torsdag 30. juli 2009

Ringmuren er støypt ferdig

Ja så var dugnadsdagane over og ringmuren på plass. Det er så kjekt at det går framover!
Før betongbilen kom idag måtte det leggast ned dei siste armeringsjerna og litt anna. Kleda ber preg av at det regnar.
Gapahuken som André laga kom til nytte idag. Hadde det vore fint vér hadde det nesten vore fristande å legge seg under i sovepose ei natt...
Alle mann på plass. Vi måtte ha ein liten betongbil med teleskoprenne då vi byggjer i "uren luren" og store betongbilar med pumpe kjem seg ikkje opp dei trange, bratte bakkane. Derfor står alle med brett for å styre betongen ned i kassene. Betonbilen brukte kun ein time. Etterpå retta dei opp muren og høgda, og støypte fundament for søylene som skal bere verandaen og inngangspartiet. Ein kaffitår avslutta muringa.

onsdag 29. juli 2009

Dugnad frå morgon til kveld

Igår hadde vi ein skikkeleg dugnad på tomta. Grunnmuren skal opp og fire mann var i arbeid frå ni om morgonen til ni om kvelden. Vèret var variert på morgonen, men utover dagen skein sola opp og dei fekk ein fin utedag. På kvelden igjen regna det, og då var det vel på tide å gi seg og.
Dei to øverste bileta viser korleis det var når dei starta. Det vart innkjøpt plank for å lage forstøtning, og pukken var på plass slik at det var berre til å starte. Bilete av gapahuken som bror min laga måtte eg og vise. Vèret er ikkje så bra, så det er greit å ha ein tørr stad å vere når ein treng pause eller sette frå seg ting.
Pukken vart fordelt under og rundt ringmuren. Espen står klar med grafsa medan André og Ivar lesser med trillebåre. Malin og mamma er på inspeksjon på tomta. Malin er stuptrøtt, men mamma held humøret. Mannen i raud dress er onkelen min. Han har dette som dagleg virke, og har vore ein utruleg god støttespelar desse dagane. Flittig og flink er han og. Verdens beste onkel!
To flinke arbeidskarar. Bror min André og Espen.
Utover dagen vart det store, synlege resultat. Dei vart nesten ferdige, og hadde berre nokre timar idag på tomta. Onkel Arnvid er ein flink arbeidsledar, og etter ei spørjerunde har alle lært mykje denne dagen. På ettermiddagen kom onkelen til Espen, Jostein, og hjelpte til litt og. Stor takk til onkel Arnvid, André og Ivar.

Eit lite bilete tatt i den fine ettermiddagssola. Eg gleder meg til trea vert felt, då kjem utsikta frå stoveglaset skikkeleg fram.

mandag 27. juli 2009

Det går sakte men sikkert framover

Vi har no besøk av dugnadslystne karar som ventar på å få starte med grunnmuren. Entrepenøren lovde at det skulle vere ferdig til idag, men så langt har ikkje det skjedd. Vi får nok ikkje starta før i morgon ettermiddag for vi ventar på at pukken skal kome. Idag har vi handla inn litt plank og armeringsjern, målt opp kor grunnmuren skal stå og fått avklart korleis ringmuren skal lagast.
Her er tomta sett ovanfrå. Den er ikkje ferdigopparbeidd, men den er planert i området rundt huset. Hagepartiet kjem etterkvart.Kanskje vanskeleg å sjå, men no har vi markert kor grunnmuren skal stå med oransje. På biletet ser dokke onkel Arnvid til venstre, Espen og ein av dei som grev.

I dette augneblink ser vegen opp til tomta slik ut. Det er mogleg å kome opp med ein stor bil slik det er no. Vi håpar på å få betongbil på besøk på torsdag og då må sjølvsagt vegen vere på plass.

