søndag 26. februar 2012

Staudeprosjektet undervegs

Eg er framleis ikkje frisk så det går treigt med det meste om dagen. Noko som går enda treigare er spiringa av staudene eg sådde i januar. Nokre seier dei må ha ei kuldeperiode før dei spirar så no har eg såpotter i kjøleskapet og utandørs. Kinesisk ridderspore har derimot spira og dei står no på eit gjesterom/roterom som er svalt og lyst. 
For nokre dagar sidan vart det sådd fleire stauder. Eg har ikkje noko drivhus så her får glaskarmane fungere som spirekrok. Eg har til saman 14 stauder i potter som er plassert i karmar, soverom, kjøleskap og ute.
Eg ønskar meg drivhus. Mine stakkars potter må trykke seg saman bak leiker og gardiner. Eg har merka meg at det er veldig mykje arbeid med desse pottene. Eg dusjar vatn på toppen kvar dag slik at det ikkje skal tørke. Det er også lurt å dekke plast over pottene så det får eg gjere.
Det er mykje ein skal huske på og eg har derfor laga ei oversikt på tavla på kjøkkenet. Her står navnet på stauda og kor den står, eventuelt når den skal flyttast ut. Eg har mange pakkar igjen med frø så arbeidet er berre så vidt i gang. Eg håpar så inderleg at dei fleste kjem opp, det hadde gjort saka enklare.

Til slutt kan eg seie at eg har bestilt til saman fem roser og klematis som skal klatre her og der. Eg vil nok kjøpe fleire enn dette, men eg måtte sikre meg at eg fekk rett sort og bestilte derfor likegodt. No gledar eg meg til vår! Natta har vore kald, men dagen idag er full av solstrålar. Deilig!

fredag 17. februar 2012

Strikka ullbukse til neste sesong

Eg har byrja å tenke på neste vintersesong allereie. Det er så lett for at tida går ifrå ein og eg likar å vere ute i god tid dersom det er noko som må gjerast. Emil er den som treng ny ullbukse til neste år og eg har strikka bukse frå Nøstebarn. Eg var ikkje nøgd med måten oppskrifta var forklart på, men det vart no eit resultat av det likevel. 
Lyset har vi meir av no og det er derfor mogleg å få tatt bilete på ettermiddagen. Eg kom sjølvsagt på det midt i middagslaginga så bileta er no slik som dei er. Eg manglar knyting i livet som dokke ser, men elles er den ferdig. Til og med trådane er festa. Malin står modell då eigaren av buksa er litt liten enno.
Buksa sitt godt på og eg er kjempenøgd med garnet. Eg har strikka buksa i Drops Lima som er ei blanding av ull og alpakka. Buksa må handvaskast, men det gjer ingenting når garnet og kvaliteten er så bra.
Og slik står altså ein modell ifølge Malin.
Emil skulle ikkje vere noko dårlegare og stilte seg opp. "Smiiil" som han seier.

mandag 13. februar 2012

Glimt frå morsdagen

Det var morsdag her i huset også og Malin gleda seg slik til denne dagen. Ho hadde laga ein løyndom i barnehagen og eg fekk beskjed om at eg måtte halde meg unna sekken hennar til søndag. Ho bestilte kake og laurdagen bakte vi to kaker.
Den store overraskelsen var eit hjartekort som ho hadde laga. Kjempestolt og kry over produktet. Ho har skrive sjølv og limt på paljettar.
Inni kortet var det ei teikning av meg og henne, samt hjarter og blomar som ho likar så godt å teikne.  Ei flott gåve synest eg.
Emil hadde og utfolda seg og hadde limt nokre bitar med papp på eit rosa hjarte. Malin stussa på kvifor ikkje hjarte var dobbelt, men mor i huset var nøgd med gåva.
Leila Lindholm har ei flott bakebok som heiter "A piece of cake" og eg har brukt boka fleire gongar. New York Blueberry Cheesecake skulle ifølge ho vere ein av dei beste, men personleg synest eg den var alt for mektig og tørr. Stussa litt på korleis den kan vere tørr når det er ostekake, men eg skal iallefall ikkje lage den igjen.
Eit snitt av kaka viser at denne har ingen grunn til å vere tørr. No er eg ganske forkjøla så det kan no vere noko med mine smakslaukar og...
Vakre matbileter er ikkje så lett å få til når ungane har augene på kaka. Denne rullekaka kjem frå same bakebok og oppskrifta kan eg anbefale på det sterkaste. Det er brukt riven appelsinskal i sukkerbrødet og fyllet er krem og jordbærsylte. Veldig god og Emil åt heile tre stykker. Det må vere eit bra teikn.

