søndag 28. august 2011

Årets bursdagsgåve

Heilt sidan Malin var 1,5 år gammal har ho elska å disse. Ho kan sitte å disse i timesvis medan ho syng og trallar. Malin har ønska seg disse så lenge ho har kunna snakke og no hadde vi endeleg plass og moglegheit til å oppfylle ønskje.
Dissestativet er frå RKC og heiter Max. To disser, stige og sklie. Eg sa til Malin at no har vi leikeplass heime, men ifølge henne manglar det enno sandkasse for at leikeplassen er komplett. Sandkasse skal kome, men det må vente til garasja er ferdig og plenen er på plass.
Espen har brukt ganske mange timar på å montere stativet. Det tok litt lengre tid enn han først tenkte. Espen har støypt søyelesko oppi fire dekk. Beina skal festast til skoa og støypen skal hindre stativet å vippe. Vidare har han gravd fire hol kor beina skal stå nedi. Det var mykje arbeid med å justere slik at alt vart beint Litt saging måtte til då vi ikkje har så djup jord før vi møter pukk og fjell.
Fireåringen er kjempefornøgd med presangen og har vente "uendeleg" lenge med å få prøve dissa.
Vi har ei babydisse frå før som vi skal bytte ut med ein av dissene. Emil er framleis litt for liten til å klare å disse sjølv.
Stor stas for ungane, veldig kjekt å gi noko som dei kjem til å ha stor glede av.
Espen har vore kjempeflink. Litt ros må han få når han fortjener det. No ser hagen ut som eit moldvarpreir, men når Espen er sikker på at alle justeringane er gjort skal vi legge jorda på plass.

Sklia var kjempepopulær og Emil var raskt ute med å leike med livet. Vi må nok rekne med nokre timar med tilsyn på han enno. Forresten så står dissestativet midlertidig. Neste år skal det flyttast mot garasja. Vi må berre få jord og plen først. Planar har vi nok av altså...

lørdag 27. august 2011

Løytnantshjarte

Det veks og trivs i hagen min sjølv om ikkje alle er like store. Ei av plantene som berre var ein liten kvast då eg kjøpte den i mai, men som no har vorte ganske stor, er løytnantshjarte. Ei utruleg vakker og romantisk staude som trivs både i skugge og sol.
Eg har ikkje så mange hjarter på planta i år, men tilstrekkeleg til at eg får studert den unike forma på blomen. Dicentra spectabilis heiter den på plantespråket og historia bak namnet er mange. Ei av dei kan du lese her.
Eg skal kjøpe meg fleire av desse. Tanken har vore å ha dei framfor tulipanane slik at dei visne tulipanblada ikkje viser så godt. No blømer denne ganske seint til å vere løytnantshjarte, men kanskje det har noko med at den er nyplanta? Har du denne i hagen er eg veldig interessert i å høyre dine erfaringar og eventuelt kva planter du har ved sida av.

4 års dagen vel gjennomført

Det er utruleg kor mykje tid ein brukar på å førebu ein bursdag som varer i to timar. Malin hadde fireårsbursdag idag kor ho hadde fem jenter frå barnehagen på besøk. Bringebærmuffins, prinsessekake og smoothie vart trylla fram, men det var så vidt ungane åt eller drakk. Var det verdt det?
JA! Eg elskar å bake og stå på kjøkkenet. Å prøve nye ting er det kjekkaste. Eg laga denne prinsessekaka for første gong. Det meste var nytt for meg med denne kaka. Trekket er laga av marshmellowfondant. Ganske enkelt å lage. Marshmellow, delfiafett, vatn, konditorfarge og melis. Vidare laga eg ei rund sjokoladekake i ei lita form og ei kake i ei puddingform med hol i midten. Kake i puddingform var ikkje enkelt og eg har aldri gjort det før, men med sjokoladekrem kan alt lappast saman. Malin og jentene synest sjølvsagt kaka var kjempefin. Og til første gong å vere så var eg og nøgd.
Sidan det ikkje vart ei kake med tradisjonell form, fekk eg ikkje satt lys i sjokoladekaka. Derfor vart det lys i bringebærmuffinsen istaden. Malin synest det var like greit. Så lenge ho fekk lys og bursdagssang så var det godt nok. Alle oppskrifter er frå Leila Lindholm, og Malin var kjempefornøgd med selskapet sitt.

