onsdag 25. august 2010

Feiring av Malin sin 3 års dag

Vi har feira Malin sin 3 års dag idag. Ho har gledd seg i mange dagar til denne dagen og har ønskt seg lenge kake og gele med saus. Ho teller på fingrane kor gammal ho er og ho veit at ein har lys på kaka. Vi kjøpte kakelys på butikken for to dagar sidan og lyspakken har fulgt henne overalt. Ho planla nøye kva lys ho skulle ha. Ein gul, ein rosa og ein kvit.
Endeleg kom dagen ho har venta på. "Eg her busdag eg, tle år!". Her får ho opne pakke frå mormor.
Lommelykt! Sjølvsagt har ho ballong og.
Sidan vi er hjå mamma har vi installert oss på same rom alle fire inkl bagasje og presangar. Malin har sikla på pakkane lenge og ho kunne ikkje vente nesten til mormor skulle kome heim frå jobb. Det låg to store pakkar til henne. Den eine var frå Emil og var ein gitar. Ho elskar å "spele" på gitar og den klunka ho på resten av dagen. "Eg he fått min ege itar eg"
Den andre presangen var frå meg og Espen. Ein leikepc kor ein kan lære alfabetet, spele spel og diverse. Den har ho trykt på kvar gong ho har vore i ein leikebutikk, iallefall i eitt og eit halvt år, så det var stor stas.
Malin likar så godt Mikke Mus. Derfor laga eg Vintage Mikke Mus-kake. Eg laga ei langpanne med sjokoladekake og skar ut hovudet. Deretter pynta eg den. Utstyret begrensa seg til ein smørekniv og kvit og mørk sjokoladeglasur. Eg kallar kaka for "vintage" fordi den er i bruntonar og hovudet er frå den orginale Mikke Mus utan det kvite i auget. Ein konditor hadde nok ikkje gitt meg bestått i eksamen dersom eg kom med denne kaka, men eg er veldig nøgd til å berre vere meg. Vi ser no kva den liknar.
Malin vart blyg når vi sang bursdagssangen for henne.
Og dei tre lysa blåste ho ut utan problem.
Geleen og vaniljesausen var nok høgdepunktet.
Med onkel André fekk ho blant anna eit pusslespel med motiv frå Hakkebakkeskogen. Det var kjempekjekt å få då ho likar å pussle veldig godt.
Med komp frå pcen haldt ho konsert for oss. Bjørnen sover og Mikkel Rev.

Malin har hatt ein kjempefin dag og hadde vanskeleg for å sove. Inni i senga kunne vi høyre henne "Eg he busdag eg, Emil *knis*"

søndag 15. august 2010

Fossegrimen på Valestrand

Igårkveld fekk eg vere med på noko fantastisk. Det er 200 års jubeleum for Ole Bull i år og i den samanheng har det vorte sett opp eit stykke om Ole Bull frå han byrja å spele fele og til han døydde. På dei gamle markene kor Ole Bull hadde sine feriar i barndomen og seinare feriehus var det laga eit amfi med teaterscene og sitjeplassar til 2000 tilskodarar. Forestillinga varte i 1, 5 time og bergtok både meg og dei andre som såg på ikveld. Det er tilsaman tre forestillingar, den siste går ikveld.
Mange lokale statistar frå Osterøy var med, både voksne og born. På scena var det laga eit lite hus kor orkesteret satt med 35 musikarar. Frå dette huset kom det vakre tonar og nydelig musikk.
Det var satt opp hes som kulisse for å gjenskape noko av opplevinga av korleis det var her på den tida. Dei var også fine å gøyme seg bak.
Levande hestar var og med i forestillinga. Her er scena frå då Ole Bull kom heim til Valestrand og bøndene flokka seg rundt han.
Stykket tok utgangspunkt i Ole Bull som 60 år kor han får beskjed frå si 19 år gamle elskerinne Sara at ho er gravid. Som dokke kan sjå så er ikkje han vidare glad. I stykket fortel han kvifor han ikkje kan vere ein god far til barnet med bakgrunn i korleis den første kona hadde det før ho døydde.
Ole Bull fekk oppleve eit brudefølgje som skulle avgjere livet hans. Det var som åtteåring han fant ut at han skulle verte verdens beste felespelar då han fekk høyre felespelaren i brudefølgje spele. Felespelaren fortalte Ole Bull at han måtte lokke på Fossegrimen for å verte ein god spelar. Ved denne fossen møtte han Fossegrimen som gjennom heile stykket følgte han som eit symbol på at Ole Bull hadde solgt sjela si til Fossegrimen og fela, og at Fossegrimen lokka på han når familien stilte krav til han.

Meir kan du lese her. Stykket har fått gode kritikkar og det er eg jammen einig i. Det er så kjekt når det skjer noko her på Valestrand, og særleg noko så stort.

lørdag 14. august 2010

Jul heile året

Å scrappe julemotiv er ikkje enkelt. Derfor er det jul heile året i scrappemappa mi fordi eg aldri klarer å avgjere kva ark eg skal nytte. Det er utruleg mykje fargar og detaljar på bileta frå jul og derfor kan det vere greit med eit litt dempa mønsterark synest eg. Eg likar ikkje å overause arka med pynt då mønsterarka er så vakre i seg sjølv,men det er nok mykje som kunne ha gjort det finare om eg hadde den rette pynten, men pytt...
Eg kunne tenke meg litt finare handskrift. Skrifta på mønsterarket er av den gamle typen og så har du mi som er hompete og ujamn. Motivet er frå julafta ifjor kor Malin fekk kjøkken hjå oss samt kjøkkenutstyr og teservise. Stor suksess!

fredag 13. august 2010

Litt tid til scrapping

Etter to månadar med "sommar" tok eg fram scrappeånda igjen og har no byrja på fleire sider på ein gong. Eg var på scrappetreff igår og det hjalp på motivasjonen. Her er den første LO'en.