tirsdag 7. februar 2012

Skiglede

Å få influensa to gongar på seks veker kallar eg uflaks og typisk meg. Særleg når det tek tre-fire veker og verte frisk. Denne vinteren tek knekken på meg og eg kan vel seie sterkare enn nokon gong at eg gler meg til vår. Ungane har og vore sjuke, men det går så fort over at eg rekk ikkje fortelje om det ein gong.
Om ikkje vinteren er snill med meg, så har han gitt Malin flotte skiløyper. Bilete over viser Malin som går på ski i ei av lysløypene her på Osterøy. Bilete er tatt forrige helg og vèret var heilt fantastisk. Emil fekk renne på akebrett medan Malin gjekk skitur.
Vi har hatt ei langhelg i Volda. Planen var å bruke dagane godt til å gå på ski/renne akebrett. Diverre vart eg liggande på sofaen og Emil var ikkje i strøk han heller. Så då tok Espen og onkel André med seg Malin i lysløypene heime så ho fekk øve seg på sine kunster. Ho har vorte så flink!
Dei koste seg ut i skogen med bål og appelsin. Malin hadde det veldig komfortabelt og sovna opp i det heile. Typisk henne, ho kan sovne uansett kor ho er (lik mor si). Dette var fredagen. Laurdag og søndag var det surt og kaldt, men ungane var ei lita stund ute med akebrett før dei byrja og fryse. Sjølv om eg ikkje fekk gjere noko anna enn å synest synd på meg sjølv var det deilig å vere i Volda. Neste gong skal det vere vår og eg skal vere frisk. Så er det bestemt.

Til alle som er sjuke eller har sjuke born: God bedring! Eg kjem tilbake når eg er betre :-)

søndag 22. januar 2012

Ein solrik januardag

Det var vel på tide å blogge om noko anna enn hage. Det er trass alt ikkje den tida av året vi er inne i, men det har vore så mørkt og dystert i fleire veker no at det passa med litt å sjå fram mot. Idag hadde vi ein flott dag med sol og kvitdekt bakke. Det er ikkje mykje kvitt som er utanfor, men nok til at det lysar opp.
Malin tok på seg skisko og tok skia ut. Det vart ikkje heilt slik som planlagt for snøen var hard som glas. Det er likevel alltid godt med litt frisk luft og sol i fjeset.
 Emil hadde store problemer med å halde seg på beina fordi det var så glatt.
Med litt hjelp så gjekk det bra, iallefall litt betre.
Emil koste seg ut sjølv om det vart litt vanskeleg for han. Vi måtte til slutt bere han noko som forkortar utetida drastisk.
Pappa og Malin skuar nedover dalen. Eg trur nok Malin håpar på litt mjukare snø ganske snart for ho er veldig ivrig etter å få prøve dei fine, rosa skia sine. Emil og Malin likar godt å vere ute og leike, så vi får håpe at vi får litt betre leikeføre. Det har vore ein flott solskinnsdag idag og det er godt å vite at vi er mot lysare tider.

onsdag 18. januar 2012

Så har eg gjort det igjen

Eg har vore ute med VISA-kortet igjen. Impecta har fått seg ein ny kunde i meg, dei har så utruleg mykje fint og til ein rimeleg penge. Denne gongen var det stauder i den lilla hagen som skulle kjøpast. Eg har fått i hus dei blå og skal i gang med å så fleire av sortane. Det som er litt vanskeleg er å skilje kva som er blått og kva som er lilla. Dei skriv gjerne at det er blå, men på bilete viser det tydeleg at planta er lilla. Så det kan hende eg må ommøblere litt i beda etterkvart som dei blømer. 
Moses brennande busk 'Dictamnus Albus'. Det dramatiske navnet er jo nesten verdt heile planta. Denne vert 80 cm og blømer frå juni til august.
Sommerasters 'Callistephus Chinensis Silvery Blue'. Sommarblome. Den vert 70 cm, passar flott til snitt og blømer frå juli til oktober.
Höstvädd (svensk) 'Scabiosa Caucasica Isaac House' . Vert 60 cm og blømer juli til oktober.
Engklokke 'Campanula Patula'. Denne vert 40 cm og blømer i juni til august. Såg diverre ikkje at den var toårig før eg hadde bestilt, men det får våge seg.
Porselensanemone 'Anemonopsis Macrophylla'. Den er så vakker at eg nesten får lyst til å gjerde den inn.  Det er ikkje sikkert at denne blømer første året, men den er verdt å vente på. Den vert 75 cm og blømer frå juni til august.
Nordamerikansk ridderspore 'Delphinium Exaltatum'. Denne vert 40/ 120 cm (står begge deler på omtalen) og blømer juli til september.

Fleire av desse har få frø i pakken i motsetning til veldig mange av dei frøa eg bestilte sist. Det er uansett rimelegare enn dei frøa ein får i Noreg. Eg var på det lokale hagesenteret idag, og eg synest utvalet er ganske keisamt. Utvalet ber preg av at det er grønnsaker og sommarblomar som det er mest av, men det er kanskje det folk vil ha?