torsdag 25. august 2011

Malin 4 år

Prinsessa vår fyller fire år idag. Ho har talt ned dagane i to veker no, og gleda seg slik som små born kan glede seg. Igår ville ho legge seg tidleg fordi ho skulle ha bursdag dagen etter. Det enda med at ho vakna kl 03 i natt og ville ha pakke. Hopping i senga og full i latter, heilt klar for den store dagen. Malin gjenfortalte galskapen i barnehagen og lo så ho hadde problemer med å verte forstått. I barnehagen har ho vore heilt elektrisk og det har nok vore stor stas for ho denne dagen. Nokre presangar har ho og fått, men feiringa skal skje på laurdag.
Det kjennes lenge sidan Malin kom til verda. Det er mykje som har skjedd sidan då. Tenk at denne jenta var 45 cm då ho var fødd. No har ho strekt seg og passert fleire av dei som før var større enn henne.
Litt posering sjølvsagt, ho er ikkje danseprinsesse for ingenting. Det vart ikkje så mange bileter idag, eg har vore i Oslo og kom først tilbake ikveld. Om vi har feira lite idag, skal vi få tatt det igjen i dagane som kjem. Følg med å sjå om du vil.

lørdag 20. august 2011

Grunnmuren til garasja er ferdig

Ja så er vi i gang med garasjebygginga. Det vil seie det er Espen som er i gang, eg er berre deleigar. Heile ettermiddag og kveld igår arbeidde fire karar med grunnmuren til garasja og idag støypte dei ferdig. Fantastisk så fort det går når ein er fleire. I skrivande stund er Espen støl i ryggen og har hovudverk etter eit intenst døgn, men det har han jammen fortjent å vere.
Rett etter arbeidstid var dei gong med å setje opp kasser som skal halde sementen på plass. Det vart kjøpt inn sekkar med sement, sand og jern.
Før leggetid såg det slik ut. Sola skein og alt var på vår side.
Arbeidslaget i ettermiddag. Slitne og godt nøgde med innsatsen. Det er kjekt å ha familie i nærleiken som stiller opp. Karane vart premiert med heimelaga pizza og kald øl. Sjølv om vi berre er i byrjinga av prosessen er det likevel eit viktig steg vi har tatt.

torsdag 18. august 2011

Dokumentasjon av gravearbeid

I påvente av garasjebygginga har Espen satt igang medt å grave ut der det skal vere hagestove. Planen er å lage ein mur rundt i naturstein og då må jorda gravast vekk for å unngå at det sig. Jorda legg vi mot parkeringsplassen då vi ikkje skal ha så stor parkering som idag.
Slik har det sett ut til no. Graset sådde vi ikkje lenger enn dit som vi skal ha stova. Ein gjer ikkje meir dobbeltarbeid enn ein må.
Ifølge Espen er det no klart til mur. All jord er tatt bort og det skal fyllast opp med stein. Muren veg mange tonn så underlaget må vere stødig som fjell. I hjørne nede til venstre skal peisen stå. Espen har visst alt klart i hovudet. Eg blandar meg ikkje så mykje inn, nokre prosjekt må vel han få og. Berre eg får bestemme plantene rundt...
Emil vil og hjelpe til. Måtte det fortsette i mange mange år til.
Gjett om eg er glad vi har vaskemaskin. Emil brukar 2 til 3 bukser om dagen, men han kosar seg og det er det viktigaste.

onsdag 17. august 2011

I gang med hekkplanting

I vår hage vert nesten ingenting gjort som planlagt då ideane kjem undervegs. Etter hagedagen kokte hovudet mitt og eg fekk ikkje sove. Eg hadde så mange idear og klokka var sikkert ikkje 01.00 om natta før eg slokna. Ein av ideane var hekk rundt terrassen.
Buksbom rundt terrassen skal vere med å dempe den voldsomme plattingen. Med ein liten opning på kvar side håpar eg dette vert ein lun stad å vere. I tillegg skjermar det for innsyn. Ja for vi har så fryktelig mange naboar...
Hadde kjøpt 12 stykke. Og det gjenstår sikkert 25 igjen. Bankkortet brenn i lomma...

