tirsdag 17. februar 2009

Jan-ein tunika likt av mange, men ikkje av meg...

Det har sine ulemper å lese hobbybloggar, vere på hobbyforum osv. Nokre oppskrifter går igjen blant mange og vert nesten som ei farsott, og då let ein seg lett lokke til å strikke nettopp det som alle andre har laga. Dette er ein tunika som er kjent blant internettstrikkarar. "Jan" er frå ei engelsk oppskrift kor ein startar å strikke frå toppen og ned. Den er enkel å forstå, men personleg likar eg ikkje mønsteret. Derfor har eg allereie rekt opp tunikaen, men eg ville likevel vise kva eg har brukt tida mi på, noko av den iallefall. (Tunikaen er ikkje slik når den vert ferdig, eg fullførte den aldri heilt.)
Årsaka til at eg ikkje likte mønsteret var for det første halsutringinga. Den djupe utringinga bak var ikkje forent med min stil (bilde under er bak). Eg likte heller ikkje holmønsteret som fell nedover tre stadar på skjørtet. Grønfargen var ikkje fin, men det var min feil og ikkje mønsteret.

Eg skal strikke den på nytt, men denne gongen byrjar eg nederst og eg skal ha eit anna mønster på skjørtet. Utringinga vert og annleis. Eg skal framleis bruke same garntype og pinnestørrelse. Det vert ikkje akkurat ein Jan, men kanskje ein Jon...

lørdag 14. februar 2009

Ski og akedag på Burkeland

Det har ikkje for vane å vere så kvitt ute som det er no, iallefall ikkje så lenge om gongen. No har snøen vore her i 1,5 veke. Det er kaldt og fint ute, og då er det vel ingenting som passar betre enn ein ski og akedag.
Malin har vore på akebrett for første gong. Ho prøvde både med ratt og dette som er fint å dra henne med. Fekk dessverre ikkje bilete av henne når ho aka i bakken. Eg måtte jo sitte på saman med henne, men det var iallefall veldig kjekt. Ho lo veldig godt av turane.
Espen tok fram skia han nesten aldri har brukt. Mange minner kom fram frå den tida det var ofte snø på Burkeland. Den gamle bakken måtte prøvast, og sjølv om alle er godt voksne no og skiformen er klart dårlegare enn før, var det minst like kjekt.
Malin var ute i eit par timar, men plutseleg fekk ho nok og satt seg rett ned. I tillegg fekk ho snø i fjeset og då ville ho berre inn. Det venta skiver med leverpostei og saft inne, og når ho kom heim sovna ho tvert.
Dette er rett ved der huset vårt skal stå. Tenk å ha egen skibakke rett ved huset...
Elias og Malin. Er dei ikkje skjønne?

tirsdag 10. februar 2009

Heimesydd gardinkappe til barnerommet

Eg har til no ikkje hatt lyst til å gjere det fint rundt oss fordi vi berre bur her midlertidig. Samstundes skal vi no bu her eitt år til så eg fant ut at det var på tide å gjere noko med rommet til Malin. Det har til no vore eit lager/soverom. Alle vindauga i leiligheita har svarte persienner slik at eg synest det var nok med berre ei kappe øverst for å gjere det koselegare når ein kikar ut. Eg har sydd kappa dobbelt med raudt stoff bak slik at eg kan velje om eg vil ha prikkar eller raud kappe.
Raudt med kvite prikkar går igjen fleire stadar, særleg i klea til Malin. Dette biletet er tatt idag. Litt tilfeldig er no det at ho har så mykje av same mønsteret på seg samstundes som at ho får gardinene. Litt pynteting på rommet har ho også med prikkar på. Det får eg heller vise ein annan gong.
Symaskina mi står mykje framme for tida. Eg ser allereie at Malin er eit godt husmoremne (seier mor håpefullt). Ho trykker og skrur, og skal sitte ved sida av meg når eg syr.

