søndag 26. februar 2012

Staudeprosjektet undervegs

Eg er framleis ikkje frisk så det går treigt med det meste om dagen. Noko som går enda treigare er spiringa av staudene eg sådde i januar. Nokre seier dei må ha ei kuldeperiode før dei spirar så no har eg såpotter i kjøleskapet og utandørs. Kinesisk ridderspore har derimot spira og dei står no på eit gjesterom/roterom som er svalt og lyst. 
For nokre dagar sidan vart det sådd fleire stauder. Eg har ikkje noko drivhus så her får glaskarmane fungere som spirekrok. Eg har til saman 14 stauder i potter som er plassert i karmar, soverom, kjøleskap og ute.
Eg ønskar meg drivhus. Mine stakkars potter må trykke seg saman bak leiker og gardiner. Eg har merka meg at det er veldig mykje arbeid med desse pottene. Eg dusjar vatn på toppen kvar dag slik at det ikkje skal tørke. Det er også lurt å dekke plast over pottene så det får eg gjere.
Det er mykje ein skal huske på og eg har derfor laga ei oversikt på tavla på kjøkkenet. Her står navnet på stauda og kor den står, eventuelt når den skal flyttast ut. Eg har mange pakkar igjen med frø så arbeidet er berre så vidt i gang. Eg håpar så inderleg at dei fleste kjem opp, det hadde gjort saka enklare.

Til slutt kan eg seie at eg har bestilt til saman fem roser og klematis som skal klatre her og der. Eg vil nok kjøpe fleire enn dette, men eg måtte sikre meg at eg fekk rett sort og bestilte derfor likegodt. No gledar eg meg til vår! Natta har vore kald, men dagen idag er full av solstrålar. Deilig!

fredag 17. februar 2012

Strikka ullbukse til neste sesong

Eg har byrja å tenke på neste vintersesong allereie. Det er så lett for at tida går ifrå ein og eg likar å vere ute i god tid dersom det er noko som må gjerast. Emil er den som treng ny ullbukse til neste år og eg har strikka bukse frå Nøstebarn. Eg var ikkje nøgd med måten oppskrifta var forklart på, men det vart no eit resultat av det likevel. 
Lyset har vi meir av no og det er derfor mogleg å få tatt bilete på ettermiddagen. Eg kom sjølvsagt på det midt i middagslaginga så bileta er no slik som dei er. Eg manglar knyting i livet som dokke ser, men elles er den ferdig. Til og med trådane er festa. Malin står modell då eigaren av buksa er litt liten enno.
Buksa sitt godt på og eg er kjempenøgd med garnet. Eg har strikka buksa i Drops Lima som er ei blanding av ull og alpakka. Buksa må handvaskast, men det gjer ingenting når garnet og kvaliteten er så bra.
Og slik står altså ein modell ifølge Malin.
Emil skulle ikkje vere noko dårlegare og stilte seg opp. "Smiiil" som han seier.

mandag 13. februar 2012

Glimt frå morsdagen

Det var morsdag her i huset også og Malin gleda seg slik til denne dagen. Ho hadde laga ein løyndom i barnehagen og eg fekk beskjed om at eg måtte halde meg unna sekken hennar til søndag. Ho bestilte kake og laurdagen bakte vi to kaker.
Den store overraskelsen var eit hjartekort som ho hadde laga. Kjempestolt og kry over produktet. Ho har skrive sjølv og limt på paljettar.
Inni kortet var det ei teikning av meg og henne, samt hjarter og blomar som ho likar så godt å teikne.  Ei flott gåve synest eg.
Emil hadde og utfolda seg og hadde limt nokre bitar med papp på eit rosa hjarte. Malin stussa på kvifor ikkje hjarte var dobbelt, men mor i huset var nøgd med gåva.
Leila Lindholm har ei flott bakebok som heiter "A piece of cake" og eg har brukt boka fleire gongar. New York Blueberry Cheesecake skulle ifølge ho vere ein av dei beste, men personleg synest eg den var alt for mektig og tørr. Stussa litt på korleis den kan vere tørr når det er ostekake, men eg skal iallefall ikkje lage den igjen.
Eit snitt av kaka viser at denne har ingen grunn til å vere tørr. No er eg ganske forkjøla så det kan no vere noko med mine smakslaukar og...
Vakre matbileter er ikkje så lett å få til når ungane har augene på kaka. Denne rullekaka kjem frå same bakebok og oppskrifta kan eg anbefale på det sterkaste. Det er brukt riven appelsinskal i sukkerbrødet og fyllet er krem og jordbærsylte. Veldig god og Emil åt heile tre stykker. Det må vere eit bra teikn.

tirsdag 7. februar 2012

Skiglede

Å få influensa to gongar på seks veker kallar eg uflaks og typisk meg. Særleg når det tek tre-fire veker og verte frisk. Denne vinteren tek knekken på meg og eg kan vel seie sterkare enn nokon gong at eg gler meg til vår. Ungane har og vore sjuke, men det går så fort over at eg rekk ikkje fortelje om det ein gong.
Om ikkje vinteren er snill med meg, så har han gitt Malin flotte skiløyper. Bilete over viser Malin som går på ski i ei av lysløypene her på Osterøy. Bilete er tatt forrige helg og vèret var heilt fantastisk. Emil fekk renne på akebrett medan Malin gjekk skitur.
Vi har hatt ei langhelg i Volda. Planen var å bruke dagane godt til å gå på ski/renne akebrett. Diverre vart eg liggande på sofaen og Emil var ikkje i strøk han heller. Så då tok Espen og onkel André med seg Malin i lysløypene heime så ho fekk øve seg på sine kunster. Ho har vorte så flink!
Dei koste seg ut i skogen med bål og appelsin. Malin hadde det veldig komfortabelt og sovna opp i det heile. Typisk henne, ho kan sovne uansett kor ho er (lik mor si). Dette var fredagen. Laurdag og søndag var det surt og kaldt, men ungane var ei lita stund ute med akebrett før dei byrja og fryse. Sjølv om eg ikkje fekk gjere noko anna enn å synest synd på meg sjølv var det deilig å vere i Volda. Neste gong skal det vere vår og eg skal vere frisk. Så er det bestemt.

Til alle som er sjuke eller har sjuke born: God bedring! Eg kjem tilbake når eg er betre :-)