lørdag 25. juli 2009

Ferietur til Kinsarvik

Vi kom tilbake idag frå ein liten tur til Kinsarvik i Hardanger. Vi hadde bestilt 4 døgn på ei hytte ved Kinsarvik camping. Vi håpte i det lengste at vi skulle få strålandes sol og badevær, men istaden vart det overskya og grei temperatur. Kinsarvik er ikkje stort, berre 500 innbyggjarar, men det var tydeleg at staden hadde i lengre tid lykkast med å tiltrekkje seg turistar. Utruleg fascinerande kva dei har fått til utav lite.
Over ser dokke utsikta frå campingplassen. Kinsarvik har både hotell, 3 campingplassar og eit leikeland; Mikkeltunet.
Hytta var kjempefin. Den var bygd for 2 år sidan og likna like mykje på ei lita leilighet. Det var to soverom, bad med badstue, stove/kjøkken og ein bra gang. Når ikkje véret var topp, var det kjekt at hytta var triveleg å vere i. Til og med flatskjerm hadde den.
På campingplassen hadde dei både disse og trampoline. Malin var storfornøgd. "Disse" og "appe" gjekk igjen og igjen. Det skal ikkje så mykje til for at ho er nøgd, og vi fant ut det ikkje var nokon vits å besøkje Mikkelparken når ho ikkje kunne delta på det meste av det som fanst der.
Dette var kanskje det eg eg synest var mest morosamt. Vi tok turen til Eidfjord og videre opp til Vøringsfossen. Der aula det med japanske turistar og andre skuelystne. Det var tillaga for turistar ein kafé med ein stor parkeringsplass som folk kunne få moglegheit til å nyte synet av fossen. Men kva møtte oss? Jau, ein stråle vatn ned frå ei fjellside. Kan du sjå den? Det er berre til å le av når ein oppdagar turistattraksjonar ikkje er slik som det står i turistguiden. Vi opplevde dette fleire gongar. Fant vel ut at Hardanger har vore veldig heldige med det dei har fått til, men at kven som helst kunne ha fått til det same om dei berre hadde kome på det først.
Litt inneaktivitetar må til når ikkje sola vil kome fram. Eg hadde store planar om maling, liming, glitter osv, men det vart berre rot og søl. Ho er nok litt for lita enno, og eg må ha tolmod når det gjeld alt eg vil finne på saman med ho. Det vart likevel eit par bilete. Eg stressar slik med å ha nok ting å gjere på, og så viser det seg at Malin er nøgd med å ha fire voksne rundt seg som gir henne merksemd og tullar litt med henne.
Igår var vi i Lofthus på Morellefestivalen. For ein vakker stad! Sjarmerande hus som ligg langs fjorden, og alle innbyggjarane har eit forhold til morellebær. Det var morelletre overalt!
Malin elskar morellebær. "Bæ, bæ". Engangsklutar var aldri langt vekke. Saftige, store morellebær, å så godt det var! Ekte smak av Hardanger.
Vi har hatt ein fin tur og det var kjekt å sjå nye stadar. Det var likevel kjekt å kome heim. Borte bra, men heime best :-)

søndag 19. juli 2009

Vaffeltips

Det har vore varmt og fint i været idag, men i ettermiddag starta regnet. Kva passar vel betre då enn å lage ei røre med vafler? Vafler kan alle lage enten dei kjem frå Toro eller anna så noko oppskrift kjem eg ikkje med. Det eg vil dele med dokke er eit tips som gjer vaflene meir luftige og porøse, og tipset er slik: Når du tilset egga så ha i berre eggeplomma i røra. Når alt er blanda, tilsett du piska eggekviter til slutt. Ikkje rør for hardt. Lykke til!
Vafle med rømme og heimerørt jordbærsylte er min favoritt.
Malin er altetande og veldig glad mat. Vafler er ikkje noko unntak.

fredag 17. juli 2009

Vert det ferdig i tide her då skal tru?

Det har gått to veker sidan gravemaskina kom på tomta. Det har ikkje skjedd så mykje der på ei stund no, men idag byrja boringa av hol til sprengladning. Eg er veldig spent om han vert ferdig med vegen og planeringa av grunnen der huset skal stå. Det må stå klart om ei veke. Mandagen etter neste helg skal vi nemlig mure og minirenseanlegget kjem også. Derfor må vi ha vegen klar til anleggsbilane kjem og det må være planert så muren kan ta form.
Eg reknar med han har kontroll, det er berre eg som ikkje har peiling på kor lang tid ting tek. Biletet over viser kor vegen kjem opp (frå venstre). Dette er baksida av tomta. Han har gravd litt ekstra for å kunne sprenge vekk masser som skal flyttast på nedre del av tomta. Sparer pengar på den måten.
Der som boremaskina står skal det vere planert om ei veke...
Denne haugen skal også vekk og vere planert om ei veke. Vi ser så vidt sjøen på biletet. Vi skal ta vekk fleire tre slik at utsikta kjem til sin rett etterkvart. Bileta er vel verken interessante eller forklarande for dei fleste, men det er like mykje for vål del at eg bloggar dette innlegget. Eg brukar bloggen som byggjedagbok. Så får den som vil velgje å lese det eller ikkje...