Motivet idag var frå dagen etter Emil vart fødd. Eg kom heim frå sjukehuset og heime hjå oldefar venta Malin, oldefar og farmor. Vi var veldig spente på korleis Malin reagerte på den vesle babyen. Det gjekk veldig fint, men sjølvsagt hadde ho mange kjensler og det kom både tårer og latter denne dagen.

lørdag 7. august 2010

Ripsgelé

Ripsgelé er nostalgi og gode barndomsminner for meg. Mormor laga alltid ripsgelé på sommaren og det smaka utruleg godt. Eg er ikkje noko syltetøymenneske, men heimelaga ripsgelé er ein vinnar.
Rips inneheld mykje stivelse og bæra egnar seg derfor godt til gelé. Det er viktig å hauste bæra når dei er akkurat modne, og helst skal du koke bæra rett etter plukkinga. Det tek litt tid både med koking og plukking, men det er absolutt verdt det. Du får 1 liter råsaft av 2.5 liter bær. Til 1 liter råsaft skal du ha 900 gram sukker. Så dette er ikkje noko slankekost, men det er himla godt. Billeg er det og.

onsdag 4. august 2010

Eg har rydda loftstova!

Det er ikkje slik at eg vaskar og ryddar huset så sjeldant at eg må blogge om det når eg først gjer det, men loftstova har eg ikkje rydda 100% før. Vi har budd i huset no i 5 månadar utan at eg heilt har klart å fått dette rommet ryddig. Det er så lett å plassere alt ein ikkje veit kor skal vere akkurat her. Til og med svigermor har gjort eit forsøk, men det er no ikkje så lett for henne og sette alt i system og på dei riktige plassane sjølvsagt. Så i forgårs gjorde eg loftstova fullstendig ryddig, utan å jukse! Alle små ting har fått sin plass. No samlar eg heimlause ting eg finn rundt om kring i ein pose og eg skal få alt på plass iløpet av veka. Eg er litt stolt av meg sjølv no, det må eg innrømme.
Loftstova er preglaus og tom, men det skal kome pynt og gardiner her. Det er likevel litt deilig å berre ha det slik akkurat no. Eg må nyte synet så lenge eg kan. Dokke kan forresten sjå tv-benken og hylla som eigentleg skulle vere på stova (sjå tidligare innlegg). Tv'en har vi overtatt av bestefaren til Espen. Den er ein tung klosse som vi ønskjer å bytte ut med noko meir smalt og moderne, men den får holde no så lenge. Bordet har vore Espen sin eigendom sidan 1994. Det var den tida alt skulle vere snirkla furu. No er furua tilbake, men vi ønskjer å male bordet slik at alle gamle pennestrekar og ringflekkar forsvinn.
Vi må nok krype til korset og skaffe oss perleport ved trappa. Emil eig ingen hemningar så det er best å vere på den sikre sida. Alt dokke ser av umalt furu skal malast neste vår.
Og her skal vi ha ein sovesofa. Denne svarte liksom-skinnstolen har eg aldri likt, men den vart kjøpt i ammetåka og av Espen si omsorg for meg fordi han meinte eg trengte ein ammestol. Stolen har vi aldri brukt, men den står no her så lenge.


No held hjerna mi på å kverne idear for korleis det skal vere her. Det er så kjekt å innrede!

tirsdag 3. august 2010

Malearbeidet som aldri tek slutt

"Sommeren er kort" er det ein sang som heiter. Det kan vil ikkje seiast betre enn det denne sommaren. Malearbeidet utanfor har tatt så lang tid no fordi veggen skal rekke å tørke før ein malar. Espen har ikkje hatt ferie i år så det har vore vanskeleg å finne tid til maling dei dagane det har vore godt vèr, men idag tok han seg fri då vèrmeldingane såg lovandes ut. Og regnet har holdt seg nesten heilt borte. Han har holdt på i heile dag, medan Steffen og Jostein kom etterkvart og hjalp til.
Mønearbeidet er det minst kjekke. Å stå 6 meter over bakken i ein gammal og skeiv stige er ei utfordring for hjarte. Idag var det Steffen som utfordra seg og han fekk grunna alt.
Jostein har eit godt handelag og har tatt vindaugslistene. Vi skulle i utgangspunktet male karmane lysgrå, men vi må innsjå at det vert ikkje to strøk i år og derfor malar vi alt kvitt så lenge. Så kan vi heller bruke litt tid på å tenkje ut kva vi eigentleg vil.
Ein heil vegg, listene rundt vindauga og litt til er det som står att før heile huset har fått eitt strøk. For å få tid til å slappe av før hausten kjem, lar vi andre strøk vente til neste år. I tilfelle vi har meir maling etter første strøk kan vi eventuelt ta eit strøk til på ein vegg eller to.

Elles ser dokke at plenen har vorte grøn sjølv om vi har mykje att. Hagen vår er delt i to plan og vi har berre plen på dette planet foreløbig. Vi har fått materiale til garasja no og vi skal sette den opp i haust der som bilen står (midterste bilete).