Alt må undersøkjast... Når det gjeld kva slags symaskin eg har, så er det ei som er kjøpt på Clas Ohlson. Den er ikkje så veldig god. Den er venn med meg når eg syr rette saumar på vanleg bomullstoff, men sikk sakk, dongeri osv taklar ho ikkje. Eg ønskjer meg ei ny, men det er langt ned på prioriteringslista.

søndag 8. februar 2009

Ei vinterhelsing frå Malin til alle bestemødrene hennar

Det er morsdag idag og i den samanheng viser eg nokre bileter av Malin som gåve til farmor, mormor og besta. Dessverre bur ingen av dei i nærleiken av oss, og då er det viktig at eg bloggar litt om kosevennen vår av og til. Dei første bileta er frå igår og dei andre frå idag. Det er strålande vèr ute. Ein fin dag for å feire alle mødrene der ute. Gratulerer med dagen alle mammaer!
Litt vanskeleg å gå i denne snøen, mamma må gi ei hjelpande hand.
Når Malin får vere ute er ho som regel i godt humør. Frisk luft er godt for kropp og sjel.
Snøen er ganske kald og Malin byrja fort å sutre når ho kom i kontakt med den...
Ein perfekt vinterdag.
Lyden av snø under beina er ganske morosam synes Malin.
Malin jagar sin eigen skugge...

lørdag 7. februar 2009

Den vesle trollet vårt

I barnehagen til Malin har dei Troll og Eventyr som tema denne månaden. I den samanheng vert det arrangert trollfest som alternativ til fastelavenskarnevalet. I staden for at foreldra skal kjøpe dyre prinsesse- og Spidermannkostyme, vert det laga trollkostyme av gamle skjorter som dei ansatte klippar og ordnar. Eg har ingen skjorter, men fekk lov til å sy kostyme sjølv.
Denne vesten fant eg verken på Fretex eller på loftet, men i ein motebutikk på eit kjøpesenter. Vesten var fortståeleg nok nedsatt frå 400 kr til 100 kr. Eg understreker at denne vesten har eg ALDRI brukt, eg kjøpte den igår på vei til bussen. På biletet over ser vesten slik han var når eg kjøpte den. Grusom!
Med litt klipping og sying, vart vesten forvandla til eit trollkostyme. Eg kan ikkje lage armar eller bein på den då det vert for varmt og ubehageleg for Malin. Eg måtte ta bilete ute for å få nok lys. Stakkars Malin, alt mora innvolverer ho i. Tøflene var fulle i snø og ute var det minusgrader, men eg fekk no bileta eg trengte...

Eg har laga ein hale av noko av stoffet som vart til overs. Synest det vart bra eg, Malin var iallefall stolt.

Vi syng mange trollesangar for tida. "Når trollmor har lagt sine 11 små troll", "Trollet i eske" og "Lille Olle Bolle". Det går i "BØ!" dagen lang her i huset :-)

mandag 2. februar 2009

Leikeland i Haugesund

Vi har vore i Haugesund i helga på besøk til farmora til Malin. Der har dei fått seg eit stort leikeland midt i kjøpesenterområdet på Raglamyr. Det var masse ungar og lydnivået deretter. Sjølv om Malin er berre 17 mnd, var besøket ein suksess. Ho var heilt vill og begeistra.
Den vesle sklia klarte ho aleine, og gjett om det var kjekt! Ho lo og lo.
Å bade i ballar var også veldig gøy, men å ta bilete av ein unge som ikkje sit stille ein brøkdel av eit sekund var derimot veldig vanskeleg.
Jo Vegard tok Malin med i den store sklia. Ho skulle opp og skli om og om igjen. Det var ei anna sklie der også som Malin likte godt. Ho flira med heile seg.

Adrian er to år eldre enn Malin. Dei er søskenbarn og leika godt ilag når ein tek aldersskilnaden i betraktning. Han passar på ho og tek ho gjerne med på ein sykkeltur. Etter eit par timar var Malin heilt utslått og ho sov i 15 timar den natta...

søndag 1. februar 2009

Litt om meg, ei utfordring frå Fivrel

Å vere ein bloggar inneber også det å besøkje andre bloggar og legge att kommentarar i bloggane når ein kjenner for å seie noko. Det florerer med utmerkingar (award) med ulik tyding bak "diplomet". Eg verken publiserer dei eg har fått eller gir utmerkingar til nokon. Eg vil ikkje vere forskjellsbehandlar og passar heller på å skryte av bloggarane personleg i bloggen. Likevel takkar eg for dei som har gitt meg utmerking så langt.