PS: Eg og Espen tok til på ferien vår idag :-)

Deilig med rips

Det er mykje bær i omløp no og Malin et med begge hendene. Ho elskar bær og peikar mange gongar for dagen på døra og seier "bæ" for at vi skal ut og plukke bær. Jordbær, bringebær og ripsbær. Ho slukar ripsen surt eller ikkje. Det er også sesong for blåbær så det spørs om vi ikkje må ut å plukke det også. Det er så gøy at ho likar det meste ho vert presentert for.
Ripsslang hjå Jostein, onkelen til Espen og snart også vår nabo.

lørdag 11. juli 2009

Mjødurtdrikk

Du har kanskje sett denne planta i grøftekanten. Denne lysegule planta heiter Mjødurt og er meir enn berre ugras. Den har vorte brukt til både framstilling av aspirin og reinhaldsmiddel, men mest kjent er vel at den kan brukast ved bryggjing av øl og mjød. Derav navnet Mjødurt. Eg derimot oppdaga Mjødurtdrikke for nokre år sidan, men har ikkje hatt anledning til å lage det før no når vi flytta på bygda. Her er blomane overalt.
På biletet ser drikken ut som vatn, men den er lysegul. Eg har blanda den ut med Olden sitron. Blandingsforholda er eg usikker på, ein må berre kjenne seg fram og finne ut kva ein likar best. Her er oppskrifta om du vil prøve:
  • 25 klasar nyplukka mjødurtblomst
  • 1 pk sitronsyre eller vinsyre
  • 1 kg sukker
  • 1 liter vatn

Gå ut og plukk mjødurt. Hell blomar, sitronsyre og sukker i en balje, rustfri stålkjele eller liknande. Slå kokande vatn over og rør til sukkeret er løyst opp. Rør om no og då. La stå i 3-5 dager. Sil av væska og hell over på flaske. Kan blandast med Olden sitron eller knusktørr hvitvin.

Utfordring frå Annette

Eg har fått ei utfordring frå Annette. Her kjem den:

Fire ting eg har gjort i dag:
  1. Sett på Espen i slåtten. Gjorde ingenting sjølv... (passa born)
  2. Vaska klede som tørkar i ein fei i sola.
  3. Leika med Malin i bassenget hennar.
  4. Laga ferdig mjødurtdrikk.

Fire ting på mi “må gjere-liste”:

  1. Koordinere entrepenør, rørleggjar, leveranse av minirenseanlegg og brønnborefirmaet.
  2. Strikke ferdig ei babyjakke.
  3. Byrje på redesign-prosjekta mine.
  4. Komme i gang med maling av bileter.

Fire gleder eg burde ha dårleg samvit over:

  1. Kjøpe brus og godteri på ein kvardag.
  2. Surfe på nettet når huset treng ein vask.
  3. Impulskjøp.
  4. Starte med nye hobbyprosjekt utan å fullføre det gamle.

Fire tilfeldige og rare fakta om meg:

  1. Har vore med i Heimevernsungdommen.
  2. Likar godt skive med salami og banan.
  3. Er Rosenborg-tilhengjar.
  4. Drøymer om å lære meg å snekre småmøblar i tre.

mandag 6. juli 2009

Gravemaskina er på plass på Dansebakken

Det var planlagt at gravinga skulle ta til for tre veker sidan, men det er ikkje alltid det vert slik ein planlegg. Likevel er det ikkje for seint at gravemaskina kom idag då det er tre veker til vi skal støype grunnmur. Entrepenøren meiner vi har god nok tid til då. Det er heldigvis ikkje ei alt for vanskeleg tomt å opparbeide. Vi har venta i to år no med søknadar og planlegging. No er Dansebakken vår og vi er i gang!
Her går veien opp. Det er ein traktorveg idag.
Det var heilt merkeleg å stå på tomta no når graset var vekke og det var jordhaug og eit stort hol i enden av tomta. Naboen er på ferie no, men om to dagar kjem dei heim. Tippar dei får seg ein overraskelse.
Det er berre i eine enden av tomta som er renska, men det vil fortsette i raskt tempo dei neste dagane. Her ser dokke tomta sett frå den framtidige stova. Om du ser på gamle innlegg under "Husbygging", kan du sjå at Espen har tatt mykje skog. Endå er det ein del igjen før vi ser utsikta skikkeleg.
Tomta vår går omlag fram til den kvite bjørkestammen du ser litt venstre i bilete. Dette er frå den sida vaskeromsdøra går ut og kor garasja skal stå.
Bestefaren til Espen og den gamle eigaren av Dansebakken må sjølvsagt på inspeksjon. Dette området vert bak huset og litt av huset. Han har sett fram til dette lenge han også, så det er nok ingen anger frå den gamle eigar.

