl

For det første er det vanskeleg å få Malin på snart 14 mnd til å stå modell. I tillegg er tøflene alt for store til henne, str 22/23. Men desse tøflene synest eg var så søte at eg måtte kjøpe dei likevel. Dei ser relativt enkle ut å lage sjølv, men det er litt styr med å feste skinnsåle under. Tøflene er kjøpt på Kremmerhuset.
Eg er litt i stuss på å kjøpe handlaga ting frå utlandet eller store produsentar. Ofte er det barnearbeid eller slavelønner bak eit slikt produkt. Eg bør kanskje ha min tvil til gode, vi veit vel alle at ingenting vert laga av "velståande" folk lenger og at billig arbeidskraft er alle avhengig av dersom bedrifta skal gå rundt. Eg måtte berre lette mitt samvit littegrann...

tirsdag 14. oktober 2008

Eit steg hit, og eitt steg dit

Eit av dei store augneblinka foreldre har, er når borna lærer seg å gå. Idag tok Malin sine fyrste steg, og det har vi venta ei stund på no. Malin er idag 13,5 mnd og vi er såå stolte av henne.

lørdag 11. oktober 2008

Startskotet har gått

For to veker sidan fekk vi vite at dispansasjonsøknaden om frådeling av tomt gjekk igjennom. Idag gjekk startskotet på eit løp som vil kreve masse tid, energi, pengar og innsats for at vi skal kome til mål.
Her er tomta rett etter at vi fekk vite at den snart er vår. Tomta er prega av skog for det meste, og for at kommunen kan måle opp tomta, måtte vi felle trea. Heilt nøyaktig kor tomta skal vere, veit vi ikkje enno.
Espen har saga i fire timar idag og gjorde ein kjempeinnsats ilag med motorsaga.
Bestefaren til Espen har ein liten traktor som var grei å ha når vi skulle fjerne alle greiner som vart sagd ned. Utenom greinene vart det også lagt til sides ein del for å bruke til ved. I traktoren sit bestefaren. Han er heilt utruleg. Snart 86 år og haldt koken like lenge som oss andre.
Eg gjorde også ein innsats idag. Malin vart passa av farmora som er på besøk denne veka. Det er heilt fantastisk å vere ute og bruke kroppen til noko fornuftig. Vèret var flott til slikt arbeid, og regnet kom ikkje før vi avslutta.
Jostein, onkelen til Espen, vart også med. Det er så kjekt å få så mykje hjelp. Alle fire som jobba idag fant sine arbeidsoppgåver og alt gjekk som ein leik.
Etter endt dag ser tomta no slik ut. Du kan sammenlikne første og siste bilete og vurdere sjølv om innsatsen var bra eller ikkje. Vi er iallefall nøgde.

fredag 10. oktober 2008

No er eg tilbake!

Eg kan ikkje beskrive godt nok kor glad eg er for at vi har fått internett igjen. Det er lenge sidan eg har kome med bileter her på bloggen, og mykje har skjedd siste månaden. Eg har fortalt litt om det før, men nokre bileter kan eg vise på kva tida blant anna har gått til.
Pappa, Lene og Jonas kom på besøk til oss for tre veker sidan. Vi hadde ikkje sett kvarandre sidan mai, så det var på høg tid. Både Jonas og Malin hadde strekt seg. Jonas er 8 år og min minste veslebror. Han er svært stolt over Malin og hadde gleda seg veldig til å sjå henne att. Han er ein kjempeflink onkel og han leikte med henne, passa henne og gjorde alt for at ho skulle ha det bra. Den helga dei var her var det ting som gjorde at vi flytta laurdagkvelden ganske momentant etter at vi fekk klarsignal på at vi kunne flytte inn i den nye leiligheta. Då var det godt å ha Jonas som passa Malin mens vi voksne sprang ut og inn av huset.
Malin er ei kosejente og onkel Jonas er ikkje noko unntak på kven som får ein klem. Ho fekk straks tillit til han og synest at han var toppen.
To gode vener.
Malin har fått stor sans for nokre av bamsane sine. Når ho ser hunden og pusen sin, ler ho og vert så glad. At pappa tullar og legg hunden på hovudet, er ustyrteleg gøy synest ho. Små born er enkle å underhalde...
Malin er no 13,5 mnd. Ho har stor appetitt og er flink å ete sjølv. Ho har framleis berre to tenner, men maten går ned i rekordfart.
Dette biletet var tatt ein fin haustdag når Malin måtte vere heime på grunn av diaré. Humøret var upåklageleg og ingenting tyda på at ho var sjuk. Ho er veldig glad i å vere ute, og vi må berre verte flinkare til å nytte helgane betre når vèret er bra.
Frå fredag til onsdag var mormor på besøk. Det var så godt å ha nokon der som kunne bringe og hente Malin i barnehagen, vaske opp, rydde huset og leike med Malin. Her tullar mormor med å legge eit lokk på hovudet. Og Malin ler...