Fivrel er ei artig taus med mange interesser lik som mine og ho har eit fantastisk språk. Ho har gitt meg ei utfordring som eg sjølvsagt er med på. Eg bytter ut 4 med 5 punkt :-)

5 jobbar eg har hatt:

Reinhaldar i Volda kommune. Mamma arbeider i kommunen og eg har vore mykje på rådhuset opp igjennom åra. Eg kjenner mange som jobbar der, og har på den måten fått sommarjobb og vikarjobb i høgtidene der det måtte trengast av vasking. Eg har vaska legekontor, helsestasjon, heile rådhuset, doa ved badeplassen, musikkskule osv. Dette var fram til eg var 20 år.

Grønn sektor i Volda kommune. Plenklipping i park, rabattar og gravplassar. Litt luking og søppeltømming og. Veldig kjekt å vere ute heile sommaren.

Miljøarbeidar. Eg er den fødte kommunearbeidaren, kanskje er det arveleg, kven veit... Arbeid med psykisk utviklingshemma var ein del av sommaren i studietida og sommaren etter endt utdanning. Eg har jobba i Volda, Skedsmo og Osterøy kommune. Alle typar funksjonshemmingar.

Barnehage. Første året etter endt studie jobba eg eit år i barnehage. Det var ei uteavdeling med base i skogen. Vi hadde eigen lavvo og utedo. Veldig kjekt og tida der har lært meg mykje. Dette var i Lørenskog. Nok ei kommune...

Sosialarbeidar. Dei siste åra har eg vore ansatt i Bergen kommune som sosialkurator.



5 filmar eg aldri vert lei:

Den fabelaktige Amelie frå Montemartre. Ei orginal dame i fantastiske Paris.

Kopps. Svensk film om bygdepolitiet som må heve kriminalitetsstatistikken for å ikkje misse jobben. Utruleg morosam film.

Istid. Animasjonsfilm om tre ulike dyr som vert tvungen til å flykte ilag. Dei norske stemmene er prikken over i'en.

Under solen. Skodespelaren Rolf Lassgård eig filmen eine aleine. Fantastisk mann. Ein av dei få filmane tårene trillar littegrann.

Den grønne mil. Alle filmar med Tom Hanks er bra, men denne filmen er ein av dei beste. Ein fengselsbetjent med hjarte sjølv for den mest forhatte.


5 stadar eg har budd:

Volda. Her er eg fødd og oppvaksen. Flytta derifrå når eg var 19 år.

Bergen. Har aldri likt byen, men har budd her likevel i 4 år påvente av noko betre.

Sogndal. Studenttida mi vart tilbrakt her i 3 år.

Lørenskog. Budde der i eitt år. Mi einaste tid utanfor vestsida av Noreg.

Osterøy. Har budd her berre i 5 mnd, men skal sannsynligvis tilbringe mesteparten av livet mitt her.


5 tv-seriar eg likar:

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Eg elskar den serien rett og slett. Eg har sett alle episoder og alle eg kjenner veit at eg berre MÅ sjå dette programmet.

Himmelblå. Koseleg familieserie i storslått natur.

Åndenes makt. Spøkelsar eller ikkje, historiene er spennande.

Grønn glede. Sesongprogram om ei av mine store interesser: Hage.

Matprogram. Elskar å lage mat, elskar å ete mat, elskar å sjå andre lage mat.


5 stadar eg har vore på ferie:

Paris. September 2006 var eg ei veke i Paris hjå ei venninne. Ein praktfull by!

Vesterålen. Juni 1998. Kan nesten ikkje skildrast med ord. Majestetiske fjell, azurblåe fjordar, sol og varme, og sjøsprøyt i ansiktet. Eg har ei fortid i Heimevernsungdommen (!). Dette var ei landssamling med 4 ungdommar frå kvart fylke. Vi var på sjøen kvar dag, vi fekk vere med i helikopter og vi fekk sjå Noreg slå Brasil i VM.

Sverige. Med Sverige meiner eg området Stockholm-Uppsala. Har familie der og har mange av mine barndomsferiar der. Nydelig stad å vere.

Estland. Klassetur september 2002.

Berlin. Klassetur februar 2000.


5 nettstadar eg er innom kvar dag (ofte):

Norske interiørbloggar-NIB

Hotmail

Bloggar

Hobbyboden.com

Facebook


5 stadar eg ville ha vore no:

I ein pengebinge.

På sjøen i ein båt kor det er sommar og varme grader.

På fjellet på Sunnmøre.

I eigen hage.

Lofoten.