No skal eg ikkje bestille fleire frø, eg skal no ha plass til alle såpottene og. Eg manglar litt blomar som spring ut i april og mai, men då får eg kanskje kjøpe tulipanlaukar, krokus og anna til hausten. Neste plan er å bestille roser og klematis og etterkvart liljer. Arbeid har eg iallefall fått meg, men for meg er det berre kos og balsam for sjela.  Spørs om Espen meiner det same. Fint skal vi iallefall få det.

mandag 16. januar 2012

Oversikt over dei finaste rosene i rosa, kvit og lilla

For ei veke sidan hadde vi eit kraftig tordenvèr over oss og internett slutta sjølvsagt å fungere. No har nytt modem kome i hus og eg kan fortsette hageplanlegginga. Eg har kartlagt kva roser eg synest har dei beste kvalitetane og som kan vere aktuell å plante i hagen. Eg har som sagt ein blå og ein lilla hage under planlegging, men den rosa hagen har eksistert i ein sesong allereie. Det manglar litt i den framleis og derfor har eg funne ein del rosa roser som passar godt her. I den blå hagen vert det kvite roser sidan blå roser ikkje finnast. 
Stilkrose 'Blue Moon'. Kjærleik ved første blikk og den einaste lilla rosa eg fann som eg synest er fin. Høgde 60-80 cm, klimasone H4 (Vestplant as).
Klatrerose 'Coral Dawn'. Rørande vakker. Høgde 2,5-3 meter, klimasone H4 (Vestplant as).
Klatrerose 'Climbing Snow Princess'. Høgde 2,5 meter, klimasone H4 (Plantasjen).
Klaserose 'Astrid Lindgren'. Høgde 0,8- 1 meter, klimasone H6 (Vestplant as).
Stilkrose 'Karen Blixen'. Høgde 50- 80 cm, klimasone H4 (Vestplant as). 
Klaserose 'Schneewitchen'. Høgde 1,1 meter, klimasone H5 (Vestplant as).
Klatrerose 'Constance Spry'. Høgde 3 meter, klimasone H4-H5. Kraftig duft, Austinrose. Ikkje så lang blometid, men denne er til å ete opp. Sjå kor vakker den er! (BoGrønt Rom)
Klaserose 'Mary Rose'. Høgde 120 cm, klimasone H5. Austinrose. Kraftig duft, remonterer godt heile sesongen (Vestplant AS).
Buskrose 'Louise Odier'. Høgde 1-1,2 meter, klimasone H6. Austinrose. Kraftig duft, blømer fleire gongar (Vestplant AS).

Har du nokre gode forslag til roser som helst er fylte og store i lilla? Eller ei anna rose som eg har gått glipp av? Roser er utruleg vakre, men fordi dei ikkje blømer frå vår til haust så kjem eg ikkje til å ha eit eige rosebed. Eg treng ein del klatreroser som saman med klematis vil fylle buer og espalier.  I tillegg vil stilkroser og klaseroser vere innimellom stauder og liljer. Tenk om dette vert sant, tenk om det faktisk vil verte slik som eg har tenkt? Sukk.. kjenner eg kan lett verte veldig lukkeleg.

mandag 9. januar 2012

Meir hageplanlegging; Den lilla teltplassen

Eg er verkeleg i siget og har teikna ein ny del av hagen som eg har planlagt skal gjerast noko med i år. Det er ikkje nye tankar, ideen fekk eg i sommar. Det eg gløymde å vise dokke i innlegget om den blå delen av hagen var korleis det ser ut der idag. Så det har eg gjort noko med no. I tillegg viser eg dokke den lilla delen og skissa av den. 
 Den blå hagen med kun to epletre idag.
Den lilla teltplassen. Vi har byrja å plante buksbom langs kanten av terrassa. Eit par haustfloks har og fått plass i jorda ved hjørnet av husveggen. Elles er det fritt fram for nytt liv. Det er her vi har satt teltet når ungane skal leike, derav navnet. Det er desse to delane eg har tenkt å gjere noko med i år i tillegg til at vi må anlegg meir plen. Eg håpar at dersom eg har ein god nok plan, skal det verte mindre vanskeleg å ta fatt og fullføre mykje av den.
Skissene teiknar eg i paint, eg gjer ikkje det vanskelegare enn eg må. Det er ikkje store flekken, men eg trur det kan verte ganske koseleg med camping i dette området. Litt av poenget er å gjere det til eit lite eventyr når vi overnattar i teltet (som vi enno ikkje har gjort).

Lilla og kvite stauder, lilla klematis, lilla og kvite roser og så vidare. Nyansene er mange, det vert spennande om vi får det til slik som eg har tenkt det.