søndag 5. juli 2009

Heimelaga limonade

No når gradene har sunke er vi tilbake til normale sommartemperaturar. Idag viste gradestokken 22 grader. Normalt sett er det i varmen ein treng leskande drikke, men limonade må ein ironisk nok nytte kokande vatn og det orkar eg ikkje når det er så varmt. Idag tok eg sitronane ut av kjøleskapet og etter nokre timar med avkjøling, smakte limonade akkurat slik som eg hadde førestelt meg: Kjølande og frisk.

Oppskrift på limonade
3 sitronar
1 liter kokande vatn
175 gram sukker

Vask og skrell sitronane med ein potetskrellar. Ha skal og sukker i ein bolle, hell på kokande vatn. Rør til sukkeret løyser seg litt opp. Avkjøl. Press safta ut av sitronane og ha i blandinga. Avkjøl i kjøleskap. Sil safta og server iskald med mykje isbitar og sitronskive.

lørdag 4. juli 2009

Badeløver

Det har vore nok ein solskinsdag. Vi er utruleg heldige som har dette fine vèret, men det varer sjølvsagt ikkje evig. Vi måtte nytte sjansen til å bade på Hjellvik nok ein gong etter den fine turen igår. Neste veke skal ikkje vere like bra. Litt regn er godt for alle, men sjølvsagt håpar eg det berre er midlertidig. Idag ber innlegget preg av at eg har tatt ibruk PhotoScape.
Espen har tatt heilt av i sjøen. Han har visst ikkje bada så mykje som desse to dagane sidan han var gut. Men han har ikkje gløymt gamle kunster og koste seg. Personleg meiner eg han var ein blanding av ein laks og ein kval... Masse sprett og mykje sprut.
Det nye kameraet mitt har serietakning. Eg elskar den funksjonen. Her er Espen i aksjon på stupebrettet. Ikkje så verst stil synest eg.
Ole André, Maren og Sandra var med idag og. Her hoppar Ole André. Må til hans forsvar seie at han er flink å stupe også. Både han og Espen koste seg masse i vatnet idag.
...
Eg må tilføye at Malin sa "bade" for første gong idag. Desse dagane har tydeleg gitt henne både sjølvtillit og glede. Vi blåste opp det nye bassenget hennar idag og ho la seg til og med ned i bassenget. Det har vore store framsteg sidan første dag ho så vidt stakk tåa i vatnet. Mor og far er sjølvsagt glade og stolte over "lisjevennen".

fredag 3. juli 2009

Helgestart på Hjellvik

Endeleg fredag! Helga starta fantastisk med tur til Hjellvik badeplass saman med Ole-André, Maren og Sandra. Vi vart møtt med ein varm bris og synet av sandstrand og vakker natur. Det er ei naturleg sandstrand som har vorte flott opparbeidd med område som passar for alle. To stupebrett er der samt flytebryggje. Det er sandvolleybane og fine blomsterbedd langs strandkanten. Sanitæranlegg er der også.
Utsikt ut mot fjorden. Dette er sommaridyll! Det beste av alt er at det er i vår eiga kommune, berre ti minutt å køyre frå der vi bur.
Malin vert modigare for kvar gong når det gjeld vatn. Idag gjekk ho så langt utover at vatnet rakk henne til brysthøgde. Ho går litt rundt sjølv og ho er uti vatnet over tid.
Eg var på Toys r'us etter jobb idag. Ute var det 30 grader og eg tenkte eg måtte kjøpe noko som Malin kunne ha glede av når vi andre ønskte å vere ute i vatnet når det er så varmt. Denne oppblåsbare bilen kostar 99 kr (snikreklame) og Malin storkoste seg i den. Viktig å passe godt på sjølvsagt.
Sandra er 13 månader. Ho har ikkje byrja å gå enno og er ikkje heilt trygg på vatnet. Likevel klagar ho ikkje og kosar seg i sola.
Eingongsgrill og pølser, ein klassikar for små og store magar. Badastranda er utruleg flott laga til for både små og store, og det er godt med plass for alle som vil sole seg eller nyte livet på land.