tirsdag 16. august 2011

Deling og flytting av jordbærplanter

Ifjor mai fekk eg ein spinkel, liten avleggar av ei prydjordbærplante. Etter eit år har den vesle planta spreidd seg og danna minst 40 avleggarar i tillegg til dei som eg har kasta undervegs i lukinga. Eigentleg har eg ikkje bruk for så mykje, men eg har ikkje hjarte til å kaste dei. August er tida for deling i følge dei lærde, så då var det berre til å lyde.
For å unngå at planta sprer seg yttarleg i bedet kjøpte eg to jordbærkrukker til 70% avslag på Plantasjen. I tillegg har to store krukker fått tildelt nokre planter og. Det kjem bær på desse, men eg har ikkje dekka dei til så fuglane har fått det meste. Veit ikkje heilt kor eg skal gjere av krukkene til vinteren, men i garasja kanskje?
Vakker ikkje sant?

mandag 15. august 2011

1000 opne hagar- hage nr 2

Etter at vi hadde besøkt hage nr 1 køyrde vi til denne hagen som hadde ein litt anna stil. Hagen er 100 år gammal og har tidlegare vore ein grønnsaks- og frukthage. Idag ber den preg av gamledagse stauder, bærbusker og busker med sterke tradisjonar på Vestlandet.
Hagen er i regi av to søstre som er vakse opp her. Mannen i bilete er ektemannen til ei av søstrene. Det var ein del besøkande denne dagen, og det er ikkje så rart når vèret var fint. Hageeigarane serverte saft, kaffi og kjeks til glede for alle som kom.
Hagen hadde mykje arendsspir (astilbe), bladlilje (hosta) og akeleie. Stemorsblomster og roser hadde dei ein del av og. Veldig vakkert og er det eg vil kalle ein bestemorhage.
Kven gledar seg vel ikkje til å kome heim når ein møter dette synet i trappa?
Mykje vakkert å kvile augene på.
Ein del steinarbeid i hagen. Alltid like imponerande. Likar godt sitjeplassar i stein.
Ei koseleg smie prega hagen. Dei hadde laga eit lite museum inni huset for den som ville sjå.
Damene var glad i fuchsia og hadde heile veggen full. Fuchsia likar ikkje vind og er derfor plassert i svalgangen mellom hovedhuset og uthuset. Utruleg vakre blomar og er reine kunstverket. Eg er ikkje noko fuchsiadame sjølv, men likar godt blomane fordi om.

Takkar for gjestfridomen og gleda eg har hatt av å få kome på besøk til hagane denne dagen. Eg håpar fleire opnar hagen sin neste år. Ein treng ikkje fem mål hage, luka bed og perfekte linjer for ta imot folk, det viktigaste er å vise hageglede.

søndag 14. august 2011

1000 opne hagar- hage nr 1

Det norske hageselskap har i år arrangert "1000 opne hagar" med mål om at fleire skal opne hagen sin for publikum. Dagen for arrangementet var idag, og her på Osterøy har vi hatt gleda av å ha to hagar tilgjengeleg for besøk. Den første hagen presenterar eg idag og imorgon får dokke innblikk i den andre hagen.
Ekteparet vi besøkte i den første hagen tok oss imot med smil og glede. Dama som eig denne hagen er ikkje kven som helst då ho jobbar på gartneriet og er leiar i hagelaget. Ei blid, open og skjønn dame som alltid har tid til deg og dine merkelege plantespørsmål.
Hagen hadde knapt ein plenflekk då trangen til å kjøpe nye planter har sannsynlegvis vore stor. Ikkje rart når ein jobbar på eit gartneri og ein får stadig inn nye planter som er spennande og vakre. Grusgangane var lagt i fine buer rundt heile huset og nedi hagen.
Hagen er i stadig utvikling og ho har prøva og feila akkurat slik som oss andre.
Ein variert hage med både vintergrøne busker og tre, stauder med og uten blomar og ulike bladfargar på plantene. Ho er og ganske glad i roser som duftar, akkurat slik som meg.
Med nokre år med tolmod får ein altså dette resultatet. Hagen var ikkje gjort på eitt år, og det er ei trøyst for ein utolmodig stakkar som meg.
Det strøymde på med folk som ville få med seg denne sjansen, og eg vil seie arrangementet har vore ein suksess. Folk fekk inspirasjon, idear og moglegheit for å få tips og råd. Eg håpar fleire vil ta seg ein tur i hagen etter dette og kanskje gjere noko nytt som ein ikkje har prøvd før.
Plantene hadde eit hav av fargar, fasongar og variantar. Inni mellom hadde ho laga sitjeplassar alt etter kor sola var på døgnet. Publikum fekk og forsyne seg med kaffi, brus og kaker. Ei skikkeleg vertinne vil eg påstå.
Er det rart hjarte bankar litt ekstra etter ei slik oppleving?
Eg boblar over av inspirasjon og hagelyst etter denne dagen. Eg vert så glad når det er mange hageglade samla. Det er så fantastisk å kunne vere i eit forum kor eg kan snakke fritt om hage utan at nokon vert lei. Ja for det kan verte litt for mykje til tider.
Hageigaren hadde veldig sans for mørkeraude/brune blad innimellom alt det grøne. Noko eg sjølv ikkje har tenkt over kan vere ei bra brytning til all skogen.
Legg merke til den kvite buska. Den duftar fantastisk og var ein av mine favorittar i hagen.
Før hagevandringa tok slutt fekk vi nok eit møte med ein sitjeplass med vakre blomar i skue.
Her er den kvite buska på nært hald. Veit du navnet på den?

