fredag 18. desember 2009

I denne søte juletid

Det er når ein får born sjølv at ein plutseleg forstår kvifor mødre tek vare på alle dorullnissane, klokkestrengane og små broderi frå vi var små. Malin kom heim igår, stolt som ein hane, og viste fram nissen ho hadde laga i barnehagen. Eg synest faktisk den var veldig fin med nøtter, mose, glitter og tørka rognebær. Dette er ein juledekorasjon eg skal ta godt vare på i all mi tid.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hehe, ja DER tok du også poenget :o) E no kjekt med ting ungane lagar, men det blir nok stor produksjon etter kvart - iallefall har J hatt det, så veit no ikkje om eg har alt enno, men all juletrepynten er iallefall opp kvart år, og har eindel påskepynt også. Veldig kjekt, det er ei heilt spesiell kjensle å få noko barnet ditt har laga ;o) Klem Lene.

Aud-Marte sa...

Hærlig!

Vegard også kom heim en dag med pepperkaker han hadde laga i barnehagen... Kan vel kanskje heller kalle det melis med non-stop og litt peperkake under! :)

Klem