fredag 4. desember 2009

Klart til egeninnsats

Var oppe i huset idag. Snekkarane har forlatt åstaden og huset er klart for egeninnsats to veker før tida. På mandag kjem bygningskontrolløren og etter møtet kan vi setje igang med sparkling, tapetsering, maling, montering av kjøkken og golvlegging. Det er godt å ha litt ekstra tid på seg sjølv om vi ønskjer å verte ferdig så fort som mogleg. No er det berre for oss å handle inn alt.

Badet er ikkje heilt slik som det skal vere. Det er lagt plast bak gipsplatene samstundes som badet skal ha membran. Dette medfører dobbel fuktsperre. Konflikten er ikkje løyst enno og eg kjem tilbake til dette i eit innlegg om nokre dagar.
Soverommet vårt. Nokon som veit om ein kan male panel med ein gong? Eller må det leve sitt eige liv ei stund? Veit ein må vente på våtrom, men er usikker på soverom og sant.
Gjesterom/treningsrom/hobbyrom. Fargeval er vanskeleg, også kvitt. Kva kvitfarge synest dokke er fin?
Barnerommet. Skal vi male det heilt kvitt eller skal vi ha nokre farge på veggane? Å så vanskeleg! Golvet skal vere kvitt i heile andre etasjen forresten.
Inne i denne kroken skal dagens to-setar stå. Og tv på motsatt vegg når vi får moglegheit til å kjøpe det.
Bod og trappegang. Lurer på ein gråtone i gangen nede etterkvart. Har lyst å ha brystningspanel i grått og samme farge på trappetrinna opp. Men alt er berre i tankane enno. Plutseleg vart alt så verkeleg. No må vi gjere meir enn å berre drøyme, det skal faktisk skje noko no.

Og til alle kjente i nær omkrets: Velkommen til dugnad! Huset er opent for alle kvar dag.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Gratulerer så masse med å ha komme såpass langt som dette! Syns det har gått kjempefort eg! Så synd med badet da, håpar det ordnar seg.

Fargar veit eg for lite om, men eggekvitt er i alle fall aldri feil har eg inntrykk av. Eg hadde tatt det same på barneromma, men det må vere lov å male ein av veggane rosa f.eks. Kan bli fint det!

Husdraumen/Anita sa...

Gler meg til å sjå kva du bestem deg for. Fargar er vanskeleg...!

Vi skal ha spottar over alt synaste eg det ser ut som no...51 totalt etter ei rask hovudrekning!
På kjøkken, stove, begge bada, vårt soverom og i gangen. Og utanfor hovundinngangen og altandøra.

Joda...lyst skal det bli;)


Trudde panel levde sitt eige liv uansett om du let det stå ei stund? At den utvidar og krympar seg i takt med temperaturen? Eller er det fuktigheita du tenkjer på?
Eg aaanar ikkje...

Anonym sa...

Kjekt med fargar Torill:) no he du sjangsen, går and å male over etterpå om det blir stygt;)

Helsing fra Siv

R-15 sa...

Heisann! Vi flyttet inn i nytt hus for 1,5 år siden, og vi har også slikt panel på soverom og bad i 2. etasje. Vi hadde på to strøk panellakk FØR panelet ble montert, også på våtrom. Panellakken gir et hvitskjær i treet, samtidig som treet synes godt gjennom. Jo flere strøk, jo hvitere! Hvis du vil ,akn jeg sende deg bilde av takene våre, eller legge ut på bloggen. Gi lyd :-))

Anonym sa...

Det kjem an på kor flinke dei he vore til å holde trematerialet tørt under bygginga de... panelet bør helst ha et fuktinnhold på ca 12% når de malast, maks 15%...
Viktig å huske kvistlakk på ny panel, forresten!
Og når de gjeld å ta bilde; Bruk print screen funksjonen og klipp dei til i paint. Funka alltid.
-Ingeniøren-

Anonym sa...

Panel blir forresten levert med ca 17% luftfuktighet, men bør helst monterast med 12% luftfuktighet...sann at de ikkje krympa for masse om vinteren! Uansett kan de lønne sej å la panelet tørke ordentlig først, slik at den ikkje krympe sammen i vinter og du fe stygge sprekke i malinga. Dersom du skal lakke kan ditte føre til at du fe sprekke i veggen, sida lakken fungera som lim.
Å ja, bruk oljebasert maling, ikkje sann vannbasert (vannbasert maling e heilt uhandterbar...). Ej ose over med fagkunnskap gitt.