lørdag 13. august 2011

Historia om det nye stovebordet vårt

Det er ikkje noko særskilt med å få seg eit nytt stovebord, men historia bak kjøpet synest eg er morsom og ganske søt.
Eg har ei fantastisk svigermor som stiller opp for oss med å passe borna og vaske huset når ho kjem på besøk. Vi ser ho ikkje så ofte, men når ho er her så kosar vi oss masse. Ho er veldig flink til å gjere det fint i huset og det er som julafta heime hjå oss etter å ha sluppe ho laus ein dag. Ho er glad i å vaske og gjer det heilt frivillig. Veldig kjekt for oss som ikkje tørkar støv for ofte. Ho har dei siste besøka lagt godt merke til det gamle stovebordet vårt og synest det har vore heilt forferdelig at vi må ha noko slikt i stova.
Ikkje så rart at ho synest det kanskje. Eit billeg bord frå IKEA (lack) til kr 359,- som vart kjøpt for å ha noko å setje fjernkontrollane på. Heilt midlertidig sjølvsagt, men tida gjekk som det alltid brukar å gjere. Emil fekk tenner og bordet vart etterkvart innramma med tannmerker rundt heile bordet. Ting landa litt for hardt i bordet og Emil laga seg etterkvart matbod nedi hola då bordet ikkje akkurat er laga av massiv tre. Borna kunne knapt danse på bordet utan vi var redde for at dei skulle ramle igjennom. Ja for alle born dansar vel på bordet?
Forrige helg fekk svigermor nok. Ho skulle betale bordet berre vi reiste og kjøpte det. Avgårde med lånt bankkort drog Espen til Living og kjøpte nytt bord. Vi fekk det til halv pris og alle var nøgde. Ein seier born som syng er lukkelege born. Svigermora mi nynna for seg sjølv iallefall resten av helga.

Vi har no kasta ut bordet og det står på tunet, heilt midlertidig sjølvsagt, til nytte for små born som vil leike butikk. Bordet gjer seg og som lagringsplass i påvente av garasje. Kjekt å ha altså.

fredag 12. august 2011

Telttur sa du?

Heilt sidan ifjor har vi snakka om at Malin skulle få ligge i telt i hagen og heile denne veka har ho gledd seg då vi bestemte at det idag passa det fint. Barnehagen har vorte informert både to og tre gongar om denne hendinga og ho har tydelegvis gledd seg.
Sovepose og nattdrakt må ein ha. Det er kaldt om natta no. Puta, dokka og bamsen fekk og vere med.
Ho fryda seg. Dette var spennande!
God natt mamma!

Eg reiste på butikken og såg fram til å kome heim til stille hus. Då eg kom heim var det langt ifrå stille. Malin hadde avgjort at ho skulle sove inne og sto i trappa og venta på meg. Det vart nok litt overveldande og ho kjente seg nok tryggast i senga si. Espen hadde gleda seg slik, men kva hjelp vel det. Så om nokon har planar om camping er det ein ledig teltplass ut i hagen vår.