torsdag 10. desember 2009

Fire handlevogner, tre timar, to born og ei lommebok

Det er mykje ein gjer for å spare pengar når ein bygg hus. Det eine er å plukke, kjøre og montere kjøkkenet sjølv. Idag møtte vi opp på IKEA med barnevogn og to ungar midt i julehandelen. Vi har vore på IKEA nyleg i samband med bestilling av benkeplate og derfor var vi i god tru at alt som skulle bestillast var bestilt, men neida. Alle gode ting er tre og etter tredje besøket fekk vi idag endeleg kjøleskap/frysar og kjøkkenvifte i bestilling og vi kan vente oss ein pakke på døra neste fredag.
På plukklista var det oppført ein haug med ekstra innventar som vi aldri har bedt om, men når dei var fjerna satt vi igang med plukkinga. Malin skulle på død og liv trille barnevogna. Greitt nok det, men ho ville ikkje trille i takt med at vi plukka. Så kom ein engel som delte ut pepperkaker og når Malin hadde ete opp den, så ville ho ha meir kake og leita mellom lagerhyllene etter engelen som hadde kaker. Emil byrja å grine, Malin ville ha meir kake og det bar avgårde for å kjøpe kake og finne ammerommet. Det måtte sjølvsagt vere mykje folk som skulle stelle borna sine, og eg måtte bruke vogna som stellebord. Det var ikkje anna enn å vente at akkurat ved dette bleieskifte skulle Emil både bæsje og tisse når bleia var av. Stønn! Fram med våtserviettane. Etter at freden senka seg med ein bolle i magen for den store og melk i magen for den vesle, hadde Espen plukka ferdig. Onkelen til Espen, Jostein, kom med den store bilen og skulle hjelpe oss med frakta.
Å så var det å stå i kø. Fire store vogner med kjøkken og eit femsifra beløp ut av kontoen. Malin var i sin egen verden og studerte både batteria og julepynten ved kassa, og det var ganske kjekt å stenge porten framfor kassene også. Likevel vil eg seie ho var kjempeflink og tolmodig. Tre timar på IKEA for ein toåring er ikkje kvardagskost. Det vanka is i bilen som premie. Både Malin og Emil var utslått når dei kom heim. Mor i huset har fått senka skuldrane etter rosenraude kinn og eit årvåkent blikk i butikken, og far i huset har endeleg kome heim etter å ha satt kjøkkenet i hus. Med litt mat i magen har vi tatt kvelden innover oss og ser på Obama og gjengen som kosar seg på banketten. Vi får nyte kvelden så godt vi kan for i morgon er det tid for montering. Og det er ikkje reint lite som skal monterast for å seie det slik...

Bileta er henta frå internett ein stad. Vi har valgt kjøkkenet STÅT med benkeplate i bøk. Knottane er ikkje bestemt.

4 kommentarer:

Husdraumen/Anita sa...

*imponert*(!)
Verkeleg imponert!
Og gler meg til å sjå resultatet:)

MissMette sa...

Ja her også!!! virkelig imponert :o)) det er ikke bare bare tenker jeg i disse juletider. Gleder meg til å se kjøkkenet. Ønsker deg en fortsatt fin dag. Klem fra Mette

Anonym sa...

Å gru!! Blir sveitt ved tanken, ej he problem med å kome mej gjennom Ikea UTEN plukkliste med ein mann og ein gut på 9, utan å bli sprø! Du e flink!!! Og egentli utruli tålmodi he ej forstått ;o) Klemklem! Lene

Anonym sa...

Det var litt av eit stunt! :D Og kjøkkenbilda du viser fram er veldig flotte; dette trur eg kan bli kjempebra!